Ot.prp. nr. 66 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring og andre lover

Til innhaldsliste

12 Merknader til lovutkastet

12.1 Merknader til endringa i tinglysingslova

Til ny § 34 a

Departementet foreslår ein ny § 34 a i tinglysingslova om registrering av utleggspant, utleggstrekk og avgjerdar om «inkje til utlegg» i Lausøyreregisteret.

Første ledd første punktum avgjer at pantelova kapittel 5 er avgjerande for rettsvernet for utleggspantet. Det inneber at registrering i Lausøyreregisteret ikkje vil ha rettsvernsverknad med mindre det går fram av pantelova kapittel 5, sjå punkt 3.2 ovanfor. Andre punktum gjev heimel for forskrifter om sletting frå Lausøyreregisteret av utleggspant som ikkje får rettsvern ved registreringa der. Dette er nærmare drøfta i punkt 8.3.

Andre ledd første punktum fastset at departementet kan gje forskrift om kva for opplysningar som skal registrerast i Lausøyreregisteret i samband med utleggstrekk og avgjerd om «inkje til utlegg», sjå nærmare i punkt 3.3 og 3.4. Etter andre punktum kan det vidare i forskrift avgjerast at kortvarige utleggstrekk ikkje skal registrerast. Dette er omtala i punkt 3.3.3.

Tredje ledd omhandlar tilgangen til opplysningar om utleggstrekk og «inkje til utlegg». Regelen er nærmare omtala i punkt 7.3. Det er berre dei større brukarane som er nemnde i lova, som skal ha tilgang til desse opplysningane direkte hos Lausøyreregisteret. Dette er brukarar som regelmessig vil ha nytte av opplysningane i si verksemd. For dei fleste av desse brukarane vil det truleg vere mest aktuelt å inngå avtale om elektronisk oppslag hos Lausøyreregisteret. Det vil likevel òg vere høve til å gje ut opplysningar til slike brukarar som ikkje har avtale om elektronisk oppslag. Opplysningane må då gjevast ut skriftleg på papir. Andre brukarar, til dømes private firma og enkeltpersonar som har bruk for slike opplysningar, vil måtte vende seg til eit kredittopplysningsbyrå for å få opplysningane. Regelen i tredje ledd må sjåast i samanheng med § 34 femte ledd som gjev heimel for at departementet kan gje reglar om korleis informasjon i Lausøyreregisteret skal gjerast tilgjengeleg. Etter departementet sitt syn gjev denne føresegna heimel for at det i forskrift kan fastsetjast at dei brukarane som er nemnde, må ta på seg teieplikt med omsyn til dei opplysningane som dei hentar inn. Teieplikta må i tilfelle avgrensast slik at ein advokat som hentar inn opplysningar til bruk for ein klient, kan vidareformidle opplysningane til klienten.

Med heimel i § 34 femte ledd vil det verte fastsett at det skal betalast for informasjon frå Lausøyreregisteret om utleggstrekk og «inkje til utlegg».

Fjerde ledd regulerer sletting av registrering av utleggstrekk og avgjerd om «inkje til utlegg», jf. punkt 8. Lausøyreregisteret har plikt til å slette registreringa av eit utleggstrekk når trekkperioden er gått ut, jf. første punktum. Det er ikkje ein føresetnad at skyldnaren krev opplysninga sletta. Er trekket endra ved at trekkperioden er forkorta eller forlenga, vil dette avgjere kor lenge trekket skal stå registrert. Ved utleggstrekk for underhaldstilskot vil det ofte ikkje vere fastsett nokon trekkperiode. Trekket vil då stå registrert så lenge det varer. Dersom kravet som gjev grunnlag for utleggstrekket vert dekt før den opphavleg fastsette trekkperioden er gått ut, skal utleggsforretninga òg slettast frå registeret. Nærmare reglar om erklæring om bortfall og om oppheving av utleggsforretninga finst i tvangsfullføringslova §§ 7-27 og 7-28.

Når det gjeld avgjerd om «inkje til utlegg» skal registreringa slettast tre år etter at utleggsforretninga vert heldt, jf. andre punktum. Det gjeld sjølv om det kravet som danna grunnlag for avgjerda om «inkje til utlegg» ikkje er gjort opp eller falt bort på anna vis. Regelen må sjåast i samanheng med framlegget om endring av tvangsfullføringslova § 7-29 som gjeld skyldnaren sin rett til å krevje registreringa sletta når det kravet som var grunnlag for utleggsforretninga er innfridd eller falle bort eller tvangsgrunnlaget er falle bort eller kjend ugyldig. Treårsfristen vil difor berre vere aktuell dersom forretninga ikkje allereie er sletta i samsvar med regelen i tvangsfullføringslova § 7-29.

