Ot.prp. nr. 46 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om eierskap i medier (medieeierskapsloven)

Til innhaldsliste

4 Departementets vurdering

4.1 Grensa for nasjonalt eigarskap

§ 100 i Grunnlova gir styresmaktene pålegg om å leggje til rette for «en åpen og opplyst offentlig samtale» . Dette inneber m.a. at styresmaktene må medverke til å hindre at eigarskapet i media blir samla på så få hender at ytrings- og informasjonsfridomen reelt sett blir svekka. Også den Europeiske Menneskerettskonvensjonen (EMK) som Noreg er bunden av, gir statane ein plikt til å hindre at det utviklar seg monopolaktige tilstandar i mediemarknaden.

Dei nasjonale grensene for eigarskapskonsentrasjon er eit sentralt verkemiddel for å fremje lovas formål om å fremje ytringsfridomen, dei reelle høvene folk har til å ytre seg, og eit allsidig medietilbod. Grensene skal m.a. sikre at vi her i landet har ein eigarstruktur på feltet som tåler innslag av nye eigarar. Dersom ein skulle tillate høg eigarkonsentrasjon, vil det i praksis ikkje vere mogeleg å reversere utviklinga i ettertid. Framlegget til lovendring er såleis ikkje eit uttrykk for mistillit til dei noverande medieeigarane i Noreg. Framlegget må sjåast i samanheng med den potensielle påverknadskrafta media har.

Ifølgje Eigarskapstilsynets (no Medietilsynet) årsmelding for 2004 hadde Schibsted ein marknadsdel i dagspressa på 31 pst., medan Orkla og A-Pressen kvar seg hadde ein marknadsdel på 16 pst. I fjernsynsmarknaden hadde NRK 44 pst., medan dei fire aktørane A-Pressen, Egmont, Schibsted og SBS kvar seg hadde 10 pst. På radiomarknaden hadde NRK 60 pst., MTG 8 pst., SBS 5 pst., medan TV 2 hadde 3 pst. Ifølgje Medietilsynet har det ikkje skjedd vesentlege endringar sidan 2004.

Dagens grense på 40 pst. opnar for at ein stor aktør kan får stor dominans i mediemarknaden og i annonsemarknaden. Dette kan på sikt underminere posisjonen til andre aktørar. Ein mediemarknad med ein så dominerande aktør gjer det også mindre truleg at det vil vekse fram andre eigarmiljø i Noreg. Dette gjeld både nasjonalt og regionalt. Ei slik utvikling vil både føre til at ytrings- og informasjonsfridomen reelt blir svekka, og at dynamikken i mediemarknaden blir mindre. Ei grense på 40 pst. vil vidare innebere at ein permanent sementerer ein situasjon der det ikkje er likevekt mellom aktørane; jf. at det i praksis berre vil vere ein aktør som kan nå grensa på 40 pst.

Utrekningar som Medietilsynet har gjennomført viser at grensa på 40 pst. teoretisk sett opnar for at eitt og same konsern kan få kontroll i åtte av dei ti største avisene i landet dersom ein tek utgangspunkt i dagens opplagstal. Sjølv om dette berre er teoretiske utrekningar, illustrerer det kor stor eigarkonsentrasjon ei grense på 40 pst. opnar for. Grensa på 40 pst. opnar for at ein aktør kan få kontroll over brorparten av den private fjernsynsmarknaden. Dette har samanheng med at NRK blir teke med når ein reknar ut marknadsdelar. Det same gjeld den nasjonale radiomarknaden.

Regelverket i dei europeiske landa departementet har oversikt over, viser at ei grense på 1/3 ligg på gjennomsnittsnivå. Denne grensa byggjer på ei allment akseptert oppfatning av kor stor eigarkonsentrasjon ein kan akseptere av omsyn til ytrings- og informasjonsfridomen. Departementet viser her til ein rapport frå Europarådet (Report on Media Diversity in Europe), som peikar på at ei grense på 1/3 er eitt av fellestrekka i europeisk regulering av eigarskap i media:

«Whichever the indicator employed, permissible thresholds vary at around 1/3 of the audience, 1/3 of the revenues or 1/3 of network capacity, implying a general European understanding that controlling a third of the market is tolerable, but going beyond that level could infringe upon freedom of expression and information.»

