Ot.prp. nr. 54 (2007-2008)

Om lov om endringar i opplæringslova— (Om faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap og rett til avgrensa fritak)

Til innhaldsliste

4 Vurdering og forslag frå departementet

4.1 Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa

4.1.1 Vurdering frå departementet

Endringane som vart gjorde i fritaksreglane i 2005, kjem i hovudsak kritikken i dommen frå EMD i møte. Foreldra skal ikkje lenger søkje om fritak, berre gi melding, og meldinga skal ikkje grunngjevast. Kravet om årleg informasjon om reglane for fritak er tekne inn i lova. Men dommen peiker på at det er ein føresetnad for å kunne melde fritak at foreldra har god nok kunnskap om innhaldet i opplæringa. Derfor er det nødvendig med ei lovendring som presiserer at skolen skal gi god informasjon om innhald og arbeidsmåtar i opplæringa.

Somme av høyringsinstansane meiner det er behov for eit meir omfattande høve til fritak, eventuelt fullt fritak frå faget. Dette vil bryte med formålet om å få til eit samlande skolefag, der elevane så langt som mogleg deltek i ei felles undervisning, og som skal gi eit vesentleg bidrag til det felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlaget samfunnet byggjer på, med innslag frå ulike kulturar, religionar og livssyn. Departementet meiner at med endringane frå 2005 og med pålegget om god informasjon, har foreldra fått sikra sin rett til å melde fritak. Dommen gir ikkje grunnlag for fullt fritak. Som det er peika på i punkt 2.4, klargjer domstolen at første tilleggsprotokoll artikkel 2 ikkje hindrar statane i å gi kunnskap om religionar, livssyn og filosofiar. Menneskerettane gir ikkje foreldra høve til å motsetje seg at slike emne er i læreplanen.

4.1.2 Forslag

På bakgrunn av drøftinga av delvis fritak i dommen legg departementet fram forslag om å presisere kravet om at foreldra skal få god informasjon om innhaldet i opplæringa ved å føye til og innhaldet i opplæringa i opplæringslova § 2-3a fjerde ledd.

4.2 Føresegna om faget kristendoms-, ­religions- og livssynskunnskap

4.2.1 Vurdering frå departementet

Domstolen går grundig igjennom føresegnene om KRL-faget i opplæringslova § 2-4 for å undersøkje om kristendomskunnskap er gitt kvalitativ forrang. Dommen går inn i fleire detaljar og peikar mellom anna på at omgrep som «grundig» berre blir brukt om emna i kristendomskunnskap, ikkje om dei andre religionane og livssyna, og at kristendomskunnskap har ein klar overvekt med om lag halvparten av emna. Det er likevel først og fremst etter ei samla vurdering at EMD slår fast at det er kvalitative skilnader mellom kristendomskunnskap og dei andre elementa i faget. EMD konkluderer med at når ein ser heilskapen i formålet med opplæringa, føresegna i opplæringslova § 2-4 og dei andre rammene om faget i samanheng, er det kvalitative skilnader. Dette er i strid med EMK.

Dommen i EMD kjem med ein kritikk av føresegnene i opplæringslova § 2-4 som femner vidare enn dei endringane som vart gjorde i 2005, og ikkje minst peikar EMD på dei totale rammene om faget. Heilskapleg sett peikar dommen på at det er uklart på kva måte ein kan nå formålet om eit samlande skolefag for respekt, dialog og toleranse slik rammene rundt faget er. Dette medfører at meir omfattande endringar er nødvendige.

Departementet er derfor ikkje samd med dei som meiner at endringane i 2005 skulle vere tilstrekkelige. Det vart berre gjort mindre endringar med § 2-4 i 2005. Sjølv om dommen går inn i enkelte detaljar, er det heilskapen som gjer at faget ikkje er «objektivt, kritisk og pluralistisk». Departementet vel derfor å gjere endringar, slik at det ikkje er tvil om at faget er i samsvar med menneskerettane.

I høyringsbrevet er det framlegg om å endre namnet på faget til Religion, livssyn og etikk (RLE). Ei endring av namnet vil vere eit viktig signal om ei kvalitativt likeverdig behandling av alle religionar og livssyn. Namnet på faget har tidlegare blitt kritisert, i hovudsak fordi kristendomskunnskap er nemnt spesielt før dei andre religionane og dermed gir inntrykk av at KRL-faget er ei forlenging av det tidlegare faget kristendomskunnskap. Namnet KRL kan opplevast slik at kristendomskunnskap har ei særstilling og skape eit inntrykk av at opplæringa om kristendommen er kvalitativ ulik opplæringa om andre religionar og livssyn. Namnet Religion, livssyn og etikk vil vise til heile innhaldet i faget og gi kvalitativ likskap mellom dei ulike delane.

Kunnskapsløftet har gjennomgåande læreplanar i heile grunnopplæringa. KRL-faget i grunnskolen har likevel eit anna namn enn faget Religion og etikk i vidaregåande opplæring. Harmonisering av dei to namna er derfor også grunngitt i Kunnskapsløftet.

Eit fleirtal av dei kommunane som har komme med fråsegn, er ikkje samd i endringa av namnet på faget. Dei peikar mellom anna på at namnet ikkje er kritisert i dommen, og at kristendommen har både særstilling i det norske samfunnet og kvantitativ forrang i faget. Argumentet om særstilling er noko av det dommen kritiserer, og fråsegnene frå fleirtalet er derfor problematiske. Mellom andre Barneombodet, Bispemøtet og Hamar biskop støttar endringa av namnet med den grunngivinga at endringa gir eit viktig signal om likeverdig behandling av dei ulike religionane og livssyna, og at det oppfordrar til toleranse for skilnader.

