Ot.prp. nr. 59 (2007-2008)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

2 Endringar i reglane for private arbeidsoppdrag i heimen mv.

2.1 Innleiing

For private arbeidsgivarar gjeld det fleire unntak og forenkla ordningar i reglane om arbeidsgivaravgiftsplikt og oppgjer av skattetrekk. Regelverket kan likevel vere vanskeleg å skaffe seg oversikt over, mellom anna fordi det består av fleire forskjellige beløpsgrenser for når dei ulike ordningane kan nyttast. Departementet ønskjer å forenkle reglane på dette feltet slik at dei ulike beløpsgrensene samordnast på ein betre måte. Endringane fører med seg at denne typen oppdrag vil ha ei felles beløpsgrense og blir enklare for private arbeidsgivarar. Endringane kan truleg bidra til å redusere omfanget av svart arbeid i privatmarknaden.

2.2 Auking av grensa for fritak for arbeidsgivaravgift for anna arbeid enn pass av barn under 12 år og barn med særlege behov

Departementet foreslår å auke grensa for fritak for arbeidsgivaravgift frå 50 000 kroner til 60 000 kroner ved anna arbeid i heim og fritidsbustad enn pass av barn som ikkje har fylt 12 år før utgangen av inntektsåret og barn som har særleg behov for omsorg og pleie. Forslaget inneber ei endring i folketrygdlova § 23-2 sjuande ledd andre punktum. Provenyverknaden av endringa er ubetydeleg. Betaling for pass av barn under 12 år og barn med særleg behov er fritatt frå arbeidsgivaravgift.

2.3 Auking av grensa for årleg avrekning av forskotstrekk for anna arbeid enn pass og stell av barn under 12 år og barn med særlege behov

Som hovudregel skal arbeidsgivarar gjere opp forskotstrekk i tomånadlege terminar. Private arbeidsgivarar, som betalar lønn for pass av barn under 12 år eller barn som har særleg behov for pleie og omsorg, kan gjere opp forskotstrekket ein gong i året (årleg oppgjer) når lønnsutbetalingane ikkje går over 60 000 kroner. For alt anna privat arbeid er grensa for å nytte årleg oppgjersordning 30 000 kroner. Departementet foreslår å auke denne grensa til 60 000 kroner. Endringa vil bli fastset i forskrift når grensa for fritak for arbeidsgivaravgift er auka.

2.4 Auking av grensa for forenkla oppgjersordning

Som eit alternativ til hovudregelen om terminvise oppgjer og den forenkla ordninga med årlege oppgjer, kan private arbeidsgivarar nytte ei anna forenkla oppgjersordning. Denne ordninga går ut på at arbeidsgivaren skal gi melding om og betale inn forskotstrekket til skatteoppkrevjaren samtidig med kvar enkelt lønnsutbetaling. Ved å nytte denne ordninga treng arbeidsgivaren ikkje opprette skattetrekkskonto og skaffe seg organisasjonsnummer. Departementet foreslår av forenklingsomsyn å auke grensa for når ein kan nytte forenkla oppgjersordning frå 50 000 kroner til 60 000 kroner. Endringa vil framgå av forskrift når grensa for fritak for arbeidsgivaravgift er auka.

Til forsida