Ot.prp. nr. 61 (2002-2003)

Om lov om endringar i rettsgebyrloven mv. og i selskapslovgivinga (kunngjeringsreglar)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Generelt om Brønnøysundregistra

Det første registeret som vart oppretta i Brønnøysund, var Lausøyreregisteret (1981), som i hovudsak er eit rettsvernsregister for tinglysing av fordringar, ektepakter, o.a. Brukarane av dette registeret er i første rekkje næringsdrivande og kreditorar i samband med rettsvern for varelagerpant, driftstilhøyrslepant og liknande, men registeret yter òg tenester til privatpersonar, særleg i samband med salspant i motorvogn og tinglysing av ektepakter.

Rekneskapsregisteret (1981) si oppgåve er å ta imot årsrekneskapane frå dei som er innsendingspliktige etter rekneskapslova, og gjere dei tilgjengelege for allmenta. Informasjonen frå registeret blir brukt av kredittopplysningsinstitusjonar, bankar og næringsdrivande som ønskjer rekneskapsinformasjon om forretningskontaktane sine. Sidan 1993 har registeret lagra dei innsende årsrekneskapane elektronisk. I november 2002 vart meir enn 1,3 millionar årsrekneskapar gjorde tilgjengelege på Internett. I samarbeid med Skattedirektoratet og Statistisk Sentralbyrå er det utvikla ei løysing for elektronisk innsending av mellom anna årsrekneskapane.

I 1988 vart all registrering av næringsdrivande samla i Føretaksregisteret. Dette erstatta dei tidlegare lokale handelsregistra. Registeret har ansvar for registrering av alle norske og utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg, med unntak av ein del enkeltpersonføretak. Registeret skal sikre rettsvern og økonomisk oversikt, og er ei viktig kjelde for alle som treng korrekte opplysningar om aktørane i norsk næringsliv.

Konkursregisteret (1993) inneheld opplysningar om konkursbu og tvangsavviklingsbu. Registeret inneheld sentrale opplysningar om kvart enkelt bu, mellom anna kven som har vore dagleg leiar, styreleiar og revisor i eit konkursramma føretak, og om styreleiaren eller dagleg leiar har roller i andre føretak på tidspunktet for konkursopninga. Konkursregisteret kan også gi opplysningar om nokon er ilagd konkurskarantene og innført i Konkurskaranteneregisteret (1991).

Einingsregisteret (1995) er eit register som inneheld grunndata om einingar som har registreringsplikt i Arbeidsgivarregisteret, Meirverdiavgiftsmanntalet, Føretaksregisteret, Skattemanntalet for etterskotspliktige skatteytarar, fylkesmannsregistra over stiftingar og Statistisk Sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister. Registeret samordnar opplysningar som finst om næringslivet og andre juridiske personar, og tildeler organisasjonsnummer til einingane, og er gjennom dette eit viktig verktøy for vidare forenklingsarbeid for næringslivet.

Oppgåveregisteret (1997) si hovudoppgåve er å halde jamleg oversikt over næringslivet sine oppgåveplikter til det offentlege, og finne moglegheiter til samordning og forenkling. Målet er å lette næringslivet sine byrder knytt til innrapporteringsplikter.

European Business Register (EBR) (1999) er eit europeisk nettverk for utveksling av føretaksopplysningar, og Brønnøysundregistra er med i dette nettverket. EBR gjer offisiell informasjon om europeiske føretak tilgjengeleg via Internett. Med ein stadig større auke i handelen over grensene har korrekt og lett tilgjengeleg informasjon om utanlandske føretak vorte stadig viktigare.

Utover dette inneheld Brønnøysundregistra også ein del andre mindre register, knytte til konkrete forvaltningsområde, m.a. Lotteriregisteret, Jegerregisteret og Reservasjonsregisteret.

