Ot.prp. nr. 41 (2006-2007)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

6 Forslag om endringar i føresegnene om fag- og yrkesopplæringa i opplæringslova

I 2005 etablerte departementet ei breitt samansett arbeidsgruppe som skulle gjennomgå føresegnene i opplæringslova om fag- og yrkesopplæring og foreslå endringar der det vart vurdert nødvendig, for å få forenkling av reglane og tilpassing til behova på området slik dei er i dag. Departementet sende rapporten frå gruppa med forslag til lovendringar til høring. Når det i dette kapitlet blir vist til forslaga frå lovarbeidsgruppa, er det forslaga til endringar i opplæringslova frå denne gruppa det er sikta til.

Regelverket om fag- og yrkesopplæringa er i stor grad presisert i forskrift. Av omsyn til den heilskaplege forståinga av lovforslaga er derfor reglar i forskrift også omtalte. Om ikkje anna er uttalt, er det reglane i forskrifta til opplæringslova 23. juni 2006 nr. 724 som blir refererte. Der det blir vist til paragrafar utan nærmare referanse, er det reglane i opplæringslova som er omtalte.

Der omgrepa «læreplan» og «læreplanverket» er nytta i kapitlet, blir det sikta til Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Forskrifta til opplæringslova kapittel 24 har føresegner om innføringstakten for Læreplanverket for Kunnskapsløftet og overgangsordningar frå Reform 94 til Kunnskapsløftet. For lærlingar og lærekandidatar som etter desse føresegnene ikkje følgjer Læreplanverket for Kunnskapsløftet gjeld i staden læreplanane i Reform 94 og tidlegare nemningar som er fastsette etter denne reforma, jf. forskrifta § 24 – 12.

6.1 Fylkeskommunens ansvar for fag- og yrkesopplæringa

6.1.1 Gjeldande rett

6.1.1.1 Det generelle ansvaret for opplæring i skole og bedrift

Opplæringslova § 13 – 10 første ledd gjer greie for fylkeskommunens overordna, heilskaplege ansvar. Fylkeskommunen har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskrifta til lova blir oppfylte, og plikt til å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal bli oppfylte. Ansvaret omfattar m.a. å oppfylle retten til vidaregåande opplæring for dei som er busette i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 13 – 3 første ledd. Når det gjeld fag- og yrkesopplæringa, omfattar ansvaret både opplæring i skole og opplæring i bedrift. Dette gjeld også for dei som har rett til slik opplæring som vaksne etter kapittel 4A i lova, sjå § 4A-4 første ledd. Ifall det blir gitt opplæring til elevar som ikkje er heimehørande i fylket (gjesteelevar) er det reglar om refusjon av utgifter i forskrifta kapittel 19. Av lova § 13 – 3 tredje ledd følgjer at fylkeskommunen også kan påleggjast å setje i gang tilbod som omfattar søkjarar frå andre fylke.

Fylkeskommunen er skoleeigar for offentlege vidaregåande skolar i fylket, jf. § 13 – 3 sjette ledd. Fylkeskommunen skal planleggje og byggje ut det vidaregåande opplæringstilbodet under omsyn til m.a. «nasjonale mål, ønska til søkjarane og det behovet samfunnet har for vidaregåande opplæring i alle utdanningsretningar og for ulike aldersgrupper (…)», sjå § 13 – 3 femte ledd. I denne samanheng viser departementet til at fylkeskommunen som skoleeigar har plikt til å gjennomføre både rapportering og evaluering av opplæringsverksemda etter forskrifta kapittel 2, jf. lova § 14 – 1 fjerde ledd.

Lova oppgir normalordninga for fag- og yrkesopplæringa som «to års opplæring i skole og eitt års opplæring i bedrift. Når opplæring i bedrift blir kombinert med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over to år», sjå § 3 – 3 tredje ledd. Samtidig opnar den same føresegna for at fylkeskommunen i enkelttilfelle kan «godkjenne lærekontrakt/opplæringskontrakt som fastset at heile opplæringa, eller ein større del av opplæringa enn det som følgjer av læreplanen, skal skje i bedrift».

6.1.1.2 Fylkeskommunens ansvar når det gjeld yrkesopplæringsnemnda (y-nemnda)

Etter opplæringslova § 12 – 3 første ledd nemner fylkeskommunen opp ei yrkesopplæringsnemnd som utfører oppgåver knytte til fag- og yrkesopplæringa. Yrkesopplæringsnemndene har sju medlemmer og skal vere breitt samansette med fire medlemmer frå partane i arbeidslivet, ein lærling- eller lærekandidatrepresentant, og to andre medlemmer som skal ha innsikt i nærings- og sysselsetjingsspørsmål og skolespørsmål, sjå § 12 – 3 andre ledd. Ein representant for fylkesarbeidskontoret og ein representant for fylkeskommunen har møte- og talerett, og rett til å få meininga si protokollert, sjå § 12 – 3 tredje ledd.

Fylkeskommunen har instruksjonsmynde over nemnda i alle spørsmål unnateke faglege spørsmål, jf. § 12 – 3 fjerde ledd. Det er også fylkeskommunen som peiker ut leiaren og nestleiaren i nemnda for to år om gongen, sjå § 12 – 3 andre ledd siste punktum. Fylkeskommunen er klageinstans for enkeltvedtak i yrkesopplæringsnemnda, sjå § 15 – 2 siste ledd.

Etter § 12 – 3 femte ledd i lova skal fylkeskommunen stille eit sekretariat med leiar til disposisjon for nemnda. På vegner av yrkesopplæringsnemnda utfører sekretariatet dei daglege arbeidsoppgåvene som er lagde til nemnda, jf. forskrifta § 11 – 10.

Oppgåvene for yrkesopplæringsnemnda er gitt i §§ 4 – 3, 4 – 5, 4 – 6 og 12 – 4 i lova, og er presiserte i forskrifta kapittel 11 og i enkelte føresegner i kapittel 4 og 6. Etter § 12 – 4 sjuande ledd kan fylkeskommunen påleggje nemnda andre oppgåver i tilknyting til fagopplæringa. I tilknyting til enkelte av oppgåvene for yrkesopplæringsnemnda har fylkeskommunen lovfesta ansvar. Der heile opplæringa, eller større delar av ho enn det som følgjer av læreplanen, skal skje i bedrift, er det fylkeskommunen som i det enkelte tilfellet kan godkjenne slike lærekontraktar eller opplæringskontraktar, sjå § 3 – 3 tredje ledd og forskrifta § 6 – 40. Det er vidare fylkeskommunen som må godkjenne avvik frå opplæringsordninga for den enkelte lærlingen eller lærekandidaten, jf. forskrifta § 11 – 12, og som etter vilkåra i forskrifta §§ 11 – 14 flg. kan godskrive tidlegare gjennomgådd teoriopplæring og praksis, sjå forskrifta § 11 – 13 andre ledd.

Det er yrkesopplæringsnemnda si oppgåve å formidle læreplassar til elevane. Dette går fram av § 12 – 4 andre ledd og forskrifta §§ 6 – 37 til 6 – 39. I dei tilfella da fylkeskommunen gjennom yrkesopplæringsnemnda ikkje klarer å gi opplæring i bedrift til dei som ønskjer det, er det fylkeskommunen sitt ansvar å gi også bedriftsdelen av opplæringa i skole, sjå § 3 – 3 fjerde ledd. Elevane har da etter gjeldande rett eit reelt høve til å få avslutta bedriftsdelen av opplæringa i skole, slik at dei kan framstille seg for fag- og sveineprøve.

Det følgjer av særskilde reglar for fagopplæringa i forskrifta kapittel 4 at yrkesopplæringsnemnda utfører ei rekkje oppgåver for fylkeskommunen i samband med dokumentasjonskrav, fag- og sveineprøve og kompetanseprøveavvikling. Det er likevel fylkeskommunen som har det overordna ansvaret for vurdering, dokumentasjon og eksamen etter lova §§ 3 – 4 første ledd og 4A-4 femte ledd, jf. forskrifta § 4 – 46. Når det gjeld retten til realkompetansevurdering for vaksne, følgjer ansvaret av forskrifta § 6 – 27, jf. lova § 4A-3.

6.1.1.3 Fylkeskommunens ansvar for kvalitetssystem og tilsyn – det statlege tilsynet

I pkt. 6.1.1.1 er det gjort greie for fylkeskommunens heilskaplege ansvar i § 13 – 10 første ledd. I den same føresegna andre ledd er fylkeskommunen pålagd å ha eit forsvarleg system for vurdering og oppfølging. Det er krav om eit system som vurderer om krava i lov og forskrift blir oppfylte, og krav om eit system som følgjer opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar departementet gjennomfører med heimel i § 14 – 1 fjerde ledd.

Ved sida av fylkeskommunens ansvar etter § 13 – 10 har yrkesopplæringsnemnda ein eksplisitt heimel i lova § 12 – 4 for å føre tilsyn med den opplæringa som skjer i bedrift. I forskrifta § 11 – 5 er det presisert at det er fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda der lærebedrifta er lokalisert som skal føre tilsynet. Føresegna i § 12 – 4 gir ikkje heimel for å gi lærebedriftene pålegg, men yrkesopplæringsnemnda kan etter forskrifta § 11 – 4 trekkje tilbake godkjenninga av bedrifter.

I forskrifta er det med heimel i § 14 – 1 fjerde ledd gitt reglar om den plikt skolen og lærebedrifta har til å evaluere eiga opplæringsverksemd (§ 2 – 1) og den plikt fylkeskommunen har til å medverke ved innsamling av nødvendige data om opplæringsverksemda (§ 2 – 2). Forskrifta § 2 – 1 uttaler at «skolen og lærebedrifta skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.» Den same regelen legg ansvaret for at vurderinga blir tilfredsstillande gjennomført, til fylkeskommunen.

Det ansvaret fylkeskommunen har etter lova § 13 – 10 og det tilsynsansvaret fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda har etter lova § 12 – 4, må sjåast i samanheng med det statlege tilsynet. Reglar om statleg tilsyn og kontroll med kommunalforvaltninga finst både i kommunelova og i opplæringslova. Tilsyn med andre skoleeigarar er lovregulert berre i opplæringslova (§ 14 – 1) og i friskolelova (§ 7 – 2). Kommunelova § 59 fastset at staten kan utføre lovlegkontroll av kommunale og fylkeskommunale avgjerder av eige tiltak (§ 59 nr. 5), eller der minst tre medlemmer av kommunestyret eller fylkestinget ber om det (§ 59 nr. 1). Lovlegkontrollen inneber ei rettsleg overprøving av vedtaket. Dersom det er gjort feil som bryt med kommunelova § 59 nr. 4, slik at avgjerda er ugyldig, kan staten oppheve avgjerda. Staten kan ikkje avgjere saka på ny. I tillegg til lovlegkontrollen er det i kommunelova § 60 gitt heimel for statleg kontroll med og godkjenning av økonomiske forpliktingar. Tilsynet etter kommunelova er delegert til fylkesmannen.

Etter opplæringslova § 14 – 1 andre ledd skal departementet føre tilsyn etter lova. Myndet er delegert til Utdanningsdirektoratet i rundskriv og vidare til fylkesmennene i delegeringsbrev. Tilsynet gjeld all verksemd etter opplæringslova, under dette fagopplæring i bedrift. Det følgjer av lova at staten i samanheng med tilsyn skal ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon. I praksis er det likevel yrkesopplæringsnemnda med heimel i § 12 – 4 første ledd som står for tilsynet med opplæringa i bedrift, men staten kan velje å bruke tilsynsheimelen etter § 14 – 1 andre ledd. I så fall kan det givast pålegg «dersom det blir oppdaga forhold som står i strid med denne lova eller med forskrifter gitt med heimel i lova», jf. § 14 – 1 tredje ledd.

6.1.2 Forslag frå lovarbeidsgruppa

Lovarbeidsgruppa foreslår at omgrepet tilsyn berre skal nyttast som nemning på det statlege tilsynet med at kommunen, fylkeskommunen og andre skoleeigarar oppfyller opplæringslova med forskrifter, under dette føresegnene om fag- og yrkesopplæringa. Gruppa vurderer det slik at dette er ei formålstenleg løysing, og viser til at det er i samsvar med NOU 2004:17 Statlig tilsyn med kommunesektoren. Fylkesmannen har etter § 14 – 1 i lova heimel for å føre tilsyn med all verksemd etter opplæringslova, og lovarbeidsgruppa meiner det er viktig at framtidig statleg tilsyn også omfattar fag- og yrkesopplæringa.

Lovarbeidsgruppa foreslår at fylkeskommunen får ansvar for å rettleie og følgje opp korleis lærebedrifter, og bedrifter som er ein del av eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, organiserer og gjennomfører opplæringa. Det blir m.a. vist til at dette vil presisere det heilskaplege ansvaret fylkeskommunen har, både for at retten til vidaregåande opplæring blir oppfylt og for det overordna kvalitetsarbeidet. Gruppa foreslår samtidig at yrkesopplæringsnemndene skal ha ei sentral rolle i planlegginga av kvalitetssystemet, og medverke til å utforme prinsipp og rammer for rettleiinga for og oppfølginga av bedriftene og skolane og for samarbeidet dei imellom.

Lovarbeidsgruppa foreslår at fylkeskommunen skal ha ansvar for å sjå til at lærebedrifta har eit internt system for kvalitetssikring, og at lærebedrifta skal rapportere til fylkeskommunen. Gruppa meiner at fylkeskommunens kontakt med lærebedriftene bør gå gjennom fagleg leiar i bedrifta.

6.1.3 Synspunkt frå høringsinstansane

Dei fleste høringsinstansane uttrykkjer generell støtte til forslaga frå lovarbeidsgruppa om endringar som gjeld fylkeskommunens ansvar for samanheng og heilskap i fag- og yrkesopplæringa. Det blir i stor grad peikt på at forslaga vil gjere ansvaret for fag- og yrkesopplæringa tydelegare og innebere betre kvalitet i opplæringa. Konkret gir fleire av høringsinstansane støtte til forslaget om fylkeskommunens ansvar for rettleiing og kvalitetssikring, og at yrkesopplæringsnemnda skal stå sentralt i planlegginga av kvalitetssystemet og utforminga av prinsipp og rammer når det gjeld rettleiing for/oppfølging av bedrifter og skolar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet uttaler m.a.:

«Det er behov for lovgrunnlag som understøtter dette samarbeidet ved å regulere ansvar, roller og oppgaver mellom aktørene og samtidig gir rom for fleksible lokale løsninger. Departementet oppfatter at lovarbeidsgruppen har kommet med forslag som bidrar til å oppnå dette. Arbeidet som er utført i lovarbeidsgruppen er, etter departementets menig, et viktig skritt i retning av å sikre at flere lykkes med å fullføre fagbrev og færre faller ut og blir arbeidsledige.»

Vidare heiter det m.a.:

«Etter departementets oppfatning, innebærer forslagene til endringar i opplæringsloven:

  • tydeliggjøring av fylkeskommunens ansvar for sammenheng og helhet i videregående opplæring, herunder fag- og yrkeksopplæring

  • klargjøring av ansvars-, rolle- og oppgavefordeling mellom fylkesommunene og yrkesopplæringsnemndene, der deler av vedtaksmyndighet foreslås flyttet fra nemnd til fylkeskommune.

  • styrking av arbeidet med kvalitet i fagopplæringa, herunder systemer for kvalitetssikring, kvalitetsutvikling i den enkelte skole og bedrift, samhandling mellom skole og lærebedrift/opplæringskontor- og ringer, dokumentasjon av bedriftens evner og planer for opplæring i bedrift, samt kompetanseutvikling.»

Møre og Romsdal fylkeskommune uttaler:

«Fylkesutdanningsdirektøren er og samd i at yrkesopplæringsnemnda skal ha ei sentral rolle i planlegging og utvikling av kvalitetssystem for heile fag- og yrkesopplæringa. Det er viktig å streke under samanhengen mellom opplæring i skole og bedrift i yrkesfaga, og at dette også kjem fram i opplæringslova. Ein er og samd i at kvalitet, dimensjonering rådgjeving/rettleiing og regionalt utviklingsarbeid er viktige samarbeidsområde for skole–arbeidsliv, og at yrkesopplæringsnemnda skal ha uttalerett i saker som skal handsamast politisk på desse felta. Vidare er det viktig å presisere at det er fylkeskommunen som skal sjå til at lærebedrifta har eit internt system som kvalitetssikring, og at fylkeskommunen skal ha kontakt med fagleg leiar i bedrifta.»

Skolenes landsforbund uttaler:

«Siden R-94 har Yrkesopplæringsnemndenes forvaltningsoppgaver blitt redusert, både direkte som følge av lov- og forskriftsendringer, og indirekte som følge av en praksis der stadig flere forvaltningsoppgaver er blitt delegert til Y-nemndenes sekretariat (fylkeskommunen). Lovgruppens forslag har som intensjon å fullføre denne utviklingen ved å legge kompetansen til å fatte forvaltningsvedtak til fylkeskommunen, mens Y-nemnda rendyrkes som rådgivende organ. Skolenes landsforbund støtter den oppgavefordelingen det legges opp til i forslaget.»

Fylkesmannen i Nord-Trøndelag uttaler:

«Vi mener som Lovarbeidsgruppen, at ansvaret for veiledning og oppfølging ovenfor lærebedriftene bør ligge hos fylkeskommunen, og ikke hos yrkesopplæringsnemndene. Fylkeskommunen bør ha ansvar for et helhetlig kvalitetssystem som omfatter hele fag- og yrkesopplæringen, uansett om opplæringen skjer i skole eller bedrift. Vi ser også dette i sammenheng med vår rolle som tilsynsmyndighet – begrepet tilsyn bør slik det anbefales, brukes om den lovlighetskontrollen som fylkesmannen utfører for å kontrollere at fylkeskommunens virksomhet er i tråd med lover og forskrifter.»

Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS) uttaler:

«Vi gir tilsutning til at fylkeskommunen overtar de forvaltningsoppgaver som i dag er tillagt yrkesopplæringsnemnda og at lovbestemmelsene endres i tråd med dette. YS slutter seg til forslaget om at yrkesopplæringsnemnda fortsatt skal være det sentrale forum for samarbeid om fagopplæring på regionalt nivå, og at alle saker som behandles med betydning for fag- og yrkesopplæringen forelegges nemnda. Yrkesopplæringsnemndas viktigste ansvarsområde vil bli kvalitet i fag- og yrkesopplæringen, dimensjonering, rådgivning/veiledning og regionalt utviklingsarbeid.»

Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV) uttaler m.a.:

«Etter Arbeids- og velferdsdirektoratets oppfatning innebærer forslagene til endringer i opplæringsloven:

  • tydeliggjøring av fylkeskommunens ansvar for sammenheng og helhet i videregående opplæring, herunder fag- og yrkesopplæring

  • styrking gjennom loven av arbeid med kvalitet i fagopplæringen, herunder systemer for kvalitetssikring, kvalitetsutvikling i den enkelte skole og bedrift, samhandling mellom skole og lærebedrift/opplæringskontor- og ringer, dokumentasjon av bedriftens evne- og planer for opplæring i bedrift, samt kompetanseutvikling.»

Kommunenes sentralforbund (KS) uttaler:

«KS ser det som fordelaktig både at yrkesopplæringsnemnda får utvidet sin rolle i fagopplæringen i forhold til i dag, og at det blir trukket et klarere skille mellom henholdsvis fylkeskommunens og nemndas oppgaver. I denne sammenhengen er det naturlig at en rekke forvaltningsmessige oppgaver tas bort fra yrkesopplæringsnemnda og legges til fylkeskommunen. Dette er oppgaver som allerede i dag i stor grad utføres av fylkeskommunenes administrasjon, og endringen vil derfor ikke påføre fylkeskommunen nye oppgaver av særlig omfang. KS mener det er spesielt viktig at yrkesopplæringsnemnda nå gjøres om til først og fremst å være et aktivt rådgivende organ for fylkeskommunen – og at hovedvekten legges på kvalitet, dimensjonering, rådgivning og regional utvikling.»

Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Hordaland fylkeskommune og Buskerud fylkeskommune, meiner at fylkeskommunens ansvar for kontroll, rettleiing og oppfølging av bedrifter bør lovfestast.

Høringsinstansane uttaler generell støtte til forslaget om at tilsynsomgrepet skal reserverast for det statlege tilsynet med at kommunen, fylkeskommunen og andre skoleeigarar oppfyller opplæringslova med forskrifter. Buskerud fylkeskommune, Skolenes Landsforbund, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Østfold, og NHO understrekar at Fylkesmannen som tilsynsmyndigheit på området må vere kompetent og godt rusta for tilsyn på området, og at den statlege tilsynsetaten bør tilførast kompetanse for bedriftsbasert tilsyn. Enkelte av høringsinstansane understrekar betydninga av at fylkesmannsembeta må ha einsarta praksis, og at departementet bør vurdere å gi klare retningslinjer for tilsynsarbeidet på dette området. Fleire instansar påpeiker dessutan at dei eventuelle endringane må følgjast opp med eit reelt statleg tilsynsarbeid på fag- og yrkesopplæringsområdet.

Eit fåtal av høringsinstansane uttaler seg konkret til forslaget frå lovarbeidsgruppa om at fylkeskommunen skal sjå til at lærebedrifta har eit internt system for kvalitetssikring, og at lærebedrifta skal rapportere til fylkeskommunen. Dei som omtaler forslaget, støttar det. Utdjupande merknader er derimot få. Høringsinstansane gir brei støtte til forslaget om at fylkeskommunen skal ha kontakt med fagleg leiar i bedrifta.

6.1.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet sluttar seg til forslaget frå arbeidsgruppa om å reservere omgrepet tilsyn for det statlege tilsynet på utdanningssektoren. Ein slik omgrepsbruk er i samsvar med stortingsbehandlinga av Ot.prp. nr. 97 (2005 – 2006) Om lov om endringar i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner m.m. (statleg tilsyn med kommunesektoren), som byggjer på NOU 2004:17 Statlig tilsyn med kommunesektoren. Også i lys av dei andre endringsforslaga i denne proposisjonen er ei slik endring i omgrepsbruken formålstenleg.

Departementet støttar arbeidsgruppa i synet på at den kontrollen med bedrifter som blir gjord frå fylkeskommunen si side, ikkje skal ha nemninga tilsyn, men oppfølging og rettleiing. Dette arbeidet vil vere ein naturleg del av fylkeskommunens ansvar for og arbeid med kvalitetssystem, godkjenning av lærebedrifter og lærekontraktar, og oppfylling av retten til vidaregåande opplæring. Å gi denne verksemda nemninga tilsynvil av den grunn vere uheldig. Heller ikkje det arbeidet lærebedriftene skal gjere for å sikre at dei oppfyller lov og forskrift, bør tilsynsomgrepet omfatte. Denne verksemda er etter departementet si meining i realiteten kvalitetssikring og ikkje tilsyn.

Departementet støttar forslaget om at fylkeskommunen får ansvar for å rettleie om og følgje opp korleis lærebedrifter og bedrifter som er ein del av eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, organiserer og gjennomfører opplæringa. På denne måten blir det presisert at fylkeskommunen har eit heilskapleg ansvar for at retten til vidaregåande opplæring blir oppfylt, og at fylkeskommunen har ansvaret for det overordna kvalitetsarbeidet. Endringa vil samtidig klargjere at fylkeskommunen kan bli gjord ansvarleg dersom kvaliteten av opplæringa ikkje er god nok. Styringsmessig er dette også det mest praktiske, sidan fylkeskommunen har ansvaret for dei vidaregåande skolane og dermed vil få ansvaret for eit heilskapleg kvalitetssystem som omfattar heile fag- og yrkesopplæringa, uavhengig av om opplæringa skjer i skole eller i bedrift. I sum blir dette eit enklare system å halde seg til for brukarane (elevar, lærlingar, lærekandidatar og bedrifter), sidan ansvaret er plassert i ein og same instans. Der det kjem fram at lærebedrifter ikkje oppfyller krava i opplæringslova eller forskrifta, vil fylkeskommunen ha høve til å trekkje tilbake godkjenninga av lærebedrifta som sanksjon.

Departementet meiner samtidig at det er svært viktig at yrkesopplæringsnemnda er med i planlegginga av kvalitetssystemet og arbeidet med å forme ut prinsipp og rammer for rettleiinga og oppfølginga av bedriftene og skolane. Departementet støttar derfor forslaget om å gi yrkesopplæringsnemnda ei slik rolle. Informasjon som kjem fram av det arbeidet fylkeskommunen gjer med kvalitetssikring, vil yrkesopplæringsnemnda kunne bruke som grunnlag for arbeid med strategiar for betra kvalitet innan fag- og yrkesopplæringa.

Departementet støttar forslaget frå arbeidsgruppa om at fylkeskommunen skal sjå til at lærebedrifta har eit internt system for kvalitetssikring, og at lærebedrifta rapporterer til fylkeskommunen. Generelt er det viktig at lærebedrifter har interne kvalitetssystem, for å sikre at rettane til lærlingen og lærekandidaten etter lov og forskrift blir oppfylte, og at opplæringa er av høg kvalitet, inkludert der opplæringa blir gitt av andre. Etter gjeldande forskrift § 2 – 1 skal lærebedrifta jamleg vurdere i «kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.» Den same føresegna andre ledd fastset at fylkeskommunen har ansvar for å sjå til at vurderingane blir gjennomførte etter lova. Dette prinsippet bør lyftast fram og gjerast tydelegare i lova. Ei ny føresegn om det ansvar lærebedrifta har for å ha eit internt kvalitetssystem og plikt til årleg rapportering til fylkeskommunen, vil sørgje for nettopp dette.

Departementet har merkt seg at enkelte høringsinstansar meiner at fylkeskommunens ansvar for kontroll, rettleiing og oppfølging av bedrifter bør gå fram av eigen lovheimel. Etter departementet si vurdering er det ikkje nødvendig å ha eigen heimel som lovfestar ansvaret. Med det lovfesta ansvaret fylkeskommunen har etter § 13 – 10, i tillegg til ei ny føresegn med krav om kvalitetssikring i lærebedriftene og årleg rapporteringsplikt, vil det vere unødvendig å lovfeste ein eksplisitt heimel for fylkeskommunen for å kontrollere lærebedriftene, til erstatning for den tilsynsheimelen yrkesopplæringsnemnda har i § 12 – 4. Fylkeskommunen vil uansett ha heimel for å kontrollere, rettleie og følgje opp både bedriftene i tilknyting til godkjenninga av lærebedrifter og bedrifter som er knytte til eit opplæringskontor eller ein opplæringsring.

Departementet støttar, sameleis som høringsinstansane, forslaget om at fagleg leiar skal vere kontaktpunktet for fylkeskommunen i bedrifta

6.2 Område for samarbeid mellom arbeidslivet og fylkeskommunen

6.2.1 Gjeldande rett

6.2.1.1 Samansetninga av og funksjonstida for yrkesopplæringsnemnda

Etter opplæringslova § 12 – 3 første ledd skal fylkeskommunen nemne opp ei yrkesopplæringsnemnd. Nemnda skal ha 7 medlemmer med personlege varamedlemmer og skal vere breitt samansett, jf. andre ledd i føresegna. Nærmare bestemt skal nemnda ha to medlemmer som er oppnemnde etter framlegg frå arbeidstakarorganisasjonane, to etter framlegg frå arbeidsgivarorganisasjonane, ein lærling eller ein lærekandidat, ein medlem med spesiell innsikt i nærings- og sysselsetjingsspørsmål og ein medlem med spesiell innsikt i skolespørsmål. Fylkeskommunen og fylkesarbeidskontoret har rett til å stille med ein representant kvar på møta i nemnda, og dei har rett til å tale og å få meininga si protokollert, sjå § 12 – 3 tredje ledd.

Funksjonstida til nemnda er den same som for fylkestinget, sjå § 12 – 3 andre ledd. Det vil seie at medlemmene i nemnda blir oppnemnde kvart fjerde år, sjå kommunelova § 7. Lærlingrepresentanten blir oppnemnd annakvart år. Fylkeskommunen peiker ut leiar og nestleiar i yrkesopplæringsnemnda for to år om gongen.

6.2.1.2 Oppgåvene til nemnda

Oppgåvene til nemnda er gitt i lova i §§ 4 – 3, 4 – 5, 4 – 6 og 12 – 4. I tillegg kan departementet gi nærmare reglar i forskrift om arbeidet i nemnda, sjå § 12 – 3 sjette ledd. Dette er gjort i forskrifta kapittel 11. Det er også gitt enkelte føresegner om oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda i forskrifta kapittel 4 og 6. Både fylkeskommunen og departementet kan påleggje nemnda andre oppgåver enn dei lov- og forskriftfesta oppgåvene i tilknyting til fagopplæringa, sjå § 12 – 4 sjuande og åttande ledd. Fylkeskommunen er klageinstans for enkeltvedtak i yrkesopplæringsnemnda. Dette kjem fram av lova § 15 – 2 fjerde ledd. Fylkeskommunen har instruksjonsmynde i dei sakene av ikkje-fagleg karakter som nemnda behandlar, sjå lova § 12 – 3 fjerde ledd.

Etter forskrifta § 11 – 8 fastset yrkesopplæringsnemnda sjølv sine arbeidsoppgåver og arbeidsrutinar innanfor dei rammene lov og forskrift set. Etter lova § 12 – 3 femte ledd skal fylkeskommunen stille eit sekretariat med leiar til disposisjon for nemnda. Nemnda kan sjølv etter forskrifta § 11 – 9 opprette eit arbeidsutval for to år om gongen. Medlemmene i arbeidsutvalet må takast frå medlemmene i yrkesopplæringsnemnda, og leiaren og nestleiaren i nemnda må vere to av medlemmene i utvalet. Vidare må både arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivarorganisasjonane vere representerte. Nemnda kan delegere enkelte oppgåver til sekretariatet, jf. § 12 – 3 sjette ledd, ev. til eit arbeidsutval. Det er gitt nærmare føresegner om delegering i forskrifta §§ 11 – 10 og 11 – 11. Nemnda fastset retningslinjene for kva saker arbeidsutvalet eller sekretariatet kan behandle, sjå forskrifta § 11 – 11 første ledd.

Sekretariatet utfører dei daglege arbeidsoppgåvene til yrkesopplæringsnemnda, sjå forskrifta § 11 – 10, jf. lova § 12 – 3 sjette ledd. Men det er enkelte saker som skal behandlast og avgjerast i nemnda og som dermed ikkje kan delegerast til sekretariatet eller til eit arbeidsutval. Etter forskrifta § 11 – 11 andre ledd gjeld dette for det første «planar og retningslinjer for nemnda si verksemd i budsjettåret, og retningslinjer for arbeidet i sekretariatet», for det andre «spørsmål om å ta frå ei bedrift retten til å ha lærling/lærekandidat», for det tredje «spørsmål om å ta frå ein lærling/lærekandidat opplæringsretten, jf. opplæringslova § 4 – 6», og for det fjerde «spørsmål om å heve lærekontrakten/opplæringskontrakten når ein av partane i medhald av forvaltningslova har klaga på eit vedtak».

Yrkesopplæringsnemnda skal nemne opp og administrere prøvenemnd(er) for dei fag det er prøvekandidatar i, jf. § 12 – 4 tredje ledd og forskrifta § 4 – 61. Etter lova er det høve til å samarbeide med andre fylkeskommunar om opprettinga av slike prøvenemnder. Samansetninga av og oppgåvene til prøvenemnda er regulerte i forskrifta § 4 – 61. Det er fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda som vel ut medlemmene etter forslag frå partane i arbeidslivet. Ei prøvenemnd «skal ha minst to medlemmer som har formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet, og så langt det er mogleg, arbeidslivserfaring i faget», sjå forskrifta § 4 – 61 første ledd.

Vidare skal yrkesopplæringsnemnda nemne opp eit rådgivande yrkesutval for kvart av faga eller fagområda. Alternativt kan prøvenemnda verke som yrkesutval. Departementet kan gi forskrifter om samansetninga av og verksemda til yrkesutvala, sjå § 12 – 3 sjuande ledd. Dette er ikkje gjort.

Etter lova § 12 – 4 andre ledd skal yrkesopplæringsnemnda formidle elevar til dei lærebedriftene ho har gjort avtale om læreplassar med. I lova er det gitt høve for departementet til å gi nærmare føresegner om framgangsmåten. Dette er gjort i forskrifta §§ 6 – 37 til 6 – 39. Etter lova § 4 – 6 åttande ledd har yrkesopplæringsnemnda ansvar for å skaffe lærlingen eller lærekandidaten ny læreplass eller opplæringsplass der lærebedrifta stansar eller ikkje lenger fyller vilkåra etter § 4 – 3.

Bedrifter som skal ha lærlingar eller lærekandidatar, må etter lova § 4 – 3 vere godkjende. Det er fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda som står for denne godkjenninga. Vilkåra for godkjenning er gitt i lova § 4 – 3 og i forskrifta § 11 – 1 og dei følgjande. Yrkesopplæringsnemnda har også kompetanse til på visse vilkår å trekkje tilbake ei godkjenning etter forskrifta § 11 – 4. Det er fylkeskommunen som gir tilskot til lærebedrifter etter lova § 4 – 4 femte ledd, jf. forskrifta § 11 – 6. Men det er yrkesopplæringsnemnda som på vegner av fylkeskommunen gjer vedtak om fordelinga av tilskota til bedriftene der lærlingen eller lærekandidaten skifter lærebedrift undervegs, sjå forskrifta § 11 – 6 tredje ledd.

Det skal opprettast ein skriftleg lærekontrakt eller opplæringskontrakt mellom bedrifta og lærlingen, høvesvis lærekandidaten. For å vere gyldig må denne kontrakten godkjennast av yrkesopplæringsnemnda, sjå lova § 4 – 5. Vidare har nemnda ansvar i samband med endring eller heving av lærekontraktar, jf. § 4 – 6. Dersom partane er samde om å heve kontrakten, held det med ei skriftleg orientering til yrkesopplæringsnemnda, elles krevst det samtykke frå nemnda for at ei endring eller heving av kontrakten skal vere gyldig. Det er yrkesopplæringsnemnda som avgjer når læreforholdet tek slutt, sjå § 4 – 6 fjerde ledd. Vidare krevst det samtykke frå nemnda for å få permisjon, sjå same føresegn sjuande ledd. Lærlingen eller lærekandidaten mister retten til vidaregåande opplæring etter § 3 – 1 dersom han eller ho frivillig hevar kontrakten, føresett at yrkesopplæringsnemnda ikkje vedtek noko anna, sjå § 4 – 6 femte ledd. Yrkesopplæringsnemnda skal på vegner av fylkeskommunen ta imot oppmelding til prøve etter forskrifta §§ 4 – 47 og 4 – 50. Vidare har yrkesopplæringsnemnda plikt til å tilretteleggje fag- og sveineprøva og kompetanseprøva når ein lærling, elev eller praksiskandidat har behov for det, sjå forskrifta § 4 – 58. Yrkesopplæringsnemnda har kompetanse til i særlege tilfelle å oppheve den plikta ei lærebedrift har til å sørgje for ei ny gjennomføring av fag-/sveineprøva eller kompetanseprøva der den første ikkje blir bestått, sjå forskrifta § 4 – 56. Der eleven ikkje får bestått på prøvearbeidet, kan han eller ho sende klage over den faglege vurderinga til fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda, sjå forskrifta § 5 – 14.

Før den praktiske delen av fag- og sveineprøva blir gjennomført, må lærlingen, eleven eller praksiskandidaten ha bestått yrkesteori, jf. forskrifta § 4 – 49. Yrkesopplæringsnemnda gjer vedtak om yrkesteorikravet, sjå fjerde ledd i føresegna. Yrkesopplæringsnemnda gjer også vedtak på vegner av fylkeskommunen om unntak frå krav om felles allmenne fag, sjå forskrifta § 4 – 66 sjette ledd. Det er nemnda si plikt å gi informasjon til bedrifter ved kontraktteikning om høvet til unntak frå teorikrav, sjå forskrifta § 4 – 48. Etter lova § 12 – 4 femte ledd er det yrkesopplæringsnemnda si oppgåve å vurdere om ho kan godkjenne praksis for kandidatar som melder seg til fag- eller sveineprøve utan læretid, jf. § 3 – 5. I dei tilfella der den praktiske delen av prøva ikkje er bestått, skal prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda sørgje for oppbevaring av prøvearbeidet, ev. sikre ei nøyaktig beskriving av arbeidet, sjå forskrifta § 4 – 54. Vidare har nemnda som oppgåve å skrive ut fagbrev, sveinebrev og dokumentasjon for kompetanse for lærekandidatar, jf. § 12 – 4 fjerde ledd. Dette er det gitt nærmare reglar om i forskrifta §§ 4 – 64 andre ledd og 4 – 65 tredje ledd.

