Ot.prp. nr. 69 (2006-2007)

Om lov om endringer i lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

Til innhaldsliste

19 Merknader til kvar enkelt føresegn

Til § 2 «Lovens virkeområde»

Omfanget av virkeområdet i § 2 etter gjeldande rett er omtala ovanfor. Departementet foreslår at lovteksten i § 2 første ledd blir utvida noko, ved at «alle» blir lagt til framfor ordet «serveringssteder». Med denne endringa er det ikkje meininga å gjere store realitetsendringar i innhaldet i føresegna, men departementet vil markere at unntaket for sal av varme pølser blir oppheva. Det er berre servering som er omfatta av lova, og det må derfor gjerast ei avgrensing mot sal av matvarer. I ordet servering ligg det eit kriterium om at maten skal bli bydd fram til fortæring på staden.

Bortsett frå unntaket for pølser er tidlegare praksis og utsegner som var knytte til virkeområdet for serveringslova, framleis relevante. Eksempel på verksemder som fell inn under lova, er såleis pubar, restaurantar, kafear og liknande, og gatekjøkken, potetvogner, større kioskar og bensinstasjonar osv., dersom desse serverer mat/drikke. Både servering innan- og utandørs er omfatta. Likeins er servering etter sjølvbeteningsprinsippet omfatta. Dersom bedrifta held servise og/eller bestikk i samband med serveringa, vil det normalt vere eit sikkert kriterium på at staden kan reknast som ein serveringsstad. Om det finst sitjeplassar eller bord, er derimot ikkje rekna for å vere eit avgjerande kriterium. Cateringverksemd fell utanfor virkeområdet for lova, sidan maten blir laga på ein annan stad enn der serveringa føregår. Eksempel på verksemder som ikkje vil bli omfatta av omgrepet, er sal av innpakka bagettar, bollar og liknande, for eksempel frå daglegvarehandel, med mindre verksemda har karakter av ein serveringsstad.

Til § 3 «Bevilling»

§ 3 tredje ledd er ny. Med heimel i tredje ledd kan kommunen setje som vilkår for løyvet at krava i §§ 3 og 5 blir oppfylte innan ein nærare fastsett tidsfrist. Det er opp til kommunane å avgjere kor lang frist som skal setjast. Fristen bør vere relativt kort, i og med at det blir rekna som nødvendig å oppfylle krava i §§ 3 og 5 for å sikre forsvarleg drift av ein serveringsstad. Dersom vilkåret ikkje er innfridd innan den fristen kommunen set, må serveringsstaden stengje straks. Regelen er ein «kan»-regel og er ikkje meint å vere den ordinære framgangsmåten, men ein sikkerhetsventil for dei tilfella då hovudregelen i lova vil medføre urimeleg belastning for drivaren.

Til § 4 «Daglig leder»

Føresegna gjeld overfor alle serveringsstader. Dette inneber ei viss utviding i forhold til gjeldande rett, i og med at ein foreslår at unntaket for sal av pølser blir oppheva. Også pølsekioskar må etter forslaget utpeike ein dagleg leiar. Nemninga styrar er skifta ut med nemninga dagleg leiar. Dette er gjort for å trekkje eit klarare skilje mellom serveringslova og skjenkjestyrar i alkohollova. Begge lover har krav om å peike ut ein «styrer». Oppgåvene er likevel forskjellige, og namnet på stillinga bør av denne grunn ikkje vere identisk. Omgrepsendringa medfører inga realitetsendring.

Andre ledd om avløysar (stedfortreder) blir oppheva.

Til § 5 «Krav om etablererprøve»

I føresegna er omgrepet «styrer» bytt ut med omgrepet «daglig leder», sjå § 4.

Til § 6 «Krav til vandel»

Innverknad

Det blir understreka at det er dei reelle forholda som skal leggjast til grunn når det blir avgjort kven som skal vandelsvurderast. Etter § 6 i forslaget skal alle personar med «vesentlig innflytelse på driften av virksomheten» vandelsvurderast. Denne formuleringa gir kommunen sjanse til å gå inn i den konkrete situasjonen, og på bakgrunn av den kartleggje kven som har vesentleg innverknad, og som dermed må vandelsvurderast.

