Ot.prp. nr. 57 (2004-2005)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

13 Forslag om andre endringar i opplæringslova og friskolelova

13.1 Forslag om endring av opplæringslova § 3-1 sjette ledd

13.1.1 Gjeldande rett

Opplæringslova § 3-1 sjette ledd andre punktum har følgjande ordlyd:

«Søkjarar som etter kapittel 5 i lova har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag av sakkunnig vurdering har særlege behov for eit særskilt grunnkurs, har rett til inntak på dette kurset innanfor ein kvote fastsett av departementet ved forskrift.»

Departementet har gitt reglar om inntak til eit særskilt grunnkurs i forskrifta til opplæringslova.

13.1.2 Høringsutkastet frå departementet

I høringsutkastet viste departementet til at det ikkje er fastsett kvotar knytte til dei enkelte opplæringstilboda. Departementet viste til at sentralt fastsette kvotar vil innebere statleg detaljstyring av inntaket, noko som etter departementet sitt syn ikkje er formålstenleg. Departementet foreslo derfor at heimelen for å fastsetje forskrifter blir endra i samsvar med denne vurderinga. Forslaget inneber ingen endringar i retten til inntak til eit særskilt grunnkurs.

13.1.3 Høringsinstansane

Svært få høringsinstansar har uttalt seg om dette forslaget, men alle som har uttalt seg, sluttar seg til den foreslåtte endringa. Finnmark fylkeskommune uttaler m.a.:

«Retten til å fastsette kvoter har ikke vært benyttet og kan derfor opphøre. Vi ser det også slik at dette utgjør en unødvendig statlig styring på detaljnivå.»

13.1.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår ei lovendring i samsvar med høringsutkastet.

13.2 Forslag om å presisere at departementet er klageinstans for vedtak gjort med heimel i opplæringslova kapittel 9a

13.2.1 Gjeldande rett

Opplæringslova kapittel 9a har reglar om skolemiljøet for elevane. Dersom ein elev eller forelder, eller eit av råda eller utvala ved skolen der desse er representerte, ber om tiltak for å rette på fysiske miljøforhold, skal skolen så snart som mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling i saka, vil det likevel kunne klagast etter reglane i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. Dette følgjer av § 9a-2.

Det same gjeld dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, jf. § 9a-3.

Etter opplæringslova § 15-2 første ledd er departementet klageinstans for alle enkeltvedtak i grunnskolen, med unntak for enkeltvedtak i personalsaker. Det betyr at departementet også er klageinstans for vedtak etter §§ 9a-2 og 9a-3 når det gjeld grunnskolen. Tilsvarande gjeld ikkje for vedtak om skolemiljøet i vidaregåande skolar. Etter forvaltningslova § 28 skal klagar på slike vedtak behandlast av fylkeskommunal klageinstans.

13.2.2 Vurderingar og forslag frå departementet

Etter departementet si vurdering bør det vere same klageinstans som behandlar klagar på skolemiljøet både for grunnskolen og for vidaregåande skole. Departementet foreslår derfor ei endring i opplæringslova § 15-2 som inneber at departementet også skal vere klageinstans for vedtak etter §§ 9a-2 og 9a-3 for vidaregåande skole. Departementet viser til lovutkastet.

13.3 Forslag om endring i friskolelova om høvet for styret til å delegere oppgåver

13.3.1 Gjeldande rett

Etter friskolelova § 5-2 har styret den øvste leiinga av skolen, og dermed ansvaret for at skolen blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Andre ledd i føresegna angir kva for oppgåver styret ikkje kan delegere.

Tredje ledd i § 5-2 lyder:

«Styret skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i gjeldande lover og forskrifter, og føresetnadene for godkjenninga blir oppfylte. Styret skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 7-2 femte ledd.»

13.3.2 Vurderingar og forslag frå departementet

Føresegna i tredje ledd er ny og vart sett i kraft 1. september 2004. Etter departementet si vurdering er systemkrava i tredje ledd av ein slik karakter at styret ikkje bør ha høve til å delegere oppgåver knytte til denne føresegna. Departementet foreslår derfor ei tilføying i § 5-2 som inneber at styret, i tillegg til ikkje å kunne delegere oppgåver etter andre ledd, heller ikkje kan delegere oppgåver etter tredje ledd. Departementet viser elles til lovutkastet.

13.4 Forslag om å presisere at departementet er klageinstans for vedtak gjort etter gjeldande § 5-7 i opplæringslova

13.4.1 Gjeldande rett

Opplæringslova § 15-2 fastset særreglar i forhold til reglane om klageinstans i forvaltningslova § 28. Etter § 15-2 første ledd er departementet klageinstans for enkeltvedtak i grunnskolen. Myndet og oppgåvene til departementet som klageinstans etter § 15-2 er delegert til fylkesmannsembeta, jf. rundskriv F-37/02.

Det går ikkje klart fram av ordlyden i § 15-2 at regelen om statleg klage også gjeld vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter den gjeldande føresegna opplæringslova § 5-7 (som blir § 5-4 i lovutkastet). Det går likevel klart fram av forarbeida, Ot.prp. nr. 46 (1997-98), at § 15-2 første ledd er ei vidareføring av grunnskolelova § 34 nr. 3. Regelen i grunnskolelova § 34 nr. 3 om statleg klage omfatta alle typar enkeltvedtak etter grunnskolelova, deriblant enkeltvedtak om retten til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder.

Det går vidare fram av forarbeida at det ikkje var meininga å endre særreglane for den statlege klageinstansen, heller ikkje når det gjaldt spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder. I merknaden til § 15-2 blir det vist til at departementet tek sikte på at statens utdanningskontor «framleis skal vere statleg klageinstans i opplæringssektoren». I praksis blir også alle klagar som gjeld vedtak om spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder, behandla av fylkesmannsembeta.

13.4.2 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår at det blir presisert i opplæringslova § 15-2 første ledd at departementet er klageinstans for vedtak om spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder.

Departementet viser til lovutkastet og merknadene til dei enkelte føresegnene i kapittel 16.

13.5 Forslag om endring av reglane om skolepengar i friskolelova

Friskolelova vart endra med verknad frå 1. desember 2004. Endringane innebar m.a. at føresegnene om skolar som har til formål å gi vidaregåande yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, vart samla i eit eige kapittel 6A i lova. Føresegnene i kapittel 6A er ei rein vidareføring av det som gjaldt desse skolane før endringslova, slik at opprettinga av eit nytt kapittel 6A ikkje innebar nokon innhaldsmessige endringar. Ved ein inkurie er ei føresegn likevel ikkje kommen med i kapittel 6A. Det gjeld føresegna om at alle offentlege driftstilskott og skolepengar frå elevane skal komme elevane til gode. Denne føresegna, slik ho kjem til uttrykk i § 6-4 første ledd, gjaldt før lovendringa også skolar som no kan godkjennast etter § 6A-1 (§ 2-2 bokstav e) etter den tidlegare lova). Det var ikkje departementet sin intensjon å oppheve føresegna for desse skolane. Departementet foreslår derfor ei endring i § 6A-8 som presiserer at driftstilskottet og elevpengane skal komme elevane til gode. Departementet viser til lovutkastet og til merknaden til føresegna i kapittel 16.

Til forsida