Ot.prp. nr. 59 (2007-2008)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

7 Endringar i likningslova for fiske- og fangstnæringa

7.1 Innleiing

Finansdepartementet foreslår ein heimel for å påleggje fiskesalslaga ukravd innrapportering til likningsstyresmaktene. Auka innsats for fastsetjing av riktig skattegrunnlag hos næringsdrivande er ei prioritert oppgåve for skatteetaten. Eit viktig verkemiddel i samband med dette er tiltak som effektiviserar kontrollarbeidet. Innrapportering frå fiskesalslaga vil mellom anna kunne bidra til å avdekke inntekt som ikkje er oppgitt, samt kunne forventast å ha ein preventiv effekt når det gjeld å hindre svart omsetning i fiskenæringa. Forslaget blir nærare omtalt under punkt 7.2.

Vidare blir det foreslått lovheimel for likningsstyresmaktene til påleggje gebyr ved for seint eller ikkje innleverte lønns- og trekkoppgåver i fiske- og fangstnæringa. Likningsstyresmaktene kan påleggje gebyr etter likningslova § 10-8 ved for seint eller ikkje innlevert lønns- og trekkoppgåve med frist 31. januar året etter inntektståret. Da fiske- og fangstnæringa har ein avvikande innleveringsfrist (20. februar), er det antatt at likningsstyresmaktene ikkje kan påleggje gebyr til arbeidsgivarar innan fiske- og fangstverksemd. Det er ikkje tilsikta at fiske- og fangstnæringa skal ha særlege reglar på dette området. § 10-8 blir derfor foreslått endra, slik at òg denne næringa blir omfatta av gebyrordninga. Forslaget blir nærare omtalt under punkt 7.3.

7.1.1 Høyring

Forslaga har vore sendt på felles høyring. Høyringsnotatet blei sendt til 32 organisasjonar og instansar. Departementet har fått høyringsfråsegn frå desse 18 instansane:

  • NTL-Skatt

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Skattebetalerforeningen

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Den norske Revisorforening

  • Datatilsynet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Fiskesalgslagenes Samarbeidsråd

  • Justis- og politidepartementet

  • Norges Fiskarlag

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

  • Norsk Sjømannsforbund

  • Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Landsbruks- og matdepartementet

  • Næringslivets hovedorganisasjon (NHO)

  • Nordland fylkes fiskarlag

  • Skattedirektoratet

Desse høyringsinstansane har uttalt at dei ikkje har merknader til forslaga:

  • Justis- og politidepartementet

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Skattebetalerforeningen

  • Den norske Revisorforening

  • Norsk Sjømannsforbund

  • Landsbruks- og matdepartementet

  • Næringslivets hovedorganisasjon (NHO)

Merknadene frå høyringsinstansane blir drøfta nedanfor i samband med behandlinga av dei enkelte forslaga.

7.2 Innrapportering frå fiskesalslaga

7.2.1 Innleiing

Finansdepartementet foreslår ein heimel for å påleggje fiskesalslaga ukravd opplysningsplikt til likningsstyresmaktene om verdien av all omsetning av råfisk som i første hand er omsett eller godkjent omsett gjennom salsorganisasjonen. Heimelen blir foreslått tatt inn i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven) § 6-3 nr. 7. Noverande nr. 7 og 8 blir endra til nr. 8 og 9.

7.2.2 Bakgrunn

Fiskerinæringa er ei viktig næring i Noreg og blant dei største eksportnæringane i landet. I enkelte fylker er fiskerinæringa den største og viktigaste næringa. Samla omsetningsverdi av fisk i 2007 ser ut til å bli over 12 milliardar kroner.

Skatteetaten danna for nokre år sidan «Fiskeriprosjektet», der hovudformålet var «å skaffe etaten grunnlag for å oppnå korrekt formell og materiell oppgavekvalitet i fiskerinæringen». Prosjektet har vore eit regionalt samarbeid med deltakarar frå fylkesskattekontora i Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal, og sluttrapporten blei levert i desember 2002. I rapporten er det tilrådd å innføre ukravd opplysningsplikt for omsetning av fisk som går gjennom fiskesalslag. Ein føresetnad for dette tiltaket er ei lovendring og ei nærare regulering av oppgåveplikta i forskrift.