Etter tredje punktum kan det vedtakast forskrifter om tidspunktet for slettinga.

12.2 Merknader til endringa i straffeprosesslova

Til § 456

Straffeprosesslova § 456 nytt sjette ledd omhandlar vidareformidling av opplysningar frå det sams sakshandsamingssystemet hos Statens innkrevjingssentral og retten til innsyn i dei lagra opplysningane for den som opplysningane gjeld. Reglar om kva rett skyldnaren har til innsyn i opplysningar om utleggsforretningar i Lausøyreregisteret, følgjer av tinglysingsforskrifta § 23 tredje ledd samanheldt med personopplysningslova §§ 17 og 18.

Første punktum gjev heimel for at Statens innkrevjingssentral kan hente inn og vidareformidle opplysningar om skyldnarar sine inntekts- og formuesforhold, samt om utleggsforretningar som har vore heldt til andre namsmakter til bruk for deira tvangsfullføring, jf. punkt 10. Heimelen for vidareformidling vil både gjelde opplysningar som Statens innkrevjingssentral sjølv hentar inn etter førespurnad frå andre namsmakter, og slike opplysningar som Statens innkrevjingssentral av andre grunnar sit inne med frå før. Alternativet «innhente» er tatt med for å sikre at SI får heimel til å hente inn og vidareformidle opplysningar frå register m.v. sjølv om opplysningane ikkje skal brukast i SIs eigen tvangsfullføring. Ut over dette er endringa ikkje meint å gje SI tilgang til registeropplysningar m.v. som sentralen ikkje har tilgang til i dag. Namsmakter som på denne måten mottek opplysningar som er underlagt teieplikt, vil sjølv ha teieplikt om opplysningane. I kva grad dei alminnelege namsmaktene kan innhente opplysningar frå andre kjelder, vil framleis følgje av dei særskilte heimlane for innhenting av informasjon, mellom anna tvangsfullføringslova § 7-12.

Andre punktum slår fast at einkvar har rett til innsyn i dei opplysningane som finst lagra elektronisk om vedkommande hos Statens innkrevjingssentral og som er tilgjengelige for andre namsmakter, jf. punkt 5.

12.3 Merknader til endringane i tvangsfullføringslova

Til § 7-19

I § 7-19 første ledd er det tatt inn eit nytt andre punktum om at det skal gå fram av namsboka at utleggspantet vil verte registrert på saksøkte sitt blad i Lausøyreregisteret. Etter tredje punktum skal skyldnaren få utskrift av namsboka. Han blir dermed varsla om registreringa i Lausøyreregisteret.

I § 7-19 andre ledd er det fastsett korleis saksøkjaren skal underrettast om utleggspantet. Det skjer ved at namsmannen gjev saksøkjaren utskrift av namsboka. Dersom utleggspant skal registrerast i eit anna register enn Lausøyreregisteret, til dømes i verdipapirregisteret, skal underretning til saksøkjaren i form av utskrift av namsboka med påteikning om registreringa framleis sendast frå dette registeret.

I dag vert saksøkjaren underretta om utleggspant som skal registrerast i Lausøyreregisteret ved at namsmannen sender namsboka til Lausøyreregisteret, som etter at utlegget er registrert, sender namsboka til saksøkjaren med opplysning om at utlegget er registrert. Samstundes får saksøkjaren beskjed om eventuelle heftingar. Innsending av namsboka til Lausøyreregisteret fell bort. I staden skal dei opplysningane Lausøyreregisteret trenger til registreringa, overførast elektronisk frå namsmannen via Statens innkrevjingssentral. Ved lov 25. april 2003 nr. 24 om endringer i rettergangslovgivningen mv. (elektronisk kommunikasjon med domstolene) vart det gjeve ein ny § 4 a i tinglysingslova som opnar for at Kongen gir forskrifter om elektronisk kommunikasjon i samband med tinglysing. Det vil med heimel i den føresegna verte gjeve ei forskrift om elektronisk overføring frå Statens innkrevjingssentral av opplysningar om utleggsforretningar som skal registrerast i Lausøyreregisteret. Frå Lausøyreregisteret vil saksøkjaren få ei melding om eventuelle heftingar som samstundes vil vere ei melding om at utlegget er registrert.

