Ot.prp. nr. 61 (2002-2003)

Om lov om endringar i rettsgebyrloven mv. og i selskapslovgivinga (kunngjeringsreglar)

Til innhaldsliste

3 Rettsgebyrlova som gebyrheimel

3.1 Gebyrsystemet i dag

Som det går fram av kapittel 2.1, har Brønnøysundregistra vore ei registereining i kontinuerleg vekst sidan Lausøyreregisteret vart etablert i 1981.

Dei første oppgåvene registra fekk, var tidlegare utførte av domstolane (tinglysing, føring av handelsregister), og følgde på mange måtar systemet til domstolane, mellom anna for gebyr. Det innebar at gebyret for registreringane vart knytt til rettsgebyret.

Lausøyreregisteret, Føretaksregisteret, Einingsregisteret, Konkursregisteret og Rekneskapsregisteret har sine gebyr berekna på grunnlag av rettsgebyr/brøkdelar av rettsgebyret. Reglane om dette er gitt i rettsgebyrlova, og dessutan forskriftene til denne og enkelte andre forskrifter som er relaterte til Brønnøysundregistra.

Føresegner om rettsgebyret er gitt i eiga lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr (rettsgebyrlova). Storleiken på rettsgebyret blir fastsett av Stortinget for kvart år i samband med statsbudsjettet, etter innstilling frå Justisdepartementet.

Sjølv om ein etter kvart har fått fleire tenester som er overførte frå domstolane til andre delar av det offentlege, og desse framleis nyttar rettsgebyret som utgangspunkt for prising av tenester/produkt, er det i første rekkje inntektsbehovet til domstolane som er retningsgivande for justeringa av gebyret.

Frå Lausøyreregisteret vart oppretta i 1981 og fram til 2002 har rettsgebyret auka frå 250 til 700 kroner. Dette tilsvarer ein årleg auke på i overkant av 5 pst. Gebyret vart auka med nærare hundre prosent i perioden 1985 til 1993, og med ca. 35 pst. frå 1999 til 2002. Gebyret har dei seinare åra auka meir enn konsumprisindeksen.

Koplinga mellom gebyra i Brønnøysundregistra og rettsgebyret har fleire verknader. For det første blir rettsgebyret justert utifrå andre omsyn/storleikar enn det som bør liggje til grunn for fastsetjinga av Brønnøysund-gebyra. Rettsgebyret er ein storleik som blir nytta for å fastsetje prosesskostnader knytte til saker som blir lagde fram for domstolane, og utgangspunktet for det årlege proposisjonsarbeidet til Justisdepartementet er framleis inntektsbehovet til domstolane.

Koplinga inneber vidare at alle gebyra i Brønnøysundregistra i utgangspunktet blir endra, utan at det blir vurdert for kvart enkelt gebyr om det er behov for endring.

3.2 Forslaget i høyringsbrevet

Gebyrheimlane for føretaksregistrering er i dag ikkje å finne i føretaksregisterlova, men i rettsgebyrlova. Gebyrheimlane for registrering i Lausøyreregisteret er også i rettsgebyrlova, og ikkje i tinglysingslova.

Generelt bør reglar om avgifter og gebyr i størst mogleg grad plasserast i den saklege samanhengen sin, slik at avgiftsbelastninga går fram av reglane i samband med den aktuelle handlinga/aktiviteten. Rettsinformasjonsomsyn tilseier at den som planlegg å starte ei verksemd, eller liknande, bør kunne lese ut av lova kva for offentlege avgifter eller gebyr som følgjer av det. Lovstrukturutvalet trekte spesifikt fram føresegnene i rettsgebyrlova om avgift for føretaksregistrering som eksempel på det motsette, i NOU 1992:32, s. 155.

Ei enkel løysing ville vere å samle lovheimlane for gebyr til Brønnøysundregistra i ei lov. Men i dag finst det eigne lover for Einingsregisteret, Føretaksregisteret og Oppgåveregisteret, og dessutan føresegner i andre lover som byggjer på at det finst ei registereining i Brønnøysund. Departementet meiner at det ikkje er aktuelt med ei eiga lov for registra som heilskap, fordi dei ulike registra har forskjellige formål som altså blir regulerte av eigne lover, og fordi dei enkelte lovene elles fungerer godt.

Departementet foreslo derfor i høyringsbrevet å leggje alle heimlar for gebyr i dei ulike lovene som regulerer tenestene frå dei ulike registra, og deretter samle alle dei materielle føresegnene i ei felles forskrift, heimla i dei ulike lovene.

Heimelen for gebyr i Føretaksregisteret er det naturleg å plassere i føretaksregisterlova. Gebyrheimlar for Lausøyreregisteret bør plasserast i tinglysingslova, som dekkjer dei fleste tinglysingstenester Lausøyreregisteret utfører. Heimel for gebyr i Rekneskapsregisteret finst i dag i rekneskapslova § 8-1. Heimel for Einingsregisteret finst i einingsregisterlova § 22.

Gjennomgangen av gebyrheimlar avdekte elles at det i dag også finst ein heimel for gebyr for føretaksregistrering i dokumentavgiftslova, men denne har aldri vorte brukt. Departementet foreslår derfor at denne føresegna blir oppheva.

Med dekkjande lovheimlar på plass i dei relevante lovene vil departementet fastsetje ei felles gebyrforskrift for tenester som blir utførte av Brønnøysundregistra. Myndigheit til å fastsetje og endre forskrifta bør liggje hos Nærings- og handelsdepartementet. Rammene for kva gebyr departementet kan fastsetje i forskrifta, blir i all hovudsak lagde gjennom dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget.

Departementet foreslo på denne bakgrunn to nye lovheimlar for gebyrforskrifta i tinglysingslova og føretaksregisterlova. Dei øvrige gebyrheimlane vart vurdert som tilstrekkelege for ei felles gebyrforskrift.

3.3 Høyringsinstansane sitt syn

Justisdepartementet, Finansdepartementet, Domstolsadministrasjonen, Patentstyret, NHO, Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen, Bedriftsforbundet og NARF har uttalt seg om gebyrheimlane, og samtlege er positive til den omlegging som vart foreslått i høyringsbrevet.

3.4 Departementet si vurdering

På bakgrunn av den tilslutninga forslaget har fått i høyringa, foreslår departementet at alternative gebyrheimlar blir tekne inn i dei lovene som regulerer tenester dei ulike registra i Brønnøysund utfører, dvs. føretaksregisterlova og tinglysingslova. Dagens heimlar i rettsgebyrlova vert oppheva.

Departementet vil deretter fastsetje ei felles gebyrforskrift for alle registra i Brønnøysund, heimla i fleire lover. Forskrifta vil innehalde dei prisane som til ein kvar tid gjeld for produkta/tenestene frå registra, og bli fastsett av Nærings- og handelsdepartementet. Ei slik forskrift vil etter departementet si meining gi eit ryddig system som er lett tilgjengeleg for brukarane.

Til forsida