Ot.prp. nr. 55 (2003-2004)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte paragrafane

6.1 Endringar i opplæringslova

Til § 2-8 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Endringa består i at særskild opplæring i norsk blir det fremste verkemiddelet for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som ikkje beherskar norsk. Elevar med svært avgrensa dugleik i norsk vil i tillegg kunne ha rett til morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring i ein overgangsperiode.

Føresegna slår fast at elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Føresegna fastset også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar i tillegg til den særskilde norskopplæringa, men her er det eit vilkår at slik opplæring er nødvendig. Departementet legg til grunn at dette vil gjelde nykomne og andre minoritetselevar som har så dårleg dugleik i norsk at dei ikkje kan følgje undervisning gitt på norsk. Eventuell vidare opplæring i morsmålet, etter at elevane er i stand til å følgje undervisning på norsk, vil vere foreldra sitt ansvar. Lovføresegna er ikkje til hinder for at kommunen eller skolen gir morsmålsopplæring utover det dei er pålagde.

Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonell, skal kommunen og skolen, så langt råd er, leggje til rette for anna opplæring tilpassa elevføresetnadene.

Morsmålsopplæringa skal sjåast i samanheng med dei opplæringstilboda eleven elles får, men morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter opplæringslova § 8-1. Det er spesielt viktig at morsmålsopplæringa blir sedd i samanheng med den språkopplæringa eleven elles får. Særskild norskopplæring og tospråkleg fagopplæring skal tilbydast ved den skolen der eleven går til vanleg.

Innanfor dei rammene som her er gitt, er det opp til dei enkelte kommunane og skolane å bestemme korleis dei vil tilby særskild språkopplæring etter føresegna. Målet om å sikre minoritetsspråklege elevar best mogleg dugleik i norsk ligg fast. Utover dei tilfella der kommunen vil ha plikt til å gi både morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring i tillegg til særskild norskopplæring, kan kommunane ut frå individuelt skjønn og praktiske moglegheiter velje om dei i tillegg til særskild norskopplæring vil gi både morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring, eller eitt av dei to elementa. I valet av opplæringsmetode må det takast utgangspunkt i dei behov den enkelte eleven har, tilpassa dei praktiske føresetnadene som finst i kommunen.

Elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 kan også ha rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1. Dette blir ei konkret vurdering som må gjerast i det enkelte tilfellet.

Når kommunen tek stilling til dei rettane ein elev har etter opplæringslova § 2-8, er det eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2.

Departementet viser elles til vurderingane under punkt 3.9.

Til § 12-1 Organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæring:

Føresegna gir heimel for departementet til å oppnemne organet og til å fastsetje samansetjinga og oppgåvene. Arbeidsgruppa som har greidd ut forslaget, har også foreslått samansetjinga. Departementet er samd i forslaget, men vil at det skal vere mogleg å endre samansetjinga dersom utviklinga i arbeidslivet tilseier ei anna samansetjing. Endringa vil da skje etter drøftingar i organet.

Til § 12-2 Faglege råd:

Føresegna gir heimel for departementet til å oppnemne dei faglege råda og til å fastsetje samansetjinga, kva for faglege råd som skal skipast, storleiken på råda og det faglege feltet det einskilde rådet skal dekkje. Fagfelta til råda og samansetjing a vil bli endra etter behov. I reglementa fastset departementet også oppgåvene til råda.

Til § 12-4 Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda:

Etter sjette ledd i føresegna skal yrkesopplæringsnemnda gi rapport om verksemda si til fylkeskommunen.

Til § 12-5 Læreplangrupper:

Andre ledd i føresegna er endra slik at råda ikkje lenger skal gi forslag til medlemmer i læreplangrupper. Arbeidet med nye læreplanar vil i framtida ta i bruk kommunikasjon via Internett. Dette vil medføre ein meir open prosess, der fleire kan følgje med eller ta del i arbeidet. Dei faste føresegnene om fordelinga av medlemmer i læreplangruppene og kven som peiker dei ut, treng derfor ikkje stå i lova.

