Ot.prp. nr. 69 (2006-2007)

Om lov om endringer i lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

Til innhaldsliste

8 Etablerarprøven

8.1 Gjeldande rett

Ifølgje § 5 i serveringslova skal styraren på serveringsstaden ha gjennomført ein etablerarprøve. I forskrift 18.01.00 nr. 46 er det gitt nærare føresegner om prøven, som skal vere ein fleirvalsprøve som testar kandidatens kunnskapar om økonomistyring og lovgiving som er viktig for drift av serveringsstader, mellom anna serveringslova, skatte- og avgiftslovgivinga, rekneskapslovgivinga, konkurslovgivinga, arbeidsmiljølovgivinga og alkohollovgivinga. Prøven er basert på materiale som er gitt i læreboka Læremateriell – etablererprøven for serveringsvirksomhet, og som er utarbeidd for departementet av Veiledningsinstituttet i Nord-Noreg. Det er kommunen som er ansvarleg for gjennomføringa. Det er ingen vilkår at kandidaten er knytt til ein konkret serveringsstad. Ifølgje § 1 i forskrifta kan departementet godkjenne bestått utdanning frå ei konkret utdanning som er kompetansegivande. Det er pr. i dag berre godkjent éi alternativ utdanning. Dette er ei merkantilretta linje ved Høgskolen i Stavanger.

8.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det understreka at det er vurdert å samordne etablerarprøven med prøven som blir avlagd i samband med alkoholløyve. Innhaldsmessig er prøvane rett nok svært forskjellige, samtidig som talet på dei som avlegg alkoholprøven, er langt høgare mellom anna fordi det også blir kravd at ein avlegg alkoholprøve for salsløyve (øl i butikk). Det vart derfor ikkje rekna som aktuelt å samordne prøvane.

Likevel bør det framleis leggjast til rette for at prøvane kan avleggjast samtidig.

8.3 Høyringsinstansane sitt syn

Dei fleste av høyringsinstansane som har uttala seg, er positive til etablerarprøven og uttalar at prøven synest å ha god effekt. Enkelte høyringsinstansar meiner likevel at etablerarprøven først og fremst medfører meirarbeid for kommunen.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Arbeidstilsynet, Hotell- og restaurantarbeiderforbundet, LO, Bergen kommune, Drammen kommune, Hamar kommune og Oslo kommune uttalar seg alle positivt om etablerarprøven. Hamar kommune etterlyser krav om matkompetanse i form av næringsmiddelhygiene i ein slik prøve, mens både Hotell- og restaurantarbeiderforbundet og LO meiner det bør vurderast om det også bør stillast kompetansekrav til dei som lagar til næringsmiddel.

Foreningen Bedre Uteliv uttalar at kost-/nytteeffekten av etablerarprøven tilseier at han ikkje bør brukast i framtida. Karasjok kommune peikar på at innføringa av etablerarprøven har ført til meirarbeid for kommunane og bransjen, og kommunen ser ikkje kvifor denne bransjen skal behandlast annleis enn andre bransjar. Karasjok kommune meiner derfor at ordninga bør opphevast.

Arbeidstilsynet og AAD meiner at både eigar og dagleg leiar bør avleggje etablerarprøven.

8.4 Departementet si vurdering

Det store fleirtalet av kommunar departementet har vore i kontakt med, fortel at prøveavlegginga per i dag fungerer utan nemneverdige problem. Foreningen Bedre Uteliv ønskjer at etablerarprøven skal avviklast. Departementet har inntrykk av at prøven i all hovudsak fungerer bra, og registrerer snarare at det gjennomgåande er eit ønske om å utvide prøven. Departementet finn derfor ikkje grunn til å avskaffe etablerarprøven, og finn heller ikkje grunn til å innføre omfattande unntaksføresegner. Regelen er klar og lett å bruke, og han er ikkje gjenstand for eit skjønn. Etter departementet si meining vil det vere uheldig å innføre unntaksføresegner som kan danne grunnlag for ulik behandling i ulike kommunar. Departementet har såleis vurdert og konkludert med at det verken er behov for, formålstenleg eller ønskjeleg med ein regel som gir rom for individuelle unntak.

Hovudformålet i serveringslova er å redusere kriminaliteten i bransjen, og prøven er også utforma med dette for auge. Hygiene- og matkompetanse er sjølvsagt viktige element, men departementet meiner at det ikkje bør stillast krav til dette i ei lov som først og fremst er kriminalitetsførebyggjande. Dette gjeld også i forhold til kven som skal avleggje prøven. Det er dagleg leiar ved serveringsstaden som har ansvaret for den faste drifta, økonomi osv., og ein bør derfor halde fast ved etablerarprøven som eit krav som berre blir stilt til dagleg leiar. Når det gjeld hygiene- og matkompetanse, viser vi til at matlova har krav om at verksemdene skal sørgje for at alle som tek del i aktivitet omfatta av matlova, har nødvendig kompetanse. Det er også ein heimel i matlova til å gi nærare forskrifter om utdanning, opplæring og kompetanse.

Når det gjeld spørsmålet om også eigar bør avleggje prøven, meiner departementet at det ikkje er praktisk mogleg å gjennomføre, fordi mange serveringsstader er åtte av ein juridisk person med fleire eigarar. I mange tilfelle har ikkje eigar noko med sjølve drifta å gjere, og vil heller ikkje vere involvert i sjølve verksemda. Nærings- og handelsdepartementet foreslår derfor at ein held fast ved kravet om at berre dagleg leiar må ha etablerarprøve.

Til forsida