Ot.prp. nr. 51 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip m.m. (EØS-tilpasning)

Til innhaldsliste

5 Lovgjeving i nokre andre land

Sverige

Kviletid som er i samsvar med artikkel 5 nr. 1. b) i ILO-konvensjon nr. 180, er fastsett i lov. Fråvik kan fastsetjast i tariffavtale.

Arbeidstid er regulert i tariffavtalar.

Danmark

Kviletid som delvis er i samsvar med Avsnitt A-VIII/1 i koden til STCW-konvensjonen (STCW-koden) er fastsett i lov, mens arbeidstida er regulert i tariffavtalar.

Finland

Direktiva 1999/63/EF og 1999/95 er gjennomførte.

Føresegnene om kviletid kan ikkje fråvikast. Arbeidstidsføresegnene kan fråvikst i tariffavtale på det vilkår at alminneleg arbeidstid i ein periode på eitt år ikkje overstig 40 timar i gjennomsnitt.

I dei andre landa innanfor EU er i alt vesentleg kviletida regulert i samsvar med Avsnitt A-VIII/1 i STCW-koden. Elles vert det arbeidd med å gjennomføre direktiv 1999/63/EF.