Ot.prp. nr. 67 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Til § 2-5 fjerde ledd:

I den tidlegare føresegna i fjerde ledd fekk eit visst tal elevar med alternativt hovudmål rett til eigen klasse. I det nye fjerde ledd er retten til eigen klasse erstatta av ein rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Sjå premissane under punkt 3.2. Formålet med føresegna er å gi elevar med anna hovudmål enn fleirtalet opplæring i deira eige hovudmål. Føresegna er ikkje til hinder for at elevar med ulike hovudmål får opplæring saman, når dette ikkje bryt med formålet med føresegna. I mange av dei arbeidsformene som blir nytta i skolen, vil elevar kunne arbeide saman i team og høre dei same foredraga utan at forskjellar i hovudmål har betydning. Det kan her visast til førearbeida til den tidlegare § 2-5 fjerde ledd, der det går fram at dette mellom anna kan vere aktuelt i praktisk-estetiske fag.

Til § 2-12 tredje ledd:

Endringa består i at i opplistinga av dei føresegnene i opplæringslova som gjeld for private skolar som er godkjende etter § 2-12, er dei tidlegare §§ 8-2, 8-3 og 8-4 erstatta av ein ny § 8-2. I tillegg er det vist til ny § 13-10. Sjå premissane under punkt 3.6 jf. punkt 2. Dessutan er den tidlegare tilvisinga til § 10-2 (kompetansekrav for rektor) teken bort som følgje av at kravet blir teke bort for den offentlege skolen, sjå premissane under punkt 4.

Til § 3-3 tredje ledd:

Endringa består i at leddet har fått tilføydd eit nytt tredje punktum som generelt opnar for lokal godkjenning av alternativ lærekontrakt/opplæringskontrakt, der vidaregåande opplæring også kan starte direkte i bedrift. Tidlegare har dette høvet til lokal godkjenning vore meir avgrensa. Sjå premissane under punkt 5.

Til § 4A-4 første ledd:

Endringa består i at første ledd også har fått ei tilvising til ny § 13-10, om ansvarsomfang som også gjeld for opplæring etter kapittel 4A. Sjå premissane under punkt 3.7, og dessutan merknaden til § 13-10.

Til § 5-5 andre ledd:

Endringa består i at det tidlegare ansvaret for halvårsrapporteringa, som var lagt til respektive klassestyrar og rektor, etter den nye føresegna blir lagt til skolen. Sjå premissane under punkt 3.3.

Til § 8-2:

Endringa består i at den nye § 8-2, om organisering av elevane i grupper, erstattar dei tidlegare §§ 8-2, 8-3 og 8-4 om klasseorganisering. Sjå premissane under punkt 2.

Etter den nye § 8-2 er det eit kriterium at elevgruppene «ikkje må vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg». Kva som er pedagogisk forsvarleg i den konkrete opplæringssituasjonen må vurderast etter skjønn (rettsleg standard). Det vil for eksempel kunne avhenge av elevsamansetninga, der det er lagt vekt på både individuelle og kollektive eigenskapar og aldersblanding. Vidare vil føresetnadene til og talet på det pedagogiske personalet ha betydning, men også det temaet det skal givast opplæring i, kva slags arbeidsform som blir nytta og dei fysiske rammevilkåra. Vurderinga vil derfor kunne variere over tid. Omgrepet tryggleiksmessig forsvarleger på tilsvarande måte av same skjønnsmessige karakter. Sjølv om også dette kravet gjeld for både grunnskole og vidaregåande skole, er det lagt inn på bakgrunn av høringa og i særleg grad av omsyn til ein del aktivitetar innanfor yrkesfaga i det sistnemnde skoleslaget.

Kravet om sosialt tilhør gjeld i utgangspunktet for alle elevar, og skal vareta behov elevane har for sosial tryggleik og stabilitet. Kravet om at organiseringa til vanleg ikkje skal skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør er i samsvar med tilsvarande krav i tidlegare lov.

Kravet om at kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for ein del sentrale gjeremål, kjem i staden for det tidlegare kravet om klassestyrar, men er elles forma over same leist.

Til opphevinga av dei tidlegare §§ 8-3 og 8-4:

Sjå merknaden til § 8-2.

Til § 9-1:

Endringa består i at den nye § 9-1 om leiinga for skolen erstattar dei tidlegare § 9-1 og § 10-2 (kompetansekrav for rektor). Sjå premissane under punkt 4. Forslaget til regulering er justert etter høringa. Opplæringa i skolen skal leiast av ein rektor - det gjeld i motsetning til tidlegare alle skolar, altså no også små grunnskolar -, men det vil kunne vere tillate at skolar har felles rektor, så langt det vil vere mogleg for rektor å halde seg fortruleg med den daglege verksemda ved den enkelte skolen rektor leier, og å arbeide for å vidareutvikle denne verksemda. I alle tilfelle må kravet om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing vere oppfylt for kvar enkelt skole. Kompetansekravet dreier seg her om realkompetanse og må vurderast ut frå skjønn. Realkompetansen må vere dokumenterbar.

Til opphevinga av § 10-2:

Sjå merknaden til § 9-1.

Til § 11-2 første ledd:

Endringa inneber at dei tidlegare klassane ikkje lenger vil vere lovpålagd utvalseining for elevrådsrepresentantane. I den nye føresegna blir det overlate til kommunen å fastsetje kor mange elevrepresentantar det skal vere i elevrådet. Sjå premissane under punkt 3.4.

Til opphevinga av § 11-3:

Sjå premissane under punkt 3.5.

Til § 13-7:

Sjå premissane under punkt 6. I tillegg til dei endringane som følgjer av desse premissane, er heile paragrafen foreslått vedteken på nytt (også på dei områda der det ikkje er gjort noka realitetsendring) for å skape klarleik i leddoppdelinga, og på grunn av enkelte små språklege og reint lovtekniske justeringar. Hovudformålet med endringa av paragrafen er m.a. å skape grunnlag for innlemming av statstilskottet til skolefritidsordninga i rammetilskottet til kommunane. Den foreslåtte, lovfesta plikta til å ha skolefritidstilbod for barn med særskilde behov heilt fram til og med 7. klassetrinn, erstattar tilsvarande ordning som i dag følgjer av forskrift og det statstilskottet som blir innlemma i rammetilskottet. Så langt det dreier seg om kommunens utgifter til skolefritidsordninga, blir det i lova ikkje lagt opp til noka avgrensing når det gjelder høvet til å krevje foreldrebetaling for plass i skolefritidsordning. Med private skolefritidsordningar i sjuande ledd er meint dei private aktørane som kommunane eventuelt nyttar for å oppfylle plikta til å ha eit skolefritidstilbod. Skolefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskolen, følgjeleg er ikkje departementet (i praksis fylkesmannen) klageinstans for enkeltvedtak om skolefritidsordning etter opplæringslova § 15-2. Skolefritidsordninga er likevel underlagd statleg tilsyn etter opplæringslova § 14-1.

Til § 13-10:

Den nye føresegna om ansvarsomfang inneber berre ei synleggjering av det som er gjeldande frå før. Sjå premissane under punkt 2.

Til forsida