Ot.prp. nr. 69 (2006-2007)

Om lov om endringer i lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

Til innhaldsliste

17 Spørsmål som er tekne opp i høyringsrunden

Fleire av høyringsinstansane kommenterte i høyringssvara sine tema som ikkje var nemnde i høyringsnotatet frå departementet. Høyringsinstansane sine merknader til dei enkelte tema og departementet sine vurderingar er samla i dette kapittelet.

17.1 Behandlingsfristen

Foreningen Bedre Uteliv meiner at dersom ein søknad om serveringsløyve ikkje er behandla innan fristen i § 10, bør konsekvensen vere at ein kan gå ut frå at løyve er gitt ved passivitet. Dette kan vere ein spore til rask saksbehandling. Vidare meiner foreininga at det må setjast ein frist for kor lenge eit høyringsorgan kan sitje på ei sak før det gir fråsegn etter § 9.

Drammen kommune meiner det i § 10 bør spesifiserast at fristen gjeld frå fullstendig søknad er motteken, og at behandlingsfristen ikkje kan haldast dersom det ikkje blir lagt fram dokumentasjon på avlagd etablerarprøve.

Departementet meiner: Føresegna i § 9 tredje ledd har heimel for kommunen til å setje ein tidsfrist for fråsegn frå andre offentlege organ. Denne moglegheita er meint å vere ei hjelp til kommunen for å kunne halde den behandlingsfristen kommunen sjølv er pålagd. Kommunen kan sjølv avgjere kor lang fristen skal vere, men han bør stå i forhold til det arbeidet kommunen pålegg den offentlege etaten å gjere. Føresegna er ytterlegare omtala i forarbeida på side 80.

Fristen for behandling av søknaden gjeld også i dag frå den tida søknaden er fullstendig. Det går ikkje spesifikt fram i sjølve lovteksten, men følgjer av kommentarane i forarbeida. Departementet har vurdert om dette bør presiserast i lovteksten, men har ikkje funne det nødvendig. I samband med løyve- og søknadsbehandling er det vanleg at fristen først gjeld frå det tidspunktet søknaden er fullstendig. Ut frå opplysningane frå løyvesøkjarar og kommunane synest ikkje dette å vere noko problem.

Når det gjeld spørsmålet om å rekne løyvet for innvilga ved passivitet, er departementet av ei anna oppfatning enn Foreningen Bedre Uteliv. Departementet meiner at godkjenning ved passivitet kan føre til at kommunen rutinemessig innvilgar løyve ved passivitet. Søkjaren får dermed ikkje eit dokument som stadfestar løyvet. Dette ville ikkje vere ei ønskjeleg utvikling. Det at næringsdrivande skal kunne ta visse omsyn på førehand og har behov for informasjon så tidleg som mogleg, er viktige moment. I tillegg er seksti dagar lenge å vente på løyvet, mellom anna fordi søkjaren ofte er midt i etableringsfasen der lokale er leigde osv. Departementet meiner også at det er viktig for serveringsstader og offentlege myndigheiter å ha eit dokument ved kontrollar. Vår meining er dermed at dei næringsdrivande er betre tente med dagens ordning.

17.2 Overdraging og bortfall av løyvet

LO meiner at ein bør vurdere å innføre krav om stenging og driftsopphøyr ved konkurs. Dersom konkursbuet får lov til å drive vidare, vil dei opphavlege miljøa framleis vere aktive i drifta. Dersom dette ikkje blir gjennomført, ser ikkje LO grunn til at kravet om etablerarprøve og vandel ikkje skal ileggjast konkursbuet. Vidare skriv LO at fristen for bortfall av løyve ved innstilling eller manglande drift er unødig lang og bør avgrensast til seks månader.

Hotell- og restaurantarbeiderforbundet meiner krava i §§ 5 og 6 også må gjelde for konkursbuet. Det må vurderast om serveringsstaden ikkje bør kunne drive vidare etter konkurs, og at fristen i § 25 bør kortast ned til seks månader.