I enkelte tilfelle kan det på grunn av nært samhøyr mellom eigaren og andre personar vere grunnlag for å rekne med at andre enn den oppgitte eigaren har vesentleg innverknad på verksemda. Denne innverknaden kan byggje på familieband, på vennskap eller på forretningsforhold. Som eksempel på det siste kan nemnast enkelte typar personlege kredittavtalar som i realiteten gir kreditor stor innverknad over debitor. I så fall gjeld vandelskrava tilsvarande for desse. Innverknaden kan også vere grunngitt i at vedkomande har eigarinteresser, tek inn noko avkastning og/eller har noko innverknad i kraft av leiarstilling.

I andre ledd presiserast denne persongruppa ytterlegare. Den som er «leder» og derfor har vesentlig innverknad skal vandelsvurderast. «Leder» er i denne samanheng andre personar enn dagleg leiar i første ledd. Verksemda kan ha andre sentrale personar med innverknad, og føresegna opnar for vandelsvurdering av desse. Som eksempel kan nemnast kokk med slik innverknad eller ein økonomisjef.

For å lette bruken av føresegna er det rekna opp nokre persongrupper som alltid skal vandelsvurderast. Denne lista er likevel ikkje fullstendig.

Løyvehavar

Løyvehavar er den personen som driv serveringsstaden for si rekning, jf. § 3 første ledd. Løyvehavar kan vere ein fysisk eller ein juridisk person. Dersom løyvehavar er ein juridisk person, kan det for eksempel vere aktuelt å vandelsvurdere styreleiaren.

Dagleg leiar

Omgrepet «styrer» er endra til «daglig leder», jf. § 4. Dagleg leiar er den fysiske personen som har det reelle ansvaret for den daglege drifta av serveringsstaden. Kva for stillingsnemning vedkomande har, har i denne samanhengen ingen ting å seie, fordi det er det faktiske ansvaret og arbeidet han/ho gjer, som er avgjerande i forhold til omgrepet.

Det materielle innhaldet

Det materielle innhaldet i vandelsføresegna er utvida ved at føresegna har fått ei tilvising til anna lovgiving generelt, samtidig som spesielt nemnde lover kjem fram i ei opprekning. Dette betyr at det ikkje lenger er berre straffelagde lovbrot som inngår i vandelsvurderinga, men også andre brot på lovgivinga, så sant dei er uforlikelege med drift av serveringsstad.

Lovbrotet

Lovbrotet må vere «uforenlig med driften av virksomheten». Ikkje alle lovbrot vil få innverknad i vurderinga av om serveringsløyve skal nektast eller tilbakekallast. Lovbrotet må vere av ein slik karakter at vedkomande kan reknast som uskikka til å drive serveringsverksemd. Det betyr likevel ikkje at lovbrotet må vere gjort i relasjon til serveringsverksemd. Vidare må lovbrotet ha ein viss dimensjon som ut frå ei heilskapsvurdering gjer vedkomande uskikka til å drive serveringsverksemd. Avgjerande faktorar for om eit lovbrot kan medføre at løyve blir nekta/serveringsstaden stengd, er kor grovt lovbrotet er. Eit enkelt lovbrot åleine vil sjeldan medføre nekting eller stenging. Talet på brot er derfor også svært relevant i forhold til løyvespørsmålet.

Eigarskap

Kva som ligg i å «eie en vesentlig del av virksomheten», må avgjerast konkret. Det avgjerande er ikkje berre kor stor eigardel den aktuelle personen sit med, men også korleis dei andre eigarinteressene er fordelte. I ansvarlege selskap (ANS) kan det vere aktuelt å undersøkje alle deltakarane.