Nemnda har også nokre overordna og meir generelle oppgåver. Etter lova § 12 – 4 første ledd og forskrifta § 11 – 5 skal nemnda for det første føre tilsyn med opplæringa i bedrifter etter opplæringslova. For det andre har nemnda etter § 12 – 4 første ledd vidare eit utviklingsansvar, og for det tredje skal ho ta initiativ til å fremje fagopplæringa i arbeidslivet. Det er vidare nemnda si oppgåve å gi rapport til fylkeskommunen og departementet om verksemda og om tiltak som er viktige for fagopplæringa, jf. § 12 – 4 sjette ledd.

6.2.2 Forslag frå lovarbeidsgruppa

6.2.2.1 Samansetninga av yrkesopplæringsnemnda

Lovarbeidsgruppa er delt i synet på samansetninga av yrkesopplæringsnemnda. Usemja gjeld spørsmålet om det skal lovfestast at organisasjonane for det pedagogiske personalet skal ha ein representant i nemnda eller ikkje. Fleirtalet meiner dette ikkje skal vere eit krav i lova, mindretalet meiner at eit slikt krav må lovfestast.

Mindretalet uttaler at så lenge fag- og yrkesopplæringa i hovudsak gjekk føre seg i bedrift, var det naturleg å tolke ILO-konvensjon nr. 142 om yrkesrettleiing og yrkesopplæring slik at det berre var arbeidsgivar- og arbeidstakarpartane i bedrifta som vart tolka som partar, men at interesseorganisasjonane for det pedagogiske personalet burde bli inkluderte i dette samarbeidet etter at fag- og yrkesopplæringa er utvikla til ei integrert opplæring i skole og bedrift. Mindretalet uttaler vidare at det både er rasjonelt og fornuftig at alle legitime interessepartar i fag- og yrkesopplæringa gir fylkeskommunen råd etter drøftingar i eit felles organ, og viser til at det ikkje blir lagt eit spesielt godt grunnlag for samarbeidet mellom skole og bedrift så lenge ein ikkje anerkjenner organisasjonane for det pedagogiske personalet som legitime og likeverdige partar i yrkesopplæringsnemnda. Omsynet til at den samla kompetansen i nemnda skal dekkje heile opplæringsløpet i skole og bedrift blir også trekt fram som ein grunn til at minst éin representant for det pedagogiske personalet bør oppnemnast etter forslag frå desse interesseorganisasjonane.

Fleirtalet i arbeidsgruppa foreslår at samansetninga av yrkesopplæringsnemnda blir som etter gjeldande rett, og legg til grunn at partane med lovfesta representasjon framleis skal vere arbeidsgivar- og arbeidstakarpartane. Det blir vist til at fylkeskommunen er nærmast til å vite kven som best kan medverke i nemnda, og at det ikkje bør leggjast for sterke føringar for samansetninga utover dagens ordning. Fleirtalet meiner at behovet for breiast mogleg kompetanse i nemnda blir tilfredsstilt ved dei andre forslaga frå gruppa til endringar i krava til samansetninga av nemnda, mellom desse forslaget om at det ikkje lenger skal vere lovfesta eit absolutt tal på medlemmer slik som i dag. Fleirtalet foreslår at partsrepresentantane blir oppnemnde etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivarorganisasjonane tilsvarande ordninga i dag. Elles blir det generelt vist til at nemnda fram til no har vore organisert på ein god og formålstenleg måte. Det blir uttalt at nye endringar berre bør gjerast i dei tilfella der dei gir uttrykk for organisatoriske behov, og samtidig på ein måte som held fast ved det positive ved lova i dag. Ved revisjon av reglane er det etter gruppa sitt syn viktig at dei nye lovføresegnene gir rom for vidare utvikling innan fag- og yrkesopplæringa.

Lovarbeidsgruppa foreslår samrøystes at lova skal opne for ein representant for elevane i staden for eller i tillegg til lærling- eller lærekandidatrepresentanten. Representanten(ane) skal oppnemnast etter forslag frå organisasjonar for elevar, lærlingar og lærekandidatar der slike finst.

6.2.2.2 Samarbeidet mellom yrkesopplæringsnemnda og fylkeskommunen – oppgåvene for nemnda

Når det gjeld samarbeidet mellom yrkesopplæringsnemnda og fylkeskommunen, legg gruppa forslaga fram samrøystes. Det er lagt fram to alternative formuleringar av lovregelen som omtaler oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda.

Lovarbeidsgruppa foreslår at nemnda generelt skal arbeide for betre kvalitet i fag- og yrkesopplæringa, og at nemnda skal fremje arbeidslivet sine behov og synspunkt overfor fylkeskommunen. Det blir vist til at ein av dei viktigaste føresetnadene for å få til eit kvalitetsløft i fag- og yrkesopplæringa, er at samarbeidet regionalt mellom arbeidslivet og fylkeskommunen fungerer godt. Dette samarbeidet må etter gruppa si oppfatning omfatte alle forhold som har innverknad på kvaliteten av opplæringa gjennom heile løpet, både i skole og i bedrift.

Vidare foreslår arbeidsgruppa at dei oppgåvene for nemnda som er knytte til kvalitet, dimensjonering, rådgiving og regionalt utviklingsarbeid, får sentral plass og blir utvida og konkretiserte i opplæringslova. Gruppa viser til at gjeldande rett i svært liten grad legg opp til at yrkesopplæringsnemnda skal arbeide med kvalitetssikring og kvalitetsutvikling, og at nemnda i større grad må rette merksemda mot dette for å få til eit kvalitetsløft innanfor fag- og yrkesopplæringa.

Med tilvising til mellom anna at det er fylkeskommunen som er juridisk og økonomisk ansvarleg for godkjenning av lærebedrifter og lærekontraktar som blir innvilga av yrkesopplæringsnemnda, foreslår arbeidsgruppa at myndet til å gjere endelege vedtak om godkjenningar og andre enkeltvedtak som gjeld fag- og yrkesopplæringa, blir lagt til fylkeskommunen.

Lovarbeidsgruppa foreslår at yrkesopplæringsnemnda skal gi ei fagleg vurdering både ved godkjenning av lærebedrift og tilbaketrekking av godkjenning, før fylkeskommunen gjer vedtak. For å understreke betydninga av den faglege vurderinga frå nemnda foreslår gruppa at det i lovføresegna om vilkår for godkjenning av lærebedrift skal vere eit krav om at yrkesopplæringsnemnda har gjort eit positivt vedtak etter vurdering av bedrifta. For å sikre arbeidslivet innverknad på andre saker enn dei som omhandlar godkjenningsgrunnlaget for bedriftene, foreslår lovarbeidsgruppa vidare å innføre ei lovfesta plikt for fylkeskommunen til å leggje alle saker som har betydning for fag- og yrkesopplæringa, fram for yrkesopplæringsnemnda, også dette før fylkeskommunen gjer vedtak i saka.

Lovarbeidsgruppa foreslår at fylkeskommunen skal overta dei forvaltningsoppgåvene som etter gjeldande rett ligg til yrkesopplæringsnemnda. Det blir mellom anna vist til at fleire av oppgåvene i praksis allereie er lagde til fylkeskommunen ved sekretariatet for yrkesopplæringsnemnda.

Lovarbeidsgruppa foreslår at kommunelova § 14 nr. 1 bokstav a om valgbarhet, som etter ordninga i dag gjeld ved oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda, ikkje lenger skal nyttast ved slik oppnemning. Det blir vist til at denne føresegna i kommunelova ikkje er formålstenleg for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda.

6.2.3 Synspunkt frå høringsinstansane

Når det gjeld samansetninga av yrkesopplæringsnemnda støttar eit stort fleirtal av høringsinstansane forslaget frå fleirtalet, dei fleste utan særlege konkrete merknader.

Buskerud fylkeskommune uttaler:

«Dissensen fra Solstad og Grøttevik støttes ikke. Fagopplæringsstyret vil imidlertid påpeke at det er vesentlig å få representanter med pedagogisk kompetanse og kompetanse på skolebasert opplæring i nemnda. Fagopplæringsstyret mener at det kan sikres tilfredsstillende innenfor lovarbeidsgruppens forslag.»

Vestfold fylkeskommune uttaler:

«Yrkesopplæringsnemnda i Vestfold anbefaler flertallets fremstilling til ny § 12 – 3. Yrkesopplæringsnemnda i Vestfold anbefaler flertallets forslag til ny § 12 – 4 tredje ledd tredje strekpunkt.»

Vitenskapsakademiet, Unio, Fylkesmannen i Østfold, Skolenes landsforbund og Utdanningsforbundet støttar derimot forslaget frå mindretalet, og Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Aust-Agder uttaler at forslaget frå mindretalet bør vurderast.

Skolenes landsforbund uttaler:

«Dessuten registrerer vi at nemndas arbeidsfelt skal være hele fag- og yrkesopplæringen, også den delen som foregår i skole. Dette er nytt. Dermed er det ikke lenger noen argumenter for å unnlate å ta med representanter for det pedagogiske personalet i den videregående skolen. Tvert om er det vanskelig å se for seg at målsetningen om et policy-organ som skal kunne gi mest mulig kvalifisert råd vedr. alle de viktigste forhold for fag- og yrkesopplæringen i fylket kan nås, uten at representanter for det pedagogiske personalet i den videregående skolen blir representert i nemnda.»

Utdanningsforbundet uttaler:

«Skal yrkesopplæringsnemndene lykkes i sitt arbeid og føre til at vi får et mer helhetlig perspektiv på det 4-årige opplæringsløpet, må en naturlig – og selvfølgelig – konsekvens være at representanter for det pedagogiske personalet i skolen er inkludert i yrkesopplæringsnemndene. Dette på lik linje med elever/lærlinger og andre som arbeidsgruppen foreslår skal ha fast representasjon der. Ved å la det pedagogiske personalet bli representert i nemndene, viser en i praksis at fagkompetanse i skole og bedrift er like viktig for eksempel i arbeidet med å utarbeide bedre system for kvalitetssikring av opplæringen.»

Unio uttaler:

«Lovarbeidsgruppen understreker i hele rapporten at et velfungerende samarbeid mellom skole og bedrift er viktig, slik at det kan skje en gjensidig utvikling både når det gjelder undervisningsmetoder i skolen og den faglige opplæringa i bedriften. Unio mener at dette må gjenspeiles i lovverket og ber om at det i loven nedfelles følgende tilføyelse: »..minst ein representant for det pedagogiske personalet etter framlegg frå lærarorganisasjonen.»»

Endringsforslaga frå arbeidsgruppa som gjeld det konkrete samarbeidet mellom yrkesopplæringsnemnda og fylkeskommunen, får generelt brei støtte frå høringsinstansane. Somme instansar har likevel konkrete, enkeltståande merknader.

Nordland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Telemark fylkeskommune er usamde i forslaget om at lærebedrifta skal vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen kan gi godkjenning, og forslaget om at fylkeskommunen skal nemne opp prøvenemnder etter forslag frå yrkesopplæringsnemnda. Det blir frå desse høringsinstansane vist til at dei konkrete forslaga medfører at det framleis vil liggje forvaltningsoppgåver hos yrkesopplæringsnemnda, noko som ikkje samsvarer med intensjonen bak dei andre forslaga frå lovarbeidsgruppa.

Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS) er også kritisk til forslaget om at lærebedrifta skal vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen kan gi godkjenning, og uttaler:

«YS stiller spørsmål til arbeidsgruppens forslag om at lærebedriften må være faglig godkjent av yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen godkjenner bedriften. Rask saksbehandling ved godkjenning av nye lærebedrifter er spesielt viktig ved formidling av søkere til læreplass. Etter YS’ vurderinger vil den foreslåtte prosedyre forsinke saksbehandlingen uten å medføre noen gevinst. Der fylkeskommunen er usikker på om bedriften bør godkjennes brukes yrkesutvalget/prøvenemnda som rådgivende instans. YS mener at en slik praksis vil fungere tilfredsstillende da yrkesutvalget/prøvenemnda har de faglige kunnskapene som er nødvendige for å yte råd til administrasjonen i slike saker.»

Desse instansane er som sagt i mindretal. Det er eit klart fleirtal som støttar forslaga om samarbeidet mellom fylkeskommunen, inkludert forslaget om at nemnda skal gjere ei fagleg vurdering før fylkeskommunen gir godkjenning, og dei andre endringsforslaga om oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda.

Maskinentreprenørenes forbund uttaler:

«Vi støtter forslaget om at fylkeskommunen skal stå for godkjenningen av lærebedrifter, men at disse på forhånd skal være faglig vurdert av y-nemnda.»

Fylkesmannen i Østfold uttaler m.a.:

«Forslaget til endring av ansvar for godkjenning av lærebedrift følger naturlig av de endringer arbeidsgruppa for øvrig legger fram. Fylkeskommunen overtar et helhetlig ansvar for å fatte vedtak i spørsmål knyttet til fag- og yrkesopplæringen i stedet for yrkesopplæringsnemnda. Endringsforslaget vil videre tydeliggjøre ansvaret til den eller de lærebedriftene som har ansvar for lærlingen og lærekandidaten. En tydeliggjøring av ansvar og krav om faglig leder og instruktør ved hver bedrift er viktige skritt for å sikre kvaliteten på opplæringen. Fylkesmannen støtter forslaget.»

Skolenes landsforbund uttaler om det konkrete endringsforslaget (§ 4 – 3):

«Lovgruppens forslag til endring av første ledd følger av oppgavefordelingen mellom fylkeskommunen og yrkesopplæringsnemnda. Forutsetningen om at nemnda skal foreta en faglig vurdering av den enkelte bedrift, og at nemndas vurdering tillegges avgjørende vekt, er et viktig premiss for vår støtte til den foreslåtte oppgavefordelingen. Forslaget til nytt annet ledd og dokumentasjonskravene i tredje ledd vil etter forbundets oppfatning bidra til en viktig klargjøring av forholdet mellom lærebedrift, opplæringskontor og fylkeskommune.»

6.2.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Innleiingsvis vil departementet seie seg samd med lovarbeidsgruppa i at det er ein føresetnad for å få god kvalitet i fag- og yrkesopplæringa at arbeidslivet og fylkeskommunen lykkast med samarbeid. Fylkeskommunen og arbeidslivet har ei felles interesse i å lykkast med dette, og det er svært viktig at samarbeidet fungerer bra. Reglane i opplæringslova skal leggje utgangspunktet for eit godt samarbeid mellom arbeidslivet og fylkeskommunen.

6.2.4.1 Samansetninga av yrkesopplæringsnemnda

Departementet støttar forslaget frå arbeidsgruppa om at medlemmene i nemnda til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa. Ved å halde oppe gjeldande krav om representasjon i nemnda, bortsett frå det absolutte kravet om sju representantar, vil lova fastsetje eit godt utgangspunkt for ei nemnd med slik brei innsikt. Samansetninga av nemnda skal dekkje både behovet for skolekompetanse og kompetanse innanfor opplæring i bedrift. Samstundes skal nemnda vere ein møteplass der representantane frå arbeidslivet kan kome i dialog med og gi råd til fylkeskommunen. Derfor sluttar departementet seg til forslaget frå fleirtalet om at det skal vere fylkeskommunen som vurderer oppnemninga av andre representantar enn partsrepresentantane i nemnda, og at dette skal vere representantar som blir oppnemnde på bakgrunn av sin kompetanse og ikkje på grunn av tilknyting til ein arbeidstakarorganisasjon. På denne måten blir merksemda retta mot den samla kompetansen i nemnda. Det bør likevel presiserast i lova at fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om konkrete forslag til medlemmer i yrkesopplæringsnemnda. På denne måten blir det eksplisitt uttrykt at det ikkje er noko i vegen for at organisasjonane for det pedagogiske personalet blir kontakta av fylkeskommunen ved vurderinga av den heilskaplege samansetninga av nemnda.

Kravet om at kompetansen i nemnda så godt som mogleg skal dekkje heile det fireårige opplæringsløpet i både skole og bedrift, bør førast vidare i lova, saman med kravet om kompetanse innan nærings- og sysselsetjingsspørsmål.

Brukarane av fag- og yrkesopplæringa: lærlingane og lærekandidatane, bør også i framtida vere representerte i yrkesopplæringsnemnda. Dei vil gi viktige bidrag til diskusjonane om dei fire hovudoppgåvene til nemnda som framover er foreslått å vere kvalitet, dimensjonering, rådgiving og regionalt utviklingsarbeid. Lærlingane og lærekandidatane vil dessutan ha nyttige innspel når det gjeld å sjå heilskapen i fag- og yrkesopplæringa, med opplæring både i skole og i bedrift. Lova bør derfor framleis klart fastsetje at nemnda skal ha ein lærling- eller lærekandidatrepresentant. I samsvar med forslaget frå gruppa bør det opnast for at nemnda kan ha med ein representant frå elevane i staden for eller i tillegg til lærling- eller lærekandidatrepresentanten. Dette vil føre til at ein får med elevar frå vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2, elevar som både er i skole og i bedrift under opplæringa, og elevar som er i skole gjennom heile opplæringa fordi dei ikkje har læreplass. Sida det blir opna for at nemnda kan ha fleire medlemmer enn det som er lovfesta i dag, blir det foreslått berre å lovfeste at nemnda skal ha minst ein elev-, lærling- eller lærekandidatrepresentant, utan å bestemme eit fast tal. Denne «utvidinga» av brukargruppa harmoniserer godt med at elevar i den vidaregåande skolen har omfattande rettar til medverknad som brukarar, jf. lova § 11 – 5 og dei følgjande. I § 11 – 8 blir det dessutan uttalt at «representantar for elevane i vidaregåande opplæring har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder etter tilsvarande reglar som gjeld for tilsette, jf. § 26 i kommunelova.»

