Ot.prp. nr. 54 (2007-2008)

Om lov om endringar i opplæringslova— (Om faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap og rett til avgrensa fritak)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for framlegget om lovendring

2.1 Historikk

Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL) vart innført trinnvis i grunnskolen som obligatorisk fag frå skolestart 1997-1998, jf. lovvedtak 19.06.1997 nr. 83 og Innst. O. nr. 95 (1996-97). Faget vart innført på alle klassetrinn i skole­året 1999 - 2000.

KRL-faget erstatta faga kristendomskunnskap og livssynskunnskap. Kristendomskunnskap hadde vore eit obligatorisk fag sidan skolen starta i 1739. Det var da ein del av kyrkja si dåpsopplæring. Lov om dissentere frå 1845 gav rett til fritak. Det ansvaret skolen hadde for dåpsopplæringa, vart opphevd i 1969. Livssynsundervisning vart innført i 1974 som ikkje-obligatorisk, alternativt fag for elevar med fritak frå kristendomsundervisninga.

Stortinget la til grunn at KRL-faget skal vere eit ordinært skolefag på linje med dei andre faga i skolen. Faget skal gi kunnskap om religionar og livssyn, ikkje opplæring til ei bestemt tru. Faget skal vere ope, medverke til innsikt, respekt og dialog på tvers av trus- og livssynsgrenser og fremje forståing og toleranse i religiøse og moralske spørsmål. Formålet er å få til eit samlande skolefag, der elevane så langt som mogleg deltek i ei felles undervisning. Dette skal gi eit vesentleg bidrag til det felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlaget samfunnet byggjer på, med innslag frå ulike kulturar, religionar og livssyn. Undervisninga skal gjennomførast med respekt for livssynsbakgrunnen til elevane, stimulere til allsidig danning og vere med på å skape felles kulturelle referanserammer.

Faget og fritaksreglane har vore behandla av Stortinget i fleire samanhengar. I Innst. S. nr. 103 (1995-96) om St.meld. nr. 14 (1995-96) om KRL-faget bad fleirtalet om å få ei oversikt over praktiseringa av fritaksretten etter at fritaksreglane hadde vore i bruk i ein treårsperiode. På grunnlag av mellom anna to uavhengige evalueringar av KRL-faget vart det vedteke å gjennomføre ein omfattande revisjon av læreplanen og fritaksordninga. St.meld. nr. 32 (2000-2001) og Innst. S. nr. 240 (2000-2001) gav grunnlaget for revisjonsarbeidet. Reglane for fritak vart endra med verknad frå oktober 2001, og innhaldet i sjølve faget vart forenkla med verknad frå skoleåret 2002/03. Namnet på faget vart endra til kristendoms-, religions- og livssynskunnskap.

2.2 Rettsbehandlinga i Noreg

KRL-faget førte til kritikk frå ulike trus- og livssynssamfunn. I 1998 vart staten saksøkt med krav om rett til fullt fritak frå faget. Saka er behandla i alle norske rettsinstansar. Borgarting lagmannsrett frifann staten og fann at det innanfor dei formelle rammene om faget er mogleg å gjennomføre ei avgrensa fritaksordning slik det er føresett. Den 22. august 2001 stadfesta Høgsterett dommen i lagmannsretten.

Etter avgjerda i Høgsterett klaga saksøkjarane Noreg inn for Menneskerettskomiteen i FN og for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), med påstand om at faget og mangelen på fullt fritak er i strid med FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

2.3 Fråsegn frå Menneskerettskomiteen i FN

I fråsegn av 3. november 2004 retta Menneskerettskomiteen i FN kritikk mot fritaksordninga og mot påstått religionsutøving i KRL-faget, slik faget og fritaksordninga var i 1997. Komiteen kom med fråsegn om at ramma rundt KRL-faget var i strid med artikkel 18 nr. 4 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Fråsegna var formelt sett ikkje på same måte bindande for Noreg som ein dom, men konvensjonen er ein del av norsk lov.

Regjeringa foreslo endringar i føresegnene om faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, i reglane for fritak og i læreplanen for faget for å komme fråsegna frå komiteen i møte. Endringane i føresegna vart fastsette av Stortinget, jf. (Innst. O. nr. 104 (2004-2005), og ny læreplan vart fastsett av departementet og gjord gjeldande frå 15.08.2005. Læreplanen er ein del av Kunnskapsløftet. Kunnskapsløftet angir ikkje arbeidsmåtar, som er eit lokalt ansvar.

2.4 Dom i Den europeiske menneskerettsdomstolen

I dom av 29. juni 2007 har EMD fastslått at KRL-faget i grunnskolen i Noreg krenka EMK, Første tilleggsprotokoll artikkel 2. Domstolen har vurdert faget slik det var fastsett i læreplanen av 1997 og det rettslige rammeverket rundt faget slik det da kom fram i føresegna om formålet for grunnopplæringa i opplæringslova § 1-2 og i føresegna om faget og fritaksordninga i opplæringslova § 2-4. Noreg som stat er bunden av konvensjonen og dommen, og denne går framfor føresegna i anna norsk lovgiving. Det rettslige rammeverket til KRL-faget må derfor endrast slik at det ikkje er tvil om at faget er i samsvar med menneskerettane. Noreg må melde frå til Europarådet kva for tiltak som vil bli gjennomførte for å sikre dette.

Domstolen klargjer at første tilleggsprotokoll artikkel 2 ikkje hindrar statane i å gi kunnskap om religionar, livssyn og filosofiar. Menneskerettskonvensjonen gir heller ikkje foreldra høve til å motsette seg at slike emne er med i læreplanen.