I denne samanhengen er det ikkje berre direkte eigarskap som er avgjerande, men også eigarskap via andre. For eksempel kan ein person som eig ein vesentleg del av selskap A, som igjen eig ein vesentleg del av selskap B, reknast for å ha ei vesentleg eigarinteresse i selskap B utan å eige nokon del i B direkte.

På den andre sida må ikkje eigaren av bygningen der verksemda ligg, oppfylle krava, dersom eigaren ikkje er knytt til drifta på ein slik måte at § 6 av den grunn krev at han må tilfredsstille vandelskrava.

Med «avkastning» blir det sikta til fordelar ein person får som følgje av tilknyting til serveringsstaden. I dei fleste tilfelle er det tale om rett til penger. Ein person kan for eksempel ha rett til ein del av overskotet fordi vedkomande har skote inn kapital i verksemda, men ikkje fått stilling som medeigar. I andre tilfelle kan ein person ha krav på bestemte rettar, f.eks. billig bustad eller billige lån. Også rett på slike fordelar kan vere grunnlag for å vandelsvurdere vedkomande.

Med «oppebærer» er det meint at vedkomande har rett til avkastninga, uansett kva slags grunnlag denne retten byggjer på. Det er ikkje avgjerande om avkastninga er utdelt eller motteken. Lønnsmottakarar eller personar som mottek pengar i form av husleige, renter eller avdrag på lån, betaling av varer osv., er ikkje omfatta av omgrepet «oppebærer», om ikkje utbetalingane er så høge at det er grunn til å tru at det reelt sett er ei utdeling av avkastning frå verksemda. Som eksempel på det siste kan nemnast eit selskap som eig serveringslokale og leiger dette ut til ein svært høg pris til eit driftsselskap.

Kva som er meint med ein «vesentlig del» av avkastninga, kjem an på ei konkret vurdering der mellom anna storleiken på serveringsstaden og omsetninga spelar inn.

Beviskravet

Det er ikkje gjort endringar i beviskravet.

Til § 7 «Konsolidering av eierandeler»

Føresegna blir tilpassa endringane i § 6 i lovforslaget. I tillegg blir det foreslått ny nr. 3) for å fange opp svogerskap.

Til § 8 «Krav til søknaden»

Søknaden om serveringsløyve skal vere skriftleg og innehalde opplysningar som nemnt i bokstav a) til e). Sjå nærare i Ot.prp. nr. 55 (1996-97) for ei beskriving av desse punkta. Bokstav c) har fått eit tillegg om at søknaden skal innehalde namn og adresse på dei som skal vandelsvurderast etter § 6 der personkretsen blir utvida.

I samband med søknadsbehandlinga kan kommunen i samsvar med nytt andre ledd krevje ytterlegare dokumentasjon. Kommunen kan etter denne føresegna bokstav a) krevje leigekontrakt. Dette gjeld leigekontrakt til den adressa løyvet blir søkt for. Leigekontrakten skal i tilfelle leverast i bekrefta kopi og vere underskriven av partane i saka. Den månadlege leiga skal gå fram av kontrakten. Dersom løyvesøkjar sjølv eig lokala, kan det i staden leggjast ved annan dokumentasjon som verifiserer eigarforholdet.

Kommunen kan etter bokstav b) krevje at det blir lagt fram ein finansieringsplan. Finansieringsplanen skal gi ei oversikt over korleis kjøpet av serveringsstaden er finansiert. Storleiken på eventuell egenkapital, ordinære banklån, kassakredittar, privatlån og innskott frå medeigarar skal gå fram av finansieringsplanen. Det skal vidare gå fram kor stor del som blir rekna som tingsinnskot. Også andre finansieringsformer skal gå fram av planen. Omgrepet har likevel ikkje eit klart definert formelt innhald, og finansieringsplanen kan vere enkelt utforma der det ikkje ligg føre kompliserte finansieringsmåtar.

