Ot.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting

Til innhaldsliste

5 Konkurransereglane

5.1 Høyringsnotatet

I Innst.S. nr. 142 (2001-2002) uttalte eit fleirtal i komiteen - alle utan medlemmene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet - at «... eierskapsloven må sees i sammenheng med konkurranselovgivningen, og at erfaringene tilsier at det er grunn til å tillegge konkurransereglene særlig vekt». Fråsegna kan tyde på at komiteen meiner det kan vere motstridande omsyn mellom lovene eller at medieeigarskapslova i visse tilfelle kan ha negative konsekvensar for konkurransesituasjonen på medieområdet.

På denne bakgrunnen drøfta departementet i høyringsnotatet for det første om konkurranselova aleine kan sikre mediemangfaldet og for det andre kva konsekvensar gjeldande medieeigarskapslov kan ha på dei ulike marknadene som vert påverka av vedtak i tilsynet.

Kan konkurranselova aleine sikre mediemangfaldet?

I høyringsnotatet viste departementet til at medieeigarskapslova og konkurranselova har ulike føremål. Medan føremålet med konkurranselovgjeving er å sikre effektiv bruk av samfunnsressursane gjennom å leggje til rette for verksam konkurranse, er føremålet med medieeigarskapslova å sikre ytrings- og informasjonsfridom. Medieeigarskapslova skal verne om demokratiske verdiar som vanskeleg kan definerast ut frå økonomiske omgrep eller komme inn under føremålet i konkurranselova om effektiv bruk av ressursane i samfunnet.

Det er difor sannsynleg at ei rekkje oppkjøp ikkje vil føre til inngrep etter konkurranselova sjølv om dei kan vere negative ut frå omsynet til ytringsfridomen, dei reelle høva til å ytre seg og eit allsidig medietilbod. Etter konkurranselova kan det til dømes leggjast avgjerande vekt på såkalla potensiell konkurranse. I konkurranserettsleg samanheng kan eit svært lite tal på aktørar vere nok av di sjølve høvet til etablering vil utgjere eit konkurransetrykk. At nyetablering på medieområdet er mogleg, vil likevel ikkje kunne sikre den distinkte, alternative røysta i samfunnsdebatten eller den gjensidige kritikken som ei konkurrerande avis eller ein kringkastar kan gje.

Departementet konkluderte difor med at konkurranselova ikkje aleine kan sikre mediemangfald og ytringsfridom.

Konsekvensar av medieeigarskapslova på ulike marknader

I høyringsnotatet konkluderte Kultur- og kyrkjedepartementet med at dei to lovene supplerer heller enn å motverke kvarandre. Departementet viste til at lovene har ulikt sakleg verkeområde, ulike føremål og at dei sikrar ulike omsyn. Praksis viser også at lovene svært sjeldan overlappar kvarandre på den måten at Eigarskapstilsynet og Konkurransetilsynet vurderer dei same sakene.

Medieeigarskapslova kan i nokre høve redusere talet på aktuelle kjøparar dersom ein av dei aktuelle kjøparane har eller får ei sterk eigarstilling i vedkommande marknad. På same vis vil multimedieregulering setje grenser for etablering av mediehus, sjølv om dette isolert sett kan føre til meir effektiv nyhendeproduksjon. Medieeigarskapslova inneber slik at dei viktige samfunnsomsyna som lova skal sikre, vert prioritert høgare enn maksimal bedriftsøkonomisk effektivitet i alle høve. Dette gjeld òg for konkurranselova og anna regulering av næringsverksemd.

Departementet viste til at forarbeida til medieeigarskapslova legg vekt på at det i Noreg kan vere få aktuelle investorar til medieføretak og at det difor kan oppstå situasjonar der eit oppkjøp må aksepterast av di oppkjøpet vil tilføre føretaket den kapitalen og kompetansen som er naudsynt for å overleve. I til saman sju saker har dette vore ei årsak til at det ikkje vart gjort inngrep. 1

5.2 Høyringsfråsegnene

Eit klart fleirtal av høyringsinstansane (AAD, Samferdselsdepartementet, Konkurransetilsynet, Eigarskapstilsynet og Radio 1) stør konklusjonen i høyringsnotatet om at konkurranselova ikkje er tilstrekkeleg til å ivareta omsyna bak medieeigarskapslova. Konkurransetilsynet uttaler m.a.:

«KKD finner at konkurranseloven ikke alene kan sikre ytringsfrihet og mediemangfold. Konkurransetilsynet deler KKDs oppfatning. Dette har sammenheng med at inngrep etter konkurranseloven må begrunnes ut fra forholdene i de relevante markedene. I de fleste tilfeller vil det her være snakk om annonsemarkedene. SlikKonkurransetilsynet hittil har avgrenset de relevante mediemarkedene, vil aviser, fjernsyn og radio som regel framstå som ulike relevante markeder. Det innebærer at konkurranseloven normalt ikke kan hjemle inngrep mot eierkonsentrasjon i ett mediemarked med bakgrunn i konsentrasjon i et annet mediemarked.Således fant tilsynet for eksempel ikke grunnlag for å gripe inn mot TV2s oppkjøp i Kanal 24.»