Innføring av ukravd opplysningsplikt blei enda meir aktuelt da forskrift 26. oktober 1956 nr. 1 om trekk i salgsoppgjør ved fiske og fangstvirksomhet (sikringstrekk), blei oppheva frå 1. januar 2001 (jf. forskrift 21. desember 2000 nr. 1564). Ordninga med sikringstrekk innebar at organisasjonar for omsetning av fisk og fangst skulle sørgje for at ein prosentdel av oppgjeret for salet blei satt av til dekning av skatt (sikringstrekk). Da desse reglane blei oppheva, mista likningsstyresmaktene høvet til å føre ein viss kontroll med dei som dreiv omsetning av fangsten gjennom salslaga. All førstehandsomsetning av fanga fisk som er omfatta av lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk (råfisklova), skal skje gjennom eller med godkjenning av godkjent salsorganisasjon (fiskesalslag). Det er i dag seks fiskesalslag, som fiskarane sjølv eig og driv. Desse har gjennom råfisklova einerett til førstehandomsetning av fisk innafor sine respektive område langs kysten.

7.2.3 Høyring

Forslag om innføring av heimel til å påleggje ukravd opplysningsplikt for fiskesalslaga blei sendt på høyring 25. juni 2007. I høyringsnotatet blei det mellom anna vist til at kontrolloppgåver frå salslaga vil være ein teneleg reiskap for å nå målsetjinga om avdekking av inntekt som ikkje er oppgitt. Oppgåvene kan òg bli nytta ved kontroll mot årsoppgåva for meirverdeavgift og ved fastsetjing av skjønn i dei tilfella skattytaren ikkje har levert oppgåve. Vidare vil opplysningane vere formålstenelege for å vurdera om skattytar har tilstrekkeleg aktivitet til å oppnå særskilt frådrag for fiskarar etter skattelova § 6-60. Likningsstyresmaktene vil også kunne bruke opplysningane til å avdekke om skattytarar driv verksemd utan at dette blir oppgitt til likningsstyresmaktene. Det blei også vist til at oppgåveplikt for salslaga antakeleg vil ha ein preventiv effekt når det gjeld å hindre svart omsetning. På lengre sikt vil opplysningane også kunne brukast i samband med førehandsutfylling av sjølvmelding for næringsdrivande.

LO og NTL støttar forslaget. Fiskeri- og havbruksnæringen (FHL) uttalar at dei som prinsipp er motstandar av at organisasjonane som har monopol på førstehandsomsetning av fisk etter råfisklova får fleire oppgåver. Men FHL gir uttrykk for støtte til ordningar som er naudsynte for å avdekke tilhøve som er i strid med norsk lov. Fiskeridepartementet har ingen merknader, men sendte over fråsegn frå Fiskeridirektoratet. Fiskeridirektoratet finn det rett at informasjonen salslaga har om omsetning av fisk, kommer skatte- og likningsetaten til gode. Direktoratet meiner også at salslaga er godt skodde for å innrapportere som foreslått, og at dei vil gjere det på ein god måte. Fiskeridirektoratet minner jamvel om den store utfordringa det inneber at fisk blir halde utanom registrering. Skattedirektoratet vil vere ansvarleg for å leggje til rette for eit system for innrapportering og kvalitetskontroll. Dei viser til at kostnadane ved etablering vil vere minimale i høve til den skatte- og kontrollmessige nytteverdien av ei slik løysing. Dei administrative kostnadane vil for det meste kome til i samband med oppstartsfasen og innrapporteringa det første året. Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) har enkelte merknader til gjennomføringa av sjølve innrapporteringa. Nordland fylkes fiskarlag går i mot forslaget om nye reglar for innrapporteringa frå fiskesalslaga. Norges Fiskarlag meiner forslaget er lite konkret med omsyn til korleis opplysningar frå salslaga skal nyttast som ein teneleg reiskap ved likninga, og visar til at næringa består av både båteigarar og lott- og prosentfiskarar. Fiskarlaget kan sjå at innrapportering frå salslaga kan gi nyttig informasjon til likningsstyresmaktene når det gjeld intensjonen i forslaget om betre kontroll av liknings- og årsoppgåve for meirverdeavgift for fartøyet og avdekking av verksemd som ikkje er oppgitt til likningsstyresmaktene. Norges Fiskarlag peiker på generelt grunnlag på at det er viktig at styresmaktene i einkvar samanheng prøver å effektivisere og redusere dei ulike informasjonskrav som næringslivet blir pålagd. Datatilsynet viser til at elektronisk innrapportering av opplysningar om næringsdrivande må skje utan bruk av fødselsnummer. Fiskesalgslagenes Samarbeidsråd tar forslaget om innføring av innrapporteringsplikt til etterretning, men har ein del kommentarar til høyringsnotatet. Samarbeidsrådet ber om avklaring på om all omsetning av råfisk i første hand betyr at omsetning frå utanlandske fartøy skal vere omfatta av opplysningsplikta. Vidare stillast det spørsmål ved om omgrepet «kontrolloppgaver» i likningslova § 6-16 bokstav c er hensiktsmessig. Fiskesalgslagenes Samarbeidsråd peiker også på at innrapportering vil føre til systemtekniske, driftsmessige og administrative kostnadar for salslaga.

