Ot.prp. nr. 51 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip m.m. (EØS-tilpasning)

Til innhaldsliste

3 Arbeids- og kviletid for fiskarar

Direktiv 93/104/EF av 23. november 1993 om visse aspekt ved organiseringa av arbeidstida gjeld ikkje for sjøfolk eller fiskarar. Direktiv 2000/34/EF om endring av Rådets direktiv 93/104/EF om visse aspekt ved organisering av arbeidstida til å omfatte sektorar og aktivitetar som er unnatekne frå direktivet, vart vedteke 22. juni 2000. Ved direktiv 2000/34/EF vart det innført arbeids- og kviletidsføresegner for fiskarar. Direktivet trer i kraft 1. august 2003.

Direktiv 2000/34/EF om arbeids- og kviletid inneber at fiskarar vil få regulert arbeids- og kviletid. Direktivet er eit særdirektiv til direktiv 93/104/EF som omhandlar organisering av arbeids- og kviletid på land. I tillegg til at arbeids- og kviletid vert regulert særskilt for fiskarar gjennom direktiv 2000/34/EF, vert også delar av direktiv 93/104/EF gjort gjeldande for fiskarar. Direktiv 2000/34/EF er per 1. februar 2002 ikkje innlemma i EØS-avtalen.

Fiskarar kjem inn under artikkel 17 B i direktivet. Dei prinsipielt viktigaste føresegnene er reglane om arbeids- og kviletid. Direktivet slår fast at medlemsstatane skal regulere enten arbeidstid eller kviletid på same måte som ILO-konvensjon nr. 180 og med dei same dags- og vekerammene som i konvensjonen og lovutkastet. Alle aktuelle organisasjonar har tidlegare sagt at dei ønskjer kviletida regulert. Direktivet har også ei liknande formulering som lovforslagets § 16 første og tredje ledd, som gjev høve til å fråvike desse rammene gjennom forskrift eller tariffavtale. Desse fråvikingsreglane er svært viktige for at regelverket skal bli så fleksibelt som det må vere på eit område som fiskeriverksemd.

I § 1 femte ledd vert det mellom anna føreslått at Kongen skal ha fullmakt til å gjere lova heilt eller delvis gjeldande for fiskarar. Det heiter òg at Kongen skal ha fullmakt til å fastsetje nærare føresegner om oppfylling av krav som Noreg er folkerettsleg forplikta til, også til å fråvike føresegnene i lova. Det vert føreslått ein noko vidare fullmaktsheimel ettersom direktivet dels inneheld føresegner som avvik frå lova og dels andre føresegner enn lova. Direktivet inneheld til dels likelydande føresegner som lova, mens enkelte føresegner i lovutkastet ikkje finst i direktivet. Dette gjeld m.a. registrering og kontroll.

Direktivet inneheld òg ei føresegn om rett til fire vekers årleg betalt ferie for fiskarar. Lov 16. juni 1972 nr. 43 om ferie for fiskere gjev i dag rett til ferie. Lova vert forvalta av Fiskeridepartementet, som for tida vurderer om direktivet vil innebere endringar i lova.

Det vert føreslått at direktivet for fiskarar ikkje blir gjennomført som ei regulering gjennom lov, men at lova skal gje høve til regulering gjennom forskrift og eventuelt tariffavtalar.

Fristen for gjennomføring av direktivet på nasjonalt plan er 1. august 2003.

Ein tek sikte på å gjennomføre direktivet i forskrift og eventuelt ved tariffavtale før den tid, likevel slik at ikraftsetjing skjer på det tidspunkt direktivet bestemmer. Sjøfartsdirektoratet har invitert partane i arbeidslivet og aktuelle offentlege instansar til å delta i ei arbeidsgruppe som vil vurdere nærare korleis direktivet skal gjennomførst i norsk rett.