6.2.4.2 Samarbeidet mellom yrkesopplæringsnemnda og fylkeskommunen – oppgåvene for nemnda

Departementet støttar forslaget frå arbeidsgruppa om at nemnda skal arbeide for betra kvalitet innan fag- og yrkesopplæringa, og at nemnda skal fremje behov og synspunkt frå arbeidslivet overfor fylkeskommunen. Gjeldande regelverk gir ikkje i tilstrekkeleg grad partane i arbeidslivet innverknad i saker det er viktig at dei engasjerer seg i, og opnar i liten grad for innverknad i saker som nemnda sjølv ville vurdere som viktige. Det er behov for innverknaden frå partane på kvalitetsarbeidet, dimensjoneringa og rådgivinga, og på det regionale utviklingsarbeidet. Arbeidslivet vil kunne sjå problemstillingane i samanheng, slik at fag- og yrkesopplæringa blir betre, og det vil kunne medverke i drøftingane om dei overordna perspektiva, setje standardar og lage strategiplanar. Det regionale samarbeidet er avhengig av aktive og engasjerte partar som får arbeide med område som dei kan påverke ved å medverke med kompetanse og bakgrunn. Denne innverknaden kan skje gjennom eit godt tilrettelagt arbeid i yrkesopplæringsnemnda.

For å sikre god kvalitet i opplæringa er det viktig at det blir etablert rutinar og ordningar både i skolen og i det store mangfaldet av bedrifter som finst. Dette bør mellom anna omfatte samarbeid mellom skolane og bedriftene, tilbod om kompetanseutvikling og godkjenning av nye bedrifter, og oppfølging. På bakgrunn av dette er det viktig at arbeidslivet blir trekt inn i kvalitetsarbeidet i fylkeskommunen ved samarbeid i yrkesopplæringsnemnda, slik at partane i arbeidslivet kan medverke med den kompetansen dei har i kvalitetsarbeidet og også kan vere med på å skape medvit om kvalitetsarbeidet i dei enkelte bedriftene og i skolane.

Når det gjeld dimensjoneringa av tilbodet i fag- og yrkesopplæringa, er det fylkeskommunen som har det overordna ansvaret. I dimensjoneringsarbeidet er fylkeskommunen samtidig avhengig av vurderingane frå arbeidslivet. Bedriftene har i hovudsak si interesse knytt til å få tilgang på kvalifisert arbeidskraft og ønskjer å sikre seg ein viss stabilitet i arbeidskrafta og kompetansen. Ved at dei gjennom å vere lærebedrifter får tilgang på arbeidskraft og etter kvart relevant kompetanse, blir bedriftene stimulerte til å stille med læreplassar. Bedriftene sitt samfunnsansvar og tilskotet per lærling og lærekandidat vil sjølvsagt også vere motivasjonsfaktorar. Innanfor fag- og yrkesopplæringa vil bedriftene vere ein del av det offentlege opplæringssystemet, og fylkeskommunen er avhengig av at bedriftene tek imot flest mogleg av lærlingane og lærekandidatane. Dette føreset at dimensjoneringa i størst mogleg grad samsvarer med næringsgrunnlaget både i regionen og på nasjonalt plan. For at fylkeskommunane lettare skal kunne ta rette avgjerder om kva tilbod dei skal ha, må arbeidslivet derfor aktivt med i dimensjoneringsarbeidet. Samtidig er også grunn til å tru at arbeidslivet i større grad vil kjenne seg forplikta der det har fått vere med i planlegginga, enn om det ikkje har høve til å påverke dimensjoneringsarbeidet i regionen. Analysar og vurderingar frå arbeidslivet vil kunne danne grunnlag for fylkeskommunen si vurdering av kva fag- og yrkesopplæringar som skal tilbydast. Dette føreset at fylkeskommunen stiller seg fleksibelt til spørsmål om å endre tilbodet ved dei enkelte skolane etter som etterspørselen endrar seg. Det er svært mange omsyn som spelar inn i dimensjoneringsarbeidet i fylkeskommunen, og av den grunn er det viktig at det er nært samarbeid med arbeidslivet. Yrkesopplæringsnemnda er sentral i dette samarbeidet.

I arbeidet med rådgivingstenesta for fag- og yrkesopplæringa er fylkeskommunen avhengig av tett samarbeid med partane i arbeidslivet. Det er arbeidslivet sjølv som har best kunnskap om eigenarten til yrka, høva til læreplass, jobbsjansar og høve til karriereløp og etterutdanning. Av den grunn er det også arbeidslivet som best kan gi informasjon til fylkeskommunen om faga innanfor eigen bransje, samtidig som det er bransjen sjølv som har størst interesse av at rådgivinga om eit fag er god. Bedriftene kan hjelpe med fleire typar informasjon. Dette gjeld for eksempel korleis opplæringa går føre seg i bedrift, kva slags kompetanse det er viktig at lærlingen og lærekandidaten får, og kva bedriftene legg vekt på når dei vel lærlingar. I dette gjensidig avhengige forholdet mellom fylkeskommunen og arbeidslivet vil yrkesopplæringsnemnda med sitt systematiske samarbeid mellom partane i arbeidslivet og fylkeskommunen vere ein viktig arena for å vidareutvikle rådgivingstenesta. Yrkesopplæringsnemnda kan også sjå rådgiving i samanheng med kvalitetsarbeidet, dimensjoneringa og dei regionale utviklingsoppgåvene.

Fylkeskommunen har regionalt utviklingsansvar, og næringslivet i regionen er i denne samanheng ein viktig samarbeidspartnar. Næringslivet kan vere ein viktig bidragsytar til det regionale utviklingsarbeidet i fylkeskommunen, spesielt i tilknyting til arbeid med nyskaping, innovasjon og entreprenørskap. På denne måten vil også arbeidsplassar kunne etablerast og sikrast. Yrkesopplæringsnemnda si rolle vil vere å medverke til å halde oppe og vidareutvikle arbeidsplassar gjennom sitt langsiktige og systematiske arbeid med fag- og yrkesopplæring. Både i skole og i bedrift er fag- og yrkesopplæringa ein ressurs som kan integrerast og utnyttast i arbeidet med regional utvikling, og yrkesopplæringsnemnda kan for eksempel spele ei viktig rolle ved å få i stand samarbeid om kompetanseutvikling og kompetanseutveksling mellom skole og lokalt arbeidsliv.

Departementet støttar forslaget frå arbeidsgruppa om at oppgåvene for nemnda knytte til kvalitet, dimensjonering, rådgiving og regionalt utviklingsarbeid får sentral plass og blir utvida og konkretiserte. Reglane om fag- og yrkesopplæringa har i stor grad stått uendra sidan 1980 da lova om fagopplæring i arbeidslivet vart gitt. Føresegnene om fagopplæringa vart tekne inn nærmast uendra i opplæringslova i 1998, og berre nødvendige endringar vart gjorde da fag- og yrkesopplæringa vart ei integrert opplæring med ein del i skole og ein del i bedrift i 1994. Samtidig har det i perioden frå 1980 til i dag skjedd ei omfattande utvikling innan fag- og yrkesopplæringa i Noreg. Det er berre eit fåtal av reglane i lov og forskrift om oppgåvene for yrkesopplæringsnemnda som eksplisitt uttrykkjer at nemnda skal arbeide med kvalitetssikring og kvalitetsutvikling. Reglane knyter seg i større grad direkte til utøving av forvaltningsmynde. Det finst eit unntak i lova § 12 – 4 første ledd, der yrkesopplæringsnemnda er pålagd «utviklingsansvar og skal ta initiativ for å fremje fagopplæringa i arbeidslivet». For at kvalitetsutvikling og kvalitetssikring i fylkeskommunen skal komme i fokus i framtida, og for å framheve betydninga av dette arbeidet, er det sentralt at måla om kvalitetsheving må avspeglast i konkrete oppgåver for yrkesopplæringsnemnda, som i praksis er forumet for samarbeid mellom arbeidslivet og fylkeskommunen. Dette vil synleggjere prioriteringsområda for dei involverte partane og medverke til å sikre kvalitetsløftet.

Departementet støttar forslaget om at yrkesopplæringsnemnda skal gi fagleg vurdering ved godkjenning og tilbaketrekking av godkjenning av ei lærebedrift før fylkeskommunen gjer vedtak. Yrkesopplæringsnemnda si faglege vurdering bør vere avgjerande for om fylkeskommunen skal godkjenne lærebedrifta. Samtidig skal det vere eit ansvar og ei oppgåve for fylkeskommunen å vurdere bedrifta mot dei ytterlegare vilkåra i lova. Dette medfører i praksis at saka må leggjast fram for yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen eventuelt vurderer bedrifta mot desse ytterlegare vilkåra. Den same prosedyren vil vere nødvendig i saker om tilbaketrekking av godkjenning. Ei slik lovregulering vil vere i samsvar med det ansvaret fylkeskommunen har for dei same godkjenningane. Enkelte høringsinstansar er imot å gi yrkesopplæringsnemnda denne oppgåva før fylkeskommunen gjer vedtak. Departementets held fast ved at ei slik fagleg vurdering før vedtaket er så viktig for å sikre kvaliteten av opplæringa at ho bør vere avgjerande for om godkjenning blir gitt, eventuelt trekt tilbake. Som ein del av forvaltninga vil fylkeskommunen ha kompetanse til å undersøkje om dei vilkår lova stiller for godkjenning, er oppfylte, og om saksbehandlingsreglane er følgde. Fylkeskommunen vil i liten grad ha kompetanse til fagleg vurdering av bedriftene. På bakgrunn av den breie samansetninga vil derimot yrkesopplæringsnemnda vere godt rusta til å gjere slike faglege vurderingar, og oppgåva bør derfor leggjast dit. Nemnda vil også ha kunnskap om arbeidslivet og den enkelte bedrifta som kan komme til nytte i samband med slike faglege vurderingar av bedrifta.

Yrkesopplæringsnemnda kan sjølvsagt, dersom ho ønskjer det, delegere den faglege vurderinga av lærebedrifter til fylkeskommunen. I denne samanheng vil det vere naturleg at yrkesopplæringsnemnda utarbeider retningslinjer og legg føringar for korleis fylkeskommunen skal arbeide med den faglege vurderinga av bedrifter.

I tillegg til avgjerder om godkjenning av bedrifter og tilbaketrekking av slike godkjenningar, er fleire typar oppgåver som gjeld å gjere enkeltvedtak etter forvaltningslova i dag lagde til yrkesopplæringsnemnda. Departementet støttar forslaget frå arbeidsgruppa om at desse oppgåvene bør leggjast til fylkeskommunen. Fylkeskommunen er innretta for å gjere nettopp denne typen forvaltningsrettslege vedtak, også innanfor fag- og yrkesopplæringa.

Departementet støttar forslaget om å innføre plikt for fylkeskommunen til å leggje alle saker som har betydning for fag- og yrkesopplæringa, også dei som ikkje gjeld godkjenning og tilbaketrekking av godkjenning, fram for yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen gjer vedtak. Partane vil på denne måten kunne komme inn i og påverke utviklinga av fag- og yrkesopplæringa i fylkeskommunen på eit mykje breiare felt enn i dag. Yrkesopplæringsnemnda vil med dette kunne følgje med på og påverke korleis fylkeskommunen utfører dei oppgåvene som er knytte til fag- og yrkesopplæringa på ein betre måte enn gjeldande rett opnar for. Nemnda kan følgje med både i korleis fylkeskommunen handhevar lova, i utviklinga i fylkeskommunen og i enkeltsaker dersom ho ønskjer det. Yrkesopplæringsnemnda vil kunne gjere vedtak i den enkelte saka, der ho gir uttrykk for arbeidslivet sine vurderingar. Dette vedtaket skal vere ein av premissane i saka når fylkeskommunen gjer sitt endelege vedtak. Vurderinga frå partane vil ha stor vekt når fylkeskommunen gjer vedtak, spesielt når saka gjeld hovudområda kvalitet, dimensjonering, rådgiving og regionalt utviklingsarbeid.

I lys av dei forslaga som er drøfta ovanfor, er det i det følgjande ein gjennomgang av dei konkrete arbeidsoppgåvene som etter gjeldande rett ligg til yrkesopplæringsnemnda. Departementet sluttar seg i all hovudsak til forslaga frå arbeidsgruppa.

Reint administrative oppgåver som å skrive ut fag- og sveinebrev og dokumentasjon for kompetanse, sjå lova § 12 – 4 fjerde ledd jf. forskrifta §§ 4 – 64 og 4 – 65, bør liggje til fylkeskommunen, ikkje til yrkesopplæringsnemnda. Det same bør gjelde for godkjenning av praksis for kandidatar som melder seg til fagprøve eller sveineprøve utan læretid, jf. lova § 12 – 4 femte ledd, formidling av lærlingar til lærebedriftene, sjå § 12 – 4 andre ledd jf. forskrifta §§ 6 – 37 til 6 – 39, og vedtak om fordeling av tilskot til bedriftene der lærlingen eller lærekandidaten skifter lærebedrift, jf. forskrifta § 11 – 6 tredje ledd. Departementet meiner også at fylkeskommunen skal godkjenne praksis for praksiskandidatar etter lova § 3 – 5, ikkje fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda.

Når det gjeld å godkjenne lærekontraktar og opplæringskontraktar, er dette etter lova § 4 – 5 andre ledd ei oppgåve for yrkesopplæringsnemnda, og ein kontrakt må vere godkjend for å vere gyldig. Departementet meiner at fylkeskommunen bør utføre dette arbeidet, da fylkeskommunen både er økonomisk og juridisk bunden av ei slik godkjenning. Nemnda vil kunne uttale seg i vedtaksform om saka før fylkeskommunen gjer vedtak, sjå forslag omtalt ovanfor. Lærekontrakten vil framleis vere eit standard kontraktskjema fastsett av departementet, jf. lova § 4 – 5 andre ledd og forskrifta § 11 – 7.

Departementet meiner at dei oppgåvene som er lagde til nemnda i tilknyting til gjennomføringa av fag- og sveineprøver, bør liggje til fylkeskommunen, sjå forskrifta §§ 4 – 47 om mottak av oppmelding til prøve, 5 – 14 om mottak av klage på faglege vurderingar der prøvearbeidet ikkje er bestått, 4 – 58 om særleg tilrettelegging av fag- og sveineprøver og kompetanseprøver, og 4 – 54 om oppbevaring av prøvearbeid.

I lova § 4 – 6 femte ledd er yrkesopplæringsnemnda gitt kompetanse til å gjere vedtak om ein lærling eller ein lærekandidat skal få tilbake retten til vidaregåande opplæring etter lova § 3 – 1 der personen frivilleg har heva lærekontrakten. Det er fylkeskommunen sitt ansvar å oppfylle retten til vidaregåande opplæring etter lova § 13 – 3, og av den grunn vil det skape eit meir heilskapleg ansvarsforhold om også denne kompetansen låg til fylkeskommunen. I forskrifta er det med heimel i lova også gitt nemnda kompetanse til å gjere vedtak i saker som departementet meiner er mest formålstenleg lagde til fylkeskommunen. Dette gjeld vedtak om yrkesteorikravet, sjå forskrifta § 4 – 49 og vedtak om unntak frå krav om felles allmenne fag, sjå forskrifta § 4 – 66. Plikta for yrkesopplæringsnemnda til å gi informasjon til bedrifter ved kontraktteikning om høve til unntak frå krav om bestått i felles allmenne fag, sjå forskrifta § 4 – 48, bør også liggje til fylkeskommunen.

I lova § 12 – 4 sjette ledd er yrkesopplæringsnemnda pålagd å gi rapport til fylkeskommunen og departementet om verksemda si og om tiltak som er viktige for fagopplæringa. Som det går fram av omtalen framanfor, blir det foreslått at fylkeskommunen skal påleggjast å leggje enkelte saker fram for yrkesopplæringsnemnda. I tillegg er det fleire område der nemnda skal medverke når det gjeld utvikling av strategiar og arbeidsformer. I desse sakene vil fylkeskommunen, som sekretariat, leggje fram fakta og dokument for yrkesopplæringsnemnda. Nemnda vil på si side fremje synspunkt, forslag og råd for fylkeskommunen. På denne bakgrunn vil det ikkje lenger vere behov for å lovfeste ei slik rapporteringsplikt, verken for yrkesopplæringsnemnda til fylkeskommunen eller for fylkeskommunen til yrkesopplæringsnemnda.

Det er vidare yrkesopplæringsnemnda si oppgåve å nemne opp prøvenemnder, sjå lova § 12 – 4 tredje ledd. Departementet meiner det vil vere ei betre ordning at prøvenemndene blir oppnemnde av fylkeskommunen. Enkelte høyringsinstansar har uttalt seg imot det, men departementet held fast på at dette bør skje etter forslag frå yrkesopplæringsnemnda. Yrkesopplæringsnemnda skal også nemne opp rådgivande yrkesutval, eller la prøvenemndene verke også som yrkesutval, sjå lova § 12 – 3 sjuande ledd. Yrkesutvala er meint å vere fagleg rådgivande organ som kan hjelpe yrkesopplæringsnemnda eller administrasjonen i fylkeskommunen. Yrkesutval kan framleis ha ein funksjon sidan det er behov for lokale miljø, også på bransjenivå, som kan medverke med kunnskap og innsikt for å få best mogleg organisering av for eksempel prosjekt til fordjuping. Departementet meiner derfor at det framleis skal nemnast opp yrkesutval eller at prøvenemndene verkar som yrkesutval.

Etter lova § 4 – 3 første ledd er det yrkesopplæringsnemnda som godkjenner bedrifter som lærebedrifter. Det blir foreslått at før fylkeskommunen gjer vedtak om godkjenning av ei lærebedrift, skal yrkesopplæringsnemnda gi ei fagleg vurdering av godkjenninga som fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på. Sjå nærmare drøfting ovanfor.

