Ot.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting

Til innhaldsliste

7 Andre spørsmål

7.1 Mellombels forbod

Høyringsnotatet

Medieeigarskapslova gjev i dag ikkje høve til å gripe inn med mellombels forbod for å gjennomføre eit seinare vedtak om inngrep.

Med tilvising til grunngivinga for den tilsvarande heimelen i konkurranselova, gjorde departementet i høyringsnotatet framlegg om å utvide § 9 i lova med ein heimel til å vedta mellombels forbod eller andre naudsynte tiltak. Departementet viste til at praktiseringa av lova har vist at involverte verksemder etter svært kort tid kan bli integrerte på ein slik måte at det er vanskeleg eller umogleg for tilsynet å gjere eit effektivt inngrep mot oppkjøpet.

Departementet la til grunn at vilkåret for å gripe inn med mellombels forbod må vere at det er rimeleg grunn til å tru at oppkjøpet vil vere i strid med vilkåra i lova, og at forbodet eller tiltaket er naudsynt for å gjennomføre eit seinare vedtak om inngrep.

Høyringsfråsegnene

Eit fleirtal av høyringsinstansane (m. a. Eigarskapstilsynet, Konkurransetilsynet, Norsk redaktørforening, LO og YS (Prifo)) stør framlegget om å innføre ein heimel til å vedta mellombelse forbod.

A-pressen uttaler om framlegget at:

«Etter A-pressens syn bør lovforarbeidene gi uttrykk for at bestemmelsen ikke skal anvendes rutinemessig av Eierskapstilsynet, men kun i de tilfeller der spesielle forhold gjør det særlig sannsynlig at det vil bli foretatt inngrep, samt at midlertidig forbudetter en konkret vurdering er nødvendig for at et endelig vedtak om inngrep skal kunne gjennomføres.»

MBL og Orkla er imot framlegget. Orkla viser til at «...en rask gjennomføring av en planlagt transaksjon er av avgjørende betydning både for å kunne realisere den effektivitetsøkningen som er siktemålet med transaksjonen og av hensyn til de ansatte». MBL meiner subsidiært at «... samme frister må gjelde som for inngrep i oppkjøp».

Departementets vurdering

Departementet viser til at det er ein fare for at partane i eit oppkjøp kan integrere verksemdene på ein slik måte at det vil vere vanskeleg eller umogleg for tilsynet å gripe inn mot oppkjøpet. Dette var grunngivinga for at Konkurransetilsynet fekk ein slik heimel i 1999. Komiteen viste til erfaringane med praktiseringa av konkurranselova:

«(...) kan partene i ervervet integrere de involverte bedrifter på en slik måte at det er vanskelig eller umulig for tilsynet å foreta et effektivt inngrep mot ervervet. Komiteen ser at det kan være praktisk umulig å gjenopprette en eller flere selvstendige enheter med tilnærmet samme innhold og slagkraft som de tidligere selvstendige foretakene. Det kan skyldes organisatoriske endringer, personforflytninger eller splitting og salg av aktiva til tredjepart. På denne måten kan partene forhindre et effektivt inngrep fra Konkurransetilsynet etter lovens § 3-11.» 1

Dei same omsyna som gav grunnlag for å utvida konkurranselova gjer seg også gjeldande i høve til medieeigarskapslova. Praktiseringa av lova har vist at det etter svært kort tid kan vere vanskeleg å gjennomføre eit vedtak. Eit døme på dette er samarbeidsavtalen mellom A-pressen og Harstad Tidende Gruppen. Avtalen galt mellom anna at partane la ned to konkurrerande aviser og oppretta ei felles avis. Eigarskapstilsynet vedtok å ikkje gripe inn, mellom anna av di det ville vere vanskeleg å reversere denne prosessen.

Etter departementets syn er det difor ønskjeleg å utvide § 9 i medieeigarskapslova med ein heimel til å kunne vedta mellombels forbod eller andre naudsynte tiltak. Det bør vere eit krav at det er rimeleg grunn til å tru at oppkjøpet vil vere i strid med vilkåra i lova, og at forbodet eller tiltaket er naudsynt for å gjennomføre eit seinare vedtak om inngrep. Tilsynet må gjere ei konkret vurdering i det einskilde tilfellet, både av om vilkåra er oppfylte og av kva for alternative tiltak som er naudsynte. Ettersom regelen er utforma etter mønster frå konkurranselova vil praksis frå dette feltet kunne vere relevant ved tolking av regelen.

I den nye konkurranselova av 5. mars 2004 er heimelen til å nedleggje mellombels forbod erstatta av eit automatisk gjennomføringsforbod, jf § 19. Departementet ser det ikkje som naudsynt med så inngripande regulering i medieeigarskapslova.

