Ot.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting

Til innhaldsliste

2 Kven eig norsk presse og kringkasting?

Av Eigarskapstilsynet

2.1 Situasjonen i korte trekk

Norsk avis- og kringkastingsbransje er dominert av fire norske aktørar - Schibsted, Orkla, A-pressen og NRK. I tillegg er fleire utanlandske aktørar representerte på eigarsida i medieføretak som har stor sjåar- eller lyttaroppslutnad. Det svenske Modern Times Group (MTG) eig 31,3 prosent av P4 og heile TV3. Det danske selskapet Egmont er ein av dei tre eigarane i TV 2 med 33,3 prosent i kanalen. I året som gjekk har også det amerikanskeigde medieselskapet SBS konsolidert sin posisjon i Noreg med sine oppkjøp av Radio 1-gruppen. SBS eig dessutan 51 prosent i TVNorge.

Innan kabel- og satellittoverført fjernsyn, men også gjennom sine posisjonar innan telekommunikasjon og elektroniske medium, er Telenor ein stor aktør. Dessutan er Telenor i 2003 blitt deleigar i A-pressen gjennom Telenor Broadcast Holding.

2.1.1 Presse

Eigarskapstilsynet set det totale dagspresseopplaget for 2003 til å vere på 3 164 823 1. Talet omfattar alle aviser som fell inn under definisjonen av omgrepet dagspresse som følgjer av dei retningslinjene 2 Eigarskapstilsynet har fastsett.

Utrekninga av det totale dagspresseopplaget tek utgangspunkt i opplysningar som er innhenta frå 223 aviser. Opplysningane er publiserte på www.medieregisteret.no.Det er registrert fire nye aviser i 2003. Inga avis er lagd ned, men Øvre Smaalenene og Indre Smaalenenes Avis er blitt fusjonerte til éi avis - Smaalenenes Avis.

Dei tre største aviseigarane, Schibsted, A-pressen og Orkla, eig samla 63,5 prosent av det totale dagspresseopplaget i Noreg. Av de 15 største avisene i Noreg er det berre Dagsavisen som ikkje har eigartilknyting til dei tre store konserna.

Schibsted er den suverent største aktøren i avismarknaden i Noreg. For 2003 fell 30,7 prosent av det samla dagspresseopplaget på dette konsernet. Tilsvarande tal for A-pressen er 16,6 prosent og for Orkla 16,2 prosent (sjå figur 2.1).

Figur 2.1 Prosentandel av avismarknaden for dei tre store konserna

Figur 2.1 Prosentandel av avismarknaden for dei tre store konserna

I 2003 har det vore fleire eigarendringar i A-pressen. Fagbevegelsens Investeringsselskap, som tidlegare hadde ein majoritetspost i A-pressen, skifta namn til APR Media Holding og kjøpte opp alle aksjane i konsernet. Gjennom sine kjøp av aksjepostar på omtrent 45 prosent i APR Media Holding har Telenor og Landsforeningen LO i 2003 kvar fått om lag 7,5 prosent av avismarknaden.

Trass i at utanlandsdelen er auka med 1,5 prosent i Orkla og 3 prosent i Schibsted, har den totale prosentdelen av utanlandske eigarar i avismarknaden gått ned i 2003. Grunnen til dette er at det finske konsernet Sanoma selde seg ut av A-pressen i juni 2003 (sjå figur 2.2).

Figur 2.2 Utanlandske eigarars del av avismarknaden

Figur 2.2 Utanlandske eigarars del av avismarknaden

Figur 2.3 gir eit oversyn over styrkeforholdet mellom aktørar på ulike eigarnivå. Enkelte av aktørane eig eller blir eigde av andre aktørar i figuren. Opplagstala kan derfor ikkje summerast.

Figur 2.3 Dagspresseopplag til dei største aktørane innan pressa

Figur 2.3 Dagspresseopplag til dei største aktørane innan pressa

2.1.2 Kringkasting

2.1.2.1 Radiomarknaden

Året 2003 var på mange måtar prega av omskiftingane i radio. Mye omtalt var særleg konsesjonstildelinga til den nye kanalen Kanal4 (seinare omdøypt til Kanal24) og seinareTV 2s kjøp av aksjar i denne kanalen, men også eksterne oppkjøp og konsolideringar innan lokalradionettverka tilseier at 2003 på mange måtar var eit radioår.

Året var prega av at Kanal4 fikk tildelt sendekonsesjon for nasjonal kommersiell radio. Kanal4 hadde ved konsesjonstildeling fleire mindre eigarar, i første rekkje NTB og fleire regionaviser. I etterkant av konsesjonstildelinga kjøpte TV 2 opp aksjar i Kanal4, og sikra opsjonar som vil gi TV 2 kontroll over kanalen, med 51 prosent av aksjane over tid. Etter oppkjøpet er TV 2, som er Noregs største kommersielle fjernsynskanal, også representert på eigarsida til ein av dei tre nasjonale radioaktørane. P4 fikk tildelt den såkalla P5-konsesjonen, som i realiteten gir kanalen tilnærma nasjonal dekning.

