Ot.prp. nr. 54 (2005-2006)

Om lov om endringar i straffeprosesslova m.m. (sakshandsaminga i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker m.m.)

Til innhaldsliste

10 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget

10.1 Endringar i straffelova

Til § 132 a

Andre ledd i føresegna reknar opp kven som er ein «aktør i rettsvesenet», og som såleis er verna av straffetrusselen i første ledd. Endringa går for det første ut på at opprekninga også skal omfatte den som har kravd gjenopptaking av ei straffesak (tillegg til bokstav a), den som har forklart seg for kommisjonen (tillegg til bokstav b) og den som arbeider eller gjer teneste for kommisjonen (tillegg til bokstav c). Endringa er ei følgje av at den som opptrer eller arbeider for kommisjonen kan ha behov for det vernet som ligg i § 132 a, på linje med den som opptrer eller arbeider for domstolane. Departementet ser det ikkje som naudsynt å endre § 132 a første ledd for at fråsegna skal gi vern for dei som opptrer eller arbeider for kommisjonen. Uttrykket «i forbindelse med en straffesak» i første ledd bokstav a og b femner så vidt at det også dekkjer saker om gjenopptaking av ei straffesak.

Vidare er andre ledd bokstav a endra ved at uttrykket «har anlagt søksmål i en sivil sak» er erstatta med uttrykket «er part i en sivil sak». Bakgrunnen for denne endringa er at det ikkje er nokon avgjerande grunn til at det berre er den eine parten – saksøkaren – i ei sivil sak som skal ha vern etter føresegna. Også den som er saksøkt kan tenkast å bli utsett for press, til dømes med omsyn til ikkje å anke ei avgjerd. Med uttrykket «er part i en sivil sak» blir det sams reglar for begge partane.

Til § 408

Endringa går ut på å fjerne den delen av andre ledd i føresegna som lyder », etter § 398 med hensyn til rinnende vann,». Bakgrunn for endringa er at straffelova § 398 er oppheva (ved lov 24. november 2000 nr. 82). Det er såleis ikkje lenger noka meining i at § 408 visar til § 398.

10.2 Endringar i straffeprosesslova

Til § 102

Forslaget om et nytt andre ledd om at Kongen kan gje nærare reglar om påtalemakta si oppnemning av forsvarar gjeld ikkje reglane om kommisjonen, men har sin bakgrunn i at lova i 2002 fekk ein regel om at påtalemakta i visse høve kan nemne opp forsvarar (lov 28. juni 2002 nr. 55). Denne regelen er ennå ikkje satt i kraft, mellom anna fordi det skal utformast retningslinjer for korleis påtalemakta skal gå fram når ho skal nemne opp forsvarer. I desse retningslinjene må ein ta stilling til om det skal vere høve til å klage over eit vedtak frå påtalemakta om forsvarar, til dømes ved klage til tingretten. Dei forskriftsheimlane straffeprosesslova har i dag, opnar ikkje for å gi forskrifter om ei slik ordning med klage til tingretten. For det tilfelle at ein finn at dette likevel vil være beste løysing, gjer departementet no forslag om ein forskriftsheimel knytt til regelen om at påtalemakta kan nemne opp forsvarar. Forslaget er ei følgje av endringa ved lov 28. juni 2002 nr. 55, og har difor ikkje vært på særskilt høyring.

Til § 395

Andre ledd nytt fjerde punktum fastset at det kan krevjast utstedt uttømmande politiattest for leiaren, nestleiaren, medlemmene og dei tilsette i kommisjonen, og for andre som gjer arbeid eller teneste i saker for kommisjonen. I dette ligg at det kan krevjast politiattest for medlemmene (inkludert leiaren og nestleiaren) og dei tilsette i kommisjonen. For oppdragstakarar, det vil seie personar som gjer arbeid eller teneste for kommisjonen utan å vere medlemmar av eller tilsette i kommisjonen, er høve til å krevje politiattest avhengig av kva type arbeid eller teneste oppdraget gjeld. Dersom oppdraget gjeld ei eller fleire bestemte saker, kan det krevjast politiattest, jf. uttrykket «i saker for kommisjonen». Dersom oppdraget gjeld støttefunksjonar som ikkje er knytt til bestemte saker, slik som reinhald, vaktmeistertenester og liknande, fell det utanfor den heimelen departementet foreslår.