I samsvar med bokstav c) kan det også krevjast at det blir lagt fram driftsbudsjett. Budsjettet viser normalt neste års forventa utgifter og inntekter, og er først og fremst eit hjelpemiddel for å føre kontroll med resultat, kostnader og inntekter i verksemda. På utgiftssida vil budsjettet vise forventa kostnader i samband med varekjøp, lønnskostnader, feriepenger og driftskostnader så som husleige, elektrisitet, reingjering, forsikring, revisjon og offentlege avgifter. Oppgiving av forventa lønnskostnader kan gi ein indikasjon på kor mange tilsette serveringsstaden reknar med å ha. På inntektssida gir budsjettet opp forventa varesal (rekna ut frå forventa belegg) og bruttoforteneste.

Det er ikkje sett nærare krav til korleis eit driftsbudsjett skal sjå ut, og budsjetta kan dermed variere i omfang og utforming. Budsjett kan ikkje nødvendigvis gi riktige signal om den komande økonomien til verksemda. Utviklinga kan gå i ei anna retning enn det løyvesøkjar har lagt til grunn, eller det kan vere vanskeleg å hente ut relevant informasjon frå eit budsjett sidan dette ofte krev spesialkompetanse.

I samsvar med bokstav d) kan kommunen også krevje at det blir lagt fram eit likviditetsbudsjett. Driftsbudsjettet (eller bedriftsbudsjettet) ligg i botnen for eit likviditetsbudsjett. Likviditetsbudsjettet skal vise forventa inn- og utbetalingar i perioden, slik at det kan godtgjerast at verksemda kan skaffe midlar til den faste drifta.

Viss kommunen ber om desse dokumenta, er det ein føresetnad at han har kompetanse til å setje seg inn i dei. Ønskjer kommunen å sjå dokumenta, kan det vere aktuelt å knyte til seg fagpersonar i enkelttilfelle. Blir finansieringsplan og budsjett lagde fram for kommunen, ligg det implisitt at dokumenta blir lagde til grunn i avgjerda. Kommunen «godkjenner» på denne måten til ein viss grad opplysningane som kjem fram. Det blir dermed vanskelegare å bruke opplysningar som kjem fram i ein finansieringsplan eller eit budsjett, som argument for å stengje ein serveringsstad på eit seinare tidspunkt. Dette stiller krav til kommunen si vurdering av framlagd dokumentasjon i søknaden.

I samsvar med tredje ledd må kommunen krevje opplysningane utan ugrunna opphald etter at søknaden er innkomen. Kommunen bør be om opplysningane etter andre ledd så raskt som mogleg. Føresegna i tredje ledd er ikkje meint som eit middel til å bruke føresegna i andre ledd til å trenere søknadsbehandlinga.

I fjerde ledd er det teke inn ei avgrensing i forhold til opplysningar med teieplikt i børsnoterte selskap.

Til § 11 «Opplysnings- og meldeplikt»

Føresegna i første ledd har fått eit tillegg ved at Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda er inkluderte i opprekninga av organ som utan hinder av teieplikt har opplysnings- og meldeplikt. Tilvisinga til næringsmiddeltilsynet er tilpassa lovendring på området, og det står no «Mattilsynet».

Det er vidare foreslått ei endring i andre ledd om informasjonsplikt om forhold som har noko å seie for «vurderingen av om stedet bør stenges etter §§ 18 eller 19». Tillegget betyr ikkje ei realitetsendring i forhold til gjeldande rett. I § 11 blir i dag ordlyden «betydning for bevillingsspørsmålet» brukt. «Bevillingsspørsmålet» peikar både på det å gi og det å ta løyve. Den utvida lovteksten er berre ei klargjerande presisering.

Til § 13 «Kontroll»

Tredje ledd er nytt og heimlar politiet sin rett til å krevje tilgjenge til serveringsstaden for å utføre nødvendig kontroll ved mistanke om lovbrot.

Til § 14 «Melding om endringer ved serveringsstedet»

Omgrepet «styrer» i første ledd a) er endra til «daglig leder» i tråd med endringane i § 4. Elles er føresegna uendra.