Departementet meiner vidare at fylkeskommunen, som følgje av den foreslåtte arbeidsfordelinga mellom yrkesopplæringsnemnda og fylkeskommunen, skal utføre arbeidet med godkjenning av vedtektene for og avtalane med opplæringskontor og opplæringsringar.

Etter forskrifta § 11 – 4 skal fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda trekkje tilbake godkjenninga av ei lærebedrift dersom vilkåra i føresegna er oppfylte. Departementet meiner at yrkesopplæringsnemnda si rolle i slike saker bør tilsvare den rolla det blir foreslått at nemnda skal ha ved godkjenningar, og det blir dermed foreslått at nemnda skal få saka lagd fram til fråsegn før fylkeskommunen gjer vedtak. Sjå nærmare drøfting ovanfor.

Yrkesopplæringsnemnda har etter lova § 12 – 4 første ledd som oppgåve å føre tilsyn med opplæringa i bedrifter. Departementet sine vurderingar om nemnda si rolle når det gjeld tilsyn etter opplæringslova, er beskrivne i punkt 6.1.4.

Når det gjeld den interne organiseringa av nemnda og arbeidsfordelinga, sjå forskrifta §§ 11 – 8 til 11 – 11 jf. lova § 12 – 3 sjette ledd, vil departementet ikkje foreslå endringar. Departementet vil behalde heimelen i § 12 – 4 sjuande ledd om at fylkeskommunen kan påleggje nemnda andre oppgåver i tilknyting til fagopplæringa. Heimelen for departementet til i forskrift å kunne gi nemnda andre oppgåver «i tilknyting til fagopplæringa enn dei oppgåvene som følgjer av denne paragrafen [§ 12 – 4] og av kapittel 4 i lova», blir derimot foreslått oppheva. Denne styringa bør departementet utføre gjennom lov.

Departementet støttar forslaget om at kommunelova § 14 nr. 1 bokstav a om valgbarhet ikkje skal gjelde ved oppnemning av medlemmer i yrkesopplæringsnemnder. Den aktuelle føresegna i kommunelova gir ein regel om at ved val til «kommunale eller fylkeskommunale nemnder opprettet i medhold av andre lover» gjeld følgjande: «Valgbar og pliktig til å ta imot valg er den som har stemmerett ved valg til kommunestyre og fylkesting, og som på valgdagen står innført i folkeregisteret som bosatt i vedkommende kommune eller i en av kommunene i fylket.» Dette inneber at nemndsmedlemmene må bu i det fylket dei er oppnemnde i, og at to fylke ikkje kan ha felles yrkesopplæringsnemnd ved å nemne opp dei same medlemmene i begge fylka. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at føresegna i kommunelova ikkje er formålstenleg for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda, og sluttar seg til forslaget om at det i opplæringslova bør lovfestast eit unntak frå føresegna om oppnemning av medlemmer i yrkesopplæringsnemnder.

6.3 Lærebedriftene, inkludert opplæringskontora og opplæringsringane

6.3.1 Gjeldande rett

Etter opplæringslova § 4 – 3 første ledd kan enkeltbedrifter, offentlege etatar eller institusjonar og opplæringskontor eller opplæringsringar godkjennast som lærebedrifter. Eit opplæringskontor er eit organ for bedrifter som samarbeider om opplæringa for lærlingane og lærekandidatane, og ein opplæringsring er eit avtalebasert samarbeid mellom to eller fleire bedrifter som saman står for opplæringa, sjå lova § 4 – 3 første ledd jf. forskrifta §§ 11 – 2 og 11 – 3.

6.3.1.1 Godkjenning av lærebedrifter

Bedriftene må vere godkjende av ei yrkesopplæringsnemnd for å kunne verke som lærebedrifter for lærlingar eller lærekandidatar, jf. § 4 – 3 første ledd. I forskrifta er det gitt nærmare føresegner om godkjenning av lærebedrifter, sjå §§ 11 – 1 til 11 – 6, jf. lova § 4 – 3 andre ledd siste punktum. Det krevst ny godkjenning der det er meir enn to år sidan det sist vart avslutta ein lærekontrakt eller ein opplæringskontrakt. Dette går fram av forskrifta § 11 – 4.

For at bedriftene skal bli godkjende, må dei anten aleine eller saman med andre bedrifter kunne tilby opplæring som samsvarer med læreplanane, sjå lova § 4 – 3 andre ledd og § 4 – 4 første ledd. I forskrifta § 11 – 1 tredje ledd er det presisert at bedrifta både må ha ei verksemd og eit utstyr som gjer at ho kan gi opplæring etter læreplanen. Opplæringskontora må ha vedtekter som fastset pliktene til samarbeidande bedrifter, medan opplæringsringane må ha ein avtale som fastset pliktene til samarbeidande bedrifter. Vedtektene og avtalen må godkjennast av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda, sjå forskrifta §§ 11 – 2 tredje ledd og 11 – 3 tredje ledd.

Bedriftene må vidare ha ein «intern plan for opplæringa for å sikre at lærlingen eller lærekandidaten får opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen for lærekandidaten», sjå forskrifta § 11 – 1 tredje ledd. For opplæringskontor og opplæringsringar skal slike rutinar fastsetjast i vedtektene, høvesvis avtalane. Der lærekandidaten har rett til spesialundervisning etter kapittel 5 i lova, skal bedrifta utarbeide ein individuell opplæringsplan, jf. lova § 4 – 4 første ledd.

Det er vidare eit vilkår for godkjenning at bedriftene har ein fagleg kvalifisert person (fagleg leiar) som har ansvaret for opplæringa og fører tilsyn, sjå § 4 – 3 andre ledd. Den faglege leiaren skal saman med ein eller to andre representantar for bedrifta føre tilsyn. I lova er det oppgitt fire konkrete oppgåver i tilknyting til tilsynet. For det første skal det førast tilsyn med at opplæringsverksemda ved bedrifta er tilfredsstillande. For det andre skal det førast tilsyn med at det blir oppretta lærekontraktar og opplæringskontraktar. For det tredje skal det førast tilsyn med at læreplanar og opplæringsplanar blir følgde. Til slutt skal det førast tilsyn med at lærlingane og lærekandidatane får den teoriopplæringa dei har krav på, sjå lova § 4 – 7.

6.3.1.2 Lærebedriftene sine rettar og plikter

Lærebedrifter har ei generell plikt til å gi informasjon til fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda som gjeld vilkår for godkjenning og bakgrunn for fastsetjing og utbetaling av tilskot, så forskrifta § 11 – 5 andre ledd. I lova § 4 – 4 fjerde ledd er det presisert at lærebedrifta skal melde frå til yrkesopplæringsnemnda dersom «lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen eller lærekandidaten tilfredsstillande opplæring». For opplæringskontor gjeld det vidare ei generell meldeplikt til fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda om endringar i ei av bedriftene som er knytte til kontoret, sjå forskrifta § 11 – 2 fjerde ledd.

Lærebedriftene får tilskot per lærling og lærekandidat frå den fylkeskommunen der lærlingen eller lærekandidaten er busett, sjå lova § 4 – 4 femte ledd jf. forskrifta § 11 – 5 og § 11 – 6. Dette er kompensasjon for økonomiske utgifter bedrifta har ved å vere lærebedrift. Lærebedriftene får tilskot frå fylkeskommunen etter retningslinjer og satsar som er fastsette av departementet. Det følgjer av lova at det er opplæringskontoret som er rekna som lærebedrift, ikkje kvar enkelt underliggjande bedrift. Tilskotet blir utbetalt til opplæringskontoret, ikkje til dei enkelte bedriftene som gir opplæring til lærlingen eller lærekandidaten.

Lærebedrifter pliktar å inngå ein skriftleg lærekontrakt eller opplæringskontrakt med lærlingen eller lærekandidaten, jf. § 4 – 5 første ledd. Bedrifta står likevel fritt i om ho vil inngå kontrakt med den personen ho får formidla frå fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda, sjå forskrifta § 6 – 39. Bedrifta har høve til å stille spesielle krav til lærlingen eller lærekandidaten i den enkelte avtalen. Desse krava må godkjennast av yrkesopplæringsnemnda og må vere grunngitt i «bedrifta si verksemd, under dette i hennar produksjon, utstyr, kundebehandling», sjå forskrifta § 6 – 38 andre ledd. Det kan i denne samanheng nemnast at arbeidsavtalen fell bort automatisk når læretida etter kontrakten er over, sjå lova § 4 – 2 andre ledd. Kor lang læretida skal vere, er bestemt av læreplanverket. Eleven er normalt eitt eller to år i bedrift (hovudmodellen), sjå lova § 3 – 3 tredje ledd, men det kan avtalast at større delar av opplæringa skal skje i bedrift. Dette går fram av den same føresegna og er utdjupa i forskrifta § 6 – 40. Der det er teorikrav utover vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2, er det bedrifta som skal dekkje kostnadene som er knytte til dette, sjå lova § 4 – 4 første ledd.

Det er bedrifta sitt ansvar å leggje fram lærekontrakten eller opplæringskontrakten for godkjenning i yrkesopplæringsnemnda, sjå lova § 4 – 5. Bedrifta har også ansvaret for å melde frå til yrkesopplæringsnemnda der det er ønske om endring eller heving av kontrakten frå bedrifta, lærlingen eller lærekandidaten si side, eller frå begge partane si side, sjå lova § 4 – 6 første og andre ledd. Bedriftene har altså ein viss rett til å endre eller å heve kontraktar med lærlingar og lærekandidatar. Dette er det gitt uttømmande reglar om i lova § 4 – 6, sjå siste ledd i paragrafen. I denne samanheng kan det nemnast at der det ikkje er gitt eigne reglar i opplæringslova, regulerer arbeidsmiljølova, arbeidsavtalen og tariffavtalar forholdet mellom lærlingen eller lærekandidaten og lærebedrifta, sjå lova § 4 – 2 første ledd. Sjå også lova § 4 – 5 tredje ledd, som bestemmer prøvetid for lærlingar som har fylt 21år og som skal ha full opplæring i bedrift.

Lærebedrifta pliktar å arbeide for å gi lærlingen godt arbeidsmiljø og læremiljø. Arbeids- og skoletida skal til saman ikkje vere lenger enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget, sjå lova § 4 – 4 andre ledd.

Lærebedrifta pliktar å melde opp lærlingen til fagprøve eller sveineprøve til rett tid, og har ansvaret for å gjennomføre prøvene ved å stille lokale, materiale, reiskapar og assistenthjelp til disposisjon for prøva. For lærekandidatar pliktar bedrifta å gi høve til å gå opp til ei kompetanseprøve som viser det nivå opplæringa har ført kandidaten fram til. Dersom prøva blir utført i lærebedrifta, får bedrifta eigedomsretten til det produktet lærlingen og lærekandidaten lagar, og dersom prøva blir utført på skolen, får skolen eigedomsretten, sjå lova § 4 – 4 tredje ledd. Etter forskrifta § 4 – 56 har lærebedrifta ansvar for å gjennomføre ny fag- eller sveineprøve eller kompetanseprøve der den første prøva ikkje blir bestått. Fylkeskommunen dekkjer utgiftene for lærebedrifta med gjennomføringa av prøva. Læretida kan eventuelt bli forlengd ved frivilleg avtale mellom lærebedrifta og lærlingen eller lærekandidaten.

Bedrifta skal gi lærlingen og lærekandidaten vurdering utan karakter og ha ein samtale med han eller henne minst ein gong kvart halvår, sjå forskrifta § 4 – 5. Det er fylkeskommunen som utferdar dokumentasjon til lærlingen eller lærekandidaten, sjå forskrifta §§ 4 – 64 og 4 – 65.

I lova er det gitt heimel for å straffe med bøter «den som grovt forsømmer sitt opplæringsansvar eller tilset lærling utan å inngå skriftleg lærekontrakt eller unnlet å leggje lærekontrakten fram for yrkesopplæringsnemnda for godkjenning», sjå lova § 4 – 8.

6.3.1.3 Nærmare om hovudmodellen og avvik frå denne

Lova oppgir normalordninga for fag- og yrkesopplæringa som «to års opplæring i skole og eitt års opplæring i bedrift. Når opplæring i bedrift blir kombinert med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over to år», sjå lova § 3 – 3 tredje ledd. Fylkeskommunen kan «i det enkelte tilfellet godkjenne lærekontrakt/opplæringskontrakt som fastset at heile opplæringa, eller ein større del av opplæringa enn det som følgjer av opplæringsordninga fastsett i læreplanen, skal skje i bedrift», sjå same føresegn. Vedtak som fylkeskommunen gjer i slike saker, vil vere enkeltvedtak etter forvaltningslova, og føresegnene i forvaltningslova om saksbehandling og høve til klage vil gjelde for vedtaka.

Formålet med å gi fylkeskommunen eit generelt høve til i det enkelte tilfellet å godkjenne alternative opplæringsløp etter lova § 3 – 3 tredje ledd, var å opne for at større delar av opplæringa kunne gjennomførast i bedrift i staden for i skole, og at opplæringa kan veksle mellom periodar i skole og bedrift. Men føresegna gir ikkje høve til å gjere unntak frå målkrava i læreplanverket, eller frå tida til opplæring eller verdiskaping. Dette vil seie at ein lærekontrakt som gjeld full opplæring i bedrift, også vil omfatte all opplæring som normalt skal skje i skole og vil strekkje seg over fire år, inkludert eitt år med verdiskaping i bedrifta. Unnateke frå dette er nokre få fag som har lengre opplæringstid. Bedrifta får tilskot frå fylkeskommunen for kvart år med opplæring. Fylkeskommunen kan ta ansvar for delar av opplæringa og halde tilbake ein forholdsmessig del av tilskotet.

Departementet viser også til forskrifta til opplæringslova § 6 – 40 om organiseringa av opplæringa for lærlingar og lærekandidatar, § 11 – 12 om avvik frå opplæringsordninga og § 11 – 13 og dei følgjande om godskriving av opplæring og praksis. I § 11 – 12 siste ledd går det fram at lærekontrakt med full opplæring i bedrift ikkje kan «godkjennast for ein som fyller kravet til praksis for å framstille seg til prøve med heimel i opplæringslova § 3 – 5» (praksiskandidatordninga).

I forskrifta § 6 – 40 er det nærmare angitt kva slags avvik frå læreplanverket fylkeskommunen kan godkjenne i den enkelte lærekontrakten eller opplæringskontrakten. Avviket frå den opplæringsordninga som er fastsett i Læreplanverket for Kunnskapsløftet for faget, kan vere «at lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet for faget, eller at opplæringa i skole og bedrift skjer i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet». For at lærekontrakten eller opplæringskontrakten skal kunne godkjennast av fylkeskommunen, må det «gå fram av lærekontrakten/opplæringskontrakten kva opplæringsansvar bedrifta har for lærlingen/lærekandidaten». Det er i denne samanheng eit krav om at det skal «vere samsvar mellom opplæringsansvaret og den tida bedrifta har ansvar for lærlingen/lærekandidaten». Vidare går det fram av føresegna at «dersom opplæringa i skole og bedrift skal skje i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet for faget, skal organiseringa gå klart fram av kontrakten».

Etter forskrifta § 6 – 40 andre ledd skal ein «vaksen lærling eller lærekandidat som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt som fastset ei anna opplæringsordning enn den som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet for faget, «… normalt få den delen av opplæringa som ikkje skjer i bedrifta, som opplæring organisert for vaksne». Dette skal sjåast i samanheng med kapittel 4A i lova.

Føresegna i lova § 3 – 3 tredje ledd inneber at fylkeskommunen kan gi aksept til ein avtale som ein lærling og ei lærebedrift er samde om, men fylkeskommunen kan ikkje påleggje verken lærebedrifta eller lærlingen å teikne ein slik kontrakt mot deira vilje. Regelen i tredje ledd påverkar ikkje retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3 – 1 for den enkelte, eller fylkeskommunen sitt ansvar for at retten blir oppfylt. Føresegna inneber med andre ord ikkje nokon rett til å teikne lærekontrakt etter hovudmodellen, og heller ikkje nokon rett til å teikne lærekontrakt med heile opplæringa i bedrift. Lærebedrifta har heller inga plikt til å teikne lærekontrakt.

I tillegg til at fylkeskommunen kan godkjenne at det i enkelte tilfelle blir gjort unntak frå hovudmodellen som beskrive i lova § 3 – 3 tredje ledd, kan departementet gi forskrifter om avvik frå hovudmodellen for «særskilde, små fag, for fag med særskilt store krav til teori, for fag med særskilde sertifiseringskrav, for lærlingar og lærekandidatar som ikkje fell inn under § 3 – 1 og for lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov», sjå lova § 3 – 3 sjette ledd. I forskrifta § 11 – 12 første ledd er det presisert kva som er meint med «særskilde behov». Etter føresegna er fylkeskommunen gitt kompetanse til å «samtykkje i at det blir fastsett avvik frå dei vanlege kontraktvilkåra for personar som har avgrensa arbeidsevne på grunn av fysiske og/eller psykiske funksjonshemmingar. Krava til dei allmennteoretiske måla kan ikkje bli senka utover det som følgjer av forskrifta § 4 – 66». Denne føresegna kan gå på andre avvik frå hovudmodellen enn dei det er gitt høve til etter lova § 3 – 3 tredje ledd.

Etter forskrifta § 11 – 12 andre ledd kan lærlingar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter reglane i forskrifta § 11 – 12 første ledd eller etter lova § 3 – 3 tredje ledd, «få godskrive eventuell tidlegare skole eller praksis etter forskrifta § 11 – 13 flg.».

6.3.2 Forslag frå lovarbeidsgruppa

Ei tydeleggjering i lova av både krava for å få godkjenning som lærebedrift og krava til arbeidet i lærebedrifta med opplæring av lærlingane og lærekandidatane, vil etter lovarbeidsgruppa si meining føre til betre kvalitet i fag- og yrkesopplæringa. Med sikte på å få til ei slik tydeleggjering legg gruppa fram fleire forslag til endringar i lova.

I rapporten sin foreslår arbeidsgruppa at for at eit opplæringskontor eller ein opplæringsring skal bli godkjend, må dei enkelte bedriftene som inngår i kontoret eller ringen godkjennast av fylkeskommunen. Gruppa viser til at fylkeskommunen på denne måten får høve til å sjå om dei enkelte bedriftene oppfyller krava for å få godkjenning, og betre kan sikre at lærlingane og lærekandidatane får god opplæring. Gruppa foreslår dessutan at der samansetninga av opplæringskontoret eller opplæringsringen endrar seg, skal kontoret eller ringen melde frå til fylkeskommunen, som skal gjere ei ny vurdering av godkjenninga.

