Ot.prp. nr. 72 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

5 Pornografi på kino

5.1 Gjeldande rett

Tidlegare har det etter lovforarbeid og praksis i Medietilsynet vore klart at norma for kva som er tillate av sexskildringar i film- og videogramlova § 4 («krenkjer sømd») har vore noko strengare enn den tilsvarande norma i straffelova § 204 («pornografi»). Noko forenkla kan ein seie at skilnaden i praksis har vore at såkalla «mjuk-porno» var tillate etter straffelova, men forbode etter reglane om framsyning i næring i filmlova. Begge reglane er såkalla «rettslege standardar» der grensa for kva som er tillate vil endre seg over tid i tråd med haldningane til slike skildringar i befolkninga.

5.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet la departementet til grunn at ei oppheving av vaksensensuren i utgangspunktet vil innebere ei viss utilsikta liberalisering, fordi det etter dette vil vere straffelova § 204 og ikkje den noko strengare regelen i filmlova § 4 som vil setje grensa for filmar som ikkje vert førehandskontrollert. Dette har samanheng med at § 4 i film- og videogramlova berre regulerer kva tilsynet har høve til å godkjenne. § 4 er ikkje nokon generell regel om kva som kan synast fram på kino. Departementet meinte at det framleis skal vere straffbart å syna fram filmar eller videogram som «krenkjer sømd», og gjorde framlegg om å slå dette fast i § 13 i film- og videogramlova.

5.3 Merknader i høyringsrunden

Barne- og familiedepartementet «støtter … forslaget om å opprettholde forbudet mot visning av mykporno som ikkje strider mot straffeloven, men som virker krenkende på sømmeligheten, når slik visning skjer i næringssammenheng.» Medietilsynet legg derimot til grunn at norma i film- og videogramlova etter gjeldande praksis ikkje skiljar seg frå definisjonen av straffbar pornografi i straffelova § 204, og meiner difor at omgrepet «krenkjer sømd» kan gå ut av lova: «Slik Medietilsynet nå tolker rettstilstanden, kan vi med andre ord ikke lenger innfortolke avgjørende forskjeller på disse to standardene. Dermed vil en fjerning av sømd-begrepet i filmloven etter vår mening – og praksis – ikke innebære noen som helst endring eller liberalisering hva angår det som kan vises på kino for personer over 18 år.»

5.4 Departementets vurdering

Etter høyringa av framlegget til lovendringar har Klagenemnda for film og videogram fatta ei avgjerd som inneber ei vesentleg liberalisering i høve til tidlegare praksis. I ei avgjerd 12. mars 2006 omgjorde Klagenemnda forbodet mot omsetning av tre pornografiske videogram ut frå ei tolking av § 204 i straffelova. Klagenemnda viste til Høgsterett si ordskurd 7. desember 2005 i den såkalla Frie Aktuell Rapport-saka (Rt. 2005 s 1628) og la til grunn at:

«Ut fra folk flests oppfatning skildrer filmene ikke avvikende seksuell aktivitet, og det er utvilsomt ikke tale om de alvorlige former for støtende seksualskilderinger som er nevnt i de strengeste alternativene under strl § 204. Selv om de inntrykkene filmene etterlater er ganske så sterke, fordi det utvilsomt er tale om reelle «pornofilmer» uten samme kunstneriske tilsnitt som flere av de filmer som nemnden tidligere har ansett lovlige, vil nemnden vike tilbake for å gi dem stemplet «støtende». Nemnden vil på dette punkt vise til Høyesteretts kjennelse om at det kreves et kvalifisert forhold, at det ikke er tilstrekkelig at skildringene fremstår som «usmakelige» eller er uten kunstnerisk kvalitet. Dette må slik kjennelsen er formulert åpenbart ikke bare være en norm for stillbilder, men også for film.

...

Nemnden vil anta at det finnes pornofilmer av dårligere filmatisk kvalitet enn de tre som omfattes av klagesaken, og at det så lenge bedømmelsen etter strl § 204 skjer med grunnlag i et skjønn, kanskje ikke helt kan utelukkes at også pornofilmer som skildrer alminnelig seksuell aktivitet etter forholdene kan rammes av strl § 204. Når dette er sagt, vil nemnden likevel få uttale at det skal meget til for at noe slikt skal være tilfellet, så lenge det verken er tale om seksuell aktivitet som rammes av de skjerpede alternativene i strl § 204 eller filmer som klart bærer preg av å være kvinneundertrykkende eller på annen måte er «menneskelig nedverdigende».

Denne avgjerda vil leggje føringar for framtidig praksis i Medietilsynet, også når det gjeld tolkinga av film- og videogramlova § 4 («krenkjer sømd»), og domstolane vil truleg leggje stor vekt på denne praksisen i ei eventuell rettssak.

Kultur- og kyrkjedepartementet meiner at det ikkje bør opnast for framsyning av pornografi på norske kinoar. Det bør gjelde strengare grenser for slike skildringar i det offentlege rom enn det som gjeld på det private området. Det er difor naudsynt å oppretthalde ei eiga pornografinorm i film- og videogramlova som er strengare enn § 204 i straffelova.

Departementet meiner difor at det framleis må vere straffbart å syne fram i næring filmar eller videogram som «krenkjer sømd», og gjer framlegg om å slå dette fast i ein ny § 13a i film- og videogramlova. I vurderinga av om ei framsyning vil «krenkje sømd» må det leggjast vekt på kor nærgåande den kjønnslege skildringa er, til dømes om ho inneheld sterk framheving av kjønnsorgan. I tillegg kan formuttrykket, omfanget av kjønnslege skildringar og føremålet med skildringane ha konsekvensar for vurderinga av om framvisninga er straffbar. Departementet legg difor til grunn at omgrepet «krenkjer sømd» vil ramme «pornofilmer som skildrer alminnelig seksuell aktivitet», jf avgjerda frå Filmklagenemnda. Som tidlegare bør regelen likevel opne for å tillate einskilde skildringar som isolert sett må reknast for å krenkje sømd dersom dei inngår som ein integrert del av forteljinga. Føresetnaden må vere at det etter ei samla vurdering kan seiast at filmen inneheld tilstrekkelig med kunstnariske, vitskapelege, informative eller liknande element til at dei aktuelle skildringane kan forsvarast.

Ein slik regel vil innebere ei innskrenking av ytringsfridomen når det gjeld kva som kan synast fram i næring. Kultur- og kyrkjedepartementet legg likevel til grunn at framlegget ikkje vil vere i strid med § 100 i Grunnlova og viser til at stortingsfleirtalet under handsaminga av framlegget til ny § 100 i Grunnlova slo fast at «spørsmålet om fremtidige endringer i pornografilovgivningen bør være et rettspolitisk og ikke et konstitusjonelt spørsmål», jf Innst. S. nr. 270 (2003-2004) pkt. 4.6.1 og St. meld. nr. 26 (2003-2004) pkt. 4.6.7.

Til forsida