Ot.prp. nr. 54 (2005-2006)

Om lov om endringar i straffeprosesslova m.m. (sakshandsaminga i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker m.m.)

Til innhaldsliste

1 Innhaldet i proposisjonen

I proposisjonen her legg departementet fram forslag om enkelte endringar i reglane om kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Dei fleste endringane gjeld sakshandsaminga i kommisjonen, men proposisjonen inneheld også forslag om enkelte andre endringar i straffeprosesslova og i straffelova.

Departementet foreslår at straffeprosesslova får reglar om kva for høve den som har kravd gjenopptaking av ei straffesak, skal ha til å trekkje kravet tilbake etter at kommisjonen har tatt det til følgje. Forslaget går ut på at den som har kravd gjenopptaking, kan ta kravet tilbake inntil hovudforhandlinga under den nye behandlinga tek til, og – når motparten samtykkjer – inntil hovudforhandlinga er avslutta. Eit krav om gjenopptaking frå påtalemakta til gunst for domfelte skal likevel ikkje kunne trekkjast tilbake utan samtykke frå den domfelte etter at kommisjonen har gjort vedtak om gjenopptaking og den domfelte er underretta om vedtaket. Ved tilbakekall i samsvar med desse reglane skal saka ta slutt ved at den domstolen som skulle handsame saka, hever saka. Dersom saka ikkje har kome fram til denne domstolen, vert saka avslutta ved at kommisjonen gjer om vedtaket om gjenopptaking.

Vidare inneheld proposisjonen eit forslag som vil gje kommisjonen høve til å nekte den domfelte og forsvararen innsyn i opplysningar ut over det som ligg i dagens reglar. Forslaget går ut på at kommisjonen kan nekte innsyn i opplysningar når dette er strengt naudsynt for å unngå fare for eit alvorleg brotsverk mot liv, helse eller fridom. Før kommisjonen gjer eit slikt vedtak, skal han innhente ei fråsegn om trusselen frå politiet. I proposisjonen er det uttalt at spørsmålet om kva for reglar vi bør ha om høve til å nekte innsyn vil bli vurdert i ein større samanheng i løpet av få år, slik at forslaget her er av mellombels karakter.

I proposisjonen legg departementet også fram forslag om å lovfeste at kommisjonen sine avgjerder om salær er endelege, dvs. at dei ikkje kan klagast inn for andre forvaltningsorgan eller for domstolane, og om at kommisjonen kan nemne opp støtteadvokat for den som er krenkt i saka. Vidare foreslår departementet ei endring i reglane om grunngjeving av kommisjonens avgjerder etter straffeprosesslova § 397 tredje ledd første punktum, og ein regel om at det kan skrivast ut politiattest for leiaren, nestleiaren, medlemmene og dei tilsette i kommisjonen og for andre som gjer arbeid eller teneste i saker for kommisjonen.

Forslaga til endring i straffelova 1902 gjeld i hovudsak § 132 a, og går ut på at jamvel den som har kravd gjenopptaking av ei straffesak, som har gitt forklaring til kommisjonen eller som arbeider eller gjer teneste for kommisjonen skal reknast som ein aktør i rettsvesenet, og såleis nyte godt av vernet etter dette straffebodet. Vidare foreslår departementet at ikkje berre den som har reist søksmål i ein sivil sak, men kvar ein som er part i ein sivil sak, er ein aktør i rettsvesenet. Departementet foreslår også at ei tilvising i straffelova § 408 andre ledd til straffelova § 398 blir fjerna. Forslaget er ein konsekvens av at § 398 er oppheva.

Endeleg har proposisjonen forslag om ein forskriftsheimel i straffeprosesslova § 102, knytt til regelen om at påtalemakta kan nemne opp forsvarar (ikkje i kraft).

Til forsida