Lovarbeidsgruppa foreslår at kravet om føresegner om dei samarbeidande medlemsbedriftene og om opplæringskontoret og medlemsbedriftene blir lyfta fram i lova. Ved å lovfeste krav om at opplæringskontor må ha føresegner om samarbeidet mellom kontoret og medlemsbedriftene, og krav om at opplæringsringar må ha føresegner om samarbeidet mellom medlemsbedriftene, meiner gruppa at pliktene som er knytte til arbeidet med opplæringa, blir klarare. Det blir foreslått å lovfeste at desse føresegnene skal vise kva den enkelte bedrifta skal gi av opplæring og innehalde føresegner om fordelinga av tilskotet.

Lovarbeidsgruppa foreslår at det blir presisert i lova at lærebedriftene får tilskot til opplæringa av lærlingar og lærekandidatar. Gruppa viser til at det er viktig at tilskotet heilt ut går til å finansiere dei utgiftene bedriftene har med å ha lærlingar eller lærekandidatar.

Lovarbeidsgruppa foreslår at det blir synleggjort i lova at ei lærebedrift kan ha meir enn éin fagleg leiar, og at det blir lovfesta eit krav om instruktør ved kvar bedrift som driv opplæring. Gruppa viser til at både fagleg leiar og instruktør er viktige føresetnader for ei god fag- og yrkesopplæring, og at reglane bør vere klarare enn i dag.

Lovarbeidsgruppa foreslår at straffeføresegna i § 4 – 8 blir oppheva. Gruppa har ikkje kjennskap til at ho har vore brukt, og meiner at ho ikkje lenger har nokon reell praktisk funksjon.

Lovarbeidsgruppa foreslår at opplæringslova § 3 – 3 blir forenkla i forma. Gruppa oppfattar dei gjeldande føresegnene i lova om avvik frå normalmodellen som ei unødvendig avgrensing av heimelen for å fastsetje læreplanar, og meiner at det er tilstrekkeleg at det i forskrifter til opplæringslova går fram kva for fag som har læretid i bedrift. Vidare foreslår gruppa at fylkeskommunen, i staden for dei enkelte skolane, får ansvar for å gi tilbod om fag- og yrkesopplæring som lærlingar og lærekandidatar ikkje kan få i bedrifta.

Lovarbeidsgruppa foreslår at omgrepet teoriopplæring blir erstatta med opplæring i samsvar med omgrepsbruken i læreplanane. På denne måten meiner gruppa at det blir klarare kva lærlingen og lærekandidaten har rett til i opplæringa i bedrift.

Lovarbeidsgruppa foreslår å lovfeste at lærebedrifta skal ha eit internt system for kvalitetssikring av opplæringa og rapportere til fylkeskommunen årleg. Den faglege leiaren/dei faglege leiarane skal ha ansvar for å sjå til at lærebedrifta oppfyller dei pliktene som følgjer av lova og forskrifter gitt i medhald av lova. Gruppa viser til at dette vil gjere lærebedriftene tydelegare merksame på den plikta dei alt har etter forskrifta § 2 – 1.

6.3.3 Synspunkt frå høringsinstansane

Dei endringsforslaga frå lovarbeidsgruppa som er knytte til lærebedrifter, opplæringskontor og opplæringsringar, under dette godkjenning og lærebedriftene sine rettar og plikter, får brei tilslutning frå høringsinstansane. I merknadene gir instansane for det meste generell støtte til forslaga. Fleire uttaler at forslaga understrekar og presiserer pliktene for dei ulike aktørane, og gir nødvendige ansvars- og rolleavklaringar. Enkeltståande høringsinstansar har merknader til formuleringa av konkrete lovforslag.

Fylkesmannen i Østfold uttaler:

«Endringene vil tydeliggjøre at bedriftenes plikter for opplæringen er bundet til gjeldende læreplanverk, og at tilskuddet til bedriftene er knyttet til ansvaret bedriftene har for opplæringen i motsetning til verdiskapningen. Samtidig understrekes fylkeskommunens ansvar for å oppfylle elevens rett.»

Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS) uttaler:

«Bedriftenes plikter tydeliggjøres i arbeidsgruppens forslag ved at det nå fremgår at produksjonen og opplæringen skal tilrettelegges slik at lærekandidaten kan nå målene i læreplanen. YS støtter forslaget om at lærlingetilskuddet skal være et tilskudd til opplæringen av lærlinger og lærekandidater og at dette tas inn i lovbestemmelsen.»

Telemark fylkeskommune uttaler:

«Telemark fylkeskommune er samd i at dei einskilde bedrifter som inngår i eit opplæringskontor eller ein opplæringsring må godkjennast av fylkeskommunen for at kontoret eller ringen kan godkjennast.»

Rogaland fylkeskommune uttaler:

«Fylkesutvalget i Rogaland slutter seg i hovedsak til Kunnskapsdepartementet sitt forslag til endringer i opplæringslovens bestemmelser om fag- og yrkesopplæringen. Fylkesutvalget vil likevel påpeke følgende: Fylkesutvalget foreslår at § 4 – 7, 2. ledd, 1. setning endres til: Fylkeskommunen gis anledning til årlig å innhente rapport fra lærebedrifter om opplæring av lærlinger og lærekandidater.»

Maskinentreprenørenes forbund (MEF) uttaler:

«Vi støtter forslaget om at fylkeskommunen skal stå for godkjenningen av lærebedrifter, men at disse på forhånd skal være faglig vurdert av y-nemnda. Imidlertid er MEF sterkt imot at bedrifter innenfor et opplæringskontor skal godkjennes av fylkeskommunen. MEF vil presisere viktigheten av å styrke opplæringskontorenes posisjon i fag- og yrkesopplæringen. MEF mener det heller må legges sterkere føringer/rammer med hensyn på opplæringskontorenes vedtekter og KS-system for å ivareta at deres arbeid og drift er best mulig.»

Vidare heiter det frå MEF:

«Det å operere med to forskjellige nivåer på godkjenninger vil bare medføre uklarheter i ansvarsfordelingen i fag- og yrkesopplæringen. Godkjenning av lærebedrifter krever dokumentasjon på at man kan gi opplæring innenfor hele læreplanen, samt at bedriften kan vise til en intern opplæringsplan. For bedrifter innenfor et opplæringskontor, så vil godkjenningen kun være i henhold til det siste for noen.»

Fleire uttaler seg konkret til forslaget om å lovfeste krav om instruktør ved kvar enkelt bedrift som driv opplæring.

Landsorganisasjonen (LO) uttaler:

«Instruktøren må ha faglig relevant yrkesutdanning.»

Skolenes landsforbund uttaler:

«Viktig er det også at kravet til instruktør lovfestes. Skolenes landsforbund forutsetter at det enten presiseres i selve lovteksten eller i forskrift at instruktøren må ha relevant faglig bakgrunn.»

Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) uttaler:

«I § 4 – 3, nytt 3. ledd foreslås instruktøren lovfestet. Dette representerer en langt bedre ordning enn i dag da han har hovedansvaret for oppfølgingen av lærlingen. Instruktørens kompetanse vil være avgjørende for opplæringens kvalitet i den enkelte bedrift. SRY forutsetter at forskriften klargjør at instruktøren må ha relevant faglig bakgrunn.»

Faglig råd for design og håndverksfag uttaler:

«Rådet er fornøyd med at instruktørens rolle blir lovfesta. Tilbud om, og organisering av etterutdanning for bedrifter/instruktører må gis på en slik måte at bedriften får reell mulighet til etterutdanning. For små bedrifter kan en slik instruktøropplæring være vanskelig å få til. For disse bedriftene må det særskilt legges til rette slik at ikke viktige opplæringsplasser går tapt. Absolutt krav om instruktøropplæring vil der være vanskelig.»

Utdanningsforbundet uttaler:

«I § 4 – 3, nytt 3. ledd foreslås instruktøren lovfestet. Instruktørens kompetanse vil være helt avgjørende for den opplæringen lærlingen får og for kvalitet i den enkelte bedrift. Utdanningsforbundet forutsetter at forskriften klargjør at instruktøren må ha relevant faglig og pedagogisk kompetanse.»

Faglig råd for Elektrofag uttaler:

«Det fremgår flere steder i arbeidsgruppens rapport at «Opplæringskontoret må ha forskrifter som fastset…». Faglig råd finner denne form for formulering uheldig. Det er bedre å bruke formuleringer som bestemmelser eller vedtekter fordi forskrifter i vanlig betydning er noe som utferdiges av offentlige myndigheter.

Videre heter det:

«Faglig råd slutter seg til forslaget om at en lærebedrift kan ha flere faglige ledere og at det lovfestes at bedriftene skal ha instruktører som forestår opplæringen.»

6.3.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Opplæringa i lærebedrifter er generelt god, og bedriftene følgjer i stor grad opp det lovfesta ansvaret for opplæringa av lærlingar og lærekandidatar. Det er likevel mogleg å stimulere ytterlegare til god kvalitet i opplæringa, og samtidig skape system for å sikre at alle lærebedrifter gir ei opplæring av høg kvalitet til lærlingane og lærekandidatane. Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa i synet på at dette kan oppnåast ved at krava til lærebedrifter kjem tydelegare til uttrykk i lova, både krava for å bli godkjend og krava til opplæringa, og at det blir lovfesta krav om rutinar i fylkeskommunen og i bedrifta med tanke på å sjå til at krava blir etterlevde.

Departementet støttar forslaget om at dei enkelte bedriftene som inngår i eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, må godkjennast for at kontoret eller ringen skal bli godkjend. Dette vil presisere at lærebedrifta, for å få godkjenning, tydeleg må vise at ho anten aleine eller ved hjelp av andre vil oppfylle alle delane av læreplanverket for faget slik § 4 – 3 andre ledd jf. § 3 – 4 krev. Etter gjeldande rett må eit opplæringskontor eller ein opplæringsring ha høvesvis vedtekter eller avtale som fastset pliktene for dei samarbeidande bedriftene for å få godkjenning, sjå forskrifta §§ 11 – 2 og 11 – 3. For at fylkeskommunen enklare skal ha oversikt over om ei lærebedrift, der ho er organisert i eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, oppfyller krava i lova, vil det innebere ein klar fordel at fylkeskommunen godkjenner kvar enkelt bedrift som er ein del av opplæringskontoret eller opplæringsringen. Dette vil gi fylkeskommunen høve til å sjå om dei enkelte bedriftene oppfyller krava i lova.

Godkjenning gir ikkje bedrifta status som lærebedrift, men vil medføre at bedrifta kan vere ei av fleire samarbeidande bedrifter i eit opplæringskontor eller ein opplæringsring. Det blir ikkje stilt andre krav til dei bedriftene som inngår i eit opplæringskontor eller ein opplæringsring enn til bedrifter som blir godkjende som lærebedrifter aleine. (Bedrifter som samarbeider om opplæring, må derimot ha føresegner som klargjer ansvarsforholdet dei imellom, sjå omtale nedanfor).

Blant høringsinstansane er det enkelte som meiner at godkjenning av den enkelte bedrifta ikkje er nødvendig. Med særleg vekt på at det er den enkelte bedrifta som faktisk gir opplæringa til lærlingen og lærekandidaten, held departementet fast ved at det vil vere viktig at også den enkelte bedrifta blir godkjend. På denne måten sikrar ein at lærlingane og lærekandidatane får opplæring i tråd med krava i lova. Rettleiing og informasjon frå fylkeskommunen til lærebedriftene gir etter departementet si vurdering ikkje tilstrekkeleg garanti for høg kvalitet i den opplæringa som blir gitt i den enkelte bedrifta.

Departementet støttar også forslaget frå arbeidsgruppa om å lovfeste meldeplikt for opplæringskontoret og opplæringsringa der det skjer endringar i samansetninga av opplæringskontoret eller ringen. På grunn av at slike endringar kan få innverknad på kvaliteten av opplæringa, bør det for slike tilfelle vere lovfesta at det skal gjerast ei ny vurdering av om krava for godkjenning er til stades. Sidan det er fylkeskommunen som etter departementet sitt forslag skal godkjenne kvar enkelt bedrift, følgjer det av dette at ei slik melding bør givast direkte til fylkeskommunen, som så kan gjere ei ny vurdering. Same løysingsforslaget har departementet elles når det gjeld den meldeplikta lærebedrifta har etter § 4 – 4 fjerde ledd. Dersom lærebedrifta «stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen eller lærekandidaten tilfredsstillande opplæring», bør meldinga etter departementet si meining givast til fylkeskommunen, ikkje til yrkesopplæringsnemnda slik tilfellet er i dag.

Etter gjeldande rett er det i forskrifta § 11 – 4 krav om at bedrifter som har vore utan lærekontraktar eller opplæringskontraktar i to år, må ha ny godkjenning før dei kan ta imot nye lærlingar eller lærekandidatar. Dei forslaga som er omtalte ovanfor, inneber ikkje ei utviding av denne føresegna slik at alle lærebedrifter skal godkjennast på nytt med jamne mellomrom. Ei slik utviding er unødvendig sidan det blir foreslått andre lovendringar som gjeld fylkeskommunens arbeid med å kontrollere at opplæringa i lærebedriftene er god. Dette gjeld for det første forslaget om at krava til lærebedriftene blir tydeleggjorde i lova, for det andre forslaget om at yrkesopplæringsnemnda i samarbeid med fylkeskommunen skal arbeide med kvalitetsutvikling og kvalitetssikring, og vidare forslaget om at alle bedrifter, også dei som er i eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, skal godkjennast. Som ein del av det overordna ansvaret fylkeskommunen har for den vidaregåande opplæringa, bør fylkeskommunen jamleg kontrollere at den opplæringa som blir gitt ved lærebedriftene, er god og med dette hindre bedrifter i å ha ein uheldig praksis i lengre tid. Rettleiing og oppfølging overfor bedriftene er viktig i dette arbeidet. Der det kan bli aktuelt å trekkje tilbake ei godkjenning av ei lærebedrift, skal yrkesopplæringsnemnda få uttale seg før fylkeskommunen gjer vedtak i saka, sjå omtalen ovanfor i punkt 6.2.4.

Dersom ei bedrift anten aleine eller som del av eit opplæringskontor eller ein opplæringsring fyller krava i lova for å få godkjenning, skal bedrifta få den godkjenninga ho har krav på etter lova. Fylkeskommunen kan ikkje stille andre krav til bedriftene for godkjenning enn dei som går fram av lova.

I lova § 4 – 4 første ledd er det stilt krav om at opplæringa i bedrift skal skje «i samsvar med den fastsette læreplanen». I dette ligg eit underforstått krav om at lærlingen og lærekandidaten deltek i produksjonen i lærebedrifta i eit slikt omfang og med ein slik variasjon at han eller ho får opplæring etter alle målkrava i det fastsette læreplanverket. Dette kravet kan innfriast i ei enkelt bedrift, eller bedrifter kan samarbeide gjennom eit opplæringskontor eller opplæringsring. Der fleire bedrifter samarbeider om opplæringa, følgjer det av forskrifta §§ 11 – 2 og 11 – 3 at det skal gå fram av vedtekter eller ein avtale korleis fordelinga av pliktene er mellom bedriftene. Departementet støttar forslaget frå arbeidsgruppa om at kravet om føresegner for dei samarbeidande bedriftene og for opplæringskontoret og medlemsbedriftene bør lyftast fram i lova. Ved å gjere dette vil det klart gå fram av føresegnene kva den enkelte bedrifta skal gi av opplæring. Det vil vere viktig å sjå dette i samanheng med kravet i forskrifta § 11 – 1 tredje ledd om at lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa for å sikre at lærlingen eller lærekandidaten får opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen. Den interne planen eller den individuelle opplæringsplanen skal sikre at lærlingen eller lærekandidaten får opplæring som samsvarer med læreplanverket for faget. Lovkravet om slike føresegner i vedtektene eller avtalen vil også gjere det lettare for fylkeskommunen å drive rettleiing og oppfølging av den enkelte bedrifta som driv opplæring, og å informere bedriftene om dei rettane og pliktene dei har etter opplæringslova.

Enkelte høringsinstansar viser til at lovarbeidsgruppa fleire stader i rapporten bruker nemninga forskrifter på dei føresegnene som opplæringskontor og opplæringsringar skal vere lovpålagde å ha i vedtekter og avtalar, og uttaler at dette er uheldig fordi forskrifter i vanleg betydning er noko som er utferda av offentleg myndigheit. Denne merknaden sluttar departementet seg til, og foreslår derfor at opplæringslova i omtalen av dette kravet skal nytte omgrepet føresegner.

Departementet er samd i at tilskotet heilt ut bør gå til å finansiere dei utgiftene bedriftene har med lærlingar og lærekandidatar, og støttar forslaget om at lova bør presisere at lærebedriftene får tilskot til opplæringa av lærlingar og lærekandidatar. Tilskotet bør følgje lærekontrakten og opplæringskontrakten. Der medlemsbedrifter er organiserte i eit opplæringskontor, er det kontoret som teiknar kontrakten, og tilskotet bør utbetalast til kontoret. Samtidig er det viktig at dei enkelte bedriftene som eig opplæringskontoret, er aktive i sin eigarskap og er medvitne om tilskotsordninga og fordelinga av midlane mellom opplæringskontoret og eigarbedriftene. Departementet støttar derfor også forslaget om at føresegnene i vedtektene til opplæringskontoret og avtalen mellom bedriftene i ein opplæringsring skal innehalde føresegner om fordelinga av tilskotet. Det skal ikkje være noko lovkrav om korleis fordelinga av tilskotet skal vere, berre at føresegnene klart fastset fordelinga.

Departementet støttar forslaget om å synleggjere i lova at ei lærebedrift kan ha meir enn éin fagleg leiar og forslaget om å lovfeste instruktørrolla. Det er ikkje krav om at kvar enkelt bedrift har ein fagleg leiar der bedrifta er organisert i eit opplæringskontor eller ein opplæringsring. Dette følgjer av at opplæringskontoret og opplæringsringen i lova er definerte som lærebedrifter, og krava om fagleg leiar er retta mot lærebedriftene.

