Ot.prp. nr. 44 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) m.m.

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Nedanfor er dei økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga i høringa omtalte.

7.1 Rett til grunnskoleopplæring for vaksne, pkt. 2.1

Skoleåret 1998-99 var det ca. 2 600 deltakarar på heiltid og deltid i eksamensretta grunnskoleopplæring i kommunal regi. Resultatet frå eit pilotprosjekt som SSB har gjennomført, viser at ca. 38 000 personar er utan grunnskole, dvs. har mindre enn sju års skolegang.

Stortinget sette som føresetnad at kommunane skulle få dekt ekstrakostnadene ved innføringa av retten til grunnskoleopplæring for vaksne. Departementet har ikkje tilstrekkeleg grunnlag til å kunne berekne dei økonomiske konsekvensane for kommunane ved innføringa av ein slik rett. Både talet på deltakarar og kostnadene for kvar deltakar er enno svært usikre. Av denne grunn er det nødvendig å kartleggje behova for opplæring og korleis desse behova skal stettast. Departementet har sett i gang eit prosjekt om kartlegging av behov og utprøving av modellar for grunnskoleopplæring for vaksne, som ein reknar med vil gi betre berekningsgrunnlag. Kartlegging av antall deltakarar skal vere avslutta til september 2000. Hausten 2000 skal nyttast til utvikling av opplæringsmodellar, mens ein frå januar 2001 til mai 2002 vil vidareutvikle og prøve ut modellane.

7.2 Rett til vidaregåande opplæring for vaksne, pkt. 2.2.

Departementet legg til grunn at talet på vaksne elevar i vidaregåande opplæring vil stige med 5 000 etter innføringa av lovfesta rett for vaksne. Ved kostnadsberekninga er det føresett at dei som tek del i denne ordninga, vil bli likt fordelte mellom allmennfag, fagprøve etter opplæringslova § 3-5 (praksiskandidatar) og yrkesfag. I tillegg reknar ein med at kvar elev i gjennomsnitt treng eit utdanningsomfang tilsvarande eitt års heiltidsstudium for å fullføre vidaregåande opplæring. I berekningane er det nytta kostnadssatsar tilsvarande tilskottsregel 4 i privatskulelova. Denne regelen byggjer på kostnadsundersøkingar av utgiftene til den offentlege vidaregåande skolen, baserte på fylkeskommunale rekneskapstal. Kostnadssatsen for allmenne økonomiske fag er i 1999 sett til 47 790 kroner per heilårselev. For yrkesfaga (unnateke naturbruk) er det fastsett ein felles sats på 80 430 kroner, basert på ein vekta gjennomsnittssats for alle yrkesfaga. For praksiskandidatar er 1/4 av kostnadssatsen for yrkesfag lagd til grunn. Dersom ein tek utgangspunkt i ein auke på 5000 elevar, vil den samla heilårsverknaden utgjere 247 mill. kroner.

7.3 Skoleskyss, pkt. 2.3, krav til kompetanse, pkt. 2.4, ansvarsføresegner, pkt. 2.5 og klage og tilsyn, pkt. 2.6

Forslaga har ikkje vesentlege økonomiske konsekvensar.

7.4 Rett til vidaregåande opplæring i inntil fem år etter sakkunnig vurdering, pkt. 3.1.

Innføring av rett til vidaregåande opplæring i inntil fem år etter sakkunnig vurdering, vil for mange fylkeskommunar ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar, ettersom dette er ei vidareføring av dagens praksis. For somme fylkeskommunar vil talet på elevar som får fem års opplæring, kunne stige noko. Dei økonomiske og administrative konsekvensane er ikkje rekna for å vere vesentlege.

7.5 Rett til eitt ekstra opplæringsår ved omval, pkt. 3.2.

Når det gjeld forslaget om innføring av rett til inntil eitt ekstra opplæringsår ved omval, reknar departementet med at talet på elevar som nyttar dette tilbodet, ikkje vil stige vesentleg i høve til i dag. Departementet er i dag ikkje kjent med at elevar med rett til vidaregåande opplæring som på grunn av omval treng eit års opplæring utover retten, er blitt nekta plass det siste året. Dei økonomiske og administrative konsekvensane vil ut frå dette vere svært små.

7.6 Rett til opplæring i den tid som er nødvendig etter læreplanen, pkt. 3.3.

Lovforslaget om rett til opplæring i den tid som er nødvendig etter læreplanen, er i samsvar med intensjonen i opplæringslova og praksis i fylkeskommunane. Forslaget vil derfor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

7.7 Utviding av uttaksramma, pkt. 3.4

Med den foreslådde utvidinga vil målgruppa for oppfølgingstenesta i fylkeskommunane utgjere eit årskull meir enn i dag. Tal frå evalueringa av Reform 94 viser at om lag 25 prosent av årskullet ikkje har teke ut retten til vidaregåande opplæring i løpet av tre år. Dersom ein legg til grunn at om lag 40 prosent av desse framleis ikkje har teke ut retten etter fire år, vil kostnadene ved å utvide uttaksramma bli om lag 8 mill. kroner.

