Ot.prp. nr. 69 (2006-2007)

Om lov om endringer i lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

Til innhaldsliste

13 Høve for politiet til mellombels stenging av serveringsstaden

13.1 Gjeldande rett

Etter serveringslova § 17 har politiet heimel til å stengje ein serveringsstad for inntil fire dagar dersom dette er nødvendig «a) for å stanse forstyrrelser av den offentlige ro og orden eller når omstendighetene gir grunn til frykt for slike forstyrrelser, b) for å ivareta enkeltpersoners eller allmenhetens sikkerhet» eller «c) for å avverge eller stanse lovbrudd.» Ordlyden i bokstav a) til c) er identisk med lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 7.

Det er opp til politiet å vurdere kor lenge det er nødvendig å halde serveringsstaden stengd innanfor rammene i lova i kvart enkelt tilfelle, ut frå ei vurdering av vilkåra i føresegna og den konkrete saka. Føresegna sikrar at kommunen får minimum éin virkedag på seg til å vurdere om det er behov for å bruke heimelen sin til mellombels stenging etter § 18. Eit av formåla med føresegna er å stanse problem der og då.

13.2 Forslaget i høyringsnotatet

Erfaringane har vist at fire dagar er kort tid for kommunane til å vurdere om vilkåra for mellombels stenging er til stades, og det blir foreslått at politiet får utvida høvet til å stengje, til sju dagar.

Viss serveringsstaden kan haldast stengd med heimel i § 17 i inntil ei veke, vil kommunen som regel rekke å behandle spørsmålet om mellombels stenging innan serveringsstaden opnar igjen. Dersom vilkåra etter § 18 er oppfylte, kan politiet sitt stengingsvedtak videreførast i eit mellombels, eventuelt permanent stengingsvedtak. På denne måten hindrar ein at serveringsstaden er i drift mellom dei to vedtaka.

I høyringsnotatet vart det understreka at politiet må vurdere i kvart enkelt tilfelle kor lenge det er nødvendig å stengje staden, og i vurderinga ta omsyn til kor grovt lovbrotet er. Stenging av ein stad i éi veke kan få alvorlege følger for staden, ved at omsetninga blir borte, mens faste utgifter likevel samlar seg opp.

13.3 Høyringsinstansane sitt syn

Foreningen Bedre Uteliv peikar på at eit vedtak om å stengje ein serveringsstad er inngripande. Det må derfor krevjast at eit vedtak av denne karakteren følgjer reglane i forvaltningslova §§ 24 og 25.

Kommunal- og regionaldepartementet understrekar at når det gjeld forslaget i § 17 om at politiet skal ha høve til mellombels stenging, kan alternativet bokstav c) vere aktuelt ved brot på lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion o.a. Også her meiner KRD at lovføresegner som blir sanksjonerte administrativt, bør gi grunnlag for mellombels stenging.

Justisdepartementet har ingen merknader til forslag til endringar i § 17, men understrekar at det må liggje på kommunen så snart som mogleg å ta ei avgjerd om mellombels stenging. JD presiserer at dersom politivedtaket om mellombels stenging seinare blir kjent ugyldig, kan det føre til erstatningskrav mot politiet. Berre av den grunn bør kommunen ta si avgjerd utan ugrunna opphald. Føresegna legg opp til at politiet kan gjere eit vedtak om mellombels stenging inntil sju dagar, noko som særleg kan vere aktuelt ved mellombels stenging i samband med ei helg eller høgtider. Dersom politiet gjer sitt vedtak for eksempel på ein måndag, vil det vere forsvarleg at vedtaket blir avgrensa til å gjelde for ein periode på for eksempel tre dagar.

Bergen kommune og Drammen kommune peikar på at dersom politiet får høve til mellombels stenging i § 17, må det harmoniserast med reglane i alkohollova.

RBL går imot forslag til endringar i § 17. RBLs erfaring er at tre dagar frå eller til ikkje vil ha særleg mykje å seie for kommunen, i og med at dei bruker veker og månader på å behandle slike saker. Forslaget inneber derfor berre ei utviding av politiet sitt høve til å stengje.

13.4 Departementet si vurdering

Også når politiet stengjer ein serveringsstad etter § 17, må dei følgje reglane i forvaltningslova om enkeltvedtak og klage.

Etter lov om forbod mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion o.a. § 4 er det forbod mot både direkte og indirekte diskriminering. Etter departementet si meining vil denne typen lovbrot vere eit av vurderingstema i § 17 bokstav c).

Departementet foreslår her ingen realitetsendringar i det materielle innhaldet i føresegna ut over det at talet på dagar blir utvida. Bortsett frå talet på dagar er ordlyden i dei to føresegnene i alkohollova § 1-8a og serveringslova nesten identisk. Nærings- og handelsdepartementet ser ikkje behov for å harmonisere dei to føresegnene ytterlegare.

Departementet foreslår at politiet sitt høve til å stengje ein serveringsstad mellombels blir utvida til sju dagar, i tråd med forslaget i høyringsnotatet.

Til forsida