Ot.prp. nr. 69 (2006-2007)

Om lov om endringer i lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

Til innhaldsliste

15 Spørsmål om innføring av gebyr

15.1 Gjeldande rett

Etter gjeldande rett er det ingen krav om gebyr knytte til sjølve søknaden om serveringsløyve. Den tidlegare hotellova hadde heller ikkje heimel for å krevje gebyr for løyve. Men gebyrspørsmålet vart vurdert då serveringslova vart innført. Då løyveplikta for overnattingsstader vart oppheva, meinte departementet at kommunen ikkje vart pålagd meir arbeid enn etter hotellova. I samband med søknadsbehandlinga for serveringsløyve vart nok arbeidsbyrda for kommunane noko utvida, men samtidig fekk kommunen ei lov som var enklare å praktisere. Arbeidet med serverings- og overnattingsløyve etter hotellova vart finansiert gjennom ordinære overføringar til kommunane.

Oslo kommune har bedd departementet vurdere om det bør innførast gebyr i tilknyting til søknad om serveringsløyve. Kommunen framhevar at arbeidet med behandlinga av serveringsløyve er omfattande og tidkrevjande, og peikar særleg på arbeidet med å hente inn fråsegner frå politiet, og eventuelt frå andre offentlege myndigheiter. Oslo kommune har funne det nødvendig å sende løyvesøknadene på breie høyringsrundar. Søknadsbehandlinga inneber mellom anna innregistrering av saka, kommunikasjon med søkjar, dokumentasjonskontroll, arbeid med høyringsfråsegner og utarbeiding av saksframstillinga, mellom anna juridiske vurderingar. I tillegg kjem den etterfølgjande kontrollverksemda, som blir hevda å vere svært ressurskrevjande. Oslo kommune foreslår at det blir innført eit løyvegebyr på 5000 kroner, alternativt eit årleg løyvegebyr.

15.2 Forslaget i høyringsnotatet

Departementet gav uttrykk for forståing for at søknadsbehandlinga kan vere kostnadskrevjande for mange kommunar, særleg for kommunar med mange løyvepliktige serveringsstader. For å sikre likebehandling og hindre konkurransevriding er det viktig at kommunane ser til at alle serveringsstadene i kommunen har løyve, og at alle serveringsstadene blir drivne i samsvar med lovgivinga.

Det var, etter departementet si oppfatning, heller ikkje ønskjeleg å hindre nye etableringar. Dersom det blir innført eit gebyr for kommunens behandling av serveringsløyve, kan dette gebyret, avhengig av kor stort det er, vere eit etableringshinder for næringsdrivande som ønskjer å kome inn i marknaden. På denne bakgrunnen foreslo ikkje departementet i høyringsnotatet at ein skulle innføre gebyrheimel.

15.3 Høyringsinstansane sitt syn

Fredrikstad kommune og Drammen kommune meiner det bør innførast gebyr for behandlinga av serveringsløyve.

Oslo kommune meiner primært at staten bør overføre økonomiske midlar til kommunen for å finansiere arbeidet med registrering, oppfølging og kontroll av serveringsstader. Alternativt ber kommunen departementet innføre ein heimel for å ileggje gebyr for serveringsløyve.

Bergen kommune saknar ei god grunngiving for kvifor det ikkje kan innførast eit gebyr i samband med behandling av søknader om serveringsløyve. Dette blir gjort i mange andre samanhenger, og hindring av nyetablering er ikkje eit tilstrekkeleg godt argument. Bergen kommune meiner eit gebyr vil ha ein preventiv effekt når det gjeld innsending av ufullstendige søknader.

Trondheim kommune og RBL er einige med departementet i at det ikkje bør innførast gebyr.

Kristiansand kommune meiner det bør innførast eit gebyr på 5000 kroner for kvart løyve. Gebyret på 300 kroner for etablerarprøven dekkjer ikkje kommunens kostnader og bør aukast til 500 kroner.

15.4 Departementet si vurdering

Fleire av høyringsinstansane etterlyser moglegheit for å innhente delar av dei kostnadene søknadsbehandlinga påfører kommunen. Eit av hovudprinsippa bak regelverksarbeidet i det offentlege er å leggje administrative tenester til rette slik at dei er tilpassa små og mellomstore bedrifter. Kostnaden for dei næringsdrivande skal kunne forsvarast ut frå nytten for samfunnet. Det at serveringsstader må ha løyve, er i seg sjølv ei byrde det offentlege har pålagt serveringsverksemdene. Departementet er skeptisk til ei utvikling som påfører næringsdrivande offentlege kostnader for å setje i gang ei verksemd.

Departementet kan heller ikkje sjå at kommunen blir påført ei auka belastning med forslaget. Tanken med utvidingane som er foreslått i vandelsføresegna, er å gjere arbeidet med å stanse lovbrytarar enklare. Det blir heller ikkje pålagt nye oppgåver i forslag om endringar i serveringslova.

Departementet vil etter dette halde fast ved forslaget om ikkje å innføre gebyr.

Til forsida