Det amerikanskeigde medieføretaket SBS kjøpte i 2003 lokalradionettverket Radio 1. Radio 1 er det største lokalradionettverket i Noreg, med «storbyradio» som sendekonsept og sendingar i dei store byane.

Innan lokalradio er det tre store lokalradionettverk. I tillegg til Radio 1 er det franskeigde NRJ, som har konsesjon i fem norske byar. Den tredje store aktøren er JærRadioGruppen, eigd av Herman Skretting, som kontrollerer 17 lokalradiostasjonar ulike stader i landet etter å ha kjøpt opp ei rekkje lokalradiostasjonar dei siste åra. Mot slutten av året gjorde A-pressen og Herman Skretting avtale om at A-pressen skulle gå inn i JærRadioGruppen med 50 prosent eigardel.

Når det gjeld lyttaroppslutnaden til lokalradioane, må den karakteriserast som liten i høve til sendingane frå dei nasjonale kanalane. Det er likevel lokale unntak. Ein lokalradio som Radio 102 i Haugesund hadde i fjerde kvartal 2003 ein lyttardel i radiomarknaden på 36 prosent i området sitt, mens landsgjennomsnittet for lokalradio er 13 prosent. Det er også ein tendens til at den absolutte lyttaroppslutnaden til dei store lokalradionettverka er høgare enn gjennomsnittet for lokalradio elles.

Prosentdelen av lyttaroppslutnaden rundt dei etablerte radiokanalane er relativ stabil. 3 Som figur 2.5 viser, har Kanal24 så langt berre fått ein mindre del av lyttaroppslutnaden.

Figur 2.4 Prosentdel av radiolytting 2003

Figur 2.4 Prosentdel av radiolytting 2003

Figur 2.5 Prosentdel av radiolytting første to månader 2004

Figur 2.5 Prosentdel av radiolytting første to månader 2004

Både den lokale og den nasjonale radiomarknaden har fått eit større innslag av profesjonelle eigarar i 2003. På den nasjonale marknaden har TV 2 Gruppen kjøpt seg opp til 34 prosent i Kanal24 (med opsjon på 17 prosent til). Scandinavian Broadcasting Systems har gjennom sitt oppkjøp av Radio 1 fått dekning i dei største byane i landet. JærRadioGruppen har utvida lokalradionettverket ved å kjøpe opp seks lokalradioar til. JærRadioGruppens lokalradiokanalar har større geografisk spreiing enn kanalane som tilhøyrer Radio 1. Men begge kanalane er organiserte som lokalradionettverk - noko som skil dei frå den tradisjonelle måten lokalradioane opererer på i Noreg. Som figur 2.5 viser, har endringane på eigarsida i lokalradioane til no ikkje ført til større endringar i lyttaroppslutnaden.

Når det gjeld radio totalt, har NRK større lyttaroppslutnad aleine enn det dei andre eigarane har til saman. Den nest største eigaren er Modern Times Group. MTGs eigardel på 31,1 prosent i P4 svarer til ni prosent av det totale radiomarknaden. Som figur 2.7 viser, får selskapet ein lyttardel på 17 prosent når ein ser bort frå NRK. Utanom JærRadioGruppen opererer alle dei store eigarane innan fleire medium. 4 TV 2 har eigardelar i både Kanal24 (34 prosent) og P4 (1,1 prosent).

Figur 2.6 Del av radiomarknaden for dei største eigarane

Figur 2.6 Del av radiomarknaden for dei største eigarane

Figur 2.7 Del av marknaden for største eigarar eksklusiv NRK

Figur 2.7 Del av marknaden for største eigarar eksklusiv NRK

2.1.2.2 Fjernsynsmarknaden

Schibsted, A-pressen og danske Egmont eig ein tredjedel kvar i TV 2. TV 2 eig 49,3 prosent av aksjane i TVNorge, mens SBS Broadcasting eig 50,7 prosent. Svenske MTG har, som i Sverige og Danmark, ein TV3-kanal i Noreg. Etter at Kulturdepartementet hausten 2001 oppheva eigarskapsgrensa i TV 2 på 33,3 prosent, har Schibsted kjøpt seg opp til negativt fleirtal med 33,334 prosent av aksjane i kanalen.

På lokalfjernsynsmarknaden har A-pressen og Orkla store eigarinteresser. Landet er delt inn i 30 regionale konsesjonsområde for lokal-TV, og det blir sendt lokalfjernsyn i 25 av desse områda. A-pressen eig sju lokalfjernsynsstasjonar. Orkla kontrollerer to lokalfjernsynsstasjonar og har mindre og indirekte eigardelar i ei rekkje andre. Lokalfjernsyn har liksom lokalradio relativt liten oppslutnad. TNS Gallup reknar at lokalfjernsyn har ein sjåaroppslutnad på omtrent 2 prosent.

