Ot.prp. nr. 67 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative følgjer av lovforslaget

7.1 Organisering av elevane i grupper

Det utkastet til lovendring som ligg føre når det gjeld organiseringa av elevane i grupper, legg ingen nye oppgåver på kommunar eller fylkeskommunar. Innanfor dei eksisterande, pålagde oppgåvene vil skoleeigarane og skolane stå friare i organiseringa og fordelinga av ressursane, så langt dei skjønnsmessige krava elles i lova blir oppfylte. Forslaget i seg sjølv vil derfor verken føre til innsparing eller auke i bruken av lærarressursar i landet totalt sett, og det føreset heller ikkje omorganiseringar.

7.2 Andre endringar som følgje av endringane i klasseorganiseringsreglane m.m.

Departementet kan heller ikkje sjå at dei andre regelverksendringane som blir foreslått som følgje av endringane i klasseorganiseringsreglane m.m., vil ha vesentlege økonomiske konsekvensar.

7.3 Skoleleiing og rektorkrav

Departementet kan ikkje sjå at utkastet til lovendring vil ha vesentlege økonomiske konsekvensar.

7.4 Organisering av opplæringa i yrkesfaglege studieretningar

Utkastet til lovendring endrar ikkje det ansvaret fylkeskommunen har for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring. Større lokal handlefridom til å velje opplæringsordning kan føre til at fleire ønskjer avvik frå hovudmodellen. Dette vil truleg ikkje endre utgiftene for fylkeskommunane. Utgiftene vil vere avhengige av kva alternative skoletilbod som finst og om det må opprettast nye grupper/klassar i dei delar av opplæringa som bedriftene ikkje kan gi, og av korleis opplæringa utanfor bedriftene blir organisert. Dersom talet på dei som ønskjer alternativ opplæring stig, vil det bli fleire saker for fylkeskommunen å ta stilling til. På den andre sida vil prosedyren i sakene bli enklare, sidan det ikkje lenger vil bli nødvendig med vurdering frå PP-tenesta.

7.5 Skolefritidsordninga

I budsjettet for 2003 vart tilskottet til skolefritidsordninga redusert med 217 mill. kroner. For 2003 er det rekna med at 128 500 barn vil nytte skolefritidsordningar. Eit kutt på 217 mill. kroner vil isolert sett, og dersom kommunane ikkje vel å dekkje inn heile eller delar av kuttet, bety ei gjennomsnittleg auka foreldrebetaling på 1689 kroner per barn på årsbasis. Dette tilsvarer rundt 150 kroner per mnd. Det er da ikkje teke omsyn til lengda på opphaldstida.

Tilskottet til kommunane, som blir innlemma i rammetilskottet frå 1. august 2003, blir fordelt mellom kommunane etter prosentdelen barn i skolefritidsordningar i GSI-rapporteringa hausten 2001. Her er også private skolefritidsordningar som får statstilskott, inkluderte, jf. rundskriv H-12/02 frå Kommunal- og regionaldepartementet.

I endringsforslaget blir kommunane også pålagde å ha eit tilbod om skolefritidsordning for barn med særskilde behov på 1.-7. klassetrinn. Dette må sjåast i lys av dagens ordning, der kommunane i forskrift blir pålagde å bruke 15 pst. av statstilskottet til barn med særskilde behov, og i samanheng med at dagens tilskottsordning etter forskrifta omfattar alle desse årstrinna når det gjeld den nemnde gruppa, noko som fell bort når statstilskottet til skolefritidsordninga blir innlemma i rammetilskottet til kommunane, kfr. premissane ovanfor under punkt 6.

Til forsida