Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

10 Reglar om bruk av stadnamn

10.1 Gjeldande reglar

I § 3 første ledd er det fastsett at når skrivemåten for eit stadnamn er fastsett i samsvar med loven og ført inn i SSR (Sentralt stadnamnregister), skal han brukast i all offentleg samanheng. Etter andre ledd skal samiske og finske namn som er i bruk av folk på staden, til vanleg brukast av det offentlege på kart, skilt i register m.v. saman med eventuell norsk namneform.

Paragraf 6 siste ledd fastset at offentlege organ og andre som er nemnde i § 6 første ledd bokstav a, skal halde fram med å bruke namneformer som er i bruk når loven blir sett i verk, til det eventuelt blir gjort endringsvedtak etter reglane i loven.

10.2 Forslag i høyringsnotatet

Erfaringa viser at mange offentlege organ ikkje tek i bruk dei fastsette skriftformene. I forslaget til ny § 9 første ledd er det derfor teke inn ei føresegn om at alle organ for stat, fylkeskommune, kommune og selskap som det offentlege eig fullt ut, av eige tiltak skal ta i bruk fastsette skriftformer. Klage over manglande bruk av vedtekne skriftformer eller feilaktig bruk av stadnamn skal rettast til overordna departement. (Sjå kap. 11 om klage.)

Andre ledd inneheld elles særlege reglar for samiske og kvenske namn. I gjeldande reglar § 3 andre ledd (i lovendringsforslaget vidareført i § 9 andre ledd) er det fastsett at samiske og finske namn «som blir nytta blant folk på staden» til vanleg skal brukast av det offentlege. I høyringsnotatet er dette foreslått endra til «som blir nytta blant folk som bur fast på staden».

I utkastet er det vidare foreslått at det skal gjerast samtidig vedtak for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk. Siste ledd i § 9 tilsvarar siste ledd i § 6 i gjeldande lov.

10.3 Høyringsfråsegner

Sametinget, Nordisk samisk institutt og Faggruppa for Norsk senter for kvænsk språk og kultur foreslår at departementet skal fastsetje skriftform dersom ikkje vedtaksorganet har gjort dette etter to år (Sametinget) eller etter endeleg tilråding og purring. Dette tyder på at det ligg uavslutta saker rundt i vedtaksorgana.

Når det gjeld forslaget om at det er namn som blir nytta av folk som bur fast på staden som skal brukast, går dei samiske og kvenske høyringsinstansane, Klagenemnda for stadnamnsaker og Universitetet i Tromsømot dette fordi t.d. folk i reindriftsnæringa og fiskarar i så fall vil falle utanfor. Mange samiske namn vil falle bort, uttalar Sametinget. Sametinget og Faggruppa foreslår formuleringa «... som bur fast på staden eller brukar namnet av gammal sedvane, bør ...». Dei som driv eller har drive næringsverksemd på staden, er legitime, viktige kulturberarar, uttalar Sametinget. Klagenemnda foreslår formuleringa «... som er i allmenn bruk av folk som har tradisjonell tilknyting til staden gjennom busetnad eller årviss næringsverksemd ...».

I utkastet var det foreslått at det skulle gjerast samtidig vedtak for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk. Dei same høyringsinstansane har peika på at dette er uklokt: det vil ofte kunne ta tid å fastslå om det finst parallellnamn, og desse må behandlast av dei respektive namnekonsulenttenestene, jf. også ovanfor om to tilrådingar. Regelen må derfor endrast til at det skal reisast samtidig namnesak for alle parallellnamn. Dei tre namnekonsulenttenestene må samarbeide i desse sakene.

Fleire av høyringsinstansane peikar på at det trengst særlege retningslinjer for administrative namn på samisk og kvensk. Slike namn inneheld oftast ein stadnamndel og eitt ord for bruk, som skole eller naturpark, dvs. ein utmerkingsdel. På samisk og kvensk må det her kunne brukast bøyingsformer.

10.4 Departementets vurdering og forslag

Når det gjeld forslaget om samtidig behandling av parallellnamn på norsk, samisk og kvensk, viser høyringsfråsegnene at dette ikkje var vel gjennomtenkt, og føresegna er endra til at det skal reisast samtidig namnesak.

På bakgrunn av høyringsfråsegna er § 9 andre ledd endra. Samiske og kvenske stadnamn skal brukast av det offentlege dersom dei er nytta av folk som bur fast på staden, eller har næringsmessig tilknyting til han.

Forslaget om at departementet skal gjere namnevedtak dersom ikkje rett vedtaksorgan har gjort dette innan rimeleg tid etter endeleg tilråding og purring, er ikkje gjennomførleg. Departementet foreslår her at det i slike tilfelle kan klagast til klagenemnda, som kan gjere vedtak på bakgrunn av klaga. Føresegn om dette er foreslått teken inn i nytt første ledd i § 10 Klage.

Forslaget om endring av finsk til kvensk gjeld for kvenske stadnamn i Nord-Noreg.

Fleire av høyringsinstansane peika på at det trengst særlege retningslinjer for administrative namn på samisk og kvensk. Desse namna inneheld ofte ein stadnamndel og ein utmerkingsdel for bruk, t.d. for naturpark eller skole. På samisk og kvensk kan det her brukast bøyingsformer, og departementet vil kome tilbake til dette i forskrifta.

Til forsida