Ot.prp. nr. 61 (2002-2003)

Om lov om endringar i rettsgebyrloven mv. og i selskapslovgivinga (kunngjeringsreglar)

Til innhaldsliste

4 Endringar i kunngjeringsreglane

4.1 Dagens kunngjeringssystem

For ei rekkje av dei registreringane som Føretaksregisteret gjer i dag, er det kunngjeringsplikt. Dette gjeld mellom anna for nyregistrering av selskap, kapitalendring i selskap, endring av firma, sletting av selskap, o.a.

Etter dagens regelverk skal kunngjeringane stå i Norsk Lysingsblad. Lysingsbladet er ein offentleg publikasjon som blir utgitt dagleg i trykt form. I tillegg skal ein del forhold òg kunngjerast i aviser som folk flest på forretningsstaden til føretaket les. I praksis blir alle kunngjeringar i dag også lagde ut på nettstaden til Brønnøysundregistra, utan at det er knytt rettsverknader til det.

Etter EUs første selskapsdirektiv (68/151/EEC) er det plikt til å kunngjere ein del selskapsrettslege forhold i «a national gazette». Det er såleis ei EØS-rettsleg plikt til å ha ein eigna publikasjon. Reglane har vore tolka slik at denne publikasjonen skulle vere papirbasert. Men i juni 2002 fremma EU-kommisjonen eit forslag til endringar i første selskapsdirektiv, som mellom anna eksplisitt opnar for elektroniske kunngjeringsløysingar. Forslaget vil venteleg verte vedtatt våren 2003. Danmark har elles alt utarbeidd ei elektronisk kunngjeringsløysing som EU-kommisjonen har akseptert som ein «national gazette». Departementet meiner på denne bakgrunnen at EØS-reglar ikkje er til hinder for arbeidet med å gå over til ei elektronisk kunngjeringsløysing.

Høyringsbrevet tok ikkje opp til drøfting kva for opplysningar som skal kunngjerast i ulike samanhengar, berre i kva for medium kunngjeringane skal skje.

4.2 Betre tilgang til kunngjeringane

Det naturlege alternativet til kunngjering i Norsk Lysingsblad er elektronisk kunngjering på Internett. Men ein føresetnad for at ein skal kunne gå over til elektronisk kunngjering ved bruk av Internett, er at ein tilstrekkeleg del av publikum har tilgang til dette mediet. Tal frå Statistisk sentralbyrå første kvartal 2002 viser at det er totalt 2,6 millionar Internett-abonnement i Noreg. Av desse er om lag 140 000 bedrifter, og knapt 2,5 millionar privatpersonar. I bedrifter med meir enn ti tilsette har 81 prosent av bedriftene tilgang til Internett. Innanfor næringane «bank og finans» og «anna tenesteyting» er tilgangen til Internett høvesvis 100 og 88 prosent. 1 I tillegg til dette er Internett tilgjengeleg på offentlege bibliotek. Vi kan såleis konkludere med at Internett i dag er eit allment tilgjengeleg elektronisk medium både for privatpersonar og profesjonelle aktørar.

Norsk Lysingsblad har i dag ca. 8000 abonnentar. Eit overslag på kor mange aktive næringsdrivande det er totalt, ligg normalt mellom 250 000 og 300 000. Næringsdrivande flest har ikkje abonnement, men dei kan i dag få tilgang til bladet til dømes på bibliotek. Etter departementet si vurdering er det vesentleg fleire næringsdrivande som har tilgang til Internett i si eiga bedrift, enn til Norsk Lysingsblad i papirutgåve. Dei som ikkje sjølve har Internett, kan få tilgang til det på bibliotek, altså på same måte som Lysingsbladet. Abonnentane til Lysingsbladet er primært profesjonelle aktørar. Gjennom for eksempel abonnement på elektroniske lister over kunngjeringar blir tilbodet deira betre enn i dag.

I tillegg til at kunngjering på Internett kan nå fleire personar enn dagens trykte utgåve av Norsk Lysingsblad, kan ei elektronisk utgåve med søkjemoglegheiter også gjere det enklare å finne fram til den informasjonen ein er ute etter. Det kan opnast for søkjing etter utvalde kriterium som geografiske område, næringar og kunngjeringstypar, i tillegg til søkjing på organisasjonsnummer.