Til § 7-20

I § 7-20 tiande ledd første punktum er det fastsett at utleggspant i alle formuesgode som ikkje er realregistrerte, alltid skal registrerast i Lausøyreregisteret, jf. punkt 3.2. Det skal skje elektronisk via Statens innkrevjingssentral, jf. under merknaden til § 7-19. For utleggspant som får rettsvern ved registrering i eit anna register, til dømes verdipapirregisteret, vil registreringa i Lausøyreregisteret ikkje ha noko å si for rettsvernet. Som følgje av endringa i tiande ledd, er det gjort tekniske endringar i andre, tredje og femte til niande ledd. Føresegnene i desse ledda om i kva tilfelle namsmannen skal sende utskrift av namsboka til registrering i Lausøyreregisteret, er oppheva og erstatta av den generelle regelen i tiande ledd. Gjennom tilvisinga i § 14-11 vil endringane òg gjelde ved arrest. (Tvangsfullføringslova § 14-11 er foreslått flytta til tvistelova § 33-7 i Ot. prp. nr. 51 (2004-2005) om lov om mekling og rettergang i sivile tvister (tvisteloven).)

I § 7-20 andre ledd er det foreslått endringar i reglane om i kva tilfelle namsmannen har høve til å ta frå den saksøkte rådveldet over lausøyre som det er tatt utlegg i. Endringane er i samsvar med lovvedtaket 11. juni 1993 nr. 83. Det skal ikkje lenger vere eit vilkår for å ta frå saksøkte rådveldet, at saksøkjaren har bede om det. Det skal framleis vere eit vilkår at det er grunn til å frykte for at den saksøkte elles vil forføye over lausøyret i strid med panteretten. Saksøkjaren skal få underretning om at den saksøkte er fråtatt rådveldet ved at det vert tatt inn opplysning om dette i namsboka, jf. andre punktum. Som hovudregel må rådveldet fråtakast den saksøkte ved at namsmannen tar lausøyret i forvaring. Saksøkjaren skal samstundes få ein frist på ein månad for å søke tvangsdekning før forvaringa kan avviklast. Fjerde punktum har som siktemål å ivareta den saksøktes interesse i at forvaringa ikkje vert oppretthaldt unødig lenge i tilfelle der det ikkje lenger er grunn til å frykte at utlegget ikkje vil verte respektert. Endringane er nærmare omtalt i Ot.prp. nr. 77 (1992-93) på s. 16-17 og på s. 54.

Til § 7-21

§ 7-21 omhandlar avgjerd og underretning om utleggstrekk.

Av andre ledd andre punktum går det fram at namsboka skal gje opplysning om at utleggstrekket vil verte registrert i Lausøyreregisteret. Dette svarar til ordninga når det gjeld utleggspant, sjå § 7-19 første ledd andre punktum.

I fjerde punktum er det fastsett at namsmannen skal sørgje for at utleggsforretninga omgåande vert registrert i Lausøyreregisteret. Dette skal skje elektronisk via Statens innkrevjingssentral, jf. under merknaden til § 7-19. Uttrykket «sørge for» inneber ikkje at den einskilde namsmann sjølv må sende opplysningane direkte til Lausøyreregisteret. Ved registrering av utleggstrekk i Lausøyreregisteret skal saksøkjaren ikkje få melding om registreringa frå Lausøyreregisteret.

Tredje ledd første punktum pålegg namsmannen å undersøkje om det allereie er lagt ned trekk mot skyldnaren. Regelen har til føremål å sikre at utleggstrekk frå ulike namsmakter vert samordna. Det vises elles til punkt 9 ovanfor.

Til § 7-25

I § 7-25 første punktum er det presisert at føresegna gjeld når det ikkje vert tatt utlegg av di den saksøkte ikkje har formuesgode, løn eller andre pengekrav som nemnt i dekningslova § 2-7 som det kan takast utlegg i. Om utlegg ikkje vert tatt til dømes av di den saksøkte under utleggsforretninga oppfyller kravet, eller påviser at kravet ikkje eksisterer, er det § 5-17 som regulerer avslutninga av saka.

I andre punktum er det fastsett at det skal opplysast i namsboka at utleggsforretninga med avgjerda om «inkje til utlegg» skal registrerast i Lausøyreregisteret, jf. punkt 3.4.

Tredje punktum fastset at namsmannen omgåande skal sørgje for at utleggsforretninga vert registrert i Lausøyreregisteret. Det skal skje elektronisk via Statens innkrevjingssentral, jf. under merknaden til § 7-19. Uttrykket «sørge for» inneber ikkje at den einskilde namsmann sjølv må sende opplysningane direkte til Lausøyreregisteret. Ved registrering av «inkje til utlegg» i Lausøyreregisteret skal saksøkjaren ikkje få melding om registreringa frå Lausøyreregisteret.