Til § 12-6 Klagenemnd for fag- og sveineprøver:

Andre ledd i føresegna er endra slik at dei faglege råda skal gi forslag til medlemmer i klagenemnder.

Til § 12-7 Medlemmer av organ, råd og nemnder:

Føresegna er endra slik at ho no omfattar organet for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa og dei faglege råda.

Til § 13-10 Ansvarsomfang:

Den nye føresegna om ansvar for vurdering og resultatoppfølging i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa inneber ei presisering av det som er gjeldande frå før.

Det er presisert i føresegna at skoleeigarane både skal ha eit forsvarleg system for å vurdere om krava i lovverket og forskriftene blir oppfylte, og eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar.

Skoleeigarane står fritt til å forme ut sine eigne system, tilpassa lokale forhold. Private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12, står fritt til å forme ut eit system som er tilpassa skolen sitt særpreg. Det er ikkje lagt føringar for korleis systemet skal vere, utover det at det er eit krav at systemet for vurdering og resultatoppfølging skal vere forsvarleg. Eit forsvarleg system er eit system som er eigna til å avdekkje eventuelle forhold som er i strid med lov og forskrift, og som sikrar at det blir sett i verk adekvate tiltak der det er nødvendig. Eit forsvarleg system føreset jamleg resultatoppfølging og vurdering av om lovverket blir følgt.

Det er viktig at dei personane som er knytte til skolen (elevane, dei føresette, personalet o.a.), får ta del i gjennomføringa av vurderingar og oppfølginga av resultat som vedkjem dei, jf. kapittel 11 i opplæringslova Organ for brukarmedverknad i skolen og kapittel 9a Elevane sitt skolemiljø.

6.2 Endringar i friskolelova

Til § 3-5 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar:

Føresegna er i samsvar med det som gjeld for elevar frå språklege minoritetar i den offentlege grunnskolen. Departementet viser til merknadene til opplæringslova § 2-8 og til vurderingane frå departementet under punkt 2.9.

Til § 5-2 Styret sine oppgåver:

Den nye føresegna om ansvar for vurdering og resultatoppfølging i frittståande skolar inneber ei presisering av det som er gjeldande frå før.

Det er presisert i føresegna at styret skal sørgje for å ha eit forsvarleg system for å vurdere om krava i lovverket, forskriftene og føresetnadene for godkjenning er oppfylte. I tillegg ligg det føre eit krav om at styret skal sørgje for å ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar.

Styret ved frittståande skolar står fritt til å forme ut eit system som er tilpassa skolen sitt særpreg, jf. også friskolelova § 1-1 første ledd om formålet med lova, og Ot.prp. nr. 33 (2002-2003), der det er presisert at skolar som byggjer på eit livssynsmessig eller pedagogisk alternativ, skal få behalde sin pedagogiske og organisatoriske fridom. Det er ikkje lagt føringar for korleis systemet skal vere, utover det at det er eit krav at systemet for vurdering og resultatoppfølging skal vere forsvarleg. Eit forsvarleg system er eit system som er eigna til å avdekkje eventuelle forhold som er i strid med lovverket m.m., og som sikrar at det blir sett i verk adekvate tiltak der det er nødvendig. Eit forsvarleg system føreset jamleg vurdering og resultatoppfølging av om lovverket m.m. blir følgt.

Det er viktig at dei personane som er knytte til skolen (elevane, dei føresette, personalet o.a.) får ta del i gjennomføringa av vurderingar og oppfølginga av resultat som vedkjem dei, jf. friskolelova kapittel 5 Styrings- og rådsorgan og friskolelova § 2-4 andre ledd om skolemiljøet.

Departementet gjer framlegg om at lovendringane tek til å gjelde frå det tidspunkt Kongen fastset.