Til § 15 «Åpningstider»

Første ledd i føresegna er endra slik at det er opp til kvar enkelt kommune sjølv å fastsetje opningstider for dei serveringsstadene som ligg i kommunen. Normalopningstida er dermed fjerna.

Dersom kommunen ikkje regulerer opningstidene, kan ein serveringsstad halde ope så lenge verksemda sjølv finn det formålstenleg. Kommunen blir dermed tvinga til å vurdere behovet og forholda i kvar enkelt kommune og fastsetje opningstidene på dette grunnlaget. Ulike forhold i forskjellige kommunar kan tale for ulik regulering.

Kommunen kan fastsetje ulike opningstider for ulike delar av bransjen. Det kan for eksempel vere ønskjeleg at restaurantar og pubar blir stengde tidlegare enn pølsekioskane. Men kvar bransje må som hovudregel regulerast likt. Dersom enkelte stader blir regulerte særskilt, må det vere særlege grunner til dette.

§ 15 tredje ledd er endra som følgje av endringa i første ledd.

Utover opphevinga av normalopningstida for serveringsstader blir det foreslått at føresegna skal stå som før. Tidlegare fråsegner og praksis knytt til gjeldande § 15 andre til fjerde ledd er dermed framleis relevante.

Det er gitt overgangsføresegner inntil lokale forskrifter er på plass, jf. romertall II.

Til § 16 «Ordensvakter og bortvisning av gjester»

Andre ledd er nytt og heimlar høve til å gi nærare reglar om godkjenning av ordensvakter i forskrift. Forskrifta kan for eksempel gi nærare reglar om eventuell vandelskontroll av søkjarar, kva for opplysningar som kan krevjast ved søknad, relevante grunnar for nekting, kva som kan vere opphøyrsgrunnar, og eventuelt om ei godkjenning kan givast berre til enkeltpersonar eller også til føretak.

Tredje ledd er nytt og heimlar rett til å vise bort gjester som fleire gonger anten har forbrote seg mot ordensreglane for serveringsstaden, eller som har forstyrra ro og orden i verksemda. Retten til å nekte gjester tilgjenge opnar berre for bortvising i særlege tilfelle. Avgjerd om bortvising er det politiet som tek. Departementet vil likevel understreke at avgjerda må vere sakleg grunngitt og ikkje ha karakter av straff. Avgjerda med grunngiving skal vere skriftleg, og må opplyse kor lenge utestenginga varer.

Til § 17 «Politiets adgang til midlertidig stenging»

Det er foreslått at heimelen blir utvida til sju dagar.

Til § 18 «Suspensjon av bevillingen»

Første ledd er justert slik at «inntil videre» er erstatta av «midlertidig». Endringa klargjer forskjellen til andre ledd, der suspensjon kan skje «inntil videre».

Etter andre ledd får kommunen heimel til å stengje ein serveringsstad inntil vidare dersom dette er nødvendig for å stanse lovbrot. Det er drifta av serveringsstaden som må vere i strid med regelverket, jf. § 6. Dersom dagleg leiar, eigar eller andre som har vesentleg innverknad på drifta av serveringsstaden, har utført lovbrot som ikkje har tilknyting til sjølve drifta, har kommunen ikkje heimel til å stengje serveringsstaden mellombels. Når forholda er retta opp igjen, vil vilkåret om at stenging må vere nødvendig for å «stanse lovbrudd», ikkje lenger vere oppfylt, og kommunen må oppheve stenginga. Serveringsstaden kan heller ikkje stengjast mellombels etter dette alternativet på grunnlag av fare for lovbrot. Lovbrotet må faktisk ha skjedd før serveringsstaden kan stengjast mellombels. Lovbrotet må vidare vere av ein slik karakter at det kvalifiserer til straff eller administrative reaksjonar etter allmenn eller spesiell lovgiving. Eit eksempel på lovbrot som kan føre til stenging straks, er for eksempel at kjøkkensjefen bruker smuglarvarer i stor stil.