Til § 397

Andre ledd har fått eit nytt tredje og fjerde punktum. Tredje punktum gir heimel for at kommisjonen kan nemne opp støtteadvokat. For spørsmålet om kva for saker det skal oppnemnast støtteadvokat i, sjå punkt 6 foran. Fjerde punktum er ein regel om at avgjerd frå kommisjonen om salær til forsvarar og støtteadvokat er endeleg.

Tredje ledd har fått eit nytt fjerde punktum, med ein særskild regel om grunngjeving av avgjerder etter tredje ledd første punktum. Regelen opnar for forenkla grunngjeving i avgjerd som ikkje har bode på tvil. I slike tilfelle er det nok å vise til § 397 tredje ledd første og fjerde punktum. Den nye regelen er utforma etter mønster av § 387 a, og er eit unnatak frå utgangspunktet etter første punktet om at avgjerda skal grunngjevast etter § 52. Om kravet til grunngjeving for avgjerder etter tredje ledd andre punktum visast til punkt 7 foran.

Til § 398

Fråsegna har fått eit nytt tredje ledd, og dagens tredje ledd er blitt fjerde ledd. Den nye regelen går ut på at kommisjonen i einskilde høve kan nekte domfelte og forsvararen innsyn i opplysningar ut over det som følgjer av dagens reglar. Bakgrunnen for forslaget går fram av punkt 4 foran. Regelen er meint å vere ein «sikringsventil» til bruk i heilt særskilte tilfelle, jf. at tiltaket må vere «strengt nødvendig». Den gir kommisjonen ein rett til – heilt unntaksvis – å nekte innsyn, men gir ikkje plikt til å nytte eit slik tiltak, jf. at kommisjonen «kan» nekte innsyn. Uttrykket «fare for en alvorlig forbrytelse mot noens liv, helse eller frihet» er det same som i § 242 a, og har det same innhaldet. Retten til å nekte innsyn er avgrensa til å gjelde for opplysningar, og gir såleis ikkje grunnlag for å nekte innsyn i eit heilt dokument sjølv om dokumentet inneheld opplysningar som det skal nektast innsyn i.

Til § 399

Føresegna har fått eit nytt fjerde punktum om høve for kommisjonen til å gjere om sitt eige vedtak om gjenopptaking av ei sak.

Til § 400

I andre ledd første og andre punktum er «begjæringen» endra til «saken». Bakgrunn for endringa er at ordet «begjæringen» misvisande gav inntrykk av at det var kravet om gjenopptaking som domstolen skal handsame. Med ordet «saken» får lova betre fram at kravet om gjenopptaking er endeleg avgjort av kommisjonen, og at det er sjølve straffesaka domstolen skal behandle. Andre ledd har vidare fått eit fjerde punktum, som tilsvarer det som har vore § 400 tredje ledd.

Tredje ledd er nytt, og har reglar om kva for rett ein part som har satt fram krav om gjenopptaking, har til å trekkje kravet etter at kommisjonen har tatt kravet til følgje. Konsekvensen av ein rett etter denne fråsegna er at saka likevel ikkje skal takast opp att. Om innhaldet i regelen sjå punkt 3 foran. Tredje punktum gjeld tilfelle der det er peika ut ein domstol for den nye behandlinga av saka etter reglane i § 400 andre ledd, og denne domstolen har mottatt saka. Dersom fråsegna om å trekkje kravet kjem på eit tidlegare tidspunkt, er det kommisjonen som tek imot fråsegna og gjer om vedtaket om gjenopptaking etter forslaget til § 399 fjerde punktum.

10.3 Til føresegna om ikraftsetjing

Del III i lovforslaget er ei føresegn om ikraftsetjing, og går ut på at alle endringane med unnatak av endringa i straffeprosesslova § 102 tek til å gjelde straks. Endringa i straffeprosesslova § 102 er knytt til ein del av den same føresegna som ikkje er i kraft, og som vil tre i kraft «fra den tid Kongen bestemmer». Endringa i § 102 bør tre i kraft samstundes med den delen av § 102 som ho er knytt til.

Departementet har ikkje funne det naudsynt med særskilte overgangsreglar. For endringa i straffelova § 132 a visast til straffelova § 3. Endringane i straffeprosesslova er av prosessuell karakter, og krev ikkje eit særskilt skjeringstidspunkt med omsyn til når dei skal ta til å gjelde.

Til forsida