Ot.prp. nr. 69 (2006-2007)

Om lov om endringer i lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

Til innhaldsliste

12 Heimel for å nekte gjester tilgjenge

12.1 Forskrift 1. juli 1983 om orden og lukningstider

Forskrift 1. juli 1983 om orden og lukningstider for overnattings- og serveringssteder gav før leiar for verksemda høve til å vise bort gjester. For det første gav § 2 leiaren høve til å nekte enkeltpersonar tilgjenge til ein serveringsstad dersom personen var rusa eller ein frykta at vedkomande ville forstyrre ro og orden. Forskrifta gav i tillegg leiaren høve til å vise bort personar som hadde forbrote seg mot ordensreglane på serveringsstaden, for ein kortare eller lengre periode. Forskrifta vart oppheva i samband med at serveringslova vart vedteken.

12.2 Gjeldande rett

Serveringslova har ikkje vidareført reglane i den tidlegare ordensforskrifta som gav direkte heimel for tilgjengenekting. Det er likevel høve til bortvising «der og då», gjennom generelle rettsgrunnsetningar. I utgangspunktet er det ordensvakta som må vise bort gjester når problem oppstår. Ot.prp. nr. 55 (1997-98) (serveringslova) s. 52 beskriv oppgåva som at «ordensvaktene skal føre kontroll med hvem som får adgang til lokalene og videre bidra til å holde ro og orden ved serveringsstedet». Det heiter også at «formålet med ordensvakter er at de skal søke å forhindre konflikter og/eller bidra til å løse eventuelle konflikter uten bruk av vold». Det ligg i grunnlaget for instituttet og følgjer av sedvane at tilgjengenekting og bortvising er allmenne verkemiddel. Ordensvakta har òg høve til å vise bort gjesten fleire gonger, så sant det er sakleg grunngitt. Det må dessutan vere høve til å opplyse vedkomande om at det vil skje, og at det derfor ikkje er nokon vits i å kome tilbake før åtferda/tilstanden er endra på ein truverdig måte. Serveringsstaden vil på denne måten ha teke vare på opplysningsplikta si, og utestenging kan skje kvar gong vedkomande dukkar opp, så lenge føresetnaden er til stades.

Det høvet ein serveringsstad hadde til å vise bort ein gjest for ein lengre periode, er ikkje erstatta av tilsvarande heimel i serveringslova, og kan heller ikkje utleiast av allmenne rettsgrunnsetningar eller i grunnlaget for ordensvaktinstituttet. Forarbeida til serveringslova omtalar heller ikkje spørsmålet om bortvising for lengre tid. Både politikammer, kommunar og næringa sjølv har etterlyst ei gjeninnføring av denne ordninga.

12.3 Forslaget i høyringsnotatet

Årsaka til at føresegna i forskrifta ikkje vart vidareført i serveringslova, var at ein rekna med at høvet til bortvising kunne utleiast av generelle rettsgrunnsetningar. Men som det går fram ovanfor, gjeld dette berre høvet til å nekte nokon tilgang på det aktuelle tidspunktet. Bortvising over lengre tid er det dermed ikkje høve til etter dagens lovgiving. Departementet meiner at høvet til å vise bort gjester for eit kortare eller lengre tidsrom bør gjeninnførast, og foreslo at denne heimelen vart teken inn i serveringslova.

12.4 Høyringsinstansane sitt syn

Høyringsinstansane er positive til å innføre ein slik regel på ny, men fleire peikar på problem som vil oppstå i forhold til den praktiske gjennomføringa. Bergen kommune meiner at føresegna må strammast opp, slik at det kjem klart fram av lovteksten at kravet til skriftlegheit berre gjeld ved bortvising over eit visst tidsrom. Hotell- og restaurantarbeiderforbundet stiller spørsmål ved kven som skal utføre bortvisinga.

