Ot.prp. nr. 44 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei ulike reglane i lovforslaget

Til § 5-2 andre ledd:

Lovendringa inneber berre ei omdøyping av namnet på det organet i partia som skal ha fullmakt til å representere partiet i saker etter vallova.

Til § 5-5 andre ledd:

Forslaget inneber berre ei teknisk endring for ikkje å leggje uhøvelege bindingar på den fridommen partia har til å organisere seg.

Til § 7-2 første ledd tredje punktum:

Regelen inneber at veljarane berre kan stryke kandidatnamn ved å følgje den rettleiinga for dette som blir trykt på røystesetlane. Departementet vil regulere dette i forskrift.

Til § 7-2 tredje ledd femte punktum:

Det er berre personrøyster til valbare personar på andre lister som fører til overføring av listerøyster frå ei liste til ei anna.

Til § 8-4 første ledd:

Regelen inneber at veljarar som treng hjelp ved førehandsrøystegivinga, som eit utgangspunkt skal få denne hjelpa frå røystemottakaren. Dersom veljaren har ei alvorleg psykisk eller fysisk funksjonshemming, har vedkommande rett til å peike ut ein eigen hjelpar i tillegg til røystemottakaren.

Til nytt § 9-5 femte ledd:

Regelen inneber at veljarar som treng hjelp ved røystegivinga på valdagen, som eit utgangspunkt skal få denne hjelpa frå ein medlem av røystestyret. Røystestyret kan likevel be ein valfunksjonær stå for den praktiske hjelpa. Dersom veljaren har ei alvorleg psykisk eller fysisk funksjonshemming, har vedkommande rett til å peike ut ein eigen hjelpar i tillegg til hjelparen som blir stilt til disposisjon frå dei valansvarlege.

Til § 9-7:

Lovendringa inneber ei kodifisering av gjeldande rett. I utgangspunktet skal vallokala stengjast på det tidspunktet som er fastsett. Veljarar som anten er inne i vallokalet på dette tidspunktet, men som ikkje har rokke å røyste, eller veljarar som på dette tidspunktet står i kø utanfor vallokalet, skal få høve til å røyste før vallokalet blir stengt. Veljarar som møter opp ved vallokalet etter det fastsette tidspunktet for stenging av lokalet, skal derimot ikkje få røyste. Dette inneber at dersom det på stengjetidspunktet er veljarar som står i kø utanfor vallokalet, må røystestyret sørgje for å kontrollere at det berre er desse veljarane som får røyste. Veljarar som kjem på eit seinare tidspunkt, skal avvisast.

Til § 11-3 tredje ledd:

Her føreslår departementet at det blir teke inn ein regel om korleis ein skal gå fram ved fordelinga av stortingsmandata på valdistrikta, dersom ein skulle komme opp i den situasjonen at to eller fleire valdistrikt har både same kvotient og same fordelingstal. Lova har i dag ingen regel som regulerer slike tilfelle.

Til § 11-6 andre ledd:

Her føreslår departementet at det blir teke inn ein regel om korleis ein skal gå fram ved fordelinga av utjamningsmandata ved stortingsval, dersom ein skulle komme opp i den situasjonen at to eller fleire parti har same kvotient ved mandatfordelinga. I så fall er røystetalet avgjerande. Har dei same røystetal, skal saka avgjerast ved loddtrekking.

Regelen svarer til teksten i Grunnlova § 59 fjerde ledd tredje punktum før endringa i 2002.

Til § 13-1 fjerde ledd:

Her føreslår departementet at Stortinget berre er klageinstans for klager som gjeld røysterett og retten til å røyste. Andre klager over førebuinga og gjennomføringa av stortingsvalet kan sendast til Riksvalstyret, som får ansvaret for å ta stilling til klagesaker før valet. Riksvalstyret skal sende vedtaka sine i klagesakene til Stortinget, slik at Stortinget kan prøve desse i samband med prøvinga av fullmaktene til representantane etter Grunnlova § 64.

Kommunane bør komme med fråsegner om klagene, som blir sende til departementet for vidare ekspedering til Riksvalstyret.

Til § 13-2 fjerde ledd andre og tredje punktum:

Vilkåret for å erklære eit fylkestingsval eller eit kommunestyreval for ugyldig etter klage er at det er gjort feil som ein reknar med kan ha noko å seie for mandatfordelinga mellom listene, og som det ikkje er mogleg å rette. Reglane svarer til § 13-4 andre og tredje ledd.

Til forsida