13. november i 2002 sende Justisdepartementet på høyring eit forslag frå rasjonaliseringsgruppa i Konkursrådet. Der var det mellom anna eit forslag om at kunngjeringane i samband med konkurs blir overførte frå Norsk Lysingsblad til ei internettløysing i regi av Brønnøysundregistra. På denne måten kan dei viktigaste kunngjeringane som er knytte til næringsverksemd, verte samla på ein stad.

Departementet meiner på denne bakgrunnen at elektronisk kunngjering kan gi brukarane betre tilgang til informasjonen enn dagens kunngjeringar i Norsk Lysingsblad.

Det kan rett nok reisast spørsmål ved om Internett kan erstatte vanlege skriftlege kunngjeringar fullt ut. Vi meiner reglane om kunngjeringar i aviser tek nødvendig omsyn til dei som ikkje har Internett-tilgang/ikkje er Internett-brukarar. Dei viktige kunngjeringane som vedkjem kapitalsituasjonen i føretak, oppløysingar o.a., skal òg kunngjerast i lokale aviser, i tillegg til i Norsk Lysingsblad. Det er derfor ikkje foreslått endringar i reglane om kunngjeringar i aviser «som er alminnelig lest på stedet», jf. ordlyden i mellom anna aksjelova § 4-11.

4.3 Reduserte kostnader

Ein annan viktig faktor ved overgang til elektronisk kunngjering er at registra kan spare store beløp, som i sin tur kan brukast til å redusere gebyra i registra. Brønnøysundregistra kunngjer i dag for over 32 millionar kroner, berre i Norsk Lysingsblad. Dette gjeld Føretaksregisteret (ca. 31 mill. kroner) og Konkursregisteret (ca. 1,8 mill. kroner). Dei større skifterettane står sjølve for kunngjeringane i konkurssaker, og kostnadene her er på ca. 0,7 mill. kroner. Brønnøysundregistra kunngjer i aviser for ca. 24 mill. kroner.

Brønnøysundregistra har i dag ein kunngjeringsbase som er knytt opp mot saksbehandlinga i registra. Vedtak/forretningar som er underlagde kunngjeringsplikt i Norsk Lysingsblad, blir kunngjorde der parallelt med kunngjeringa i bladet. I basen kan ein søkje på organisasjonsnummer og kunngjeringsdatoar (inkludert lengre tidsrom), og dessutan kan ein utføre avgrensa søk i bestemte geografiske område. All kunngjeringsinformasjon finst likevel i basen, slik at det blir mogleg å etablere fleire søkjekriterium.

Vidare utvikling av dagens kunngjeringsløysing i Brønnøysund, slik at ein får ei funksjonell og god løysing med fleire søkjemoglegheiter enn i dag, vil koste omlag 400 000 kroner, som ei eingongsutgift. Drifta av basen inneber ikkje kostnader utover det som i dag blir brukt til drift av kunngjeringsbasen, og oversending av informasjon for publisering i Norsk Lysingsblad.

Det blir derfor store innsparingar ved å gå over til elektronisk kunngjering i staden for å bruke Norsk Lysingsblad.

4.4 Kunngjeringsplikter som kviler på selskapa

Aksjelova inneheld også føresegner som pålegg verksemdene sjølve å kunngjere i Norsk Lysingsblad, mellom anna i samband med overgang frå manuelt aksjeeigarregister til registrering i VPS, jf. asl § 4-11 og ved tvungen overføring av aksjar i dotterselskap, jf. asl § 4-26 og asal § 4-25.

For å sikre at også desse opplysningane vert enkelt tilgjengelege for brukarane, og for å spare næringslivet for desse kunngjeringskostnadene, går departementet inn for at desse føresegnene vert endra på tilsvarande måte.

Departementet har vurdert om det er omsyn som tilseier at desse kunngjeringane bør bli verande i Norsk Lysingsblad, også etter at andre kunngjeringar knytte til føretaksregistrering, oppløysingar, kreditorvarsel, o.a. vert overførte til basane i Brønnøysundregistra. Departementet kan likevel ikkje sjå nokon argument for å halde på dagens ordning. Tvert imot vil det vere til fordel for brukarane av slik informasjon at alt er samla på ein stad.