Domstolen presiserer at den prøver om KRL-faget vart formidla på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dommen slår fast at dei overordna prinsippa for KRL-faget er i samsvar med prinsippet om pluralisme og objektivitet i EMK. Prinsippet om pluralisme og objektivitet inneber at opplæringa skal vise mangfaldet i religionar og livssyn på ein likeverdig måte og ikkje gi nokon ein kvalitativ forrang. Dommen slår fast at det faktum at kunnskap om kristendommen utgjer ein større del av pensum enn andre religionar og livssyn, ikkje i seg sjølv er i strid med prinsippet om pluralisme og objektivitet. Læreplanen i faget kan derfor framleis kunne ha fleire kompetansemål om kristendommen enn om andre religionar og livssyn. Men dommen peikar samstundes på at ei overvekt for kristendommen på omtrent halvparten av emna i læreplanen, gir ein kvalitativ skilnad mellom kristendommen og andre religionar og livssyn.

Domstolen peikar på bindinga mellom formuleringa i innleiinga til formålet med opplæringa i opplæringslova § 1-2 og føresegna om KRL i opplæringslova § 2-4, slik ho var i 1997. Formuleringa om binding vart fjerna frå opplæringslova § 2-4 i 2005, men formålet vil framleis gi føring for KRL-faget som for dei andre faga i læreplanen. Den prosessen som no er i gong om å endre formålet for opplæringa, er derfor eit av elementa som vil bringe faget i samsvar med menneskerettane.

I dommen blir også ordbruken som omtaler innhaldet i faget, kritisert. Omgrep som «grundig» og «fremje» gir ifølgje dommen ein kvalitativ fordel til kristendomskunnskap og gjer det usikkert om faget oppfyller krava i EMK om å vere objektivt, kritisk og pluralistisk. I opplæringslova frå 1997 er det eksplisitt nemnt religiøse aktivitetar. Domstolen uttrykkjer uro over at dette kan vere eit brot på første tilleggsprotokoll artikkel 2, som i særleg grad kan ramme dei yngre elevane. Dette leddet vart teke ut av opplæringslova § 2-4 i 2005, men læreplanen oppfordrar framleis til eit breitt utval av aktivitetar. Det kan derfor vere behov for endringar i innleiinga til læreplanen for at han skal vere i samsvar med menneskerettane, ikkje minst for dei yngste elevane.

EMD konkluderer etter ei samla vurdering av lovverket og dei andre rettslege rammene rundt faget med at det ikkje bare er kvantitative, men også kvalitative skilnader når det gjeld undervisninga i kristendomskunnskap samanlikna med dei andre delane av faget. Domstolen meiner derfor at det er uklårt korleis formålet med faget: -«å fremje forståing, respekt og dialog»-, kan bli nådd. På denne bakgrunnen konkluderer domstolen med at etter ei samla vurdering er kristendomsdelen av faget i strid med EMK. Fleire av dei forholda som er tekne opp i dommen, er ikkje endra sidan 1997 og gjeld derfor framleis for faget slik det er etter endringane i 2005.

EMD vurderte om dei kvalitative skilnadene i faget likevel kunne bli aksepterte ved å sjå på høvet til delvis fritak. Domstolen fann at ordninga kravde at foreldra hadde god informasjon om undervisninga for å kunne vite kva dei skulle søkje fritak frå. Vidare peika domstolen på at søknad om fritak innebar risiko for at foreldra måtte vise fram private aspekt ved si eiga tru, noko som er i strid med menneskerettane. Vurderinga av søknaden frå skolen si side kunne også gi grobotn for konflikt. EMD konkluderte med at ordninga ikkje kunne kompensere for at faget var i strid med menneskerettane.

2.5 Gjeldande rett

På bakgrunn av fråsegna frå Menneskerettskomiteen i FN vart reglene for fritak monaleg endra i 2005. Føresegna vart teken ut av opplæringslova § 2-4 og gjord til ei generell føresegn om fritak i opplæringslova § 2-3a. Denne føresegna gjeld for dei delane av undervisninga i alle fag og aktivitetar i skolen som den enkelte ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Ein kan ikkje krevje fritak frå kunnskap om dei ulike emna i læreplanen. Det vart klargjort at dei føresette skal melde frå om fritak frå aktivitetar, ikkje søkje om fritak. Kravet om grunngiving for melding om fritak vart fjerna, og retten til tilpassa opplæring vart sikra. Det vart vidare presisert at forvaltningslova skal gjelde dersom skolen ikkje godtek meldinga om fritak. Opplæringslova § 2-3a gjeld som hovudregel også for private skolar godkjende etter privatskolelova, jf. § 3-12.

KRL-faget har, som det einaste faget i skolen, regulert formål og innhald i opplæringslova § 2-4. I samband med oppfølginga av fråsegna frå FN-komiteen vart det gjort enkelte endringar i opplæringslova § 2-4. Orda «ta utgangspunkt i grunnskolen sin føremålsparagraf i opplæringslova § 1-2» vart tekne bort. Omgrepet «evangelisk-luthersk tru» vart endra til «evangelisk-luthersk kristendomsforståing» for å fjerne inntrykket av tru og for å sikre ei meir kvalitativt likeverdig behandling av religionar og livssyn.

Føresegna i opplæringslova § 2-4 slik ho er i dag

§ 2-4. Undervisninga i faget kristendoms- reli­gions- og livssynskunnskap

Undervisninga i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap skal

    • gi grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv

    • gi grundig kjennskap til evangelisk-luthersk kristendomsforståing og ulike kristne kyrkjesamfunn

    • gi kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn

    • gi kjennskap til etiske og filosofiske emne

    • fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar

    • fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Den som skal undervise i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, skal presentere kristendommen, dei ulike verdsreligionar og livssyn ut frå deira eigenart. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.