RBL er positiv til at ei slik føresegn blir innført. Men RBL stiller seg undrande til at bortvising først skal kunne skje ved «gjentagne» brot, og tilrår at det blir teke inn eit alternativ i føresegna som gir høve til å vise bort personar som opptrer truande, eller som fleire gonger bryt reglementet for utestaden.

Foreningen Bedre Uteliv meiner det ikkje er praktisk mogleg at bortviste gjester skal tilskrivast. I dei fleste tilfelle kjenner verksemda heller ikkje gjestens adresse.

Oslo politidistrikt er positiv til føresegna fordi ho kan lette arbeidsoppgåvene til ordensvakter når det gjeld vanskelege gjester. Men Oslo politidistrikt stiller spørsmål ved korleis den reint praktiske gjennomføringa skal føregå. Både korleis den bortviste gjesten vil reagere på avgjerda, korleis vakta skal få nødvendige personalia, korleis gjesten i ettertid skal nektast tilgjenge, og korleis sjølve den skriftlege avgjerda skal oppbevarast, kan by på praktiske problem. Oslo politidistrikt foreslår at ein formar føresegna slik at det er politiet som nekter personen tilgjenge, etter mønster av den danske restaurationslova. I den føresegna får politiet òg høve til å nekte serveringsstaden å ta imot gjesten. Vidare peikar politiet på at det er politiet som i medhald av politilova § 7 er gitt oppgåva å handheve ro og orden.

12.5 Departementet si vurdering

Departementet merkar seg at høyringsinstansane ønskjer å få innført på ny ein heimel om bortvising for lengre tid, og ser av merknadene frå høyringsinstansane at den praktiske gjennomføringa må vurderast nærare. Både spørsmålet om kven som skal utføre bortvisinga, og korleis ei eventuell skriftleg avgjerd skal formidlast, blir nemnt av fleire høyringsinstansar.

Oslo politidistrikt har kome med ei grundig vurdering av forslaget og også foreslått ein måte å løyse spørsmålet på. Departementet stiller seg bak Oslo politidistrikt si vurdering av dei praktiske problema som er knytte til utforminga av føresegna, slik det er foreslått i høyringsnotatet. Er gjesten bortvist, må personalia ofte innhentast i det offentlege rom, og det kan gjesten setje seg imot. Vidare kan bortviste gjester vere aggressive eller rusa, og ei bortvising kan medføre ytterlegare ordensforstyrring. I dei større byane er det vanleg at det er fleire forskjellige ordensvakter knytte til verksemda, og det vil oppstå problem med å kjenne att gjesten. I tillegg oppstår det uløyste spørsmål knytte til oppbevaring av ei skriftleg bortvising i forhold til personalia og rettssikkerheit. Oslo politidistrikt foreslo å leggje heimelen til politiet etter mønster av den danske alkohollova.

Departementet har kome til at bortvising av gjester over lengre tid er ei oppgåve som bør leggjast til politiet. I tråd med lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politilova) § 7 er det politiet som står for handheving av offentleg ro og orden.

Departementet foreslår derfor, i tråd med synet til høyringsinstansane, at heimelen blir innført igjen, men då slik at det er politiet som får heimel til å nekte ein gjest tilgjenge for eit lengre tidsrom. Departementet har også valt å fjerne formuleringa «viser seg beruset» frå lovteksten, idet vi meiner formuleringa «forstyrrer ro og orden» er eit dekkjande overordna omgrep.

I dei aller fleste tilfella er det tilstrekkeleg at gjesten blir bortvist av ordensvakta der og då eller for resten av kvelden. Men i nokre spesielle tilfelle vil det vere behov for å kunne vise bort ein gjest som fleire gonger eller på ein svært uheldig måte forstyrrar vanleg ro og orden, over eit lengre tidsrom. Ved å leggje heimelen til politiet vil utgangspunktet for vurderinga vere den same som etter politilova § 7.

Sjå forslaget til ny § 16 tredje ledd og omtalen i kapittel 19.

Til forsida