Nærare om forskjellen mellom første og andre ledd

Første og andre ledd er forskjellige i to viktige relasjonar. Første ledd kan berre brukast i ein prosess der ein går ut frå at løyvet skal trekkjast tilbake etter § 19. Andre ledd kan i motsetning til første ledd også brukast i tilfelle der lovbrotet kan rettast opp, og der brotet ikkje er slik at det må resultere i tilbakekalling. I tillegg kan andre ledd brukast i tilfelle der lovbrotet er grovt, men der det ikkje er utført av ein person som fell inn under vandelsføresegna. Forholdet kan i slike tilfelle rettast opp, og løyvet blir ikkje inndrege. Det vil likevel vere behov for eit høve til suspensjon mens forholda blir avklara/retta.

Første og andre ledd markerer ikkje ein eintydig gradsforskjell i regelbrot.

Det er berre lovbrot som fell inn under vandelskravet i § 6, og som kvalifiserer til straff eller administrativ reaksjon, som kan leggjast til grunn i § 18.

Andre ledd blir brukt for å stanse lovbrot og har ein lågare terskel enn første ledd. Verksemda kan straks stansast inntil vidare. Det kan deretter blir slutt på lovbrotet, og verksemda kan opnast igjen, eller kommunen kan vedta å kalle tilbake løyvet, jf. § 19, viss lovbrotet kvalifiserer til dette.

Andre ledd kan også nyttast i tilfelle der den lovstridige handlinga er gjord av personar som ikkje er ansvarlege for løyvet staden har. Ein tilsett kan ha utført lovstridige handlingar slik at verksemda blir stansa. Det kan i eit slikt tilfelle vere tilstrekkeleg å rette forholdet og gjere nødvendige tiltak mot den som er skyldig i lovbrotet. Eit forhold som er knytt til annan person enn dei som er omtala i § 6, kan ikkje medføre tilbakekalling av løyve etter § 19, og § 18 første ledd kan derfor ikkje nyttast.

Til § 19 «Tilbakekall av serveringsbevilling»

Andre ledd er endra noko for å tilpasse endringa i personkretsen for vandelskravet. «Noen tilknyttet serveringsstedet» skal ein forstå som løyvehavar, dagleg leiar og/eller person som har vesentleg innverknad på verksemda. For å klargjere dette ytterlegare er det gjort ei tilvising til § 6 første ledd i føresegna.

Til § 21 «Straff»

Bokstav e) er ny og refererer seg til kommunens behov for å motta melding om endringar som er viktige for løyvet.

Til ikrafttredelses- og overgangsføresegner

Det følgjer av nr. 1 at lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

I nr. 2 til nr. 4 er det gitt overgangsføresegner. Nr. 2 gjeld overgangen mellom gjeldande opningstider og kommunalt fastsette opningstider etter § 15 første ledd i lova. Gjeldande opningsider står i inntil eitt år etter at denne endringslova trer i kraft.

Endringa i § 2, jf. § 3 medfører at fleire serveringsstader vil falle inn under løyveplikta. Det vil medføre at mellom anna ei rekkje tradisjonelle kioskar må ha løyve. Overgangsføresegna i nr. 3 gjer at alt etablerte verksemder kan drive vidare utan å søkje løyve. Dette gjeld sjølvsagt berre verksemd som var løyvefri før lova tok til å gjelde. Verksemda skal betraktast som om ho har løyve, og må vidare framover følgje lova på same måte som verksemder med serveringsløyve. Dette betyr at for eksempel brot på vandelsføresegna kan medføre inndraging av rett til å drive serveringsverksemd.

Overgangsføresegna i nr. 4 gjer at dagleg leiar for verksemder som er i gang, ikkje treng avleggje etablerarprøve så lenge verksemda hans/hennar knyter seg til noverande rettssubjekt. Ved eit framtidig skifte må det avleggjast etablerarprøve.

Til forsida