Ot.prp. nr. 51 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip m.m. (EØS-tilpasning)

Til innhaldsliste

8 Administrative og økonomiske konsekvensar

Ein reknar med at dei forslaga til lovendringar som er framsette her, verken for næringa eller styresmaktene vil føre til administrative eller økonomiske konsekvensar av vesentleg omfang ut over det som følgde av innføringa av kviletidsføresegnene i STCW-konvensjonen. Ein viser her til Ot.prp.nr. 50 (1997-98) og Innst. S. nr. 22 (1998-99).

Elles er intensjonen at kontroll med etterlevinga av arbeids- og kviletidsføresegnene skal ivaretakast gjennom reiarlaga sine sikkerheitsstyringssystem og ved revisjonar av desse og ved tilsyn om bord.

Lovavdelinga i Justisdepartementet har gått gjennom dei lovtekniske sidene ved forslaget til lovendringar.