Ot.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

8.1 Konsekvensar for næringslivet

Alle former for eigarskapsgrenser kan i konkrete høve gjere det vanskelegare for medieselskap å trekkje til seg nye eigarar og risikokapital. Framlegget om å heve eigarskapsgrensa på nasjonalt nivå kan difor ha positive økonomiske konsekvensar, først og fremst for Schibsted som er det einaste selskapet som i dag har nådd eigarskapsgrensa på 1/3 av dagspressemarknaden.

På den andre sida vil reglar om multimedieeigarskap setje grenser for i kva grad media gjennom oppkjøp kan integrere fleire medieplattformar i same verksemd. Dette kan ha konsekvensar for høvet til å generere meirinntekter av dei redaksjonelle produkta.

Departementet reknar med at overgangen frå ein skjønnsmessig inngrepsheimel til lovfesta eigarskapsgrenser vil innebere ei forenkling for medienæringa, og gjere det mogleg å rekne ut på førehand korleis eit oppkjøp vil bli vurdert av tilsynet. Dette kan redusere faren for at aktørar i mediemarknaden legg store ressursar inn i å forhandle fram og inngå avtalar om oppkjøp som seinare vert underkjente av tilsynet.

Departementet legg til grunn at utvidinga av informasjonsplikta ikkje vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet reknar med at dei opplysningane tilsynsorganet vil be om stort sett vil vere tilgjengelege for medieselskapa utan vesentleg meirarbeid.

8.2 Konsekvensar for det offentlege

Endringane i reguleringsmodell vil gi grunnlag for betre ressursutnytting i tilsynsverksemda. Klare eigarskapsgrenser i lova vil innebere at det berre unntaksvis vil vere aktuelt å gripe inn der grensene ikkje er passerte. Departementet legg difor til grunn at framlegga til endringar i medieeigarskapslova kan gjere sakshandsaminga i tilsynet og klagenemnda enklare.

På kort sikt vil endringane føre med seg eit behov for informasjon om dei nye reglane.

Departementet legg til grunn at utvidinga av lova til å gjelde elektroniske medium og samarbeidsavtalar ikkje vil innebere vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet viser til at tilsynet alt i dag held eit visst oppsyn med utviklinga innanfor elektroniske medium. Departementet legg til grunn framlegget om samarbeidsavtalar først og fremst vil klargjere heimelen til å gripe inn mot avtalar som ligg nært opp til oppkjøp og som har til føremål å omgå eigarskapsgrensene i lova.

Til forsida