Schibsted er ikkje samd i departementets vurdering: «Schibsteds oppfatning er at eierskap til medier ikke bør reguleres ut over de grenser som konkurranseloven og Konkurransetilsynet setter for andre næringer. Vi hevder dette syn på et prinsipielt grunnlag og på basis av Schibsteds egen 145-årige bakgrunn og tradisjon som medieeier.» Schibsted legg også ved ei eiga utgreiing frå advokatfirmaet Thommesen Krefting Greve Lund som konkluderer med «... at det ikke er behov for en medieeierskapslov ved siden av konkurranseloven», og at «Ønsket om å verne ytringsfriheten og det redaksjonelle mangfold kan gjøres ved bruk av vilkår i tilknytning til konsesjoner og styrking av Redaktørplakatens prinsipper.»

Senter for medieøkonomi (BI) stiller seg også tvilande til at den generelle konkurranselova er utilstrekkeleg. Senter for medieøkonomi tilrår at inngrepsheimelen ikkje bør baserast på «... eierkonsentrasjon direkte, men på prinsippet om eventuell misbruk av markedsmakt», og foreslår som einkonsekvens av dette at «... tilsynet med lovens bestemmelser blir overført til Konkurransetilsynet».

5.3 Departementets vurdering

Departementet kan ikkje sjå at dei mediepolitiske måla om mangfald aleine kan sikrast berre gjennom ei konkurranserettsleg tilnærming. Departementet viser til at medieeigarskapslova og konkurranselova har ulike føremål. Det er difor sannsynleg at ei rekkje oppkjøp ikkje vil føre til inngrep etter konkurranselova sjølv om dei kan vere negative ut frå omsynet til mediemangfald og ytringsfridom. 2

I dette spørsmålet finn departementet grunn til å leggje stor vekt på høyringsfråsegna til Konkurransetilsynet som stør departementets vurdering av tilhøvet til konkurranselova og behovet for ei eiga regulering av medieeigarskap. Departementet kan òg nemne at EU-kommisjonæren Mario Monti, som har ansvaret for konkurransepolitikken, i ei rekkje fråsegner har peika på at konkurranseretten ikkje er tilstrekkeleg på mediefeltet:

«There will often also be a valuable political aim to ensure media plurality and a diversity of opinion both within and across media. Such plurality and diversity are fundamental to the health of an open, democratic society - may not be assured by a simple free market approach.» 3

Departementet kan heller ikkje sjå at det er store motsetnader mellom dei to lovene eller at dei motverkar kvarandre. Praksis viser også at lovene svært sjeldan overlappar kvarandre på den måten at Eigarskapstilsynet og Konkurransetilsynet vurderer dei same sakene. Det at lovene har ulike føremål og verkeområde kan føre til at eit oppkjøp som Konkurransetilsynet ikkje grip inn imot, likevel kan bli stogga av Eigarskapstilsynet. Til dømes kan dette gjelde oppkjøp som fører til at alle massemedium innanfor ein region kjem på same hender, men der konkurransetrykket frå aktørar som ønskjer å etablere seg på marknaden er tilstrekkeleg til å sikre effektiv konkurranse. På den andre sida kan det tenkjast oppkjøp som ikkje vil bli ramma av eigarskapslova, men som likevel vil bli stansa av Konkurransetilsynet. Dette er ikkje i seg sjølv noko problem. Både konkurransestyresmaktene og Eigarskapstilsynet vil ha høve til å gripe inn.

Kultur- og kyrkjedepartementet legg difor til grunn at medieeigarskapslova er eit naudsynt supplement til konkurranselova på medieområdet, og at dei to lovene ikkje eller berre i svært liten grad motverkar kvarandre.

Fotnotar

1.

Omsynet til økonomien i avisene er blitt lagt vekt på ved vurderinga av erverva av desse avisene: Enebakk Avis, Sarpsborg I DAG, Søgne og Songdalen Budstikke, Hadeland (avgjerande), Steinkjer-Avisa (omsynet til kjøparen Trønder Avisa), Lierposten (avgjerande) og Sande Avis.

2.

Eit døme er at ein etter konkurranseloven kan leggje avgjerande vekt på såkalla potensiell konkurranse. I konkurranserettsleg samanheng vil eit trykk frå aktørar som vil inn på marknaden, tale mot at eit føretak har ein skadeleg dominerande marknadsstilling. Dette gjeld mellom anna av di prisheving frå føretak som alt er i marknaden, kan føre til nyetableringar og tap av marknadsdelar. Eit svært lite tal på aktørar kan difor vere nok til å sikre verksam konkurranse av di sjølve høvet til etablering vil utgjere eit konkurransetrykk. Slik «potensiell konkurranse» kan likevel ikkje gi publikum eit mangfald av informasjonskjelder og ytringskanalar.

3.

«Media diversity in Europe», rapport utarbeidd av AP-MD (Advisory Panel to the CDMM on media concentrations, pluralism and diversity questions), desember 2002.

Til forsida