Da det vart lovfesta krav om fagleg leiar, var formålet for det første at lærlingen og lærekandidaten skulle ha ein person å halde seg til, for det andre at bedrifta skulle ha ein tilsett som tok hand om rettane til lærlingen og lærekandidaten og såg til at bedrifta oppfylte krava i lova om opplæring av lærlingen og lærekandidaten, med mellom anna å utvikle ein intern plan for opplæringa. Det var føresett at den faglege leiaren skulle ha ein viss nærleik til lærlingane og lærekandidatane. Enkelte opplæringskontor er svært store og har bedrifter spreidde rundt i landet. For somme lærlingar og lærekandidatar vil dette medverke til stor distanse til den opplæringsansvarlege, ei problemstilling som kan vere relevant også for store bedrifter som er lærebedrifter. Dei fleste bedriftene har derfor i dag også ein instruktør som står føre opplæringa av lærlingane og lærekandidatane. Det er ikkje lovfesta noko krav om instruktør i gjeldande rett, og det er heller ikkje i lov eller forskrift fastsett arbeidsoppgåver for instruktøren. Ved fleire bedrifter vil instruktøren og den faglege leiaren vere éin og same person.

Departementet meiner at instruktørrolla bør lovfestast, sidan denne personen spelar ei viktig rolle i opplæringa. Vidare bør lova presisere tilhøvet mellom fagleg leiar og instruktør, og i større grad enn i dag presisere det ansvaret lærebedrifta har for å gi opplæring i samsvar med krava i lova. Målet om nærleik til lærlingane og lærekandidatane taler for at kravet om instruktør blir stilt til kvar enkelt bedrift som driv opplæring, uavhengig av om bedrifta er sjølvstendig lærebedrift, eller er organisert i eit opplæringskontor eller ein opplæringsring. Lova er ikkje til hinder for at instruktør og fagleg leiar kan vere éin og same person. Departementet vurderer det som ikkje formålstenleg å lovfeste arbeidsoppgåver og ansvar for instruktøren, utover at han skal stå føre den daglege opplæringa av lærlingen og lærekandidaten. Departementet vurderer det heller ikkje som riktig å lovregulere krav til kompetanse hos instruktøren, slik enkelte høringsinstansar etterlyser. Føresegner om dette bør eventuelt fastsetjast i forskrift. Departementet meiner at den faglege leiaren bør ha god og oppdatert kompetanse. I dag er kravet i lova at den faglege leiaren er fagleg kvalifisert, eit krav som kan oppfyllast både gjennom formell utdanning og gjennom praksis innanfor faget. Det blir ikkje foreslått å lovfeste ytterlegare krav om formell utdanning for den faglege leiaren, sidan behovet for kompetanse stadig vil endre seg. Strategiar for kompetanseutvikling bør arbeidslivet og fylkeskommunen samarbeide om. I dette arbeidet er det viktig å sjå etter- og vidareutdanning av lærarar og instruktørar i samanheng.

Etter endringsforslaget vil det framleis vere eit krav til lærebedrifta om å ha ein fagleg leiar som har ansvaret for opplæringa, og som fører kontroll med at krava i lova til lærebedriftene blir oppfylte. Samtidig meiner departementet at det bør komme klart fram i lova at det er lærebedrifta, ikkje den enkelte faglege leiaren, som har det overordna ansvaret for opplæringa og for at lovfesta plikter blir etterlevde. Lovforslaget synleggjer at ei lærebedrift kan ha fleire faglege leiarar.

Departementet støttar forslaget frå gruppa om å oppheve straffeføresegna i § 4 – 8. Føresegna kan ha hatt ein funksjon i den tida da det var vanskeleg å få bedrifter til å teikne lærekontraktar etter den dagjeldande lærlinglova, og dei heller heldt lærlingar utanfor ordninga etter lova, men departementet ser ikkje dette som noko problem i dag. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at det mest effektive verkemiddelet mot lærebedrifter som ikkje oppfyller sine plikter etter opplæringslova med forskrifter, er å ta godkjenninga frå bedrifta. Det er lite som tilseier at straffeføresegner vil verke ytterlegare preventivt i så måte.

Departementet støttar forslaget om å forenkle opplæringslova § 3 – 3, og sluttar seg i stor grad til grunngivinga for endringsforslaget frå gruppa. Det som er viktig, er at det er eit krav i lova om at det må gå klart fram av lærekontrakten eller opplæringskontrakten kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa av lærlingen og lærekandidaten, for å sikre at det ikkje oppstår noko uklart om kven som har ansvaret for opplæringa i dei ulike delane av læreplanverket. Føresegnene i dag nemner dei tilfella der det kan gjerast avvik frå hovedmodellen, noko som er ei unødvendig avgrensing av heimelen for å fastsetje læreplanar. Departementet meiner sameleis som arbeidsgruppa at det er tilstrekkeleg at det går fram av forskrifta kva for fag som har læretid i bedrift. Opplæringsmodellane for dei enkelte faga vil gå fram av læreplanverket for faget, ikkje av lova. Læreplanverket blir gitt som forskrift i medhald av opplæringslova § 3 – 4 første ledd. I denne samanheng kan det nemnast at departementet etter framlegg frå partane i arbeidslivet fastset kva for fag som har opplæring i bedrift, sjå lova § 3 – 3 sjette ledd jf. forskrifta § 1 – 3. Det vil framleis vere lovheimel for fylkeskommunen til å godkjenne lærekontraktar eller opplæringskontraktar som inneber unntak frå den fastsette opplæringsordninga for dei enkelte faga i konkrete tilfelle. Dette høvet til å godkjenne unntak frå opplæringsordninga gjeld fordelinga av opplæringa mellom skole og bedrift og høve til ei anna fordeling av måla mellom år, men gir ikkje heimel for å gjere unntak frå dei målkrava som er fastsette for faget i læreplanverket. Departementet meiner at omgrepet i lova bør vere «unntak» og ikkje «avvik», slik arbeidsgruppa foreslår. Dette inneber inga realitetsendring samanlikna med gjeldande rett.

Departementet støttar vidare forslaget frå lovarbeidsgruppa om at fylkeskommunen, i staden for dei enkelte skolane, skal ha ansvaret for å gi tilbod om fag- og yrkesopplæring som lærlingar og lærekandidatar ikkje kan få i bedrift, sjå lova § 3 – 3 femte ledd.

Departementet støttar forslaget om at omgrepet teoriopplæring blir erstatta med opplæring i samsvar med omgrepsbruken i læreplanverket. Ved å gjere dette omgrepet tydeleg blir dessutan innhaldet i det lærlingen og lærekandidaten har rett til i opplæringa i bedrift, klarare.

Departementet støttar forslaget om at lærebedrifta skal ha eit internt system for kvalitetssikring av opplæringa og rapportere til fylkeskommunen kvart år. Lova bør klart uttrykkje det ansvar lærebedrifta har for eit kvalitetssystem og årleg rapporteringsplikt, og at dette ansvaret ligg hos lærebedrifta, ikkje hos den faglege leiaren. Ved å lovfeste ei slik plikt vil det prinsippet som er forskriftfesta i § 2 – 1, bli lyfta fram i lova og på denne måten gjere det ansvaret lærebedriftene har, tydeleg. Den faglege leiaren/dei faglege leiarane i lærebedrifta skal som i dag ha ansvar for å sjå til at lærebedrifta oppfyller dei pliktene som er gitt i opplæringslova med forskrifter

6.4 Rettane og pliktene for lærlingen og lærekandidaten

6.4.1 Gjeldande rett

I opplæringslova § 4 – 1 er det definert kven som etter lova er rekna som lærling og lærekandidat. Lærling er «den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 3 – 4». Ein lærekandidat er «den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve». Dei same definisjonane er gitt i forskrifta, sjå forskrifta § 4 – 3.

Lærlingar og lærekandidatar har rett til opplæring i samsvar med opplæringslova og forskrifter gitt med heimel i denne lova. Dette er slått fast i opplæringslova § 3 – 1 andre ledd.

Etter opplæringslova § 3 – 1 har unge som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. I fag «der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har ungdommen rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen», sjå lova § 3 – 1 første ledd. Etter lova § 3 – 1 sjette ledd har søkjarane rett til inntak til «eitt av tre alternative utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 som dei har søkt på, og til to års vidaregåande opplæring innanfor utdanningsprogrammet». Denne ungdomsretten varer til den unge har fylt 24 år og betyr at heile retten må vere teken ut innan utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. Utdanninga må dessutan takast i løpet av ein samanhengande periode på fem år, eller seks år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift, sjå lova § 3 – 1 tredje ledd.

Vaksne som er fødde før 1. januar 1978 og har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, men ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad ein tilsvarande rett som unge, men her gjeld det ingen tidsavgrensingar, jf. § 4A–3 første ledd. Vaksne som tek vidaregåande utdanning, har rett til realkompetansevurdering og til å få kompetansebevis for den teoretiske og praktiske kunnskapen dei sit med på vidaregåande opplæringsnivå, sjå § 4A–3 femte ledd jf. siste ledd. Dette inneber at den vaksne ikkje skal trenge å få opplæring i det vedkommande allereie har kunnskap om. Det er i denne samanheng ikkje stilt kvantitative krav i lova om kor langt tidsrom vedkommande har vore i bedrift, men om kva personen faktisk har av kunnskap når realkompetansen skal vurderast. Det blir altså stilt reint kvalitative krav i samband med utarbeiding av kompetansebevis. Vaksne har rett til å fullføre opplæringsløpet slik det er fastlagt i læreplanen, jf. § 4A–3 tredje ledd. Sjå også første ledd i føresegna, som seier at opplæringa skal «tilpassast behovet til den enkelte». Det er fylkeskommunen som har ansvaret for å gi kompetansebevis på grunnlag av ei realkompetansevurdering på vidaregåande nivå. I forskrifta § 4 – 65 er det nærmare angitt kven som skal skrive ut kompetansebevis. Det er gitt særskilde reglar om opplæring organisert for vaksne i forskrifta § 4 – 36 og dei følgjande.

Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring har der kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten ber om det, rett til realkompetansevurdering, sjå lova § 4A–3 femte ledd. Eit alternativ for vaksne som arbeider i bedrift, er å melde seg opp til fag- eller sveineprøve etter praksiskandidatordninga. Denne ordninga er regulert i lova § 3 – 5 og gir rett til å få fag- eller sveineprøve utan at ein har vore i læreforhold og skole. Kravet er i utgangspunktet reint kvantitativt ved at ein skal ha hatt ein «allsidig praksis i faget som er 25 prosent lengre enn den fastsette læretida». Det er gitt nærmare reglar om fag- og sveineprøve for praksiskandidatar i forskrifta § 4 – 50.

Etter opplæringslova § 3 – 1 niande ledd jf. andre ledd har lærlingar og lærekandidatar rett til gratis vidaregåande opplæring, også for den delen av opplæringa som skjer i bedrift. Det gjeld nokre avgrensingar i denne retten, da fylkeskommunen kan «påleggje elevane, lærlingane og lærekandidatane å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha», og fylkeskommunen kan også innanfor visse rammer krevje ei kopiavgift av elevane. Opplæringa skal, med dei same avgrensingane som gjeld for unge, også vere gratis for vaksne, sjå lova § 4A–3 fjerde ledd.

Fagopplæringa omfattar normalt to års opplæring i skole og eitt år års opplæring i bedrift, sjå lova § 3 – 3 tredje ledd. Det er fastsett i føresegna at «når opplæring i bedrift blir kombinert med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over to år». Vidare kan fylkeskommunen «i det enkelte tilfellet godkjenne lærekontrakt/opplæringskontrakt som fastset at heile opplæringa, eller ein større del av opplæringa enn det som følgjer av læreplanen, skal skje i bedrift».

Etter lova er det ikkje rett til læreplass eller opplæringsplass i bedrift, men der det ikkje kan formidlast opplæring i bedrift, skal fylkeskommunen sørgje for at også bedriftsdelen blir gitt i skole, sjå opplæringslova § 3 – 3 fjerde ledd. Det er gitt nærmare føresegner om formidling av elevar til bedrift i forskrifta § 6 – 37 og dei følgjande.

Det er lovfesta rett til skriftleg lærekontrakt eller opplæringskontrakt, sjå lova § 4 – 5. Etter forskrifta § 11 – 7 skal det ved teikning av lærekontrakt nyttast eit kontraktskjema fastsett av departementet. Lærlingar som teiknar lærekontrakt etter desse føresegnene, har rett til å få godskrive eventuell tidlegare skole eller praksis etter forskrifta § 11 – 13 og dei følgjande.

Dei rettane og pliktene lærlingane og lærekandidatane elles har, er regulerte i lova § 4 – 2. Når lærlingane og lærekandidatane er i bedrift, er dei rekna som arbeidstakarar, og arbeidsmiljølova regulerer rettane og pliktene deira, likevel slik at endring og heving av lærekontrakten og opplæringskontrakten følgjer av opplæringslova § 4 – 6, sjå § 4 – 2 første ledd jf. § 4 – 6 siste ledd. Lærlingar og lærekandidatar har altså i hovudsak ikkje det stillingsvernet som følgjer av arbeidsmiljølova. Lærlingar som er eldre enn 21 år, og som inngår lærekontrakt med full opplæring i bedrift, har likevel rett til prøvetid etter § 4 – 5 tredje ledd jf. § 4 – 6 siste ledd. Lærlingar og lærekandidatar har høve til permisjon frå opplæring i bedrift der yrkesopplæringsnemnda godkjenner det, sjå lova § 4 – 6 sjuande ledd. Der lærlingen eller lærekandidaten frivillig hevar kontrakten, fell retten til vidaregåande opplæring bort, såframt yrkesopplæringsnemnda ikkje vedtek noko anna, sjå opplæringslova § 4 – 6 femte ledd. Før yrkesopplæringsnemnda gjer vedtak om heving eller tap av rettar, har lærlingen eller lærekandidaten rett til å gi ei munnleg forklaring, sjå § 4 – 6 sjette ledd. I lova § 4 – 2 andre ledd er det presisert at arbeidsavtalen normalt fell bort når læretida etter kontrakten er over.

Lærlingar og lærekandidatar har rett til pedagogisk-psykologisk teneste på lik linje med elevar i vidaregåande skole, sjå lova § 4 – 2 tredje ledd jf. § 5 – 6. Vidare har dei rett til skyss og innlosjering der vilkåra i lova er oppfylte, sjå lova § 7 – 2 jf. forskrifta kapittel 10. Der personar har rett til vidaregåande opplæring, men ikkje er i opplæring eller i arbeid, har dei rett til oppfølging av oppfølgingstenesta i fylkeskommunen. Dette går fram av lova § 3 – 6.

Lærlingar og lærekandidatar har rett til opplæring etter det fastsette læreplanverket, sjå lova § 4 – 4 første ledd jf. § 4 – 2 fjerde ledd og forskrifta § 1 – 3. Lærekandidatar har rett til spesialundervisning etter kapittel 5 i lova om dei ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. Da skal det utarbeidast individuelle opplæringsplanar for dei, sjå lova § 4 – 4 første ledd jf. § 5 – 5 første ledd.

Etter opplæringslova § 3 – 3 femte ledd har lærlingane og lærekandidatane rett til teoriopplæring og kortare kurs frå sin vidaregåande skole. Dei har også rett til fri for å gjennomføre teoriopplæringa utanfor lærebedrifta, sjå lova § 4 – 4 første ledd. Arbeidstida og skoletida skal samla ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget, sjå andre ledd i føresegna.

Etter lova § 3 – 4 andre ledd skal undervisningspersonalet «tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar» gitt etter opplæringslova. Vidare skal rektor «organisere skolen i samsvar med forskrifter etter første leddet og i samsvar med §§ 1 – 2 og 3 – 3 og forskrifter etter § 1 – 3». Lærebedriftene har etter forskrifta § 11 – 1 tredje ledd plikt til å utvikle ein «intern plan for opplæringa for å sikre at lærlingen eller lærekandidaten får opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen for lærekandidaten». Lærlingane og lærekandidatane har etter § 3 – 4 andre ledd plikt til å vere aktivt med i opplæringa.

Etter avslutta læretid skal lærlingen få ta fagprøve eller sveineprøve, og lærekandidaten skal få høve til å ta ei kompetanseprøve, sjå lova § 4 – 4 tredje ledd. Det er gitt nærmare føresegner om prøvene i forskrifta § 4 – 51 og dei følgjande. Ved uro kan lærlingen bli bortvist frå fag- og sveineprøva dersom visse vilkår etter forskrifta § 4 – 60 er oppfylte. For å kunne gå opp til fag- eller sveineprøve må lærlingen ha bestått teorikrava som er stilte i forskrifta §§ 4 – 48 og 4 – 49. Vaksne med rett til vidaregåande opplæring kan få realkompetansen vurdert etter § 4A–3 femte ledd. Sjå også forskrifta § 11 – 13 og dei følgjande. Alle vaksne, uavhengig av om dei har rett til vidaregåande opplæring, kan få gå opp til fag- eller sveineprøve etter praksiskandidatordninga om dei oppfyller kravet om allsidig praksis som er 25 prosent lengre enn den fastsette læretida, sjå lova § 3 – 5 jf. forskrifta § 11 – 13 og dei følgjande.

Lærlingar og lærekandidatar har rett til vurdering etter forskrifta § 4 – 1 og dei følgjande. Av forskrifta § 4 – 5 går det fram at lærlingen og lærekandidaten skal få løpande individuell rettleiing og vurdering knytt til målkrava i læreplanverket for faget eller opplæringsplanen.

I forskrifta §§ 4 – 64 og 4 – 65 jf. §§ 4 – 30 og 4 – 33 går det fram kva slags dokumentasjon lærlingen og lærekandidaten skal få ved avslutta opplæring. Lærlingar og lærekandidatar har rett til å klage på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- og sveineprøve og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering, sjå forskrifta § 5 – 1 og dei følgjande jf. lova § 3 – 4 første ledd. Føresegner om klage over bedømminga av den praktiske delen av fag- og sveineprøva er gitt i forskrifta § 5 – 14.

