Ot.prp. nr. 61 (2002-2003)

Om lov om endringar i rettsgebyrloven mv. og i selskapslovgivinga (kunngjeringsreglar)

Til innhaldsliste

6 Særskilde merknader

6.1 Lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr (rettsgebyrlova)

Til § 4

I andre punktum er teksten «, og ved firmameldingar kunngjøringa» sletta, da firmameldingar ikkje lenger skal vere omfatta av rettsgebyrlova.

Til § 21

I første ledd i føresegna blir tilvisinga til Lausøyreregisteret fjerna, sidan gebyr for Lausøyreregisteret heretter er regulerte gjennom tinglysingslova § 34 fjerde ledd.

I andre ledd i føresegna er siste punktum fjerna. Det gjeld registrering av avtale om salspant i motorvogn og avtale om faktoring. Prisane for desse tenestene som vert utførte av Lausøyreregisteret, vert flytte over til gebyrforskrifta.

Til § 21 a

Føresegna gjeld berre tenester som vert utførte av Lausøyreregisteret, og desse reglane vert overførte til gebyrforskrifta. Departementet foreslår derfor at ein opphevar § 21 a.

Til § 23

I første ledd vert tilvisinga til Lausøyreregisteret fjerna. Heimel for å ta gebyr for utskrifter frå Lausøyreregisteret vert overført til tinglysingslova § 34 femte ledd. Den konkrete prisfastsetjinga vert regulert i gebyrforskrifta.

Til § 24

Føresegna regulerer registreringsgebyr for føretaksregistrering i Føretaksregisteret. Departementet foreslår at heimel for slike gebyr vert overført til føretaksregisterlova § 4-1 tredje ledd, og noverande § 24 i rettsgebyrlova kan derfor opphevast fullt ut.

6.2 Lov 7. juni 1935 nr. 2 om tinglysing (tinglysingslova)

Til § 34, nytt fjerde og femte ledd

I nytt fjerde ledd foreslår departementet at det vert teke inn ei føresegn som slår fast at det for tinglysing, registrering eller merknader til Lausøyreregisteret skal betalast eit gebyr, og at departementet får heimel til å gi forskrift med nærare reglar om storleiken på gebyret og innkrevjingsforma.

I femte ledd vert det foreslått at departementet kan gi reglar om korleis informasjonen i Lausøyreregisteret skal gjerast kjend, og at det skal betalast gebyr for dette.

6.3 Lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift (dokumentavgiftslova)

Kapittel 4, §§ 13 og 14 i dokumentavgiftslova inneheld reglar om dokumentavgift for føretaksregistrering og eit prinsipp om forskotsvis betaling av avgift. Føresegnene har ikkje vore brukte, fordi det heile tida har vore parallelle reglar i rettsgebyrlova. Departementet foreslår derfor at begge paragrafane vert oppheva.

6.4 Lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak (føretaksregisterlova)

Til § 4-1, nytt tredje ledd

Føretaksregisterlova § 4-1 regulerer innsending av førstegongsmeldingar og endringsmeldingar. Departementet foreslår at ein tek inn eit nytt tredje ledd der det vert slått fast at det skal betalast gebyr for førstegongsregistrering, og at det kan krevjast gebyr for registrering av andre meldingar. Departementet får heimel til å gi forskrift med nærare reglar om storleiken på gebyra og innkrevjingsforma.

Til § 6-2, første ledd

Viser til omtale under kap. 6.5.

Til § 8-1, første ledd

Føresegna handlar om den retten alle har til å gjere seg kjende med det som er registrert i Føretaksregisteret. Det vert foreslått ei ny siste setning som gir departementet myndigheit til å gi reglar om korleis opplysningane skal gjerast tilgjengelege, og at departementet kan bestemme at det skal betalast gebyr for tenesta.

Utover at det går fram av lovteksten at det no er departementet, mot Kongen tidlegare, som har denne myndigheita, inneberer dette inga realitetsendring.

6.5 Merknader til lovendringsforslag knytte til kunngjeringsreglane

I alle føresegnene er det foreslått at «Norsk Lysingsblad» vert erstatta med «Brønnøysundregistrenes elektroniske kunngjøringspublikasjon». Dette er ei nemning som tidlegare har vore brukt i samband med lovendringar knytte til «e-regelprosjektet» (sjå Ot.prp. nr. 108 (2000-2001)), og som etter departementet si meining seier tilstrekkjeleg presist kvar informasjonen finst. Formuleringa er i dag brukt i føretaksregisterlova § 6-2 andre og femte ledd.