Eit stort og dominerande mediekonsern vil vere eit meir interessant oppkjøpsobjekt for utanlandske mediekonsern enn eit selskap som er ein del av ein mediemarknad med mangfald og konkurranse. Difor er det viktig at reguleringa av medieeigarskap har eit langsiktig perspektiv, der ein tek omsyn til at mediemarknaden stadig blir meir internasjonal, og at eigarskapen i store mediekonsern raskt kan endre seg.

Kultur- og kyrkjedepartementet kan ikkje sjå at høyringsinstansane har framført så vektige argument at det er grunnlag for å endre framlegget frå høyringsrunden. Departementet gjer såleis framlegg om at lova blir endra, slik at den øvre grensa for nasjonalt eigarskap blir redusert frå 40 pst. til 1/3.

Departementet viser òg til at eit stort fleirtal av høyringsinstansane gjekk mot å heve eigarskapsgrensa frå 1/3 til 40 pst. ved førre lovendring, jf. Ot.prp. nr. 81 (2003-2004).

Departementet gjer også framlegg om at dersom det skjer erverv som gir nokon ein nasjonal eigardel på meir enn 1/3 før lova trer i kraft, skal fristen for inngrep etter § 9 i lova gjelde frå det tidspunkt lova trer i kraft. I praksis inneber dette at dersom nokon gjennom erverv får kontroll over meir enn 1/3 av den nasjonale mediemarknaden før lova trer i kraft, kan Medietilsynet gripe inn.

Framlegga om å redusere den nasjonale grensa for eigarskap frå 40 pst. til 1/3 vil ikkje ha administrative eller økonomiske konsekvensar for det offentlege. Framlegget får ingen direkte negative konsekvensar for private aktørar i den norske mediemarknaden.

4.2 Andre spørsmål

Dersom vilkåra for inngrep er oppfylte, har Medietilsynet etter § 9 i lova valet mellom å forby eit erverv, å påby avhending av eigardelar, eller å tillate ervervet på visse vilkår. Lovteksten og forarbeida gir i dag ikkje noko klårt svar på om tilsynet kan nedleggje forbod også etter at ervervet er gjennomført. Departementet meiner at fleire grunnar talar for å tolke lova slik at Medietilsynet har høve til dette, og viser til følgjande:

  • Det er eit vilkår for inngrep (i form av forbod, påbod om avhending eller godkjenning på vilkår) at det skjer eit erverv, jf. at § 9 første ledd gir tilsynet heimel til å gripe inn mot erverv. Departementet viser også til at fristen for inngrep etter fjerde ledd i § 9 blir rekna frå det tidspunktet då endeleg avtale om ervervet er inngått.

  • Ei slik forståing er dessutan mest i tråd med praksis etter konkurranselova og prislova. På dette punktet har desse lovene vore mal for utforminga av medieeigarskapslova.

Medieeigarskapslova § 13 tredje ledd gir Medietilsynet heimel til å gi einkvar «stående pålegg om å sende melding om eventuelle erverv av aksjer eller andeler i foretak»

Slike pålegg kan gjelde for opptil tre år om gongen. Det har vore reist spørsmål om regelen opnar for gjentekne fornyingar av meldeplikta, eller om grensa på tre år inneber at meldeplikta berre skal nyttast i særskilte høve. Føremålet med meldeplikta er å sikre at tilsynet får dei opplysningane dei treng for å kunne vurdere om vilkåra for inngrep er til stades. Departementet meiner difor at Medietilsynet må kunne fornye meldeplikta etter § 13 tredje ledd så lenge den aktuelle eigaren/aktøren ligg i nærleiken av eigarskapsgrensene i lova.

Nokre høyringsinstansar meiner det må gjerast endringar i den regionale inndelinga. Andre meiner at § 10 bokstav f om krysseigarskap bør fjernast. Desse spørsmåla var ikkje tema for høyringa, og departementet foreslår ingen endringar på dette området no. Inndelinga i medieregionar vart fastsett sommaren 2005. Det vil vere naturleg å la denne inndelinga verke nokre år før det eventuelt blir gjort endringar i storleiken på regionane.