Når det gjeld kostnadsspørsmål, betaler føretaka i dag vanleg annonsepris i Norsk Lysingsblad (p.t. 7 kroner pr. spaltemillimeter). Departementet går ut frå at føretaka på same måte må betale for kunngjering i kunngjeringspublikasjonen til Brønnøysundregistra. Den konkrete prisen må likevel fastsetjast på bakgrunn av dei kostnadene registra har når det gjeld å gjere informasjonen tilgjengeleg i kunngjeringsbasen, og departementet reknar med at det vert rimelegare for selskapa enn dagens kunngjering i Norsk Lysingsblad.

4.5 Forslaget i høyringsbrevet

I høyringsbrevet foreslo departementet at ein burde gå over til ei elektronisk kunngjeringsløysing for å gjere informasjonen meir tilgjengeleg for brukarane, og for å spare kostnader. Denne burde byggje på løysingar Brønnøysundregistra alt har etablert.

Ettersom ei rekkje lovføresegner i dag gir direkte påbod om at kunngjering skal skje i Norsk Lysingsblad, ville det vere behov for ein del lovendringar. Etter departementet si meining var det likevel tilstrekkeleg å endre tilvisinga til kunngjeringsstad frå «Norsk Lysingsblad» til «Brønnøysundregistrenes elektroniske kunngjøringspublikasjon». Departementet foreslår at det vert gjort også i dei føresegnene som legg ei kunngjeringsplikt på selskapa direkte.

Gjeldande reglar om kunngjering pålegg register, selskap mv. ei plikt til å kunngjere visse typar saker, men seier ingenting om kor lenge kunngjeringa skal bli ståande, eller kor lenge ho skal vere tilgjengeleg. Gjennom Norsk Lysingsblad og aviser har kunngjeringar i praksis vore tilgjengelege i uavgrensa tid gjennom fysiske arkiv/riksarkivet.

Når ein etablerer ein kunngjeringsbase, må ein ta stilling til kor lenge kunngjeringar skal liggje i basen før dei vert overførte til eit historisk elektronisk arkiv. Valet av lagringstid påverkar berre behovet for lagringskapasitet i basen til Brønnøysundregistra.

Departementet sitt syn var i utgangspunktet at kunngjeringane burde vere tilgjengelege i basen så lenge dei har ein rimeleg aktualitet for publikum. Men departementet trur ikkje det er behov for å lagre dei lenger enn tre år, i og med at alle klagefristar etter forvaltningslova, allmenn foreldingsfrist etter foreldingslova og alle søksmålsfristar etter selskapslovgivinga då er utgått.

4.6 Høyringsinstansane sitt syn

Justisdepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Domstolsadministrasjonen, Patentstyret, Brønnøysundregistra, NHO, Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen, Bedriftsforbundet, NARF og Den norske Revisorforening har uttalt seg om forslaget til omlegging av kunngjeringsordninga, og alle er positive til den omlegginga som vart foreslått i høyringsbrevet.

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen og Domstolsadministrasjonen framheva at det er viktig at kunngjeringane er tilgjengelege «til evig tid». Domstolsadministrasjonen uttaler:

«Når man går over til kunngjøring via elektroniske media må man samtidig sikre at kunngjøringene er tilgjengelige til evig tid i en eller annen form. Dette vil være av betydning av historiske årsaker, men også for å sikre at man kan dokumentere hva som har skjedd i tilfelle det senere skulle bli søksmål i en eller annen form hvor spørsmålet om kunngjøringstidspunkt kan få betydning for sakens utfall.»

4.7 Departementet si vurdering

På bakgrunn av den støtta forslaget har fått i høyringa, foreslår departementet ei omlegging til elektronisk kunngjering på Internett ved hjelp av Brønnøysundregistra sine databasar. Dette vert gjennomført ved lovendringar i alle dei ulike lovene som i dag pålegg Føretaksregisteret eller bedriftene sjølve å kunngjere i Norsk Lysingsblad. Departementet meiner at ein gjennom denne omlegginga både vil spare kostnader for registra og gi brukarane av kunngjeringane eit betre tilbod.

Det er viktig å sikre tilgangen til informasjonen over. Departementet vil sørgje for at informasjonen er tilgjengeleg på Internett med gode søkjemoglegheiter i så lang tid som det er praktiske behov for det, sett i høve til lagringskapasitet. Seinare må informasjonen kunne hentast fram frå historiske arkiv i samsvar med vanlege arkivreglar.

Fotnotar

1.

IKT-barometer for 2001, tabell 13.2 utarbeidd av Statistisk sentralbyrå.

Til forsida