Ot.prp. nr. 69 (2006-2007)

Om lov om endringer i lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

Til innhaldsliste

5 Dagleg leiar

5.1 Gjeldande rett

Etter gjeldande rett skal alle serveringsstader ha ein styrar som har det reelle ansvaret for den daglege drifta av serveringsstaden. Serveringsstaden skal også ha ein avløysar som er ansvarleg for den daglege drifta når styrar er borte. Både styrar og avløysar må vere myndige.

Styrar for serveringsstaden er den personen som i kraft av stillinga si har det reelle ansvaret for og innverknaden på den daglege drifta av serveringsstaden. Det har ingen ting å seie kva for formell stillingstittel som blir brukt. Det er ansvaret og arbeidsoppgåvene vedkomande har i tilknyting til serveringsstaden, som er utslagsgivande for om han/ho fyller styrars rolle og må oppfylle dei krava som er knytte til denne stillinga. Styrar fungerer normalt som ein kontaktperson for tilsette, kundar, offentlege myndigheiter og andre som har behov for å kome i kontakt med ein ansvarleg person ved serveringsstaden.

5.2 Forslaget i høyringsnotatet

Også etter alkohollova er ein skjenkjestad forplikta til å ha ein styrar og ein avløysar. Styrar og avløysar etter alkohollova har ei anna rolle enn styrar og avløysar etter serveringslova. Fleire instansar har peika på forvirringa dette medfører, og har bedd departementet endre omgrepsbruken i serveringslova. Av den grunn foreslo departementet i høyringsnotatet at omgrepet «styrer» i serveringslova blir erstatta med omgrepet «daglig leder». Det er ikkje meininga at endringa skal medføre realitetsendringar.

Etter departementet si vurdering bør ein halde fast ved kravet om at alle serveringsstader må ha ein dagleg leiar. Kven som blir rekna som dagleg leiar for serveringsstaden, blir avgjort i tråd med gjeldande rett. For serveringsstader som er underlagde kravet om serveringsløyve, jf. § 3, må dagleg leiar avleggje ein etablerarprøve, jf. § 5. På denne måten sikrar ein at den personen som har avgjerande innverknad på drifta av serveringsstaden, kjenner regelverket som er knytt til bransjen.

Det vart foreslått at ein held på kravet om at dagleg leiar må vere myndig.

Departementet ønskte også å vurdere om det er behov for å halde fast ved kravet om at alle serveringsstader skal ha ein avløysar. Særleg for mindre serveringsstader kan det vere vanskeleg å peike ut ein person som har tilstrekkeleg kunnskap om drift og organisering. Ved lengre fråvær som for eksempel fødselspermisjon, lengre sjukefråvær eller militærteneste vil den som trer inn i dagleg leiars stad, bli rekna som den reelle daglege leiaren for serveringsstaden og må oppfylle dei krava som er knytte til stillingen. Dersom dagleg leiar er fråverande i kortare sjukdomsperiodar eller på grunn av ferie, er det etter departementet si oppfatning ikkje behov for å setje inn ein bestemt avløysar. I slike periodar er det tilstrekkeleg om dagleg leiar ser til at dei oppgåvene han/ho er sett til å fylle, blir utførte av andre i verksemda. Men dagleg leiar har også i desse periodane det reelle ansvaret for drifta. Dersom dagleg leiar sjølv ønskjer å ha ein fast avløysar, er det sjølvsagt opp til kvar enkelt. Særleg ved større serveringsstader kan dette vere naturleg. Departementet foreslo i høyringsnotatet å oppheve serveringslova sitt krav om avløysar.

Når ein no foreslår at kravet om avløysar blir oppheva, er det etter departementet si oppfatning ikkje behov for å halde på heimelen i § 4 andre ledd om å unnta bestemte verksemder frå plikta til å ha dagleg leiar og avløysar. Det vart derfor foreslått at føresegna blir oppheva.

5.3 Høyringsinstansane sitt syn

Oslo kommune v/Kemnerkontoret foreslår at det blir presisert at dagleg leiar etter serveringslova er den same som den reelle leiaren av sjølve verksemda, dvs. at det blir presisert at «daglig leder» etter serveringslova er identisk med «daglig leder» etter aksjelova/rekneskapslova. Trondheim kommune meiner dagleg leiar etter serveringslova bør samsvare med dagleg leiar i drivande verksemder.

Kristiansand kommune meiner omgrepet styrar er godt innarbeidd. Kommunen føretrekkjer derfor å behalde denne ordbruken. Etter kommunen si oppfatning bør ein person ikkje kunne vere styrar for meir enn ein stad om gongen. Kommunen meiner vidare at kravet om avløysar bør gjelde vidare.

Foreningen Bedre Uteliv ber departementet presisere at ein person kan vere dagleg leiar for fleire stader om gongen.

Oslo politidistrikt har ingen kommentarar til at omgrepet «styrer» blir erstatta av omgrepet «daglig leder». Politidirektoratet støttar fråsegnene frå Oslo politidistrikt.

Bergen kommune etterlyser ei presisering av kva for tilknyting dagleg leiar er meint å ha til serveringsstaden, og om dagleg leiar kan vere ansvarleg for fleire serveringsstader.

5.4 Departementet si vurdering

Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslaget, inn for å endre omgrepet «styrer» til «daglig leder», og vil oppheve kravet om avløysar. Det blir foreslått at ein held fast ved kravet om at dagleg leiar må vere myndig.

Kven som er dagleg leiar i ei verksemd, blir omtala i Ot.prp. nr. 55 (1996–1997), og det blir ikkje foreslått noka realitetsendring på dette punktet. Det materielle innhaldet i omgrepet blir dermed vidareført. Namnet på dagleg leiar må givast opp i søknaden, jf. § 8, og dagleg leiar må avleggje etablerarprøven jf. § 5. Dagleg leiar må òg framleis oppfylle vandelskravet i § 6.

I dag er det gjeldande rett at ein kan vere styrar på fleire stader enn ein, så sant desse stadene ligg i ein viss geografisk nærleik. Dette skal framleis gjelde for dagleg leiar. Det er ikkje definert kor lang avstand det kan vere mellom dagleg leiars serveringsstader. Dette er avhengig av lokale forhold, og må mellom anna vurderast ut frå tilgjenge og mogleg transport i kvart enkelte tilfelle.

Bakgrunnen for at det også vart kravd at verksemda peika ut ein avløysar, var behovet for å ha ein ansvarleg kontaktperson ved serveringsstaden både for tilsette, kundane og dei offentlege myndigheitene. Men avløysar er ofte ein tilfeldig tilsett utan reell innverknad på drifta av serveringsstaden. Når nokon har hatt behov for kontakt med ein ansvarleg kontaktperson, har avløysar i realiteten ikkje vore tilstrekkeleg. Departementet ser likevel at større verksemder kan ha behov for ein avløysar med eit reelt avløysaransvar. Dette er det opp til kvar enkelt bedrift å avgjere, og det krev ingen lovheimel.

Til forsida