Stortinget sa seg samd i å utvide uttaksramma under behandlinga av Innst. S. nr. 246 (1998-99), og sette som føresetnad at rolla til oppfølgingstenesta ikkje blir svekt ved utvidinga.

7.8 Rett til å teikne opplæringskontrakt i fag som har læretid i bedrift, med sikte mot kompetanse på lågare nivå, pkt. 3.5.

Fylkeskommunen pliktar etter opplæringslova § 13-3 å gi tilbod om vidaregåande opplæring. Elevar som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det vanlege opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning, jf. opplæringslova § 5-1.

Dei kostnadene fylkeskommunen har ved å tilby vidaregåande opplæring, varierer med kva kurs det gjeld og om det er ledig plass i ein eksisterande klasse. I gjennomsnitt er kostnadene for ein elev om lag dei same som det tilskottet fylkeskommunen betaler til lærebedrift for ein lærling. Auke i talet på utdanningssøkjarar som får opplæring i bedrift, representerer derfor ikkje utan vidare nokon auke i kostnadene for fylkeskommunen. Det gjeld utan omsyn til om den utdanningssøkjande tek sikte på full kompetanse eller kompetanse på lågare nivå.

I somme tilfelle vil den som tek sikte mot kompetanse på lågare nivå, ha rett til opplæring på særvilkår. Dette kan innebere auka ressursar til opplæring, men det er ikkje noko som tilseier at behova for auka ressursar er større ved opplæring i bedrift enn ved opplæring i skole. Framlegget pålegg ikkje fylkeskommunen nye administrative løysingar. Fylkeskommunen sine utgifter skulle såleis ikkje bli endra som følgje av at det blir opna for å teikne lærekontrakt med sikte på kompetanse på lågare nivå.

Når ein lærling har bestått fag- eller sveineprøva, får lærebedrifta eit kvalitetssikringstilskott på 7 500 kroner for kvart år lærlingen har vore i lære, maksimalt 15 000 kroner for kvar lærling. Dette stimulerer bedrifta til å arbeide målmedvite for å sikre at lærlingen når måla for opplæringa. Ei tilsvarande ordning bør gjelde for bedrifter som har lærekandidatar. Tilskottet må bli utløyst av at lærekandidaten når dei måla som er fastsette i den individuelle opplæringsplanen. Det finst ikkje noko sikkert tal på kor mange som vil teikne opplæringskontrakt med sikte mot kompetanse på lågare nivå. Kor store dei auka utgiftene vil bli som følgje av kvalitetssikringstilskott til bedrifter som tek inn lærekandidatar, er såleis vanskeleg å fastsetje sikkert.

7.9 Oppheving av den statlege godkjenningsordninga for lærebøker, jf. pkt. 4.1

Oppheving av godkjenningsordninga for lærebøker vil isolert sett frigi ressursar i Nasjonalt lærmiddelsenter, som er den institusjonen som i dag har ansvaret for godkjenningsordninga. Det er likevel føresett at midlar som blir frigjorde når godkjenningsordninga blir oppheva, vil bli brukte til rådgiving overfor forlaga med sikte på nødvendig kvalitetsutvikling. Samla sett vil forslaget derfor ikkje ha økonomiske konsekvensar.

7.10 Rett til opplæring i punktskrift, jf. pkt. 4.2

Det blir foreslått å forskriftsfeste at innføringa av rett til punktskrift skal gjennomførast innanfor ei ramme på 2033 timar i tillegg til den alminnelege timeramma i grunnskolen og 608 timar i tillegg til den alminnelege timeramma i vidaregåande opplæring. Dei årlege meirkostnadene er usikre, fordi det mellom anna er usikkert kor mange elevar som vil ønskje å ta ut fullt ekstra timetal. Med den føresetnad at alle elevane tek ut maksimalt timetal, vil forslaget medføre årlege meirkostnader på ca. 3 mill. kroner. Kostnadene er berekna ut frå at det gjennomsnittleg er sju elevar på kvart årstrinn i 10-årig grunnskole og 4-årig vidaregåande opplæring som har behov for opplæring i punktskrift m.m. Timekostnaden er sett til 280 kroner. I berekningane er det teke omsyn til at elevane i dag får gjennomsnittleg tre timar i tillegg til den alminnelege timeramma i grunnskolen. I vidaregåande opplæring er det i dag ikkje vanleg å få tilleggstimar utover den alminnelege timeramma. Dette er kostnader kommunane og fylkeskommunane alt er forplikta til som ledd i å oppfylle retten til spesialundervisning.

Til forsida