Ot.prp. nr. 61 (1998-99)

Om lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova)

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei enkelte paragrafane

Framlegget frå Nærings- og handelsdepartementet inneber at heile kapittel 2 og 3 vert oppheva. Som nemnt fører dette til at ein berre står att med reglane om handelsverksemd med brukte og kasserte ting. Av denne grunn er det formålstenleg at gjeldande reglar blir vidareført i ei ny lov i staden for ei endring av gjeldande handelslov.

Sidan lova berre vil innehalde få paragrafar er det etter departementet sitt syn ikkje trong for ei kapittelinndeling, men likevel slik at kvar paragraf får ei overskrift som fortel kva paragrafen omhandlar.

Til § 1

Første ledd er ei vidareføring av handelslova § 1-1 første ledd, men slik at det går fram at lova gjeld handel i næring med brukte og kasserte ting (handelverksemd). Andre ledd er vidareført frå handelslova § 1-1 andre ledd, medan § 1-1 tredje og fjerde ledd blir oppheva.

Tredje ledd om at handelsverksemd skal drivast i samsvar med god forretningsskikk er vidareført frå handelslova § 1-3 andre ledd

I fjerde ledd er formålet med løyveordninga teken inn. Sidan lova berre vil ha reglar for handel med brukte og kasserte ting, vil det vere formålstenleg at formålet med reglane for brukthandel òg blir tatt inn i lova, ikkje berre i forskriftene.

Dei andre føresegnene i handelslova kapittel 1 blir ikkje vidareført då dei refererer seg til dei reglane som blir oppheva.

Til § 2

Føresegna er ei vidareføring av reglane i handelslova § 4-1, med dei endringar som er nødvendige blant anna i høve til at handelslova kapittel 2 blir oppheva.

Til § 3

Føresegna er ei direkte vidareføring av § 4-2 i handelslova.

Til § 4

Føresegna er ei direkte vidareføring av § 4-3 i handelslova. Det er gjort mindre språklege endringar.

Til § 5

Føresegna er ei direkte vidareføring av handelslova § 5-1.

Til § 6

Departementet foreslår i § 6 første ledd at lova tek til å gjelde frå den tida Kongen bestemmer. Frå samme tidspunkt blir handelslova av 1980 oppheva.

I andre ledd blir det presisert at brukthandelløyve som er gitt i medhald av handelslova av 1980 fortsatt skal gjelde. Dette vil òg gjelde eventuelle løyve som er gitt med heimel i handelslova av 1935 § 102, jfr. gjeldande regel i § 6-1 tredje ledd. Det er ikkje meininga at dei som har slike gamle løyve og som fortsatt driv verksemd skal måtte søkje på nytt.

Til § 7

På grunn av at kapittel 2 om vilkåra for handelsrett er foreslått oppheva, må det gjerast ei endring i alkohollova § 3-1 andre ledd, og i våpenlova § 17 første ledd. Begge føresegnene syner til omgrepet handelsrett i handelslova.

Elles fører ikkje opphevinga av handelslova eller den nye lova til noko behov for overgangsføresegner.

Til forsida