Ot.prp. nr. 75 (2001-2002)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

5 Retting av lovtekst

5.1 Rettingar i skattelova og dekningslova

5.1.1 Retting i skattelova § 6-80

Ved lov 15. desember 2000 nr. 95 blei det vedteken endringar i skattelova § 6-80 om særfrådrag for forsørging. Føremålet med endringa var å lovregulere kva for personar skattytar kan krevje særfrådrag for forsørging for. Utgangspunktet var at ein framleis skulle kunne krevje frådrag for forsørging av personar som tilhøyrer skattytaren sin husstand, men at ein skulle stramme inn overfor personar som skattytaren ikkje bur saman med. På bakgrunn av dette foreslo departementet at særfrådrag for forsørging når den forsørgde ikkje bur saman med skattytar, skulle avgrensast til å gjelde ektefelle, barn og foreldre. Grunngjevinga var at familiemedlemer ut over denne krinsen ikkje har same nære tilknyting til skattytaren, og at det difor ikkje er like naturleg at skattytaren gis frådrag for forsørging av dei.

Etter fast likningspraksis har det ikkje blitt gitt særfrådrag for forsørging av ektefelle. Grunnen er at det blir teken omsyn til forsørginga ved at skattytaren blir likna i klasse 2 når han forsørgjer ektefellen. Dette gjeld uansett om ektefellen er busett i Noreg eller ikkje. Fordi det blir teken omsyn til forsørginga ved skattlegginga, er det ikkje urimeleg å nekte særfrådrag i tillegg. Skattelova § 6-80 skal sikre ein viss forsørgjarkompensasjon når forsørgjaren ikkje nyt godt av andre kompenserande tiltak for forsørginga, slik som barnetrygd og likning i klasse 2. Departementet foreslår difor at ein endrar ordlyden i skattelova § 6-80, slik at det framgår av lova at det ikkje er høve til å krevje særfrådrag for forsørging av ektefelle. Departementet presiserer at lovendringa ikkje inneber nokon innskjerping, men berre er ein kodifikasjon av likningspraksis for særfrådrag for forsørging.

Ved lovendringa av 15. desember 2000 nr. 95 blei det og sett ei grense på kor mange personar det kan krevjast frådrag for. Denne grensa blei sett til fire personar. Ved lovendringa blei denne avgrensinga teken inn i tredje ledd i lovføresegna, i samanheng med storleiken på frådraget. For å få ein betre samanheng i lovføresegna, foreslår ein at denne grensa på fire personar i staden blir innarbeidd i første ledd. Dette forslaget inneber ingen materiell endring.

Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 6-80. Departementet gjer framlegg om at endringa vert sett i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2002.

5.1.2 Retting i skattelova § 10-5

I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven) § 10-5 andre ledd første setning heiter det:

«Inntektsføring skal foretas når selskapets egenkapital i henhold til balansen i årsoppgjøret er lavere enn summen av innbetalt aksjekapital, herunder overkurs, tilbakeføringsfond samt en beregnet egenkapitalandel av netto positive midlertidige forskjeller mellom de verdiene som fremkommer i balansen i årsoppgjøret, og selskapets skattemessige verdier.»

Føresegna er ei vidareføring av lov 20. juli 1991 nr. 65 om særregler for beskatning av selskap og selskapsdeltakere (selskapsskatteloven) § 1-6 andre ledd første setning, og gjeld reglane for korreksjonsinntekt. Visinga til tilbakeføringsfond rettar seg mot det tilsvarande uttrykk i den tidlegare aksjelovgjevinga.

I aksjelova av 1976 § 12-3A heit det:

«Aksjeselskap som

  1. pr. 1. januar 1991 har oppskrevet varelager eller varekontrakt etter overgangsreglene i lov av 20. juli 1991 nr. 54 til skatteloven § 50 annet ledd,

  2. pr. 1. januar 1992 har tilbakeført negativ saldo etter overgangsreglene i lov av 20. juli 1991 nr. 54 til skatteloven § 44 A - negativ saldo nr. 1 første eller annet ledd som delvis skattefri, eller

  3. pr. 1. januar 1992 har konsolideringsfond etter lov av 1. juni 1984 nr. 38 plikter å avsette de skattefrie beløpene til et tilbakeføringsfond.

Tilbakeføringsfondet kan overføres til selskapets frie egenkapital med inntil en femtedel årlig fra og med 1991. Tilbakeføringsfondet kan også brukes til dekning av tap som ikke kan dekkes av fri egenkapital.»