6.4.2 Forslag frå lovarbeidsgruppa

Lovarbeidsgruppa foreslår at retten til opplæring for lærlingen og lærekandidaten blir synleggjord i lova. Gruppa viser til at dette vil spegle den plikta lærebedrifta har til å gi opplæring i samsvar med læreplanverket etter lova § 4 – 4.

Lovarbeidsgruppa foreslår at § 4 – 2 første ledd blir endra slik at det går eksplisitt fram at lærlingen og lærekandidaten er arbeidstakarar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med og er plasserte i. Arbeidsgruppa viser til at dette vil gjere opplæringslova tydelegare på kven som har arbeidsgivaransvaret for lærlingen og lærekandidaten.

Arbeidsgruppa foreslår at den standardkontrakten som departementet fastset, blir endra slik at kontrakten viser til den arbeidsavtalen eller dei arbeidsavtalane som skal teiknast.

Vidare viser gruppa til nærleiken mellom arbeidsforholdet og læreforholdet og foreslår at § 4 – 2 andre ledd blir endra slik at det går eksplisitt fram at arbeidsavtalen fell bort ved heving av lærekontrakten etter § 4 – 6.

Arbeidsgruppa foreslår at det skal gå fram av standardkontrakten departementet fastset både at arbeidsavtalar fell bort ved heving av lærekontrakten eller opplæringskontrakten etter § 4 – 6, og når læretida som er fastsett i kontrakten, er over.

Arbeidsgruppa omtaler vidare spørsmålet om kva for regelsett arbeidsavtalen skal kunne hevast etter, og har forslag til presiseringar i lova. Gruppa foreslår at det blir presisert at der det er same kontraktpartar for lærekontrakten eller opplæringskontrakten og arbeidsavtalen, kan arbeidsavtalen ikkje seiast opp utan at lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast etter §§ 4 – 5 tredje ledd eller 4 – 6. For dei tilfella der det er ulike kontraktpartar for lærekontrakten eller opplæringskontrakten og arbeidsavtalen, foreslår gruppa at lova skal presisere at lærekontrakten eller opplæringskontrakten framleis vil gjelde om arbeidsavtalen blir sagd opp i medhald av arbeidsmiljølova. Begge desse presiseringane i lova bør også etter lovarbeidsgruppa si meining gå tydelegare fram av standardavtalen.

Arbeidsgruppa foreslår at der lærlingen eller lærekandidaten får opplæring ved fleire bedrifter eller det på annan måte er fleire aktørar som skal stå for opplæringa, skal ansvarsdelinga gå klart fram av lærekontrakten eller opplæringskontrakten.

Arbeidsgruppa har fire forslag som spesielt knyter seg til ordninga for lærekandidatar. For det første foreslår gruppa at det blir innarbeidd i forskrifta ein eksplisitt rett til klage på vurdering, for det andre at § 4 – 6 første ledd blir endra slik at det på visse vilkår blir mogleg å endre ein lærekontrakt til opplæringskontrakt, for det tredje at det blir utarbeidd ein eigen standardkontrakt for lærekandidatar, og for det fjerde at det ikkje skal vere nødvendig med samtykke frå verje når det blir skrive opplæringskontrakt.

6.4.3 Synspunkt frå høringsinstansane

Eit klart fleirtal av høringsinstansane sluttar seg til forslaget frå arbeidsgruppa om endringar som gjeld rettane og pliktene for lærlingen og lærekandidaten. Mange viser til at endringane vil gjere lovføresegnene klarare enn dei reglane som gjeld i dag.

Forslaga om synleggjering av lærekandidaten og høvet til å endre lærekontrakt til opplæringskontrakt blir konkret omtalte av fleire høringsinstansar.

Maskinentreprenørenes Forbund (MEF)uttaler:

«Vi støtter synliggjøringen av lærekandidater i opplæringslovens tekst». Videre heter det: «De endringer det her legges opp til vil tydeligere klargjøre rettighetene til lærlinger og lærekandidater. Dette vil også medføre en klarere forventning til de bedrifter som tar inn lærlinger og lærekandidater på kontrakter.»

Til forslaget om endringar i § 4 – 6 blir vidare uttalt:

«MEF er meget positiv til muligheter for at man nå kan endre de enkelte kontrakter ut fra hvordan selve opplæringsløpet i bedrift utvikler seg uten å måtte heve den allerede etablerte kontrakt. Vi tror dette kan gi en bedre motovasjon for de lærlinger og lærekandidater som er i et opplæringsløp og som måtte ønske endringer av sitt opplæringsløp i stedet for å heve kontrakten.»

Skolenes landsforbund uttaler dette til forslaget om endringar i § 4 – 6:

«Vi støtter synliggjøringen av lærekandidaten gjennom forslaget til tilføyelse i overskriften. Forbundet deler også lovgruppens syn om at det bør lovfestes en adgang til å endre lærekontrakt til opplæringskontrakt i løpet av kontrakttiden.»

Barne- og likestillingsdepartementet uttaler:

«Vi støtter lovarbeidsgruppens forslag om utvikling og etablering av standardkontrakter for lærekandidater. Departementet støtter også forslaget om en ryddigere konverteringsmulighet for endring av inngåtte lærekontrakter til opplæringskontrakter og andre veien. I dag heves lærekontrakten formelt dersom lærlingen ikke oppfyller målene i læreplanen eller av andre grunner ikke oppfyller de krav som en lærekontrakt stiller til lærlingen. Et læreforhold som ender med heving av lærekontrakt er et formelt avbrudd i opplæringsløpet. Dersom lærekontrakten lettere kunne konverteres til opplæringskontrakt, før heving er eneste utvei, vil dette være en ivaretaende tilrettelegging for de mest frafallsutsatte ungdommer som er under videregående opplæring i bedrift (lærling/lærekandidat).»

Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS) uttaler:

«YS støtter forslaget om at det skal fremgå av kontrakten hvem som har ansvar for de ulike deler av opplæringen der det er flere involvert og at lærekontrakten skal vise til den eller de arbeidsavtalene lærlingen har. Dette må innebære, etter vår vurdering, at det innføres en plikt til at det skal foreligge egne arbeidsavtaler og at lærekontrakten ikke lenger er å anse som en arbeidsavtale.»

Utdanningsforbundet uttaler:

«Utdanningsforbundet ser det som viktig at lærekandidatordningen synliggjøres bedre i opplæringsloven. Mye av kritikken mot denne ordningen ligger i at det er en «skjult mulighet» som ikke benyttes i tilstrekkelig grad. Ved å synliggjøre lærekandidaten i overskriften, kan dette føre til at ordningen «sidestilles» som mulighet for enkelte elever.» Videre uttales følgende: «Utdanningsforbundet støtter forslaget om at det skal fremgå av kontrakten hvem som har ansvaret for de ulike deler av opplæringen der det er flere involvert og at lærekontrakten skal vise til den eller de arbeidsavtalene kandidaten har. Det er etter Utdanningsforbundets vurdering nødvendig å ha et mer fullstendig regelverk om opplæringskontorenes/-ringenes totale virksomhet enn det vi har i dag.»

6.4.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet støttar forslaget frå arbeidsgruppa om at retten til opplæring for lærlingen og lærekandidaten skal synleggjerast betre i lova. Lærlingen og lærekandidaten har rettar og plikter både etter opplæringslova med forskrifter og som arbeidstakarar i bedrifta etter m.a. arbeidsmiljølova. Det går eksplisitt fram i opplæringslova § 4 – 2 første ledd at lærlingar og lærekandidatar er arbeidstakarar med dei rettar og plikter som følgjer av dette. Retten til opplæring for lærlingen og lærekandidaten i samsvar med lærekontrakten og opplæringskontrakten bør komme like tydeleg fram av den same føresegna. Som arbeidsgruppa viser til i forslaget, vil føresegna om rettar for lærlingen og lærekandidaten i § 4 – 2 da spegle føresegna om den plikt lærebedrifta har til å gi opplæring i samsvar med læreplanen etter lova § 4 – 4.

Av gjeldande § 4 – 2 første ledd går det fram at «lærlingen og lærekandidaten er arbeidstakarar i lærebedrifta». Dette kan medføre uklarleik i dei tilfella der lærebedrifta er eit opplæringskontor. Etter arbeidsmiljølova § 14 – 5 skal det teiknast skriftleg arbeidsavtale mellom arbeidstakar og arbeidsgivar. Av forarbeida til opplæringslova går det fram at arbeidsgivar for lærlingen og lærekandidaten er den bedrifta der lærlingen eller lærekandidaten er plassert, ikkje opplæringskontoret. Dette bør gå klart fram direkte av opplæringslova, og departementet støttar av den grunn forslaget frå arbeidsgruppa om at § 4 – 2 første ledd blir endra slik at det står eksplisitt at lærlingen og lærekandidaten er arbeidstakarar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med og er plasserte i.

Lærekontrakten eller opplæringskontrakten blir teikna mellom lærlingen eller lærekandidaten og lærebedrifta, sjå lova § 4 – 5 første ledd. Ei lærebedrift kan etter lova § 4 – 3 første ledd vere enkeltbedrift, offentleg etat eller institusjon og organ for samarbeidande bedrifter (opplæringskontor eller opplæringsring). Der lærebedrifta er eit opplæringskontor, blir lærekontrakten eller opplæringskontrakten teikna med kontoret. I tilfelle der lærebedrifta er ein opplæringsring, blir kontrakten teikna med den bedrifta som skal ha hovudansvaret for opplæringa av lærlingen eller lærekandidaten. Etter dette kan lærlingen eller lærekandidaten ha lærekontrakt eller opplæringskontrakt med éin kontraktpart (opplæringskontoret) og arbeidsavtale med ein annan kontraktpart (der lærlingen eller lærekandidaten er plassert). Lærekontrakten regulerer rettane og pliktene for lærlingen og lærekandidaten etter opplæringslova, medan arbeidsavtalen regulerer rettane og pliktene for lærlingen og lærekandidaten som arbeidstakarar i bedrifta. Den lærekontrakten som skal brukast, er ein standardkontrakt som departementet har fastsett ved rundskriv, jf. forskrifta § 11 – 7. Arbeidsavtalen må tilfredsstille krava i arbeidsmiljølova § 14 – 6. Lærekontrakten eller opplæringskontrakten heng nøye saman med arbeidsavtalen fordi lærlingordninga i Noreg føreset eit arbeidstakarforhold. Vidare regulerer lærekontrakten og opplæringskontrakten forholda for lærlingen eller lærekandidaten i løpet av arbeidsdagen, der det kan vere umogleg å skilje læring og verdiskaping frå kvarandre. Samtidig regulerer dei forhold som er regulerte i både opplæringslova og arbeidsmiljølova. Av den grunn er det i praksis fleire lærebedrifter som nyttar lærekontrakten eller opplæringskontrakten også som arbeidsavtale, noko som er uheldig. Departementet meiner at lærekontrakten eller opplæringskontrakten og arbeidsavtalen bør vere to separate dokument, særleg fordi det ikkje er formålstenleg at standardkontrakten tek omsyn til dei til kvar tid gjeldande føresegnene i arbeidsmiljølova, og fordi det i opplæringskontor kan vere forskjellige kontraktpartar for læreforholdet og arbeidsforholdet. Ved å ha to separate dokument blir lærekontrakten og opplæringskontrakten reindyrka som kontraktar om opplæring etter opplæringslova, medan arbeidsavtalen regulerer rettane og pliktene som arbeidstakar, slikt som lønn og arbeidstid m.m. Samtidig vil det vere klargjerande dersom det blir synleggjort i lærekontrakten eller opplæringskontrakten at det også skal teiknast arbeidsavtale. Det vil da komme fram av standardkontrakten at lærlingen og lærekandidaten også som arbeidstakarar har rettar og plikter som følgjer av lover og tariffavtalar. På denne bakgrunn støttar departementet forslaget frå arbeidsgruppa om at standardkontrakten bør endrast slik at han inneheld ei tilvising til den arbeidsavtalen/dei arbeidsavtalane som skal teiknast.

Departementet støttar forslaget om at lova § 4 – 2 andre ledd blir endra slik at det går eksplisitt fram at arbeidsavtalen fell bort ved heving av lærekontrakten etter § 4 – 6. Arbeidsavtalen er praktisk sett knytt til lærekontrakten eller opplæringskontrakten. Dette går fram av opplæringslova § 4 – 2 og 4 – 6. Etter gjeldande rett fell arbeidsavtalen bort når læretida etter lærekontrakten eller opplæringskontrakten er over, sjå lova § 4 – 2 andre ledd. Lærekontraktar og opplæringskontraktar kan hevast eller endrast etter lova § 4 – 6. Departementet er samd i at også arbeidsavtalen bør falle bort der lærekontrakten eller opplæringskontrakten blir heva etter denne lovføresegna. Dei problemstillingane som blir reiste i samanheng med den rett lærlingen og lærekandidaten har til oppseiing, vil på denne måten bli tydelegare regulerte i lova. Denne tydeleggjeringa i lova bør dei involverte partane også bli gjorde merksame på direkte gjennom standardavtalen. Departementet støttar derfor forslaget om at standardavtalen bør endrast for å få dette tydelegare fram. Standardavtalen bør også vere tydeleg på at ein arbeidsavtale fell bort når læretida som er fastsett i kontrakten, er over.

Når det gjeld kva for eit regelsett arbeidsavtalar kan hevast etter, er det behov for presiseringar i lova. Dette gjeld både for tilfellet med same kontraktpartar i lærekontrakten eller opplæringskontrakten og arbeidsavtalen, og for tilfellet med forskjellige kontraktpartar. Opplæringslova § 4 – 2 første ledd jf. § 4 – 6 siste ledd gir uttrykk for at lærlingen og lærekandidaten har rettar som arbeidstakarar, men at opplæringslova regulerer hevinga av lærekontraktar og opplæringskontraktar. Der det er same kontraktpartar i lærekontrakten eller opplæringskontrakten og arbeidsavtalen, heng kontraktane så nøye saman at arbeidsavtalen ikkje vil kunne hevast utan at lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast i samsvar med § 4 – 6, sjå § 4 – 6 siste ledd og § 4 – 5 tredje ledd. Der det er forskjellige kontraktpartar, slik det er der lærlingen eller lærekandidaten har ein lærekontrakt eller opplæringskontrakt med eit opplæringskontor, medan arbeidsavtalen er teikna med den bedrifta dei er plasserte i, er løysinga i lova ei anna. I desse tilfella vil arbeidsgivaren kunne seie opp arbeidsavtalen i medhald av arbeidsmiljølova, medan opplæringskontoret framleis vil vere bunde av lærekontrakten eller opplæringskontrakten og må prøve å finne ei anna bedrift der lærlingen eller lærekandidaten kan få den opplæringa han eller ho har krav på etter lova. Departementet meiner at det som her er omtalt om heving av arbeidsavtalen, bør komme tydelegare fram i både lova og standardkontrakten. Departementet støttar derfor forslaga om klargjering i lova når det gjeld dei aktuelle lovføresegnene og ei presisering av det same i standardavtalen. Ved å gjere opplæringslova og standardkontrakten tydeleg vil dei involverte partane bli gjorde medvitne om dei rettane og pliktene dei har. Koplinga mellom lærekontrakten eller opplæringskontrakten og arbeidsavtalen vil dessutan bli tydelegare enn i dag. Det blir også tydelegare at der arbeidsmiljølova skal stå tilbake for opplæringslova gjeld dette både dei materielle og prosessuelle reglane.

Departementet støttar lovarbeidsgruppa i forslaget om at der det er fleire bedrifter som samarbeider om opplæringa gjennom eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, eller der dei nyttar eksterne til delar av opplæringa, skal ansvarsdelinga gå tydeleg fram av lærekontrakten eller opplæringskontrakten. Dette er viktig mellom anna fordi fylkeskommunen ved vurderinga av om ein lærekontrakt eller opplæringskontrakt skal godkjennast, må ha tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere om dei ulike aktørane som skal samarbeide om opplæringa kan gi lærlingen eller lærekandidaten tilfredsstillande opplæring med vurdering og dokumentasjon.

Når det gjeld forslaget om at det i forskrifta bør vere ein rett for lærekandidatar til å klage på vurdering, er det å seie at dette vart innarbeidd i forskrifta kort tid etter at arbeidsutvalet la fram forslaga sine. I forskrifta § 5 – 1 og dei følgjande er det fastsett reglar om slik klagerett for lærekandidatar, på lik linje med lærlingar, sjå omtalen av gjeldande rett i 6.4.1.

Departementet støttar forslaget frå lovarbeidsgruppa om at § 4 – 6 første ledd bør endrast slik at ein lærekontrakt kan gjerast om til ein opplæringskontrakt. Lova § 4 – 6 opnar i dag berre for at opplæringskontrakten for lærekandidaten kan endrast til lærekontrakt, og departementet meiner det bør vere tilsvarande høve til å endre lærekontrakten for ein lærling til ein opplæringskontrakt. Etter gjeldande føresegner kan dette berre skje gjennom heving av lærekontrakten etter vilkåra i lova § 4 – 6, og deretter inngåing av ein opplæringskontrakt. I dei tilfella da det i løpet av læretida viser seg at lærlingen ikkje vil kunne nå måla i læreplanverket, bør lova opne for at opplæringa kan bli gjennomført utan å måtte gå vegen om slik heving av lærekontrakten.

Departementet sluttar seg til forslaget om at det bør formast ut standardkontrakt for lærekandidatar på same måte som tilfellet er med kontrakt for lærlingar. Lærekandidatar og lærlingar har same behov for ein slik standardkontrakt.

Departementet støttar vidare forslaget om at det ikkje skal vere nødvendig med samtykke frå verje når det blir skrive opplæringskontrakt. Ved at siste ledd i lova § 4 – 5 blir endra slik at det berre står kontrakt, ikkje lærekontrakt, vil den same regelen gjelde for teikning av opplæringskontraktar som for teikning av lærekontraktar. Føresegna vil etter dette samsvare med hovudregelen om den mindreårige og den umyndiggjorde si handleevne til teikning av arbeidsavtalar, sjå verjemålslova §§ 32 og 34.

Til forsida