7.2.4 Vurderingar frå departementet

Auka innsats for fastsetjing av riktig skattegrunnlag hos næringsdrivande er ei prioritert oppgåve i skatteetaten. Eit viktig verkemiddel i samband med dette er tiltak for meir effektivt kontrollarbeid. Likningslova er basert på at den einskilde skattytar uoppmoda skal gi nærare angitte opplysningar til likningsstyresmaktene (sjølvmeldingsprinsippet). Erfaringane viser at opplysningane som skattytar gir i sjølvmeldinga, ikkje alltid gir eit tilstrekkeleg grunnlag for rett fastsetjing av formue og inntekt. Dette er bakgrunnen for at likningslova i atskillig utstrekning pålegg ulike tredjemenn å gi opplysningar om andre sine formues- og inntektstilhøve.

Kontrolloppgåver frå fiskesalslaga vil kunne bidra til å avdekke inntekt som ikkje er oppgitt. Tilhøva i fiskerinæringa ligg til rette for ei slik oppgåveplikt. All fisk som blir omfatta av råfisklova skal omsetjast gjennom eller med godkjenning av godkjent salsorganisasjon (fiskesalslag). Kontrolloppgåvene skal gis i samband med omsetning i første ledd av råstoff (landa fisk), som deretter blir selt vidare og blir foredla i mange ledd fram til forbrukar. Rapportering av omsetning til skattestyresmaktene vil kunne ha stor preventiv effekt og leie til rett skatt og avgift i fiskerinæringa, etter mønster av den innrapporteringsordninga som har eksistert i landbruksnæringa i mange år. Dette kan bli ein ny giv for å få oversikt over marknaden og kontroll på førstehandsomsetninga i fisket. Dette vil igjen gjere det vanskelegare å drive med svart omsetning utanfor skatte- og avgiftsstyresmaktene sin kontroll. Kontrolloppgåver frå fiskesalslaga vil mellom anna kunne brukast til skjønnsfastsetjing av omsetning og avdekking av avvik mellom påstanden til skattytaren og reell omsetning via fiskasalslaga. Kontrolloppgåvene vil også kunne avdekke einingar som omsetter gjennom fiskesalslag, men som ikkje er registrert i meirverdeavgiftsregisteret. Opplysningane i kontrolloppgåvene vil også kunne vere formålstenelege for å vurdere om skattytar har tilstrekkeleg aktivitet for å oppnå særskilt frådrag for fiskarar etter skattelova § 6-60.

Ein stor del av tredjemannsopplysningane som leverast ukravd etter likningslova kapittel 6 har dei siste åra gått frå å vere kontrolloppgåver til å danne grunnlag for skatteetaten si førehandsutfylte sjølvmelding. Når det gjeld innrapporteringane frå fiskesalslaga, ønskjer skatteetaten å vurdere preutfylling av sjølvmeldinga for næringsdrivande når kvaliteten på kontrolloppgåvene er god nok. Sjølve innrapporteringa vil i hovudsak vere knytt til organisasjonsnummer, og vil som for andre næringar følgje skatteetatens krav til personvern og tryggleik.