2.2 Behovet for endringar

Dei siste åra har gebyra ved Brønnøysundregistra fleire gonger vorte utsette for kritikk frå næringsorganisasjonar, politikarar og media. Kritikken har i første rekkje gått på at gebyra ved registra er så høge at Brønnøysundregistra totalt sett går med «overskot». For 2001 og 2002 var «overskotet» på ca. 150 millionar kroner. Ei brukarundersøking som vart gjennomført våren 2000, viste også at mens registra generelt skåra høgt med omsyn til pålitelege opplysningar og service, var brukarane ikkje nøgde med gebyr- og prisnivå.

I budsjettproposisjonen for 2002 vart det orientert om at Nærings- og handelsdepartementet ville kome tilbake til ei samla vurdering av gebyrpolitikken for Brønnøysundregistra i statsbudsjettet for 2003. I statsbudsjettet vart det gitt ei generell framstilling av dei problemstillingane det blir arbeidd med, og vist til at saka skulle sendast på høyring same haust.

Høyringa vart gjennomført i perioden desember 2002 til februar 2003. I tillegg til forslag om endringar av gebyrheimlar og endringar i kunngjeringsreglane omfatta høyringa generelle spørsmål knytte til prinsippa for gebyrfastsetjing i Brønnøysund og den konkrete gebyrstrukturen i Føretaksregisteret.

Forslaga til endringar vart sendt til følgande høyringsinstansar:

  • Finansdepartementet

  • Justis- og politidepartementet

  • Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Brønnøysundregistra

  • Datatilsynet

  • Patentstyret

  • Domstoladministrasjonen

  • Statistisk Sentralbyrå

  • Bedriftsforbundet

  • Den norske advokatforening

  • Den norske Revisorforening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Sparebankforeningen

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Rederiforbundet

  • Norske Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)

Følgande har avgitt høyringsinnspel:

Finansdepartementet, Justis- og politidepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Brønnøysundregistra, Datatilsynet, Patentstyret, Domstoladministrasjonen, Statistisk Sentralbyrå, Bedriftsforbundet, Den norske Revisorforening, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Sparebankforeningen, Næringslivets Hovedorganisasjon, Rederiforbundet og Norske Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)

2.3 Hovudpunkter i høyringsbrevet

2.3.1 Rettsgebyrlova som gebyrheimel

Departementet meinte det var ønskjeleg å sjå nærmare på heimelsgrunnlaget for gebyra i dei ulike registra innanfor Brønnøysundregistra. Dei fleste av gebyra for registrering, tinglysing og informasjonsavlevering er forankra i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr (rettsgebyrlova), primært av historiske grunner.

Brønnøysundregistra har sidan 80-talet vakse ved at stadig fleire register har kome til, sjå oversikta i kapittel 2.1. Dette har ført til ei oppsplitting av reglane om gebyrfastsetjing og innkrevjing av gebyr. Desse er idag fordelte på sju lover og sju forskrifter. Desse har vore fastsette til forskjellige tider, og uavhengig av kvarandre. Det er derfor behov for ei opprydding.

Sidan gebyra i Brønnøysund er knytte til rettsgebyret (R), har departementet og registra liten fleksibilitet til å justere gebyr og prisar i tråd med konkrete endringar i kostnadene registra har i samband med produksjon av dei ulike tenestene, fordi rettsgebyret primært blir fastsett etter kva inntektsbehov domstolane har. Auken i gebyra har dei siste åra vore høgare enn den generelle kostnadsutviklinga i samfunnet.

Frå eit brukarsynspunkt er det òg mest formålstenleg at heimlane for gebyr går fram av den lovgivinga som regulerer dei aktuelle tenestene registra utfører, som mellom anna er føretaksregistrering, tinglysingar, o.a. Det vart derfor foreslått at ein skulle flytte gebyrheimlane frå rettsgebyrlova og over i dei relevante lovene.

Vi viser til nærare omtale i kapittel 3.