I høyringsbrevet var det forslag om å flytte strekpunkta 1-5 i opplæringslova § 2-4 første ledd, som fortel om innhaldet i faget, til læreplanen. Innhaldet for alle andre faga er regulert i læreplanen. Forslaget om flytting ville understreke at faget er eit ordinært skolefag, slik lovføresegna har til føresetnad.

Eit fleirtal er usamd i forslaget i høyringsbrevet om å flytte strekpunkta i opplæringslova § 2-4 første ledd, som fortel om innhaldet i faget, til læreplanen. Dei grunngir det mellom anna med at det vil redusere kristendommens plass i faget og fjerne at kristendommen kan stå i ei særstilling i undervisninga i skolen. Enkelte meiner det er viktig at Stortinget er med og fastset innhaldet i faget. Departementet understrekar at det i læreplanen skal framgå at kunnskap om kristendommen skal ha den kvantitativt største delen av lærestoffet, og at dette inneber at det vil vere rom for lokale variasjonar i fordelinga mellom hovudemna i faget for å oppfylle kompetansemåla. Dette vil ta vare på kva kristendommen har å seie i Noreg historisk og som kulturarv. Delen av kompetansemål om kristendommen må ikkje ha eit slikt omfang at det av den grunn blir kvalitative skilnader, noe EMD kritiserer læreplanen frå 1997 for.

Det var mellom anna desse strekpunkta EMD konkret kritiserte, og ordet grundig kan ikkje bli ståande etter dommen i EMD. For å sikre at innhaldet er i samsvar med menneskerettane, ser departementet at det er av verdi å behalde eit ledd som fastset innhaldet i faget, slik fleirtalet av høyringsinstansane ønskjer. Leddet om innhald skal ha ein form som sikrar at det ikkje er kvalitative skilnader mellom den ulike emna i faget.

Departementet har vurdert om det i det heile er nødvendig med ei eiga føresegn om faget. Ingen andre fag har ei slik lovføresegn. Dette er eit ledd i den heilskapen som gir faget preg av å vere eit særskilt fag, ikkje eit ordinært skolefag. Med bakgrunn i at Noreg har fått ein dom mot KRL-faget meiner departementet likevel at det er gode grunnar til å ha ei særskild føresegn for å sikre at faget er i samsvar med menneskerettane. Dette kan gjerast ved at ein framleis har ei lovføresegn om faget som er utforma slik at det gir tryggleik for at menneskerettane ikkje blir brotne. Dommen har som føresetnad at ei obligatorisk opplæring om religionar skal vere objektiv, kritisk og pluralistisk. I høyringsbrevet er det forslag om å ta inn denne formuleringa. Eit fleirtal av høyringsinstansane støttar framlegget, mellom anna fordi det vil sikre at opplæringa er i samsvar med menneskerettane. Enkelte uttaler at formuleringa kan gi meir teoretisk undervisning. Departementet har likevel tillit til at skolen og lærarane er i stand til å gi variert opplæring, og at denne formuleringa ikkje er til hinder for det.

I den vidare utviklinga av faget vil det vere nødvendig å sørgje for at mange fagmiljø deltek for å sikre breidd og likeverd. Det vil også vere sentralt å gi god informasjon om dommen og endringane. slik at skoleeigar og skolane følgjer opp endringane, blant anna ved kompetanseutvikling og medvitent val av læremiddel i faget.

Norsk senter for menneskerettigheter viser til dokumentet «Toledo Guiding Principles on Teaching about Religions and Beliefs in Public Schools», utarbeidde av OSSE, og gjer, med bakgrunn i menneskerettane, framlegg om at uttrykket «ut frå deira eigenart» blir erstatta med «.., og slik at kvar religion og kvart livssyn blir framstilt med respekt». Departementet ser at uttrykket kan gi rom for ei opplæring som ikkje er objektiv, kritisk og pluralistisk.

4.2.2 Forslag

Departementet meiner at kristendoms-, religions- og livssynskunnskap er eit namn som kan opplevast slik at kristendommen har forrang. Ei endring vil gi eit viktig signal om kvalitativt likeverd og medverke til nødvendig heilskap i endringane. Departementet står derfor fast ved framlegget om å endre namnet på faget i opplæringslova § 2-4 til religion, livssyn og etikk. Dette vil også samsvare betre med namnet på faget i vidaregåande opplæring. Framlegget om nytt namn krev også ei endring i føresegna i opplæringslova § 2-3, der faget er nemnt.

Departementet går vidare inn for å behalde eit ledd som fastset innhaldet i faget, slik at ein sikrar at innhaldet er i samsvar med menneskerettane og ikkje bidrar til kvalitative skilnader mellom den ulike emna i faget. Læreplanen skal ha meir stoff om kristendommen enn om andre religionar og livssyn, utan at det er kvalitative skilnader, grunngitt med det kristendommen har hatt å seie i Noreg historisk og som kulturarv.

Formuleringa objektivt, kritisk og pluralistisk blir teken inn i føresegna for å sikre at faget er i samsvar med menneskerettane. Formuleringa ut frå deira eigenart blir teken ut av føresegna for å sikre ei opplæring som er objektiv, kritisk og pluralistisk.