Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

5 Reglar om namnevern og namnsetjing

5.1 Gjeldande reglar

Reglar om val av namn er i dag spreidde i fleire lover, t.d. i lov om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven), lov om Den norske kirke og lov om kommuner og fylkeskommuner.

Stadnamnloven har ingen reglar om namnsetjing, men val av bruksnamn er mellom anna regulert i delingsloven § 5-3 andre ledd. Eit utval har foreslått at denne regelen ikkje skal vidareførast, jf. NOU 1999:1 Lov om eiendomsregistrering. Lovarbeidet er omtala i St.meld. nr. 30 (2002-2003) om «Norge digitalt» kap. 9.3.

5.2 Forslag i høyringsnotatet

70 % av dei som svara på spørjeundersøkinga i 1997, meinte at loven burde innehalde reglar om namnevern og namnsetjing av omsyn til kulturminnevernet. Dei som svara nei, såg ikkje dette som eit aktuelt problem.

Departementet foreslo i høyringsnotatet ei føresegn om namnevern og namnsetjing som ny § 3. Formålet med dei nye reglane er å ta vare på eksisterande namnetradisjonar og samtidig sikre at gamle namn ikkje urettmessig blir brukte i kommersiell verksemd, t.d. ved at eit kjent namn blir brukt på ein ny stad som ikkje har tilknyting til det opphavlege namneobjektet, t.d. for å auke marknadsverdien til den nye staden. Elles må det visast varsemd ved bruksnamn med omsyn til eigarens/festarens ønske og rettar.

5.3 Høyringsfråsegner

I høyringsfråsegnene til evalueringsrapporten og høyringsnotat er det stor tilslutning til forslaget om reglar om namnevern og namnsetjing. Både Statens kartverk og Klagenemnda for stadnamnsakerhar peika på at det er merkeleg at ei lov som mellom anna har til formål å ta vare på stadnamn som kulturminne, ikkje har reglar om dette. Gamle stadnamn blir borte ved at dei blir skifte ut med nye og «betre» namn, og gamle namn bør ikkje takast i bruk i kommersiell samanheng.

I lov 7. juni 2002 nr. 19 om personnavn (navneloven) blir det i § 4 nr. 8 vist til delingsloven § 5-3 andre ledd. Denne regelen er vurdert oppheva, og Justisdepartementet har derfor bedt Kultur- og kyrkjedepartementet formulere § 3 bokstav a i stadnamnloven slik at paragrafen samsvarar med delingsloven § 5-3 andre ledd. Dette inneber ikkje noka stor endring i den foreslåtte formuleringa i høyringsnotatet.

5.4 Departementets vurdering og forslag

Etter departementets syn er det usikkert om mangelen på reglar om namnevern og namnsetjing i praksis utgjer ein trussel mot stadnamn som kulturminne eller på annan måte er eit problem av noko omfang. Det er likevel eit samrøystes ønske frå det namnefaglege miljøet, frå klagenemnda, Kartverket og fleire kommunar om slike føresegner, og departementet foreslår derfor at dei blir tekne inn i loven.

Departementet er samd i Justisdepartementets forslag om å endre føresegna, slik at ho samsvarar med delingsloven § 5-3 andre ledd, og foreslår på bakgrunn av dette ei ny formulering av § 3 bokstav a. Føresegna høver sakleg godt i stadnamnloven og den tilsvarande føresegna i delingsloven er ikkje foreslått vidareført i forslag til ny lov om eigedomsregistrering, jf. utgreiinga om ny lov om eigedomsregistrering.

Ordlyden i bokstav a er endra noko i forhold til forslaget i høyringsnotatet. Departementet har teke utgangspunkt i delingsloven § 5-3 andre ledd, men har endra føresegna slik at ho samsvarar med Justisdepartementets forslag. Føresegna lyder no:

Eit stadnamn kan som hovudregel ikkje takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime når

  1. er i bruk som etternamn og er verna

Navneloven § 4 nr. 8 må dessutan endrast, slik at han no viser til stadnamnloven § 3 bokstav a.

I rapporten vart det foreslått at det også skulle takast inn ein regel om at ein ved namnsetjing av nye namneobjekt i størst mogleg grad skulle følgje namneskikken på staden. Dette er ei viktig retningslinje, og ein omtale av denne er teken inn i merknaden til paragrafen.

Til forsida