Forslaget går ut på at godkjent salsorganisasjon ukravd skal gi opplysningar om all omsetning av råfisk som i førstehand er omsett eller godkjent omsett gjennom salsorganisasjon. Så lenge omsetninga skjer gjennom salslaga, er det ikkje noko skilje mellom norske og utanlandske næringsdrivande. Det vil seie at også omsetning av fisk frå utanlandske fartøy i utgangspunktet skal innrapporterast.

7.2.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget inneber at fiskesalslaga må innrette verksemda si slik at dei kan foreta maskinell innrapportering. Innrapporteringa vil medføre systemtekniske, driftsmessige og administrative konsekvensar for salslaga. Desse laga har likevel allereie omfattande oversikt over innrapportert omsetning, samt system for elektronisk innrapportering frå produsent til fiskesalslag. Informasjon om all fisk som omsetjast i Noreg blir dessutan formidla vidare til Fiskeridirektoratet, og dannar grunnlag for kvotekontroll og statistikk. Departementet legg til grunn at dette gir gode føresetnader for å tilpasse informasjon og rapportering frå fiskesalslaga til likningsstyresmaktene. Innføring av ukravd opplysningsplikt for salslaga vil føre til at den enkelte næringsdrivande som handlar med salslaga i større grad får klarlagt sine eigne omsetningstilhøve ovanfor likningsstyresmaktene. Det er usikkert kva for provenymessige verknader dette vil ha, men det vil klårt forenkle kontrollarbeidet for likningsstyresmaktene.

Forslaget inneber at skatteetaten vil få kontrollopplysningar frå eit nytt næringsområde. Dette vil først og fremst medføre kostnader i samband med etableringa av systemet i etaten. Kostnadene ved etablering vil vere minimale i høve til den skatte- og kontrollmessige nytteverdien ein slik løysing vil gi. I tillegg til utvikling av sjølve systemet, kjem kostnader til utarbeiding av informasjonsmateriell og oppfølging av oppgåvepliktige, først og fremst i samband med oppstartsfasen og innrapporteringa det første året.

7.2.6 Forslag frå departementet

Departementet foreslår ein heimel for å påleggje fiskesalslaga ukravd opplysningsplikt om verdien av all omsetning av råfisk som i første hand er omsett eller godkjent omsett gjennom salsorganisasjon. Ettersom fiskerinæringa må betraktast som ei eiga næring, foreslår ein at føresegna om opplysningsplikt for fiskesalslaga blir teke inn som nr. 7 i likningslova § 6-3. Noverande nr. 7 og 8 blir endra til nr. 8 og 9. Ein viser til forslag til endringar i likningslova § 6-3. Den nærare reguleringa av oppgåveplikta for fiskesalslaga blir fastsett i forskrift med heimel i likningslova § 6-16. Ein foreslår at likningslova § 6-16 c blir endra slik at likningsstyresmaktene får heimel til å krevje opplysningane i maskinleseleg form. Ein viser til forslag til endringar i likningslova § 6-16 c. Det blir lagd opp til at fristen for innrapportering blir sett til 31. januar året etter inntektsåret.

Endringane blir foreslått å tre i kraft straks, men med verknad først for innrapportering av omsetning i 2009. Dei første innrapporteringane frå salslaga skal da sendast inn innan 31. januar 2010. Dette gir salslaga og skatteetaten god tid til å planleggje og iverksetje den nye innrapporteringsordninga.