Etter fjerde punktum gjeld det unntak frå registreringsplikta for særnamsmakter som ikkje har kompetanse til å gjennomføre forretning for utleggspant i eitkvart formuesgode. Det er berre når ei særnamsmakt har full kompetanse til å både leggje ned utleggstrekk og å ta utleggspant i alle skyldnarens formuesgode, at ei avgjerd om «inkje til utlegg» frå vedkommande namsmakt skal registrerast. Og det er då ei føresetnad at namsmakta har halde ei formell utleggsforretning.

Til kapittel 7 avsnitt III overskrifta

I overskrifta er «mv.» tilføya. Innhaldet av § 7-29 er ikkje dekka av overskrifta slik ho no lyder.

Til § 7-29

Paragrafen gjev reglar om avgjerder om sletting av registreringar av «inkje til utlegg» i Lausøyreregisteret, jf. punkt 8. Paragrafen må sjåast i samanheng med tinglysingslova § 34 a fjerde ledd andre punktum.

Paragrafen slår fast at ei utleggsforretning der resultatet vart «inkje til utlegg», kan krevjast sletta frå registeret når det kravet som gav grunnlag for avgjerda er innfridd eller falle bort eller dersom tvangsgrunnlaget er oppheva, falle bort eller kjent ugyldig. Sakshandsamingsreglane i § 7-28 andre ledd gjeld tilsvarande.

12.4 Merknader til endringa i tomtefestelova

Til § 15

Etter endringane i tomtefestelova ved lov 2. juli 2004 nr. 63 syner § 15 andre ledd nr. 2 tredje punktum til høgstebeløpet i fyrste punktum. Høgstebeløpet går fram av andre punktum. Inkurien vert foreslått retta opp.

12.5 Merknader til lovutkastet avsnitt V

Departementet har valt å gjere dei nye lovendringane direkte i tvangsfullføringslova, i staden for å gjere endringar i endringslova 11. juni 1993 nr. 83. Departementet meiner dette er den enklaste lovtekniske løysinga. Det følgjer difor av avsnitt V at lov 11. juni 1993 nr. 83 om endringer i rettergangslovgivningen m.m. avsnitt I nr. 51 om endringer i lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring § 7-19 andre ledd, § 7-20, § 7-21 nytt fjerde ledd, § 7-25 og § 7-29 vert oppheva.

12.6 Merknader til ikraftsetjings- og overgangsføresegnene

Lova skal gjelde frå den tid Kongen fastset, og det er heimel for delt ikraftsetjing. Det er òg heimel for at Kongen kan fastsetje at endringane i tvangsfullføringslova kapittel 7 kan tre i kraft til ulik tid for forskjellige namsmakter. Bakgrunnen er at mange av særnamsmaktene først kan inngå i registreringsordninga på et seinare tidspunkt enn dei alminnelege namsmaktene og Statens innkrevjingssentral. Det er heimel for at Kongen kan gje overgangsreglar.

Det sams sakshandsamingssystemet for Statens innkrevjingssentral og dei alminnelege namsmennene skal etter planen vere ferdig til 1. januar 2006, som er det tidspunktet ein tar sikte på når det gjeld ikraftsetjing av den nye organiseringa av den sivile rettspleie på grunnplanet. For desse namsmaktene vil ein frå dette tidspunktet få ei betre samordning av lønnstrekk og på annan måte ein betre informasjonstilgang under gjennomføringa av utleggsforretningar.

Når det sams sakshandsamingssystemet er på plass, kan ein gå over til elektronisk innrapportering via Statens innkrevjingssentral av dei utleggsforretningane som allereie no skal registrerast i Lausøyreregisteret.

Brønnøysundregistra vil neppe vere førebudd på å handtere den utvida registreringa av utleggsforretningar før nærmare 1. januar 2007. Lovføresegnene om den utvida registreringa vil difor truleg verte sette i kraft frå 1. januar 2007.

For skattefutane og Trygdeetatens innkrevjingssentral vil det truleg vere mogleg å knytte seg til systemet omlag samstundes med at den utvida registreringa av utleggsforretningar tek til. Når dei kommunale skatteoppkrevjarane kan verte tilknytt, må vurderast etter at det nye skatterekneskapssystemet ligg føre. Det nye skatterekneskapssystemet skal etter planen vere etablert innan utgangen av 2007.

Til forsida