2.3.2 Prinsipp for den framtidige gebyrfastsetjinga ved Brønnøysundregistra

I samband med arbeidet med opprydding i gebyrreglane fann departementet det naturleg også å sjå på prinsippa for gebyrfastsetjing i Brønnøysundregistra generelt.

I høyringsbrevet gjekk departementet inn for at gebyrfastsetjinga i framtida skal følgje eit prinsipp om at inntektene skal dekkje kostnadene ved drift og utvikling, og at registra blir vurderte gruppevis etter kva for kundar dei yter tenester til. I tillegg kan det bli gjort eit påslag for å møte eit eventuelt inntektskrav frå Stortinget, fastsett i samband med dei årlege budsjettbehandlingane i Stortinget.

Innspela frå høyringsrunden er positive til forslaget om nytt prinsipp for gebyrpolitikken, og departementet vil leggje dette til grunn for forskriftsutforminga i etterkant av lovendringane. Departementet vil vidare komme tilbake til denne saka i budsjettforslaget for 2004.

2.3.3 Framtidig gebyrstruktur i Føretaksregisteret

Dei siste åra har Brønnøysundregistra, og i første rekkje Føretaksregisteret, vorte kritiserte for at gebyra er for høge. Det gjeld særleg gebyra for nyregistrering av føretak. Departementet har gått gjennom gebyrinntektene. Dagens overskot i Brønnøysundregistra stammar stort sett frå gebyr som er knytte til tinglysing/registreringar i Lausøyreregisteret, ikkje registreringar i Føretaksregisteret.

Rimelegare etablering av nye føretak kan likevel ha positive næringspolitiske verknader, og departementet har såleis funne grunn til å sjå på alternative modellar som kan redusere gebyra for nyregistrering, sjølv om inntektsnivået i Føretaksregisteret blir halde oppe. I høyringsbrevet vart det derfor skissert og drøfta tre ulike modellar for strukturen på tenestene frå Føretaksregisteret. For kvar av dei tre modellane som vart vurderte, var det elles svake sider også ved høvesvis registreringsgebyr, redusert registerkvalitet og administrative kostnader.

Høyringsinstansane har eit delt syn på kva for gebyrmodell som er mest tenleg i Føretaksregisteret, men eit fleirtal av instansane meiner det beste er å arbeide vidare for reduserte gebyr innanfor ramma av dagens gebyrordning. Justisdepartementet uttaler mellom anna:

«Når det gjelder gebyrstrukturen for Foretaksregisteret bør man etter vårt syn ta utgangspunkt i at registeret teknisk og informasjonsmessig sett fungerer tilfredsstillende i dag, og at man defor bør være varsom med å foreta endringer som kan påvirke registerets kvalitet.»

Departementet vil på denne bakgrunn vidareføre hovudtrekka i Føretaksregisterets gebyrstruktur i den nye gebyrforskrifta.

2.3.4 Endringar i kunngjeringsreglane

For å kome behova i næringslivet i møte og redusere gebyra i Føretaksregisteret, ønskte departementet også å sjå nærmare på om det var mogleg å redusere kostnadene.

Blant dei variable kostnadene i registra utgjer kunngjeringskostnader ein relativt stor del, idet registra kvart år bruker vel 32 millionar kroner på kunngjering i Norsk Lysingsblad. I tillegg til at dette er ei kostbar kunngjeringsform, er det eit spørsmål om kunngjeringane blir tilgjengelege nok for brukarane.

Departementet foreslo i høyringsnotatet ein overgang frå dagens kunngjering i Norsk Lysingsblad til elektronisk kunngjering i selskapsrelaterte saker. Elektronisk kunngjering gir betre tilgang til kunngjeringane, mellom anna gjennom utvida søkjemoglegheiter og enkle abonnementsordningar.

Parallelt med Nærings- og handelsdepartementet si høyring, har Justisdepartementet gjennomført høyring knytta til ein tilsvarande overgang for kunngjeringar knytta til konkursåpning mv.

Vi viser til nærare omtale i kapittel 4.

Til forsida