Ot.prp. nr. 72 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

10 Merknader til lovframlegget

Til § 2

Framlegget til fjerde ledd andre punktum inneber at kommunane ikkje lenger kan stille krav til innhaldet i tilbodet som vilkår for å få konsesjon for framsyning av film og videogram i næring. Til dømes vil kommunane ikkje lenger kunne stille krav til ein konsesjonær om å setje opp ein viss del barnefilmar eller norskproduserte og norskspråklege filmar. Det same må gjelde meir generelt formulerte vilkår, til dømes om å «leggje til rette eit tilbod for barn og unge». Det finst også døme på konsesjonsvilkår om samarbeid med kommunale institusjonar som skolar eller barnehagar. Slike krav set ikkje direkte krav til innhaldet i tilbodet. Departementet reknar likevel med at dersom det skulle bli tale om å trekkje tilbake eller å nekte fornying av ein konsesjon med bakgrunn i eit slikt vilkår, vil det vere fordi konsesjonæren syner for lite film for barn eller unge. Dette vil ikkje vere i tråd med framlegget.

Derimot kan kommunane framleis stille vilkår som ikkje gjeld innhaldet i tilbodet. Døme på dette vil vere vilkår om tilrettelegging for funksjonshemma eller krav som skal sikre mot framsyning av filmar og videogram til personar som ikkje har nådd den fastsette aldersgrensa.

Kommunane kan etter dette heller ikkje leggje vekt på innhaldet i tilbodet når dei vurderer konsesjonssøknadar. Til dømes vil kommunen ikkje kunne avslå ein søknad om fornying av konsesjon av di konsesjonæren ikkje tilbyr barnefilm eller norskspråkleg film.

I § 2 femte ledd er siste punktum om høvet til å fastsetje krav til breidd i utvalet tatt ut av lovteksten. Dette inneber at kommunane ikkje lenger kan stille vilkår i samband med tildeling av konsesjonar for omsetning av video.

Til § 4

I § 4 første ledd første punktum slår fast at film eller videogram som skal synast fram i næring må vere registrert i Medietilsynet. Registreringsplikta gjeld også der filmen berre skal synast fram for vaksne, dvs personar over 18 år. Registreringa skal skje før filmen eller videogrammet blir synt fram.

Andre ledd slår fast at filmar som skal synast fram for personar under atten år må vere førehandsgodkjent av Medietilsynet. Føresegna er ei kodifisering av den praksisen departementet instruerte Medietilsynet til å følgje etter endringa av Grunnlova § 100. Filmar som ikkje er godkjente kan ikkje synast fram for barn og unge og må difor ha 18-års aldersgrense når dei vert sett opp på kino.

Tredje ledd tilsvarer noverande andre ledd.

Femte ledd tilsvarer det noverande fjerde ledd. Føresegna gir ny forskriftsheimel for departementet til å gi nærmare reglar om registreringsplikt.

Til § 5

Framlegget til § 5 første ledd inneber at Medietilsynet ikkje lenger vil setje attenårsgrense. Medietilsynet vil etter dette setje følgjande aldersgrenser: Godkjent for alle, sju år og eldre, elleve år og eldre eller femten år og eldre. Dersom Medietilsynet på grunn av innhaldet ikkje godkjenner ein film for aldersgruppa «femten år og eldre», må filmen synast fram med attenårsgrense. Det same gjeld filmar som berre er registrert.

Til § 13a

Ny § 13a slår fast at det ikkje skal vere lovleg å syne fram i næring filmar eller videogram som «krenkjer sømd». Dette gjeld også i dag, jf § 4 andre leddet, men opphevinga av vaksensensuren gjer det naudsynt å supplere § 4 med ein generell straffe­regel. Det går fram av omtala under kap. 5 at departementet legg til grunn ein noko strengare tolking av omgrepet «krenkjer sømd» enn det som følgjer av gjeldande praksis i Medietilsynet og Klagenemnda for film og videogram. Regelen gjeld berre framsyning av film eller videogram i næring, og inneber inga endring når det gjeld kva som kan omsetjast på video.

Til forsida