Føresegna i aksjelova av 1976 § 12-3A blei teken inn i lova ved endringslov 24. januar 1992 nr. 9, og hadde samanheng med skattereforma av 1992. Føresegna hadde som føremål å hindre at opphevinga av einskilde skattemessige avsetningsordninger skulle auke selskapa sine utbyttegrunnlag, og var meint som ei overgangsføresegn. I henhald til aksjelova av 1976 § 11-6 skulle tilbakeføringsfondet førast opp som ein del av den bundne eigenkapital i selskapet si balanse, men slik at ein femtedel årleg kunne overførast til fri eigenkapital. Tilbakeføringsfondet var dermed meint å skulle avviklast over nokre år, og det reknast med at fondet i dag berre er av historisk interesse. Tilbakeføringsfondet er heller ikkje vidareført i dei nye aksjelovane av 1997.

I lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap mv. (regnskapsloven) § 9-3 tredje ledd er det gitt ei uttrykkeleg overgangsføresegn for tilbakeføringsfond. I føresegna heiter det:

«For regnskapspliktige som har tilbakeføringsfond ved lovens ikrafttredelse, anses tilbakeføringsfondet som annen egenkapital».

Tilbakeføringsfondet har med dette berre historisk interesse. Eventuelle gjenverande middel frå fondet må likestillast med anna fri eigenkapital i selskapet. Det er dermed ikkje lenger grunnlag for å oppretthalde visinga til tilbakeføringsfondet i nogjeldande lovtekst. Departementet gjer difor framlegg om at visinga til fondet blir fjerna.

Departementet gjer samstundes framlegg om ei redaksjonell endring i § 10-5 andre ledd første punktum, nemleg fjerning av eit komma. Departementet tykkjer at samanhengen i føresegna blir betre ved å fjerne kommaet. Endringa inneber ikkje nokon endring i realitetane i føresegna.

Det visast til forslag til endring i skattelova § 10-5. Departementet gjer framlegg om at endringa vert sett i kraft med verknad frå og med inntektsåret 2002.

5.1.3 Rettingar i skattelova §§ 10-11 andre ledd tredje punktum og 10-34 andre ledd andre punktum, samt dekningslova § 9-4 første ledd nummer 5 og andre ledd andre punktum

Ved lov 21. desember 2001 nr. 113 vart det vedteke ny § 16-40 i skattelova. Den tidlegare lovregelen i § 16-40 vart samstundes ny § 16-50. Ved ein inkurie vart det ikkje i proposisjonen gjort framlegg om å endre tilvisingar til den opphavlege § 16-40 i skattelova §§ 10-11 andre ledd tredje punktum og 10-34 andre ledd andre punktum, samt i dekningsloven § 9-4 første ledd nummer 5 og andre ledd andre punktum.

Departementet gjer no framlegg om å rette opp dei nemnde tilvisingane.

5.1.4 Retting i skattelova § 11-21

Overføring av eigedelar mellom selskap i same konsern er rekna som realisasjon og gjev grunnlag for skattlegging av gevinstar, jf. skattelova § 10-31 første ledd. I skattelova § 11-21 er det fastsett reglar som opnar for at slike overføringar likevel kan gjennomførast skattefritt. Mellom anna har departementet fått fullmakt til å treffe vedtak i enkeltsaker.

Reglane i skattelova § 11-21 har opphav i lov av 9. juni 1961 nr. 16, denne lova er no oppheva. Reglane vart flytta til skattelova i samband med den tekniske revisjonen av skattelovgivinga i 1999. I 61-lova avsnitt I § 2 første ledd tredje punktum var fastsett at departementet kunne setja vilkår for eit samtykke. I praksis er det ikkje gjeve samtykke utan at det samstundes er fastsett tenelege vilkår.

I samband med revisjonen av skattelova og den omskrivinga av reglane i 61-lova som vart gjort da, kom innhaldet av avsnitt I § 2 første ledd tredje punktum ikkje med. Generelt gjeld at når eit forvaltningsorgan treff vedtak til føremon for ein skattytar, kan det setjast vilkår som har sakleg samanheng med vedtaket og ikkje verker urimeleg tyngande. Det har likevel vore reist spørsmål om bortfallet av den utrykkelege heimelen inneber ei endring i realiteten. Departementet gjer derfor framlegg om at dette vert retta opp, slik at departementet sin heimel til å setje vilkår for lempning klart kjem til uttrykk i lovteksten. Dette inneber inga kursendring i praksis. Departementet viser til forslag til endringar i skattelova § 11-21 tredje ledd nytt andre punktum. Departementet rår til at endringa vert sett i kraft straks.

Til forsida