Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

2 Generelle problemstillingar

Stadnamn kom gjennom den tidlege innsamlinga og tolkinga av namna til å spele ei rolle i nasjonsbygginga fordi dei var ein del av den norske kulturskatten. Uttalen vart tillagd stor vekt i nasjonalromantikken som eit motstykke til den danskpåverka skrivemåten. Dialektbølgja på 1970 og 80-talet var ei seinare medverkande årsak til denne vektlegginga: det var talemålet som var det ekte.

Det kan likevel spørjast om det er ei oppgåve for det offentlege å gi reglar om korleis namn på privat eigedom skal skrivast, og å gjere vedtak om skrivemåten. Dei fleste slike namn er samla inn, og bruksnamn i aktiv bruk kan finnast i register, på kart osv. Når ein så likevel vel å gjere dette, er det fordi bruksnamna er av meir enn privat interesse; dei er også del av den felles immaterielle kulturarven som det offentlege har ei legitim interesse i å ta vare på.

Stadnamn kan ha fleire funksjonar. Dei er kulturminne, som formidlar bilete av eldre generasjonars erfaringar og innsikt i samspelet mellom menneske og natur og av utviklinga av samfunnet, og dei er ei verdifull lokalhistorisk kjelde, samtidig som dei utgjer ein viktig trivsels- og identitetsfaktor i lokalsamfunna. Stadnamna er også ein del av språket vårt, både av dialektar og i skriftlege kjelder, og dei følgjer til vanleg den same lydutviklinga som andre ord i dialektane.

Men i det praktiske dagleglivet er stadnamna først og fremst adresser som hjelper oss til å orientere oss i landskapet. Slik personnamn er nødvendige for å skilje personar frå kvarandre, er stadnamn nødvendige for at vi skal kunne identifisere stader på ein sikker og eintydig måte.

Departementet vil understreke kor viktig det er å ta vare på den delen av kulturarven som stadnamna utgjer, ikkje berre som grunnlagsmateriale for kultur- og busetjingshistorisk gransking, men også ved å gi stadnamn ein formålstenleg skrivemåte på kart, skilt, i register og i andre offentlege samanhengar.

Gjennom åra har det vore mykje diskusjon om skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk. Synspunkta har variert frå ønsket om ein mest mogleg dialektnær skrivemåte til argumentasjon for skrivemåtar som ligg nær opp til skriftspråket, og det er forskjellige meiningar om kva for uttaleform som skulle vere utslagsgivande. Det er ulike årsaker til at synspunkta varierer så mykje, som ulik vektlegging av eigenskapar knytte til skriftformene: identitetsskapande element, det praktiske og formålstenlege, ulike syn på kva som kjenneteiknar stadnamn som kulturminne mv.

I Ot.prp. nr. 66 (1988-89) Om stadnamn peika departementet på at «reine målføreformer [er] av størst interesse for språkvitskapen, og den delen av stadnamna ligg innanfor arbeidsområdet til namne- og målføregranskarane». Riksantikvarieämbätet i Sverige er inne på noko av det same: «Det kulturella och historiska värdet, minnerna, traditionerna m.m. ligger i själva namnet och i platsen, inte alls i stavningen.» (Ortnamnen och kulturminnelagen). Rundt på institusjonar, i arkiv og i kommunane ligg mange innsamla stadnamn, samtidig som det er store område der det ikkje er gjort ei systematisk namneinnsamling. Dette gjeld særleg for samiske og kvenske namn.

Innsamling av stadnamn

I St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014, som vart behandla av Stortinget 1. april 2004, blir spørsmålet om innsamling av stadnamn teke opp. Opp gjennom åra er det samla inn mange stadnamn, men det finst inga oversikt over desse samlingane. Nokre fylke har kome langt i arbeidet, i andre fylke står mykje att, som t.d. i Troms, Finnmark og Trøndelagsfylka, og særleg manglar det mykje med omsyn til kvenske og samiske namn.

Før behovet for innsamling kan vurderast, trengst det ei oversikt over stadnamn som alt er samla inn. I meldinga konkluderer departementet med at behovet for innsamling og organisering av stadnamnarbeidet i det heile må greiast ut nærare. Det vil bli vurdert om det nye kompetansesenteret for språk kan koordinere desse oppgåvene når det er på plass.

Bunden eller ubunden form

Eit spørsmål som har fått stor merksemd, er bruken av bunden eller ubunden form. Frå stadnamnloven tok til å gjelde, har om lag 25 % av klagesakene dreia seg om eit stadnamn skal skrivast i bunden eller ubunden form; særleg gjeld dette bruksnamn. Dette er i dag regulert i forskrifta. I § 2-2 andre ledd bokstav a er det fastsett at grammatisk kjønn, eintals- eller fleirtalsform og bunden eller ubunden form som hovudregel skal rette seg etter målføret. Regelen har vore praktisert svært strengt, og det er grunn til å tru at ei oppmjuking av regelverket på dette punktet ville spare systemet for mange klagesaker som ikkje er viktige for namneverket. Det ville også bli mindre misnøye med loven fordi regelen ville vere meir i samsvar med folks rettskjensle, og dessutan samsvare med tilsvarande føresegn i føresegner om skrivemåten av stadnamn, Kronprinsregentens resolusjon 31. mai 1957, som var gjeldande rett fram til stadnamnloven tok til å gjelde. Departementet har derfor vurdert denne problemstillinga.

