Ot.prp. nr. 72 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

3 Tilhøva i andre nordiske land

Førehandskontroll

Alle dei nordiske landa praktiserer filmsensur i ei eller anna form. Sverige og Island praktiserer såkalla «vaksensensur», d. t. førehandskontroll av filmar som berre skal synast fram for vaksne.

I Sverige gjeld det obligatorisk førehandskontroll av alle filmar eller videogram som skal synast fram «vid allmän sammankomst eller offentlig tillställning» . Det gjeld ikkje noko krav om førehandskontroll av videogram som skal seljast eller leigast ut, men det vert praktisert ei ordning med frivillig gransking.

I Danmark gjeld det krav om førehandskontroll av filmar som skal synast fram eller «sælges, utlejes eller udlånes» til barn under 15 år. Danmark praktiserer difor ikkje vaksensensur, men førehandskontrollen for barn rekk vidare enn i Noreg fordi han også gjeld omsetjing av videogram.

Tilsvarande gjeld i Finland der alle «bildprogram» (dvs. film eller videogram) anten skal kontrollerast eller registrerast hos Statens filmgranskingsbyrå. «Bildprogram» som skal synast fram for eller omsetjast til personar under 18 år skal kontrollerast. «Bildprogram» som berre skal synast fram for eller omsetjast til personar over 18 år skal berre meldast til granskingsstyresmakta.

På Island skal alle filmar og videogram som vert synt fram eller distribuert granskast av KVS (Kvikmyndaskodun).

Aldersgrenser

Alle land i Norden har aldersgrenser for framsyning av film på kino. Grensene for barn og ungdom er dei same i Danmark, Sverige, Finland og Noreg: Tillate for alle, 7 år, 11 år og 15 år. Finland og Noreg har i tillegg ei øvre grense på 18 år. På Island gjeld følgjande aldersgrenser: Alle, 10 år, 12 år, 14 år og 16 år.

Med unntak av Island har alle dei nordiske landa ein følgjeregel, men han blir praktisert noko ulikt frå land til land. I Finland kan føresette ha med seg barn eller ungdom som er inntil to år yngre enn aldersgrensa for filmen. Grensa på 18 år er likevel absolutt. I Sverige er systemet slik at barn som er saman med føresette kan sjå filmar opp til neste aldersgrense. Den øvste grensa er likevel absolutt. I Danmark kan alle barn over 7 år sjå alle filmar dersom dei er saman med føresette. Tabell 2.2 viser systema i dei nordiske landa i ei forenkla form.

Tabell 3.1 Aldersgrenser i dei nordiske landa

NoregSverigeFinlandDanmarkIsland
Tillate for alleTillate for alleTillate for alleTillate for alleTillate for alle
7 år (4)7 år (alle)7 år (5)7 år (alle)10 år
11 år (8)11 år (7)11 år (9)11 år (7)12 år
15 år (12)15 år15 år (13)15 år (7)14 år
18 år18 år16 år

Tala i parentes viser aldersgrensene etter følgjeregelen.

Konsesjonsordningar

Ingen av dei andre nordiske landa krev konsesjon for framsyning eller utleige av film eller videogram i næring. Sverige krev likevel registrering av videoutleigarar.

Reklameforbod

Ingen av dei andre nordiske landa har forbod mot reklame i samband med framsyning av barnefilm på kino. I Danmark får reklamefilm aldersgrenser av «Medierådet for børn og unge» med mindre dei er openbert uskadelege. Det vert synt spesielle «barnerullar» (som ikkje inneheld tobakks- eller alkoholreklame) før barnefilm etter ei frivillig avtale med bransjen. Island har reglar om at kinoreklame må vere tilpassa den filmen som skal synast fram.

Til forsida