Ot.prp. nr. 69 (2006-2007)

Om lov om endringer i lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

Til innhaldsliste

11 Opningstider

11.1 Gjeldande rett

Etter § 15 kan ein serveringsstad haldast open frå kl. 06.00 til kl. 01.00 om ikkje kommunen fastset anna i forskrift. Når det ligg føre særlege grunner, kan kommunen gjere unntak frå opningstidsføresegnene for kvar enkelt serveringsstad. Vedtak om å innskrenke opningstidene kan tidlegast tre i kraft tre månader etter at vedtaket er gjort. Kommunen kan utvide opningstidene ved enkelthøve, og i dei tilfella der det er gjort vedtak om utvida skjenkjetid ved enkelthøve etter alkohollova § 4-4, blir den generelle opningstida samtidig utvida tilsvarande. Rammene for opningstider ved serveringsstader gjeld ikkje for servering ved overnattingsstader til overnattingsgjester.

11.2 Forslaget i høyringsnotatet

Etter departementet si oppfatning bør det høyre inn under det kommunale sjølvstyret å vurdere kor lenge serveringsstadene i kommunen skal ha høve til å halde ope. Ulike forhold i forskjellige kommunar kan tale for ulik regulering, og av den grunn bør det ikkje fastsetjast frå statleg hald når serveringsstadene må stengje. Derfor foreslo departementet i høyringsnotatet å oppheve føresegna om normalopningstid for serveringsstader. Etter forslaget kan ein serveringsstad fritt halde ope så lenge han vil, om ikkje kommunane i forskrift regulerer opningstidene. På denne måten må kommunen vurdere behovet og forholda i kvar enkelt kommune, og på dette grunnlaget fastsetje opningstidene for serveringsstadene.

Mange kommunar har i dag forskrifter om opningstid som skil seg frå normalopningstidene i lova. Kommunen har også fullt høve til å fastsetje ulike opningstider for ulike delar av bransjen. Det kan for eksempel vere ønskjeleg at restaurantar og pubar stengjer tidlegare enn pølsekioskane. «Like» stader må som hovudregel regulerast likt. Dersom enkelte stader blir regulerte særskilt, må det vere særlege grunnar til det, jf. § 15 andre ledd.

11.3 Høyringsinstansane sitt syn

Det er berre eit fåtal av høyringsinstansane som har uttala seg om dette forslaget.

Bergen kommune, Drammen kommune og RBL meiner at ein bør halde på dagens ordning med normalopningstid. Bergen kommune uttalar at dette vil harmonere best med reglane i alkohollova. Drammen kommune fryktar at ei oppheving av regelen om normalopningstid vil signalisere at det kjem til å vere fritt fram å halde ope døgnet rundt. RBL uttalar at endringa eventuelt vil medføre at næringa risikerer at rammevilkåra blir endra, alt etter kva kvar enkelt kommune finn for godt. RBL kan ikkje akseptere at ein igjen vil skape usikkerheit om dei rammevilkåra som skal gjelde innanfor serveringsnæringa.

Foreningen Bedre Uteliv meiner det bør vere eit krav at reduksjon av opningstider minst bør varslast eitt år før iverksetjinga.

Sarpsborg kommune og Oslo kommune støttar forslaget.

11.4 Departementet si vurdering

Også i dag har kommunen heimel til å fastsetje eigne opningstider gjennom forskrift. Dagens lovtekst er utforma slik at han gjeld dersom ikkje kommunen har fastsett slik forskrift. Mange kommunar har nytta seg av denne heimelen, og for serveringsstader i desse kommunane vil ei lovendring ikkje ha så mykje å seie.

Kommunens fastsetjing av forskrifter om opningstider må følgje vanlege reglar for saksbehandling av forskrifter i forvaltningslova kapittel VII. Det inneber mellom anna at det blir sett formkrav til utgreiingsplikt, førehandsvarsling og kunngjering.

Enkelte kommunar ønskjer å halde fast ved regelen om normalopningstid av omsyn til harmoniseringa med skjenkjetidene i alkohollova. Høvet til å fastsetje eigne opningstider opnar for slik harmonisering i dei kommunane som ønskjer det. Også eigne forskrifter om opningstider gir kommunane høve til å regulere serveringstida og stengjetida, då slik at det ofte vil vere praktisk å stengje serveringa ei tid før gjestene må ha forlate lokalet.

Departementet er einig med RBL i at eit stadig skifte av opningstider vil medføre ein uhaldbar situasjon for serveringsverksemder. Departementet har likevel ikkje erfart at dagens opning for fastsetjing av kommunale forskrifter har medført noka slik stadig endring, og departementet reknar heller ikkje med at denne lovendringa vil føre med seg stadige skifte. Departementet legg til grunn at kvar enkelt kommune vil leggje til rette for stabile rammevilkår for det lokale næringslivet. Omsynet til stabile og føreseielege rammevilkår ligg også bak føresegna i tredje ledd om at vedtak om innskrenka opningstider ikkje kan gjerast utan tre månaders varsel. Det er gjort nærare greie for bakgrunnen for tremånaders-regelen i Ot.prp. nr. 55 (1997-98) kapittel 10.

Ut over opphevinga av normalopningstida for serveringsstader blir det foreslått at føresegna står ved lag. Tidlegare fråsegner og praksis knytte til gjeldande § 15 andre til fjerde ledd er dermed framleis relevante.

Departementet foreslår etter dette å oppheve reglane om normalopningstid i tråd med forslaget i høyringsnotatet. For å få til ein smidig overgang i forhold til rettstilstanden pr. i dag vil departementet foreslå i overgangsreglane at gjeldande opningstider blir gitt verknad «inntil det er fastsatt kommunale forskrifter, dog ikke lenger enn ett år». Dette skulle gi kommunen tid til å vedta nødvendige forskrifter, og vi unngår å få eit rettsleg vakuum utan opningstidsføresegner i overgang mellom ny og gammel lov.

Til forsida