Departementet deler ikkje LOs og Hotell- og restaurantarbeiderforbundet sitt syn når det gjeld konkurs. Ved konkurs er det buet som driv verksemda vidare, og ikkje det opphavlege miljøet. Departementet ser derfor ingen grunn til å endre reglane på dette området og viser elles til Ot.prp. nr. 55 for 1996-97 om serveringsloven kap. 15, der regelen er nærare grunngitt.

17.3 Ordensvakter

Bergen kommune meiner det bør vurderast om ikkje også kommunen skal få høve til å påleggje stader å ha godkjende ordensvakter. Kommunen kan setje eit krav om ordensvakter som vilkår for å få løyve. Vidare meiner kommunen at sentrale myndigheiter bør utarbeide eit standardisert kursopplegg som skal brukast i samband med opplæring av ordensvaktene. Kommunen opplever at enkelte vakter eller vaktselskap blir rimeleg fortørna når dei har gjennomgått opplæringa i ein kommune/eit politidistrikt og ikkje får denne opplæringa godkjend i eit anna område.

LO meiner alle ordensvakter bør ha gjennomført godkjende kurs, slik at eventuelle krav om kurs ikkje er avhengige av lokale vurderingar. Politiet bør få myndigheit til å ileggje pålegg om kor mange ordensvakter ei verksemd minimum skal ha.

Justisdepartementet understrekar at politiet, som ledd i godkjenninga av ordensvakter, kan gjennomføre vandelskontroll av søkjaren, jf. Justisdepartementet sitt rundskriv G-112/2000. JD peikar vidare på at det ut frå innhaldet i føresegna kunne vore formålstenleg å gi føresegna ein forskriftsheimel. JD skriv at det er uklart kva politiet kan krevje å få lagt fram av opplysningar før ei godkjenning, kva som er relevante grunnar for nekting av ei slik godkjenning, om ei godkjenning kan givast til berre enkeltpersonar eller for eksempel også vektarfirma, og om godkjenninga er permanent eller kva som eventuelt kan vere opphøyrsgrunnar.

Hotell- og restaurantarbeiderforbundet meiner § 16 bør strykast, og at alle ordensvakter bør vere tilsette i verksemda. HRAF meiner at det bør vere forbode å leige inn ordensvakter frå profesjonelle selskap, fordi ordensvaktene må ha lokalkunnskap både om serveringsstaden og lokalmiljøet. HRAF hevdar vidare at det bør vere kontinuitet i kven som er ordensvakt, og at det bør stillast krav om at alle ordensvakter må gå gjennom kurs. Det er etter forbundet si oppfatning ingen grunn til å ha ulike reglar om dette. Politiet bør også etter HRAFs meining kunne gi pålegg om kor mange ordensvakter det skal vere.

Drammen kommune meiner kommunen bør kunne knyte som vilkår til løyvet at staden har ordensvakt.

Departementet er einig med JD i at det her er fleire uavklarte spørsmål. Likevel finn vi grunn til å understreke at erfaringane med dagens ordning er svært gode. Men departementet ser at det kan vere behov for å avklare ein del forhold rundt spørsmålet om ordensvakter, og vi er einige med JD i at dette bør skje i forskrifts form. Departementet foreslår derfor at § 16 får ein forskriftsheimel som gir departementet moglegheit til å utforme nærare reglar om ordensvakter.

17.4 Straff

Foreningen Bedre Uteliv peikar på at straff ikkje har vore brukt etter det foreininga kjenner til. Straffereaksjonar bør bli regelen, og ikkje unntaket. Etter foreininga si oppfatning bør straff i dei fleste tilfelle erstatte inndraging.

Bergen kommune ber departementet klargjere kva for konsekvensar det får dersom ein serveringsstad ikkje held plikta i § 14 om å melde inn til kommunen eventuelle endringar ved serveringsstaden.

Departementet er einig med Bergen kommune. Vi foreslår derfor eit tillegg i straffeføresegna. Departementet er også einig med Foreningen Bedre Uteliv i at handhevande myndigheit i større grad bør vurdere alternative reaksjonsformer.

Til forsida