I enkelte føresegner (aksjelova §§ 12-6 og 16-4, allmennaksjelova §§ 12-6 og 16-4 og selskapslova § 2-39) er det i dag pålegg om kunngjering to gonger både i Lysingsbladet og i aviser. Ettersom basen er elektronisk og informasjonen vil bli liggjande der ein lengre periode, gir det lite meining å leggje informasjonen inn to gonger. Føresegnene er derfor endra slik at informasjonen blir lagd inn i kunngjeringsbasen ein gong, og trykt i avisene to gonger.

I føresegnene i aksjelova §§ 12-6 og 13-14, allmennaksjelova §§ 12-6 og 13-15, selskapslova §§ 2-39 og 3-20, burettslagslova §§ 83 og 84a, bustadbyggjelagslova §§ 63 og 64a, statsføretakslova § 50, lov om interkommunale selskap § 33, helseføretakslova § 47 og stiftingslova § 50 er kunngjeringstidspunktet avgjerande for berekning av kreditorfristen. Etter dagens reglar vert fristen rekna frå siste kunngjering (i Norsk Lysingsblad). Etter endringsforslaget vil det berre vere ei kunngjering i den elektroniske basen. Ordlyden er derfor endra slik at det går klart fram at utgangspunktet for fristberekninga er datoen for når den elektroniske kunngjeringa vert gjort.

I aksjelova § 16-16 og allmennaksjelova § 16-16 har selskapet i dag ein frist på to veker frå kunngjering til å bringe forholda i orden. Kunngjering i Norsk Lysingsblad har i praksis teke omtrent like lang tid som kunngjering i lokal avis. Den nye elektroniske kunngjeringa vil skje raskare, medan det fortsatt vil ta tid før kunngjeringa kjem i avisene. Med ein frist på to veker frå elektronisk kunngjering, vil fristen ofte kunne vere ute før kunngjeringa kjem i avisa. Departementet foreslår derfor å forlengje fristen frå to til fire veker, slik at publikum som følgjer kunngjeringane gjennom lokale aviser ikkje skal få kortare frist enn i dag.

I enkelte føresegner er «Norsk Lysingsblad» brukt fleire gonger i same ledd. I lovforslaga er uttrykket «Brønnøysundregistrenes elektroniske kunngjøringspublikasjon» brukt fullt ut første gongen, og deretter referert til som «den elektroniske kunngjeringa». Dette er gjort for å forenkle lovteksten.

6.6 Ikraftsetjing og overgangsreglar

Punkt 1 slår fast at lova skal gjelde frå den tid Kongen fastset.

Punkt 2 gjeld spørsmålet om kva meldingar dei nye gebyrheimlane for berekning av gebyr for gebyrpliktige meldingar i registra, og for bestillingar av informasjon, skal gjelde for. Departementet meiner det beste vil vere at tidspunktet for når melding eller bestilling er motteken i Brønnøysundregistra er avgjerande. Dersom registreringstidspunktet er avgjerande, vil brukaren ikkje med sikkerheit vite kva gebyrreglar som vil gjelde for innsendingar/bestillingar av informasjon som er gjord.

Punkt 3 gjeld skjeringstidspunkt for kunngjering i Norsk Lysingsblad og Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. Departementet meiner at registreringstidspunktet må vera avgjerande for kvar kunngjering skal gjerast. Dersom innsendingstidspunkt skal leggjast til grunn, vil ein kunne få ein overgangsperiode med kunngjeringar i både Lysingsbladet og den elektroniske basen, avhengig av kor lang tid det tar å behandle dei ulike meldingane. For brukarane av kunngjeringane vil dette vere uheldig.

Punkt 4 gjeld skjeringstidspunkt for kunngjering i Norsk Lysingsblad og Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon for kunngjeringar som ligg på selskapa sjølve. For desse kunngjeringane bør tidspunktet for kunngjeringa leggjast til grunn. Det vil gje eit enkelt skjeringstidspunkt både for selskapa som skal kunngjere, og for mottakarane/brukarane av informasjonen.

Til forsida