Ot.prp. nr. 61 (1998-99)

Om lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova)

Til innhaldsliste

4 Oppheving av reglane om torghandel

4.1 Gjeldande rett, § 3-2 fjerde ledd

Handelslova § 3-2 fjerde ledd gir kommunen heimel til å regulere handel utanom fast utsalsstad til forbrukar som foregår frå salshallar, torg, gater, bryggjer og andre offentlege stader. For å regulere denne forma for handel kan kommunen fastsetje forskrifter. Desse forskriftene må likevel ikkje vere i strid med lokale politivedtekter, anna regulering eller eigedomsretten til grunneigaren.

Forskriftene vil blant anna kunne ha reglar om meldeplikt til torgadministrasjonen eller ein annan kommunal etat eller politiet, plasstildeling, salstider, ordensreglar osv. Den reguleringa som kommunen kan gjere etter lovføresegna, må ha sin grunn i at det ut frå politi-, ordens- eller trafikkomsyn er behov for ei regulering. Desse omsyna kan tilseie at varesortimentet for desse salsformene bør avgrensast. Plassomsyn kan tilseie at til dømes torghandel gjeld berre dei tradisjonelle torgsalsprodukta. Trafikk- og ordensomsyn kan tilseie at varespekteret for gatesal bør avgrensast. Dernest kan helse- og hygieneomsyn tilseie at salet av nærings- og nytingsmiddel frå slike meir eller mindre provisoriske salsstader bør avgrensast.

4.2 Næringslovutvalets forslag

Næringslovutvalet ser at kommunen kan ha behov for å ha kontroll med sal frå torg osv, men utvalet meiner at dei omsyna som denne forskriftsheimelen skal ta vare på, er dekte gjennom anna lovgiving. Dei kommunale politivedtektene, opningstidsforskriftene, næringsmiddellovgivinga og reguleringsregimet under plan- og bygningslova i kombinasjon med kommunen sin private autonomi som grunneigar, burde vere tilstrekkeleg heimelsgrunnlag for å regulere denne typen handel. Næringslovutvalet foreslår derfor å oppheve denne lovføresegna.

4.3 Høringsinstansane sitt syn

Politimeisteren i Kristiansand, politimeisteren i Oslo, politimeisteren i Stavangerog NHO støttar framlegget. Dei andre høringsinstansane har ikkje hatt merknader til det. Politimeisteren i Oslo peikar òg på at politiet med heimel i politilova (lov av 4. august 1995 nr 53) § 14 første ledd nr 6 kan regulere næringsverksemd på offentleg stad som ikkje fell inn under reguleringa i andre lover.

4.4 Departementets vurdering

Nærings- og handelsdepartementetmeiner at reglar som blir gitt etter denne lovføresegna generelt, bør vere samordna med lokale politivedtekter, næringsmiddellovgivinga mv.

Departementetser òg klart at kommunen må kunne kontrollere og regulere denne forma for handelsverksemd. Men vi er samde med Næringslovutvalet og høringsinstansane i at kommunane kan sikre desse omsyna gjennom anna lovgiving, til dømes dei kommunale politivedtektene og næringsmiddellovgivinga. Utgreiinga ovanfor om høvet til å regulere torghandelen viser etter departementet sitt syn òg at anna lovgiving i tilstrekkeleg grad vil sikre dei same omsyna som § 3-2 fjerde ledd er meint å sikre. Det tilseier at lovføresegna er overflødig, og at det ikkje er gode nok grunnar til å halde på henne ettersom det bruksområdet som ikkje blir dekt av noko anna regelverk under alle omstende synest å vere svært lite. I denne samanhengen vil vi trekkje fram at ingen av høringsinstansane har gitt uttrykk for å vere usamde i at reglane for torghandel blir oppheva. I den kontakten Nærings- og handelsdepartementet har hatt med fylkesmennene, som skal stadfeste dei kommunale forskriftene, har vi sett døme på at kommunar har lagt fram forskrifter som blant anna har hatt som føremål å verne den stadbundne handelen mot konkurranse utanfrå. Det er ikkje i samsvar med dei omsyna som er nemnde ovanfor, og har heller ikkje vore tilsikta med § 3-2 fjerde ledd.

Nærings- og handelsdepartementetgjer på denne bakgrunn framlegg om å oppheve lovføresegna om torghandel.

Til forsida