Ot.prp. nr. 67 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

6 Skolefritidsordninga

6.1 Gjeldande rett

Etter opplæringslova § 13-7 skal kommunen ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. klassetrinn i grunnskolen. Det går vidare fram at skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna, og at barna skal få omsorg og tilsyn. Det går dessutan særskilt fram av lova at funksjonshemma barn skal få gode utviklingsvilkår.

Sjølv om alle kommunar skal ha ei skolefritidsordning, er likevel pliktene for kommunane relativt avgrensa. Den enkelte kommunen er ikkje forplikta til å opprette eit bestemt tal plassar eller å gi tilbodet ved meir enn ein av skolane. I forarbeida til lova er det også understreka at pliktene er oppfylte sjølv om det berre er private skolefritidsordningar i kommunen sitt tilbod. Dette betyr også at ingen etter lova utan vidare har noko rettskrav på å bli tilboden plass i ei skolefritidsordning, heller ikkje funksjonshemma.

Lova fastset at skolefritidsordninga blir finansiert gjennom statleg og kommunalt tilskott og eigenbetaling frå foreldra. Dette er regulert nærmare i forskrift. I forskrifta til opplæringslova (kapittel 23) § 23-1 er det fastsett at kostnadene for ein plass i ei skolefritidsordning skal reknast ut på grunnlag av sjølvkost, som er nærmare definert, og i forskrifta § 23-2 er fordelinga av sjølvkost mellom stat, kommune og foreldre regulert. Forskrifta pålegg kommunen å betale for «lokale, m.a. husleige, lys, varme, reinhald og vaktmeister, utstyr, uteareal og dei administrative kostnadene i samband med skolefritidstilbodet».I tillegg dekkjer statstilskottet delar av utgiftene på grunnlag av årlege vedtak om statsbudsjettet. Kommunen kan krevje betaling av foreldra for resten av det ein plass i kommunal skolefritidsordning kostar.

I forskrifta til opplæringslova § 23-3 er vilkåra for statstilskottet til skolefritidsordninga fastsett. På same måten som i lova er statstilskottet knytt til 1.-4. klassetrinn, men i tillegg gjeld statstilskottet for tilbod om skolefritidsordning for funksjonshemma elevar på 5.-7. klassetrinn (mellomtrinnet). Kommunen har likevel ikkje plikt til å etablere tilbod på mellomtrinnet dersom kommunen ikkje tek imot statstilskottet. Det følgjer vidare av forskrifta at totalt 15 pst. av statstilskottet til skolefritidsordningar skal gå til spesielle tiltak for elevar med særskilde behov. Det går også fram at det er kommunen som har ansvaret for å søkje om statstilskott for både kommunale og private skolefritidsordningar.

Lova stiller krav om at areala til ei skolefritidsordning, både ute og inne, skal vere eigna for formålet. Lova stiller også krav om at ei skolefritidsordning skal ha vedtekter om nærmare bestemte forhold, og at når ei skolefritidsordning er knytt til ein skole, skal ordninga til vanlig vere underlagd rektor. I tillegg er det fastsett at reglane i lova om politiattest for å bli tilsett i grunnskolen også gjeld personalet i skolefritidsordninga.

Lova fastset at kommunen skal godkjenne og føre tilsyn med private skolefritidsordningar som får statstilskott. Elles er private skolefritidsordningar som får statstilskott i stor grad underlagde dei same krava som kommunale skolefritidsordningar.

Lova inneheld elles ein nokså generell heimel der det er opna for at departementet kan regulere skolefritidsordninga nærmare i forskrift.

6.2 Høringsforslaget frå departementet

I samband med stortingsbehandlinga av Innst. S. nr. 252 (1999-2000), jf. St.prp. nr. 62 (1999-2000) Om kommuneøkonomien 2001.m.v. vart det lagt opp til å innlemme skolefritidsordninga i det ordinære rammetilskottet, og da på bakgrunn av eit generelt ønske om å redusere talet på og omfanget av øremerkte tilskott til kommunar og fylkeskommunar. På bakgrunn av dette sende departementet 5. mars 2001 ut eit høringsbrev med forslag til endringar i lov og forskrift. Regjeringa vedtok likevel seinare å utsetje innlemminga. I St.prp. nr. 64 (2001-2002) foreslo Regjeringa at tilskottet til skolefritidsordninga skulle innlemmast i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2003, noko Stortinget seinare vedtok da Innst. S. nr. 253 (2001-2002) vart behandla.

Når det gjeld finansieringa av skolefritidsordninga, vart det i det nemnde høringsbrevet, i tillegg til at lova blir utforma slik at statstilskottet kan innlemmast i rammetilskottet, lagt fram tre alternative forslag når det gjeld spørsmålet om foreldrebetaling. I det eine alternativet vart det foreslått at det sentralt fastsette regelverket ikkje skal innehalde noka grense for kva som kan krevjast i foreldrebetaling for å dekkje kommunens utgifter til skolefritidsordninga. I det andre alternativet vart det foreslått at det blir fastsett ein maksimalsats for foreldrebetaling, og at satsen blir endra i takt med lønns- og prisutviklinga. I det tredje alternativet vart det foreslått ei fordeling av finansieringsordninga etter typen kostnad, og såleis at kommunen skal dekkje minst 25 pst. av dei direkte lønnskostnadene som er knytte til skolefritidsordninga.

I høringsbrevet vart det i tillegg foreslått at opplæringslova § 13-7 blir endra slik at kommunen også får plikt til å ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for barn på 1.-7. klassetrinn med særskilde behov. Det vart dessutan foreslått at det blir klargjort i sjølve lovteksten at kommunen står fritt til å nytte andre aktørar for å oppfylle plikta til å ha skolefritidsordning.

