Ot.prp. nr. 72 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

I

I lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 fjerde, femte og sjette ledd skal lyde:

Kommunane kan fastsetje vilkår for løyve til framsyning av film og videogram. Vilkåra kanikkje setje krav til innhaldet i tilbodet eller innebere totalforbod mot framsyning av film eller videogram i ein kommune.

Ved omsetning av videogram skal den som omset videogram til kunden i løyvepliktig verksemd ha fylt 18 år. Det kan ikkje omsetjast videogram til den som ikkje har nådd den aldersgrensa som er sett for videogrammet.

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå kravet om løyve.

Overskrifta til kapittel III skal lyde:

Kapittel III. Registreringsplikt, førehandskontroll og aldersgrenser

§ 4 skal lyde:

§ 4. Førehandskontrollog registreringsplikt

Film eller videogram som skal synast fram i næring,må på førehand vere registrert i Medietilsynet.

Film eller videogram som skal synast fram i næring forpersonar under 18 år , må på førehand vere godkjent av Medietilsynet. Departementet kan gi forskrifter om førehandskontroll av film og videogram som skal omsetjast til forbrukar.

Medietilsynet må ikkje godkjenne for framsyning i næring bilete som tilsynet meiner strir mot § 13aeller straffelova § 382.

Den som vil ha ein film eller eit videogram vurdert av Medietilsynet, skal betale eit gebyr som blir fastsett av departementet.

Departementet kan i forskrift gi nærmare reglar om førehandskontroll, registreringsplikt og betaling av gebyr.

§ 5 første ledd skal lyde:

Film og videogram som skal synast fram i næring, skal anten godkjennast for alle aldersgrupper, sju år og eldre, elleve år og eldreeller femten årog eldre .

§ 5 nytt fjerde ledd skal lyde:

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå aldersgrensenefor barn opp til eitt år.

Ny § 13a skal lyde:

Det er ikkje tillate å syne fram i næringfilm eller videogram som krenkjer sømd, inkludert filmareller videogram som inneheld nærgåande og omfattande skildringarav seksuell aktivitet. Skildringar som må reknast som forsvarlegeut frå eit kunstnarisk, vitskapeleg, informativt ellerliknande føremål vil ikkje krenkje sømd.Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegnene i detteleddet vert straffa med bøter eller med fengsel inntil3 månader.

Første ledd gjeld ikkje for film ellervideogram som Medietilsynet ved førehandskontroll har godkjentfor framsyning i næring.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Til forsida