7.3 Informasjonsplikt om eigartilhøve

Høyringsnotatet

I St.meld. nr. 18 (1996-97) «Eierforhold i mediesektoren» gjorde departementet framlegg om å innføre ei ordning med pliktig offentleggjering av eigartilhøve som eit tiltak for å fremje ope innsyn i eigartilhøva i media. Då framlegget om å lovfeste prinsippa i Redaktørplakaten vart lagt bort, gjorde departementet heller ikkje framlegg om ein slik regel. Seinare har departementet i samråd med Eigarskapstilsynet konkludert med at ei slik jamleg rapportering bør ha form av ei offentleg tilgjengeleg Internetteneste, der publikum kan søkje på eigarskap i norske medieføretak. Eit slikt medieregister er no etablert og i drift. 2

Tilsynet kan i dag påleggje einkvar å gje tilsynet dei opplysningane dei treng for å utføre sine gjeremål etter lova. I tillegg kan tilsynet for inntil eitt år av gongen gje medieføretak ståande pålegg om å sende melding om eventuelle oppkjøp.

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om å presisere i § 14 i lova at tilsynet kan krevje opplysningar for å medverke til større innsyn i, merksemd eller kunnskap om eigarforhold i norske medium. I tillegg gjorde departementet framlegg om at tilsynet skal kunne vedta meldeplikt for tre år om gongen, samt ei mindre endring som inneber at meldeplikt òg kan påleggjast andre enn medieføretak.

Høyringsfråsegnene

Eigarskapstilsynet deler departements vurderingar og «...støtter derfor forslaget om en hjemmel til å vedta pålegg om meldeplikt for tre år av gangen». Eigarskapstilsynet «...antar at en slik utvidelse vil være ressursbesparende, samtidig som utvidelsen markerer at lovgiver åpner for en mer aktiv bruk av denne bestemmelsen.» MBL meiner at «...ett år ad gangen bør være tilstrekkelig» og går difor mot framlegget. I ngen andre har kommentert framlegget.

Departementets vurdering

Innsyn i eigartilhøve er viktig for at publikum skal kunne gjere seg kjent med kven som eig mediet og kven som sit i posisjon til å kunne påverke det redaksjonelle innhaldet. Offentleg innsyn kan gjennom merksemd frå publikum fungere som eit vern av den redaksjonelle fridomen mot påverknad frå eigarane. Departementet viser også til Europarådets rekommandasjon (no. R (94) 13) til medlemsstatane om tiltak for å fremje open og allment tilgjengeleg informasjon om medieeigarskap. Rekommandasjonen tilrår regjeringane i medlemsstatane mellom anna å vurdere å ta inn i nasjonal lovgiving reglar som sikrer eller fremjer offentleg innsyn i media.

Medieregisteret (www.medieregisteret.no) er ei offentleg tilgjengeleg Internetteneste som inneheld informasjon om eigartilhøva i norsk presse og kringkasting. Tenesta gir publikum ei samla oversikt over kven som eig norske medium. Føremålet er å skape større offentleg innsyn, merksemd og kunnskap om desse tilhøva.

Departementet legg til grunn at Medieregisteret er eit effektivt tiltak for å leggje til rette for offentleg innsyn i media. For å sikre eit så oppdatert og truverdig register som mogleg, gjer departementet framlegg om å presisere i § 14 i lova at tilsynet kan krevje opplysningar for å medverke til større innsyn i, merksemd eller kunnskap om eigarforhold i norske medium.

Departementet ser at det er naudsynt for tilsynet å halde særleg oppsikt med verksemda til einskilde aktørar, mellom anna for å sikre at nasjonale eller regionale grenser ikkje vert passert. Departementet gjer difor framlegg om at tilsynet skal kunne vedta meldeplikt for tre år om gongen, i staden for eitt år om gongen som i dag. Departementet held også fast på framlegget om at meldeplikt òg kan påleggjast andre enn medieføretak. Ein slik meldeplikt kan vere naudsynt dersom oppkjøp vert gjort av føretak som enno ikkje har eigardelar i noko medieføretak, til dømes dotterselskap av store medieeigarar.

Fotnotar

1.

Innst. O. nr. 48 (1999-2000)

2.

Medieregisteret vart etablert i 2002 og inneheld informasjon om eigartilhøve innanfor norsk presse og krinkasting. Over 220 aviser, 220 radiostasjonar, 30 tv-stasjonar og 1500 medieegarar er registrert i basen. Føremålet med tenesta er å gje publikum ei samla oversikt over kven som eig norske medium.

Til forsida