7.3 Gebyr ved for seint eller ikkje innlevert lønns- og trekkoppgåve innan fiske- og fangstverksemd

7.3.1 Innleiing

Finansdepartementet foreslår endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven) § 10-8. Arbeidsgivarar innan fiske- og fangstverksemd skal levere lønns- og trekkoppgåver innan 20. februar året etter inntektsåret, jf. § 5 fjerde ledd i forskrift 19. desember 1986 nr. 2229 etter likningslova. Likningsstyresmaktene kan påleggje gebyr ved for seint eller ikkje innleverte lønns- og trekkoppgåver for oppgåver som har leveringsfrist innan 31. januar, jf. likningslova § 10-8 nr. 1 første punktum. Ein har difor lagt til grunn at likningsstyresmaktene ikkje har hatt heimel til å påleggje gebyr til arbeidsgivarar innan fiske- og fangstverksemd. Departementet foreslår å endre fristen «innen 31. januar» til «innen de fastsatte frister». Dette vil føre til at også arbeidsgivarar innan fiske og fangst kan bli pålagd gebyr ved for seint eller ikkje leverte lønns- og trekkoppgåver.

7.3.2 Bakgrunn for forslaget

Det har ikkje vore tilsikta at det for fiske- og fangstnæringa skal gjelde særlege reglar på dette området. Når dette likevel er blitt situasjonen, har dette truleg si årsak i at likningslova § 10-8 med tilhørande forskrifter ikkje blei oppdatert da føresegna om forlenging av innleveringsfristen til 20. februar for fiske- og fangstnæringa i 2001 blei tatt inn i forskrift 19. desember 1986 nr. 2229 om hvor og når lønnsoppgave mv. skal leveres § 5 fjerde ledd.

7.3.3 Høyring

Forslag om innføring av gebyr ved for seint eller ikkje innlevert lønns- og trekkoppgåve innan fiske- og fangstverksemd blei sendt på høyring 25. juni 2007. I høyringsnotatet er det vist til at formålet med likningslova § 10-8 og gebyrforskrifta er å ha eit effektivt sanksjonsmiddel for å få inn oppgåver i tide og med korrekte opplysningar. Dette må gjelde uavhengig av kven som er oppgåvegivar, slik at også arbeidsgivarar i fiske og fangst bør kom inn under gebyrordninga ved for sein levering. Dagens avvikande løysing har ikkje vore tilsikta.

Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, Fiskeri- og kystdepartementet, Skattedirektoratet og Datatilsynet hadde ingen merknader til høyringa. NTL-Skatt og LO støttar forslaget. Nordland fylkes fiskarlag går i mot forslaget, men har ingen konkrete innvendingar. Fiskesalgslagenes Samarbeidsråd gjer merksam på at det kan oppstå tidsavvik mellom opplysningar frå salslaga og innrapporteringa frå fiskarane. Salslaga vil ved til dømes korreksjon rapportere inn korreksjonen på eit anna inntektsår enn det fiskarane rapporterer inn. Norges fiskarlag meiner at fristen for innlevering av oppgåvene ikkje bør endrast frå 20. februar til 31. januar. Det blir ikkje foreslått endring av denne innleveringsfristen.

7.3.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Formålet med å påleggje gebyr er å ha eit effektivt sanksjonsmiddel for å få inn oppgåver i tide og med korrekte opplysningar. Dette må gjelde uavhengig av kven som er oppgåvegivar. Som vist til i høyringsnotat er det ikkje tilsikta at fiske- og fangstnæringa skal ha særlege reglar på dette området. Sjølve oppgåveplikta er gamal også i denne næringa. Levering til rett tid er viktig mellom anna for at opplysningane skal kome med i førehandsutfylt sjølvmelding til dei lønstakarane som oppgåvene gjeld. Departementet foreslår difor at likningslova § 10-8 endrast slik at likningsstyresmaktene kan påleggje gebyr også ved for seint eller ikkje levert oppgåve frå arbeidsgivarar i fiske- og fangstverksemd. Fiske- og fangstnæringa vil dermed bli omfatta av den eksisterande gebyrordninga som gjeld for andre næringar.

Finansdepartementet er klar over at omgrepet «gebyr» ikkje er heilt treffande i denne samanheng. Departementet tar sikte på å gå gjennom skatte- og avgiftslovgivinga for å sjå på moglegheita til å utarbeide ein meir einsarta og hensiktsmessig omgrepsbruk når det gjeld reaksjonar for mellom anna for seint eller ikkje leverte oppgåver.

7.3.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil ha monalege økonomiske og administrative konsekvensar.

Til forsida