Figur 2.8 Prosentdel av fjernsynsmarknaden for kanalene

Figur 2.8 Prosentdel av fjernsynsmarknaden for kanalene

2.2 Endringar i 2003

Eigarstrukturen i A-pressen ASA vart monaleg endra i 2003. Det finske mediekonsernet Sanoma gjekk ut av A-pressen. A-pressen er no eigd 100 prosent av APR Media Holding. Aksjonærane i APR Media Holding er Telenor Broadcast Holding (45 prosent), Landsorganisasjonen i Norge og LO-tilknytte fagforbund (45 prosent) og Institusjonen Fritt Ord (10 prosent).

Det har elles vore mindre endringar på eigarsida i konserna Schibsted og Orkla.

Telenor reduserte i 2003 elles sine eigarposisjonar i mediesektoren, først og fremst innan elektroniske medium. Telenor er hovudsakleg representert i mediemarknaden gjennom Canal Digital, nettportalen Startsiden og ikkje minst gjennom eigarskapen i A-pressen, der Telenor Broadcast Holding eig 45 prosent i APR Media Holding, som igjen eig 100 prosent i A-pressen.

Schibsted har gjennom 2003 kjøpt aksjar frå privataksjonærar i Harstad Tidende Gruppen (HTG) og har auka eigardelen frå 42,6 til 49,3 prosent. HTG er blant dei største medieaktørane i Nord-Noreg med større eigarposisjonar i aviser, lokalradio og lokalfjernsyn, blant anna i Avisa Nordland, Harstad Tidende og Tromsø.

Orkla gjorde i 2003 kjent at konsernet ville starte gratisavisa Indre Østfold Avis med oppstart i januar 2004. Avisa vil ha eit opplag på 20 000 og distribuerast til alle husstandar i Indre Østfold. Ho skal vere med i annonsesamkjøringa Mediasite Oslofjord.

Orkla-eigde Drammens Tidende starta i 2003 Eiker Avis, som kjem ut ein gong i veka. Eiker Avis vart hausten 2003 slått saman med gratisavisa Egeren. Den nye avisa heiter EikerAvisa Egeren. Avisa er lokalavis for Nedre og Øvre Eiker i Buskerud. Den konkurrerer med A-presseavisa Eiker Bladet, som også kjem ut ein gong i veka i same dekningsområde.

Sparebanken Vest kjøpte seg i 2003 opp i Bergens Tidende. Sparebanken Vest eig etter kjøpet 9,63 prosent av avisa. På same tid gjorde Sparebanken Vest ein avtale med Bergensavisen om at banken deltek i ein retta emisjon i 2004, dette vil gi Sparebanken Vest ein eigardel i Bergensavisen på mellom 5 og 9,9 prosent, alt etter resultata frå forhandlingane.

Orkla Media, A-pressen og Telenor gjorde i 2003 ein avtale om teknologisk samarbeid. Avtalen har som formål å utvikle nye elektroniske tenester, som sms- og mms-tenester og elektroniske betalingsløysingar. Samarbeidet gjeld rubrikkannonseselskapet Zett, eigd av Orkla og A-pressen, og dei meir enn 70 lokalavisene dei to mediekonserna eig.

JærRadioGruppen kjøpte seg i oktober 2003 opp i fleire lokalradioar, først og fremst i Nord-Noreg; Radio Nord (Tromsø), Radio 3 Bodø, Radio Salten, Radio Rana i Nord-Noreg, Radio Skansen på Sunnmøre og Radio Sandefjord i Vestfold.

Fotnotar

1.

Basert på tal frå MBL og LLA og spesielt innhenta opplagstal frå aviser som ikkje er medlem i nokon av organisasjonane. Tala og opplysningar elles er dessutan henta frå og vurdert opp mot Sigurd Høsts rapport Avisåret 2003 . Rapport 2/2004, Institutt for journalistikk i Fredrikstad.

2.

Sjå Eigarskapstilsynets retningslinjer punkt 2. Eigarskapstilsynet legg til grunn same avisdefinisjon for betalte aviser og gratisaviser. For å kunne samanlikne det distribuerte opplaget til gratisavisene med opplaget til dei betalte avisene deler ein likevel etter reglane gratisavisopplaget på tre. Opplag for gratisaviser som fell inn under definisjonen dagspresse, er utrekna til 166 516 aviser i 2003. Aviser med medlemskap i MBL som ikkje kjem inn under denne definisjonen, er Computerworld, Fiskaren, Fiskeribladet, Magazinet, Norge I DAG og Ukeavisen Ledelse og Næringsliv.

3.

Tala tek utgangspunkt i TNS Gallups tal over gjennomsnittleg dagleg lyttartid

4.

Delen til JærRadioGruppen er stipulert ut frå eit anna talmateriale.

Til forsida