Ot.prp. nr. 54 (2005-2006)

Om lov om endringar i straffeprosesslova m.m. (sakshandsaminga i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker m.m.)

Til innhaldsliste

5 Forslag om å presisere at kommisjonen sine avgjerder om salær er endelege

5.1 Gjeldande rett. Forslaget i høyringsnotatet

Kommisjonen kan nemne opp offentleg forsvarar for ein som er sikta for eit straffbart forhold når særlege grunner tilseier det, jf. straffeprosesslova § 397 andre ledd. Det går fram av føresegna at «[r]eglene i §§ 101–107 gjelder (…) tilsvarende». Straffeprosesslova § 107 slår fast at «[o]ffentlig forsvarer skal ha godtgjørelse av staten. Om godtgjørelsen gjelder reglene i § 78 tilsvarende».

Etter straffeprosesslova § 78 andre ledd «fastsetter retten en slik godtgjørelse etter nærmere regler som blir gitt av Kongen, om det ikke er bestemt en fast lønn. Rettens fastsetting kan påkjæres etter reglene i rettshjelpsloven § 28 a». Lova gir ikkje i dag noko klart svar på om avgjerder frå kommisjonen om fastsetting av salær kan påkjærast. Etter straffeprosesslova § 395 tredje ledd kan avgjerder frå kommisjonen berre påkjærast der lova klart seier så. Ei generell tilvising som seier at andre regelsett gjeld tilsvarande, treng ikkje bety at forsvararen også skal ha rett til å setje fram kjæremål, jf. Ot.prp. nr. 70 (2000–2001) side 47–48 og 73.

Slik kommisjonen ser det, er korkje forvaltningsklage eller kjæremål ei egna klageform for avgjerder om salær. Ein rett til å klage avgjerda inn for Justisdepartementet ville etter kommisjonen sitt syn bryte for mykje med den uavhengige stillinga som kommisjonen skal ha. Kjæremål ser ikkje kommisjonen som noko alternativ, då det ikkje finst nokon domstol som er overordna kommisjonen. På denne bakgrunnen har kommisjonen foreslått å endre straffeprosesslova § 397 andre ledd, slik at det blir klart at kommisjonens avgjerder om salær til offentlege forsvararar ikkje kan påkjærast. Han har foreslått at § 397 andre ledd skal lyde:

«Kommisjonen kan oppnevne offentlig forsvarer for siktede når særlige grunner tilsier det. Reglene i §§ 101–107 gjelder i så fall tilsvarende , likevel slik at kommisjonens beslutninger etter § 78 annet ledd er endelige

I høyringsnotatet viste departementet til at det ligg i reglane om ein uavhengig kommisjon at domstolane berre skal kunne overprøve avgjerdene til kommisjonen som følgje av eit sivilrettsleg søksmål. Det er ikkje lagt opp til ein alminneleg rett til å påkjære avgjerdene frå kommisjonen. Ei avgjerd om vitneforklaring etter straffeprosesslova § 118 kan overprøvast etter reglane om kjæremål, sjå § 398 a andre ledd siste punktum. Spørsmålet er om også avgjerd om salær står i ei slik stilling at ho kan gje grunn til eit tilsvarande unnatak.

5.2 Høyringsinstansane sitt syn

Riksadvokaten og Politidirektoratet har slutta seg til forslaget frå kommisjonen om at det skal gå fram av lova at kommisjonen sine avgjerder om salær ikkje kan påkjærast. Den Norske Advokatforening har uttalt at kommisjonen «må kunne ta beslutninger vedrørende forsvarernes salær med endelig virkning», og har såleis det same synet. Det har ikkje kome motsegner til ein regel om at avgjerder om salær skal vere endelege.

5.3 Departementet sitt syn

For at kommisjonen skal kunne fylle si oppgåve, må han ha stor sjølvstende i forhold til domstolane og forvaltninga. Departementet ser ikkje at dei avgjerdene kommisjonen treffer om salær står i ei slik stilling at det er naudsynt at dei kan overprøvast av domstolane eller eit forvaltningsorgan. Departementet foreslår difor at lova får ein klår regel om at avgjerder fra kommisjonen om salær er endelege.

Til forsida