Ot.prp. nr. 46 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om eierskap i medier (medieeierskapsloven)

Til innhaldsliste

5 Merknader til paragrafane

Til § 10

Endringane i § 10 inneber at grensa for nasjonalt eigarskap blir redusert frå 40 pst. til 1/3 av dei nasjonale marknadene for dagspresse, kringkasting eller radio. Eigarposisjonar i dagspressemarknaden blir rekna ut på grunnlag av opplagstal, medan eigarposisjonar i marknadene for radio og fjernsyn blir rekna ut på grunnlag av dagleg lyttar- og sjåartid. Departementet viser elles til omtalen i Ot.prp. nr. 30 (1996-97) og Ot.prp. nr. 81 (2003-2004).

Til Overgangsregelen (II)

Overgangsregelen nr. 2 inneber at dersom nokon gjennom erverv skaffar seg kontroll over 1/3 eller meir av det daglege opplaget for dagspressa, dei samla sjåartala for fjernsyn eller dei samla lyttartala for radio før denne lova trer i kraft, kan Medietilsynet gripe inn mot ervervet. Tilvisinga til lovas § 10 bokstav a, b eller c gjeld reglane slik dei lyder etter endringslova. Medietilsynet må gripe inn før det er gått seks månader etter at lova er sett i kraft. Regelen inneber ikkje at den særlege fristen i § 9 femte ledd andre punktum ikkje skal gjelde. Meininga er at Medietilsynet skal kunne gripe inn mot erverv som har skjedd frå det tidspunktet framlegget om lova vart kjent; dvs. frå høyringsnotatet vart sendt ut. Departementet viser til tidlegare proposisjonar om tilhøvet til Grunnlova § 97, jf. merknaden til lovas § 10.