Ot.prp. nr. 61 (1998-99)

Om lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Næringslovutvalet

Næringslovutvalet blei oppnemnt av Regjeringa i februar 1990. Mandatet til utvalet var å gå gjennom den lovgivinga som verkar inn på moglegheitene for næringsutvikling, og å fremme forslag til forenklingar og andre endringar som kan stimulere til auka næringsaktivitet. Målsetjinga for arbeidet er å få til eit vel fungerande regelverk som legg til rette for auka effektivitet og produktivitet i næringslivet og dermed betre konkurranseevne.

2.2 Forslaget frå Næringslovutvalet

Bakgrunnen for forslaget frå Næringslovutvalet om å oppheve fleire av lovføresegnene i handelslova var den gjennomgangen som utvalet hadde gjort av dei omsyna som ligg til grunn for lova. Næringslovutvalet meiner at ingen av desse omsyna bak reglane i handelslova om oppsøkjande handel utanom fast utsalsstad overfor forbrukar lenger er tilstrekkelege til å oppretthalde dagens restriksjonar for denne forma for handelsverksemd.

Vidare fann Næringslovutvalet at fleire av reglane i dagens handelslov var utan reelt innhald, eller at dei forholda som reglane regulerer er regulerte eller kan regulerast gjennom andre heimlar, og dermed er overflødige. Dette gjeld spesielt reglane om registrering, handelsrett og om torghandel.

Samstundes meiner Næringslovutvalet at det framleis er nødvendig med restriksjonar for handelen med brukte og kasserte ting, og foreslår derfor at desse reglane blir haldne oppe.

2.3 Høring

Forslaget frå Næringslovutvalet blei sendt på høring frå Nærings- og handelsdepartementet den 10. oktober 1997 til desse institusjonane og organisasjonane:

  • alle departement

  • alle fylkesmenn

  • Kommunenes Sentralforbund

  • politikamra i Bergen, Kristiansand, Oslo, Stavanger, Tromsø og Trondheim

  • Dagligvareforbundet

  • Forbrukersamvirket

  • Hakon-Gruppen AS

  • Handel- og kontor i Noreg

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)

  • Landsorganisasjonen i Noreg (LO)

  • Norgesdetalj/Norgesgruppen

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Reitangruppen

Høringsinstansane blei bedne om å ta opp lovendringsforslaget med underliggjande etatar, organisasjonar og andre det vedkjem. Departementet har såleis òg teke imot høringssvar frå desse etatane:

  • Kvam herad

  • Sveio kommune

  • Tysnes kommune

  • Forbrukarrådet

  • Konkurransetilsynet

  • Konkursrådet

Høringsfristen blei sett til den 1. februar 1998.

Departementet har fått desse høringssvara:

Finans- og tolldepartementet, Fiskeridepartementet, Forsvarsdepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kommunal- og arbeidsdepartementet, Landbruksdepartementet, Miljøverndepartementet, Sosial- og helsedepartementet, Utanriksdepartementet, Fylkesmannen i Finnmark, Fylkesmannen i Oppland og Kvam herad har ikkje vesentlege merknader til lovendringsforslaget.

Justisdepartementet, Planleggings- og samordningsdepartementet, Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Vest-Agder, Fylkesmannen i Vestfold, Fylkesmannen i Østfold, Sveio kommune, Tysnes kommune, politimeisteren i Kristiansand, politimeisteren i Oslo, politimeisteren i Stavanger, politimeisteren i Troms, Dagligvareforbundet, Forbrukarrådet, Forbrukersamvirket, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Konkursrådet, Konkurransetilsynet, Landsorganisasjonen i Noreg, Næringslivets Hovedorganisasjon og Rema 1000 Norge AShar alle hatt merknader til lovforslaget. Dei viktigaste merknadene blir kommenterte nedanfor under dei relevante punkta.

Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdsledepartementet, politimeisteren i Bergen, politimeisteren i Trondheim, Fylkesmannen i Aust-Agder, Fylkesmannen i Buskerud, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Nordland, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Fylkesmannen i Telemark, Fylkesmannen i Troms og Handel og kontor i Noreghar ikkje svara på høringsbrevet.

Kommunenes Sentralforbund ønskjer ikkje å gi noko høringssvar.

Når det gjeld forslaget om å oppheve reglane om handelsrett blei dette sendt på ny høring 21. desember 1998 til dei same høringsinstansane som i den første høringsrunden. I kapittel 6 vert det gjort nærare greie for bakgrunnen for dette, og dei høringsvara som kom inn.

2.4 Utkast til lovproposisjon

Utkast til lovproposisjon har vore lagt fram for alle departementa.

Vidare har proposisjonsutkastet vore til lovteknisk gjennomgang i Justisdepartementet (Lovavdelinga). Nærings- og handelsdepartementet har i all hovudsak teke omsyn til merknadene frå Justisdepartementet.

Til forsida