Ot.prp. nr. 46 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om eierskap i medier (medieeierskapsloven)

Til innhaldsliste

2 Gjeldande rett

§ 9 i medieeigarskapslova inneheld to hovudkriterium for når det kan gripast inn mot erverv. Det første vilkåret er at ein eigar gjennom erverv har eller får ei monaleg eigarstilling nasjonalt eller regionalt, anten åleine eller saman med andre. Det andre vilkåret er at eigarposisjonen er i strid med føremålet for lova.

§ 10 i lova gjeld nasjonale eigarskapsgrenser og presiserer vilkåret om monaleg eigarposisjon. Bokstav a, b og c i paragrafen inneheld reglar om eigarskapskonsentrasjon innan dagspresse, fjernsyn og radio. Reglane slår fast at ein aktør normalt har ein monaleg eigarposisjon når han eller ho har 40 pst. eller meir av marknadsdelane innanfor ein av desse mediesektorane. Innanfor dagspresse blir marknadsdelane rekna ut frå den delen av opplagstala eigaren har, medan i fjernsyn og radio blir marknadsdelane rekna ut på grunnlag av sjåar- og lyttartal.

I tillegg til dei nasjonale grensene for eigarkonsentrasjon innanfor ein mediemarknad (monomediekonsentrasjon), inneheld lova også nasjonale grenser for eigarkonsentrasjon innanfor fleire mediemarknader (multimedieeigarskap, jf. § 10 bokstav d, e, f, og regionale grenser, jf. § 11). Framlegga i denne proposisjonen gjeld ikkje desse reglane.

Grensene i lova gjeld berre tilfelle der ein dominerande aktør veks gjennom å erverve andre medieføretak. Lova gir ikkje grunnlag for å gripe inn dersom ein aktør får høgare marknadsdelar gjennom nyetableringar, gjennom auka oppslutning om eigne medieverksemder (organisk vekst), eller dersom andre aktørar forsvinn.

Departementet viser elles til framstillinga av gjeldande rett i Ot. prp. nr. 81 (2003-2004).