Det er sterke kjensler knytte til namn på privat eigedom, særleg for slektsgardar, der ættetilknyting og lokal kulturtradisjon er oppfatta som nedfelt i den skriftforma eigaren og ofte kommunen/lokalsamfunnet ønskjer. Det er forståeleg at det i mange høve er eit sterkt psykologisk band mellom gardsnamn og slektsnamn sett frå eigarens side, og i mange tilfelle kjennest det som eit overgrep frå det offentlege å bli påtvinga ein skrivemåte mot sin vilje og beste skjønn. Dette bandet er som oftast ikkje like tett og viktig for festarar av eigedom.

Som nemnt i merknaden til § 5 andre ledd i gjeldande lov skal det leggjast vekt på ønsket til eigaren eller festaren, underforstått innanfor ramma av regelverket. I merknaden står det: «Når det gjeld bruksnamn som er språkleg eller geografisk identisk med nedervde stadnamn, eller med namn som i medhald av andre reglar i denne lova eller i andre lover og forskrifter har fått eller vil få ei offisiell namneform, skal skrivemåten fastsetjast etter reglane i denne lova. Men også når det gjeld slike namn, skal det leggjast vekt på ønsket til eigaren eller festaren.» At så mange av klagene gjeld denne føresegna, tyder på at hovudregelen har vore praktisert nokså kompromisslaust ved at det ikkje er lagt tilstrekkeleg vekt på ønsket til eigar eller festar. Det er likevel gjort om lag 95 000 vedtak sidan loven tok til å gjelde, og av dei er om lag 1000 påklaga. Om lag 250 av desse gjeld bruk av bunden eller ubunden form, medan dei andre spreier seg over heile spekteret av føresegner.

Formuleringa av § 2-2 andre ledd bokstav a i forskrifta førte utilsikta til ei innstramming i forhold til føresegner om skrivemåten av stadnamn frå 1957 A3 første avsnitt, der det heiter at «Bruken av bunden eller ubunden form bør retta seg etter målføret, særleg i reine naturnamn». Vidare heitte det i A2 bokstav b at ved «gardsnamn og andre bustadnamn bør ein syna varsemd med å retta tradisjonelle namneformer når dei er historisk og nasjonalt forsvarlege». Desse føresegnene vart ikkje tekne inn i stadnamnloven, men dei ivaretok eit behov. Departementet meiner at føresegna om bunden eller ubunden form er for kategorisk formulert og slik gir rom for ei rigorøs tolking det ikkje er tungtvegande grunnar til å halde oppe, og foreslår at formuleringa frå 1957 blir teken inn att. Høyringsinstansar som Klagenemnda, Statens kartverk, Språkrådet, Bokmålsforbundet, Riksmålsforbundet, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur og mange kommunar er samde i dette. Namnekonsulenttenesta, Samarbeidsnemnda for namnegransking, Universitet i Osloog Noregs Mållag er mellom dei som er mot ei slik endring.

Departementet har vurdert om dette bør regulerast i loven, sidan denne problemstillinga fører til såpass mange klager, men har kome til at det er ei problemstilling av teknisk karakter, og at det derfor er naturleg at ho framleis blir regulert i forskrifta. Det er likevel nødvendig med ei presisering, slik at dette kjem klart til uttrykk: bunden form skal gjennomførast i alle naturnamn dersom den bundne forma er i levande bruk i talemålet. Bunden eller ubunden form kan nyttast i gards- og bruksnamn, tettstadnamn, administrasjonsnamn og kommunikasjonsnamn. Bunden form skal nyttast dersom ho er i levande bruk i talemålet i dag. Den ubundne forma skal nyttast dersom ho er i levande bruk i talemålet i dag, og dessutan er godt innarbeidd i skrift. Dersom det er vakling i bruken og lokal usemje, skal fråsegna frå eigaren for namn på privat eigedom, eller frå kommunen og andre med uttalerett for andre namn tilleggjast stor vekt.

Finsk og kvensk

Evalueringsgruppa foreslo at finsk skulle endrast til kvensk i dei paragrafane der dette er brukt. Alle høyringsinstansar som har uttala seg om dette, er samde i forslaget, med unntak av Skogsfinske interesser i Norge, Gruetunet museum,som i si fråsegn peikar på at kvensk ikkje dekkjer skogfinske stadnamn, og at desse ikkje må følgje finske rettskrivingsprinsipp. Departementet er samd i at dei skogfinske stadnamna ikkje skal følgje finske rettskrivingsprinsipp, og legg ikkje opp til endring i den praksis som hittil har vore følgt, dvs. at desse namna kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp.

Ein rapport om kvensk er eit eige språk eller ein finsk dialekt, har vore ute på høyring. Rapporten konkluderer bl.a. med at dei samfunnsmessige og språklege forholda som gjeld for den kvenske minoriteten, gjer at kvensk kan sjåast som eit eige språk og ikkje som ein finsk dialekt. Saka er no til behandling i departementet. Om kvensk skal reknast som ein finsk dialekt eller eit eige språk, er ikkje avgjerande for endringane i stadnamnloven.

Til forsida