6.3 Høringsinstansane

Finansieringa av skolefritidsordninga

Av dei kommunanesom har uttalt seg til dette, er det eit fleirtal som støttar det første alternativet, der det ikkje blir sett noka grense for kor mykje av kommunens utgifter som kan dekkjast av foreldrebetaling. Fleire av desse uttaler at det bør vere ei lokalpolitisk avgjerd kva kostnader ein kommune ønskjer at føresette skal bere ved å ha barn i skolefritidsordninga. Dei viser også til at det er dette alternativet som i kommuneøkonomisk samanheng vil gi størst handlefridom, og som enklast kan vidareføre dagens økonomiske og kvalitetsmessige nivå.

Av organisasjonar støttar dei fleste det andre alternativet, der det blir sett ein maksimalsats for foreldrebetalinga. Dette gjeld m.a. dei daverande Lærerforbundetog Norsk Lærerlag,og dessutan Norsk Skolelederforbundog YS.

LOog Skolenes Landsforbundstøttar det tredje alternativet, der foreldrebetalinga blir avgrensa i forhold til typen kostnad.

Andre endringar

Dei høringsinstansane som uttaler seg om barn med særskilde behov, er positive til at lova forpliktar kommunane til å ha eit tilbod om skolefritidsordning på 1.-7. klassetrinn for denne gruppa. Enkelte høringsinstansar, m.a. det daverande Norsk Lærarlagog Norsk Forbund for Utviklingshemmede, meiner ein må sikre midlar til desse barna gjennom ein korresponderande rett og ei eventuell øyremerking av midlar.

Enkelte høringsinstansar, m.a. dei daverande Lærerforbundetog Norsk Lærerlag,er negative til forslaget om at det blir teke inn i lovteksten at kommunen kan nytte andre til å oppfylle tilbodet om skolefritidsordning.

Enkelte høringsinstansar ønskjer at det dessutan blir lov- eller forskriftsfesta minimumskrav til areal og bemanning.

6.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår i denne proposisjonen at lova blir endra slik at statstilskottet til skolefritidsordninga kan innlemmast i rammetilskottet. Elles går departementet inn for det alternativet der det ikkje blir fastsett noka grense for kva som kan krevjast i foreldrebetaling for å dekkje dei utgiftene kommunen har til skolefritidsordninga. Departementet foreslår derfor at det i den nye lovteksten berre står at kommunen kan krevje at utgiftene til skolefritidsordninga blir dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra.

Dagens foreldrebetaling for plass i skolefritidsordning varierer betydeleg. Det kan liggje fleire forhold bak desse variasjonane, for eksempel personaltettleik, kompetanse hos dei tilsette, opningstider (i feriar og fridagar frå skolen), innhaldet i tilbodet, og dessutan at somme kommunar tilbyr friplassar og syskenmoderasjon. Ei fastsett øvre grense for foreldrebetalinga vil ha to klare ulemper: Ei slik grense vil ikkje ta omsyn til kvaliteten i tilbodet. Dermed vil kommunar som ønskjer å gi eit betre tilbod, ikkje kunne ta omsyn til dette når foreldrebetalinga blir fastsett. Ei slik grense kan dessutan medføre at kommunar reduserer omfanget av tilbodet.

Departementet held i denne proposisjonen oppe forslaget om at det blir lovfesta at kommunen, i tillegg til det som gjeld frå før, også skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for elevar med særskilde behov på 1.-7. klassetrinn. Dette forslaget må sjåast i samanheng med det gjeldande kravet i lova om at funksjonshemma barn skal ha gode utviklingsvilkår. Men det må også sjåast i samanheng med det forhold at i dagens forskrift blir kommunane pålagde å bruke 15 pst. av statstilskottet til barn med særskilde behov, og med det forhold at dagens tilskottsordning etter forskrifta omfattar alle dei nemnde årstrinna for denne gruppa. Dette vil falle bort når tilskottet blir innlemma i rammetilskottet til kommunane.

Departementet foreslår å vidareføre dagens ordning, der ingen har lovfesta individuell rett til tilbod om plass i skolefritidsordning, noko som også gjeld for elevar med særskilde behov. Ein slik føresetnad låg dessutan til grunn da det vart vedteke å innlemme tilskottet til skolefritidsordninga i rammetilskottet.

Departementet held i proposisjonen også oppe forslaget om at det blir klargjort i lovteksten at kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å gi tilbod om skolefritidsordning, dersom slike ordningar elles oppfyller krava i lova på same måten som i dag. Departementet foreslår dessutan at det blir slått fast i lova at kommunen fører tilsyn med private skolefritidsordningar som kommunen nyttar for å oppfylle pliktene sine. Statstilskottet til skolefritidsordningar, som blir innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2003, omfattar også tilskott til private skolefritidsordningar. Det er såleis føresett at dei private skolefritidsordningane kommunane eventuelt nyttar, blir ein del av det totaltilbodet kommunane medverkar til å finansiere.

Bortsett frå enkelte små, reint språklege og lovtekniske justeringar, blir det ikkje foreslått endringar i dei andre krava i lova som gjeld for skolefritidsordningar, og også forskriftsheimelen for departement blir foreslått vidareført.

Den foreslåtte nyordninga inneber at opplæringslova § 13-7 blir endra i samsvar med det ovannemnde, og at dei nogjeldande forskriftsføresegnene om betalingsordninga i skolefritidsordninga blir oppheva. For å gjere leddoppdelinga i lovparagrafen klarare, og på grunn av dei nemnde små språklege og lovtekniske justeringane, blir heile paragrafen foreslått vedteken på nytt.

Til forsida