Ot.prp. nr. 51 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 17 om husleieavtaler (husleieloven) o.a.

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaga vil trulig føre til ein vesentlig auke i talet på saker for Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus, samstundes med at det kan forventast ein reduksjon i talet på saker i forliksråda og tingrettene. I 2006 er det budsjettert med ei netto løyving på 4,7 millionar kroner til Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus. Forliksrådet i Oslo har ei særskilt fast godtgjering. Endringane vil difor truleg ikkje føre til reduksjon i utgiftene til dette forliksrådet.